1 Seksualstraffelovgjevinga og seksuell autonomi: Utgreiing på oppdrag frå Straffelovrådet
Av Jørn Jacobsen, professor i rettsvitskap, Universitetet i Bergen
1.1 Innleiing
I tråd med oppdraget frå Straffelovrådet, skal det i det følgande takast stilling til følgande tema knytt til seksualstraffelovgjevinga:
«betydningen av seksuell autonomi, og ulike aspekter ved den»,
«eventuelle motstående hensyn og/eller rettslige og prinsipielle grenser for vernet av den seksuelle autonomien», og
«hvordan og i hvilken utstrekning gjeldende straffebud i strl. kap. 26 verner den seksuelle autonomien. Til det siste punktet er det ønskelig med en konkret forklaring av hvordan de ulike straffebudene eventuelt verner ulike aspekter av den seksuelle autonomien, og i hvilken grad de også reflekterer andre hensyn og overveielser».
Det å forklare «betydningen av» seksuell autonomi krev først av alt at omgrepet seksuell autonomi vert nærare avklara. I den samanhengen er det òg nødvendig å seie noko om forholdet mellom seksuell autonomi og krenkingar av seksuell autonomi. Utan avklaring av kva som skil krenkingar av seksuell autonomi frå andre krenkingar av autonomien til den einskilde så vel som det som ikkje representerer noko krenking i det heile, er det vanskeleg å avklare særleg det andre og det tredje temaet ovanfor.
Omgrepet seksuell autonomi og det meir generelle omgrepet autonomi, er i første rekke er filosofiske storleikar som er – som desse ofte er – samansette og rik på nyansar. Det gjeld særleg når vi òg trekk inn korleis ein kan utøve denne autonomien. Omgrepsanalyse på det nivået kan ofte levere viktige utgangspunkt for strafferettsleg regulering. Samstundes har strafferettsleg regulering sin eigenart, både i kraft av dei meir generelle skilnadane på rett og moral, og i kraft av dei særlege føremåla og omsyna som gjer seg gjeldande når det kjem til strafferettsleg regulering. Det har særleg to implikasjonar som alt her bør nemnast. For det første har strafferetten ikkje som målsetjing å avspegle moralen i eitt og alt. Strafferetten sitt siktemål er snevrare og offentleg innretta: Den skal regulere og sanksjonere handlingar som inneber skade eller fare for skade på den einskilde sin fridom og som ikkje kan forsvarast under tilvising til den handlande sin eigen fridomutøving (skadefølgjeprinsippet, slik eg forstår det). Ei anna sak er at strafferettsleg regulering og sanksjonering kan seiast å ha nære koplingar til moralske førestillingar og samspelar med moralske normer. For det andre skal dei for strafferetten relevante reglane formast med utgangspunkt i eit særleg strafferettsideologisk rammeverk, prega av både generelle rettslege premissar og særlege strafferettslege premissar, inkludert av meir normteoretisk karakter. Det generelle maktfordelingsprinsippet som Grunnlova er bygd opp omkring gjer seg særleg gjeldande på strafferetten sitt område. Grunnlova § 96 avspeglar at maktfordelingssynspunktet er særleg relevant for strafferettsleg maktutøving – rettsordninga sitt sterkaste maktmiddel i fredstid. Det gjev i sin tur opphav til eit sterkt lovskrav på strafferetten sitt område. Det heng igjen nært saman med særeigne førestillingar om systematikk i det strafferettslege regelverket. Desse reguleringsstandardane vert først og fremst tema for dei seinare delane av teksten.
Av desse grunnane følgjer teksten i det vidare ein noko annan disposisjon enn det som i utgangspunktet følgjer av punkt i-iii: Punkt 2 avklarar den grunnleggande forståinga av «seksuell autonomi» som resonnementet vidare bygger på, kva betydning seksuell autonomi har for einskildindividet og for samfunnet, og kvifor seksuell autonomi bør vurderast som den sentrale og styrande premissen utforminga av seksualbrotsverka. Det drøftast her òg om der er andre seksuelle normer eller førestillingar som i seg sjølv kan krevje vern gjennom seksualstraffelovgjevinga, ved sidan av eller eventuelt i konkurranse med omsynet til einskildindividet sin seksuelle autonomi. Etter å ha svart avkreftande på det siste spørsmålet, drøftast i punkt 3 nærare trekk ved seksuell autonomi som rettsgode og korleis individet kan utøve denne autonomien. I punkt 4 drøftast så det særskilte ved krenkingar av seksuell autonomi. I punkt 5 drøftast det korleis det strafferettslege vernet om seksuell autonomi er samansett og difor går ut over straffeboda som rettar seg direkte mot krenkingar av einskildindivid. Til sist drøftast det i punkt 6 korleis og i kva grad kapittel 26 gjev eit dekkande strafferettsleg vern om enkeltindividet sin seksuelle autonomi.
