Til Kommunal- og regionaldepartementet
Utvalet som skulle vurdere og eventuelt kome med framlegg til revisjon av lovgjevinga for burettslag og bustadbyggjelag, legg med dette fram tilråding til ei ny lov om bustadbyggjelag og ei ny lov om burettslag.
Det er dissensar om reglane om utdeling til andelseigarar i bustadbyggjelag, om rammene for gebyr i tilknyting til utleige og omsetning av burettslagsbustader og dei nærare reglane om rett til å leige ut burettslagsbustader. Elles er tilrådinga samrøystes.
Oslo, 29. juni 2000
Kåre Lilleholt
Dagfinn Bollingmo
Wenche Fersum
Per Eggum Mauseth
Martin Mæland
Olav Ohnstad
Nina Elisabeth Sunde
Inger Vold Zapffe
Kristin Normann Aarum
Kristin Bjella