Det er gjeve ei nærare ramme for teksten, noko som inneber at dei mange spørsmåla som tematikken reiser må handsamast på eit overordna nivå. Fokus i det vidare ligg såleis på å tematisere ulike prinsipielle dimensjonar ved tematikken. Desse kan på mange punkt utviklast vidare gjennom meir empiriske og samfunnsvitskaplege perspektiv på individ, samfunn og rettsapparat. Samstundes er dei prinsipielle øvingane som teksten konsentrerer seg om naudsynte for å kunne peike ut kva tema vi bør søke slik empirisk utfylling av, for å nå fram til eit meir fullverdig normativt resonnement. Av omsyn til omfanget, er òg litteraturreferansane i teksten halde til eit minimum. Tekstar som gjev oversikter og vidare referansar er prioritert. Døma som er teke i bruk er både forma og nytta for å illustrere poeng ved dei tema og vurderingane vi står ovanfor, og ikkje at dei hevdast vere praktisk særleg viktige eller liknande. Paragraftilvisingar er til straffelova, med mindre anna er sagt.
1.2 Om «seksuell autonomi» som seksualstrafferetten sin sentrale normative premiss
Autonomi tyder sjølvråderett.1 Det å få råde over seg sjølv inneber slik sett ein fridom frå ulike former for heteronomi, altså det at andre styrer over ein. Denne teksten baserer seg på ei forståing som tek utgangspunkt i at einskildindividet, i kraft av sin fornuftskapasitet, har både rett og evne til å styre over seg sjølv. Skilnaden mellom autonomi og heteronomi kan i stor grad seiast å handle om kor vidt ein får opptre som eit subjekt eller vert behandla som eit objekt for andre. Rettsstaten har nettopp som sin grunnverdi at staten skal respektere, verne om og legge til rette for den einskilde si realisering av denne fridomsretten og dei ulike dimensjonane av den. Seksuell autonomi kan såleis omtalast som ein særleg dimensjon av den generelle retten vi har til fridom. I denne inngår det å finne, utvikle og ha sin individuelle seksuelle identitet og sine seksuelle praksisar, eventuelt ikkje å ha slike. Andre har ikkje rett til stille krav til individet som ikkje let seg foreine førestillinga om at alle har rett til så mykje fridom som er å foreine med alle andre sin tilsvarande fridom.
Statsmakta har som oppgåve å konkretisere og verne om dette fridomsskjemaet. Det inneber ikkje berre å verne individet mot krenkingar utført av andre individ. Statsmakta, som sjølv hentar sin eigen legitimitet frå førestillinga om individet sin fridom, må òg respektere den, til dømes med tanke på korleis den regulerer og sanksjonerer seksualitet og seksuelle handlingar. Det historiske forbodet mot homoseksuell omgang for å verne om heterofile førestillingar, oppheva så seint som i 1972, vil i dag klart vere å rekne som ei krenking av retten til seksuell autonomi, og illustrerer at retten til seksuell autonomi gjev opphav til prinsipielle grenser for statsmakta.
Dei føregåande merknadane heng samstundes nært saman med det viktige skiljet mellom negativ og positiv seksuell autonomi.2 Den negative sida inneber at vi alle har eit krav på at ingen tvinger oss til seksuelle aktivitetar som vi ikkje sjølve aksepterer å verte del av. Den positive sida inneber at vi har krav på i størst mogleg utstrekning å få utforme våre seksuelle praksisar slik vi ønsker. Statsmakta må altså ta omsyn til begge desse synspunkta, ved å verne mot overgrep frå andre, men samstundes i størst mogleg grad respektere individet sin fridom til å utforme sin seksualitet og seksuelle praksisar, ofte i samspel med ein anna. Strafferettsleg regulering kan lett innebere umyndiggjering av begge partane i den seksuelle interaksjonen.
Med «seksuell» i denne samanhengen meinast typisk sett det som høyrer til kjønnslivet – slik som å ha samleie og berøring av kroppsdelar som reknast som intime, enten på seg sjølv eller andre. Kor mykje som skal reknast med til kategorien «seksuell» – og i forlenginga til den særlege kategorien «seksualbrotsverk» – er ikkje gjeve. Handlingar langt utanfor kjernen av det som generelt reknast som «seksuelt» kan vere vanskelege å plassere innanfor eller utanfor det som høyrer til den seksuelle autonomien, og ikkje berre (meir allment) til det som ofte kallast fysisk integritet og rett til privatliv. Om ein forbigåande stoppar opp og stirer intensivt på nokon som solar seg naken på eigen relativt avskjerma terrasse, er det ikkje openbert om ein skal seie at det er ei seksuell krenking eller snarare ei privatlivskrenking eller begge delar. Strafferettsleg kan utfordringa avspegle seg i det relativt nye straffebodet om deling av krenkande bilete i § 267a (frå 2021).3 Straffebodet har særleg relevans for deling av bilete av seksualisert karakter, noko som òg avspeglar seg i gjerningsskildringa, som startar med formuleringa «uberettiget gjør tilgjengelig for en annen bilde, film eller lydopptak av krenkende eller åpenbart privat karakter, for eksempel av noens seksualliv eller intime kroppsdeler». Samstundes er straffebodet plassert ikkje i kapittel 26 om seksualbrotsverk, men i kapittel 24 om vern av personlege fridom og fred.
Ei anna side av utfordringa med å avgrense kategorien seksuell autonomi ligg i at individet til sist sjølv må avgjere kva som er «seksuelt» for vedkommande. Fetisjisme, der objekt eller anna som vanlegvis ikkje er forbunde med seksualitet får sterk seksuell betydning for enkelte, er illustrerande for det.4 Individet kan òg nytte sin seksuelle autonomi til å avgrense og eventuelt avstå frå seksuelle praksisar. Å vere seksuelt avhalden er slik sett òg ein måte å disponere over sin seksuelle autonomi.
Kva «betydning» har så seksuell autonomi? Spørsmålet har ulike dimensjonar: På eit individuelt plan er seksualitet nært forbunde med den einskilde sin intimitet, sjølvkjensle og helse. For nokre heng seksualitet òg nært saman med visse særlege relasjonar til andre, slik som ein partner i eit monogamt forhold, forankra i emosjonelle, kulturelle eller religiøse grunnar. Seksualitet kan generelt omtalast som eit sentralt identitetsaspekt: Det er ein sentral del av dei aspekta eller førestillingane som vi trekk på når vi skal forstå og uttrykke oss sjølve.
I og med at seksualitet er eit sentralt identitetsaspekt, vert samstundes retten til å få velje sjølv i denne samanhengen særleg viktig for individet, samanlikna med det som ikkje er like viktig for individet. Manglande respekt for den enkelte sin seksuelle autonomi vert tilsvarande inngripande for den enkelte. Det har i den samanhengen vore ei vaksande erkjenning av korleis seksuelle krenkingar, og då særleg dei meir alvorlege overgrepa slik som valdtekter og overgrep mot barn, fører til psykiske og fysiske lidingar, tap av tryggleik og sjølvkjensle, skam, og utfordringar i (særleg seksual)relasjonar til andre.5 Ufrivillig eksponering av kropp og seksualitet, til dømes i form av hemnporno, opplevast lett som ei alvorleg integritetskrenking og eit grovt privatlivsinngrep.
Ein kan i lys av det føregåande seie det slik at seksualitet og den seksuelle autonomien (og implisitt, krenkingar av den) har forholdsvis stor normativ relevans for einskildindividet. Det heng òg saman med at (krenkingar av) den seksuelle autonomien, som vi allereie har vore inne på, ofte heng saman med (krenking av) fysisk integritet og privatliv meir generelt.
Som følgje av at (krenkingar av) den seksuelle autonomien har så stor normativ relevans for individet, har førestillinga om seksuelle autonomi òg stor sosial og samfunnsmessig betydning. På eit positivt plan kan ein seie at førestillinga om seksuell autonomi gjev oss rammer for legitim seksuell samhandling: Eg har rett til og ansvar for å gjere mine val knytt til min kropp og seksualitet ut frå mine ønsker, behov og grenser, og du har tilsvarande din rett og ditt ansvar for å gjere det same for din del, og det dannar utgangspunkt for den gjensidige interaksjonen oss i mellom, som dermed bør vere samtykkesbasert. Dette, som i det vidare verte omtala som autonomiprinsippet, vert slik sett eit sosialt «forventingsrom» for korleis vi kan og bør handle saman i seksuell samanheng. Det dannar utgangspunkt for korleis vi utfoldar oss i samanhengar som kan ha seksuelle implikasjonar og er nyttig på den måten at det bidreg til at vi kan vere eller opptre i ulike samanhengar utan å måtte ta høgde for at andre invaderer oss seksuelt.
Krenkingar av seksuell autonomi har på si side stor negativ samfunnsmessig betydning. Seksuelle krenkingar har negativ innverknad på helse og likestilling i samfunnet, med dei sosiale kostnadane som følger med det. Valdtekter og anna seksuell vald skapar utryggleik og undergrev det forventingsrommet som er nemnt ovanfor, og hemmar dermed korleis individ kan vere og utfalde seg i samfunnet. Manglande aksept, både sosialt og i lovgjevinga, av seksuelle uttrykk og identitetar vil òg kunne ha negativ innverknad på respekten for og inkluderinga av den einskilde i samfunnet.
Utgangspunkta som er skissert ovanfor har i dag fått gjennomslag i både politisk og rettsleg samanheng. Det er ingen tvil om at autonomiprinsippet i dag har fått breitt aksept. Grunnlova seier rett nok ingenting eksplisitt om den seksuelle autonomien vår, men den er ein sentral dimensjon av dei grunnleggande fridomsrettane som generelt kjem til uttrykk der. Det vert særleg tydeleg i det ein vender seg til dei internasjonale menneskerettane, ikkje minst knytt til Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 om retten til privatliv.6 I tilknyting til dei internasjonale menneskerettane talast det no meir generelt om «the human right to sexual autonomy», ei førestilling som greiner seg vidare ut i eit sett av rekommandasjonar, konvensjonar og praksis knytt til desse.7 Ulike nasjonale reformprosessar har òg hatt seksuell autonomi som sentral og drivande normativ premiss.8 Samstundes kan denne utviklinga vanskeleg forståast utan å sjå breiare på samfunnsutviklinga, lovregulering knytt likestilling og anna regulering som samspelar med førestillinga om seksuell autonomi.9
Sjølv om autonomiprinsippet har etablert seg som den sentrale normative premissen for seksualstraffelovgjevinga er det likevel ingen lett operasjonaliserbar storleik. Tilfellet er snarare tvert om. Nedanfor skal vi kome nærare inn på dei mange utfordringane som oppstår når prinsippet skal omsettast til meir spesifikke rettslege normer. Men allereie her på dette overordna forklaringsplanet møter vi utfordrande omgrepsmessige spørsmål. Det kan til dømes stillast spørsmål ved om førestillinga om autonomiprinsippet er dekkande òg som forklaring på krenkingar av barn og personar som av ulike grunnar ikkje er kapable til å forstå handlingane som vert gjort mot ein, til dømes på grunn av demens.
Spørsmålet er enklast å svare på i relasjon til barn. Autonomiprinsippet tilseier klart at sjølv om barn først ved ein viss alder er å rekne som seksuelt autonome, bør alle individ vernast òg med tanke på at dei skal få utvikle sin seksuelle autonomi i framtida. Det er klart at seksuelle overgrep mot barn er svært negativt, òg med tanke på barnet si vidare utvikling og i kva grad vedkommande seinare i livet kan ha eit fritt og velfungerande liv – seksualliv inkludert – og på den måten utfalde sin autonomi. Det er såleis, som vi skal kome attende til, gode grunnar til å ha ei særleg regulering av seksuelle krenkingar av barn.
Vanskelegare er spørsmålet om strafferettsleg vern av personar som ikkje har intakt sin kapasitet til seksuell autonomi, kan forklarast ved hjelp av autonomiprinsippet: Kan autonomiprinsippet eigentleg forklare kvifor det openbert er ei (strafferettsleg relevant) seksuell krenking om nokon har samleie med den demente som er ute av stand til å forstå, avvise og forsvare seg sjølv mot krenkinga? Her kan ein tenke seg noko ulike forståingar av korleis seksuell autonomi verkar som normativt prinsipp.
Den eine forståinga tilseier at det berre er der individet sitt eige (kompetente) val ikkje vert respektert at vi kan tale om ei krenking av seksuell autonomi. Denne tolkinga tek slik sett utgangspunkt i at seksuelle autonomi er ein rett til å ta og verte respektert for val i seksuell samanheng, inkludert å sette grenser for seksuelle framstøyt mot ein. Ei slik tilnærming stemmer godt med utgangspunktet om individet sin fornuftskapasitet. Men med ei slik tolking fell den demente i denne situasjonen utanfor.
Ei noko anna tilnærming, som kan vere meir tiltalande, er å ta utgangspunkt i at alle har rett til ikkje å verte behandla som eit reint objekt for andre: Berre der du har samtykka til det, kan nokon gjere bruk av din kropp til sine føremål. Manglar samtykkeevne i det heile, skal ein i alle tilfelle ikkje involverast i seksuelle aktivitetar av andre. Her verkar altså autonomiprinsippet mogleggjerande for seksuell interaksjon med andre. Denne tilnærminga krev i sin tur likevel ei forklaring på kven som i utgangspunktet er innanfor sfæren av subjekt, og ikkje berre objekt, og som slik sett ikkje kan brukast utan der det føreligg samtykke. Her vil ein lett tenke i retning av alle menneske og uttrykk slik som «menneskeverd» og liknande. Men det skiftet krev i sin tur ei (sekulær) forklaring på kva til dømes «menneskeverdet» spring ut av, som motsetnad til den objektstatusen som andre levande vesen som dyr og ikkje-levande gjenstandar har.10 Då må ein lett referere til ein slags fornuftskapasitet, som igjen raskt koplar oss på autonomikonseptet.
Denne meir grunnleggande problemstillinga er ikkje spesiell for seksuell autonomi: Den gjer seg gjeldande for autonomikonseptet meir allment og kan ikkje løysast her. Føremålet her har berre vore å vise at same kor intuitiv ideen om seksuell autonomi er og kor sentral den måtte vere i rettsleg samanheng, er det langt frå er ein enkel premiss å grunngje og avklare, noko vi vil sjå fleire døme på nedanfor. Samstundes er det grunn til å understreke at slik teoretiske refleksjon er viktig for å pakke ut relevante aspekt og dimensjonar ved autonomikonseptet, som kan gje oss ei meir fullverdig og dekkande forståing av seksuell autonomi. Det vil vere utgangspunktet for å avklare nærare kva vi skal rekne som (ulike) krenkingar av den seksuelle autonomien. Frå det føregåande kan vi til dømes ta med oss at ei førestilling om at respekt for kropp og autonomi krev at individet sjølv har definert eksplisitte grenser, intuitivt ikkje stemmer godt med kva vi reknar (eller bør rekne) som seksuelle krenkingar. Ei anna sak er det at dersom vi har tydeleggjort våre grenser, så vil krenking av desse (andre ting like) lett kunne vere meir problematisk. A og B har hamna i sofaen under ein fest, kvar med eit glas vin. Under samtalen håper A det skal utvikle seg til noko seksuelt og stryk difor B intimt i skrittet. Om B ikkje har hatt ønske om det, vil det vere ei seksuell krenking av B. Men om B i tillegg har gjort det klart at A under ingen omstende får ta på B, og A likevel gjer det, vil ein kunne hevde at det er ei større krenking av B. I punkt 3 vert ein del slike viktige sider ved autonomiprinsippet og utøving av autonomi omtalt nærare.
Først, og avslutningsvis i dette punktet, er det likevel grunn til å avklare om der i tillegg til autonomiprinsippet er andre relevante rettsgode som kan gje opphav til kriminaliseringar, eventuelt i konkurranse med autonomiprinsippet: Seksualitet og seksuelle praksisar er gjenstand for ulike verdiar og normsystem, inkludert subkulturelle og religiøse førestillingar. Det er ikkje overraskande, sett i lys av den (ikkje minst historisk) store relevansen av seksualitet både i biologisk, religiøst, politisk og moralsk perspektiv. Det gjev typisk sett opphav til ein sterk regulerings- og kontrolliver. Tidlegare har ein då òg tala om ei meir «allmenn» samfunnsmessig norm for seksualitet, den såkalla «Sedeligheten», som var viktig for seksualstrafferetten si utforming og utvikling. Ut over at ein del seksuelle aktivitetar i dag er typiske for seksualiteten i kraft av visse fysiske, psykologiske og biologiske sider ved den, er det vanskeleg å operere med ei slik førestilling i dag og i alle fall som ei norm som av nokon grunn skal ha strafferettsleg relevans.
I dag er det meir tale om at det einskilde individet kan møte ei rekke konkurrerande førestillingar og normsystem av relevans for seksualiteten. Det kan vere tale om meir tradisjonelle, religiøse eller kulturelle normer knytt til slikt som monogami, forbod mot onani eller førestillingar som fordrar av unge kvinner at dei er seksuelt avhaldne til dei har gifta seg. Det kan òg vere populærkulturelt formidla normer om seksualitet, seksuelle «skript» formidla gjennom pornografi eller førestillingar blant barn og unge om «forventa» alder for seksuell debut. I den grad ein kan identifisere slike subkulturelle normer som stiller krav til eller set grenser for seksuelle praksisar, er det – gjeve strafferetten sine eigne utgangspunkt – vanskeleg å sjå at desse skal kunne gjere krav på strafferettsleg vern. Desse vil tvert om til tider vere «konkurrentar» til autonomiprinsippet, og dermed synspunkt som ikkje kan normativt godkjennast, men som snarare vil representere krenkingar av prinsippet, noko vi allereie har vore inne på. For strafferetten er det først og fremst handlingar som på nokon vis rammar einskildindividet, ikkje subkulturelle normer og praksisar i seg sjølv, som er relevante. Kva som rammar den einskilde, avhenger av kva den einskilde aksepterer for sin eigen del – noko som leier oss attende til autonomiprinsippet. Andre seksuelle normer får dermed først relevans der den einskilde gjer dei til uttrykk for eigen utøving av sin autonomi.
Samla sett er det vanskeleg å identifisere nokre ytterlegare sosiale eller subkulturelle normer som bør vernast gjennom seksualstrafferetten. Det kan likevel vere fleire lag i vernet om autonomiprinsippet i den nærare utforminga av seksualstraffelovgjevinga, noko eg kjem attende til. Først skal likevel autonomiomgrepet nærare avklarast, i form av dimensjonar ved seksuell autonomi og utøving av den.
1.3 Dimensjonar ved seksuell autonomi og utøving av den
Det er allereie introdusert nokre sentrale distinksjonar knytt til seksuell autonomi, slik som skiljet mellom negativ og positiv seksuell autonomi. I dette punktet går eg nærare inn på ulike dimensjonar ved seksuell autonomi og utøving av den, som bakgrunn mellom anna for å kunne gjere ei nærare vurdering av eksisterande seksualstraffelovgjeving i punkt 6 avslutningsvis.
Ein viktig dimensjon ved (det å utøve) seksuell autonomi er graden av intimitet i handlingane som det er tale om å utføre. Rommet av «seksualitet» som den einskilde rår over, er stort og samansett, og ulike aspekt av dette rommet har typisk sett ulik normativ relevans: Det vil typisk vurderast som meir i kjernen av det seksuelle å ha samleie med nokon enn å vise seg naken for den same personen. Desse er samstundes berre punkt på eit breitt spekter av ulike seksuelle aktivitetar som ligg nærmare eller lengre frå det som typisk vert rekna som kjernen av det seksuelle. Ein kan seie det slik at jo meir intime handlingar ein involverer seg i, jo meir av sin seksuelle autonomi har ein positivt utøvd, og motsett, jo mindre intime handlingar ein avviser, jo meir kan ein seiast å ha utøvd sin negative seksuelle autonomi.
Seksuell autonomi har vidare ein personell dimensjon, i den meininga at seksualitet kan involvere berre ein sjølv eller (òg) andre, altså åleine gjennom seksuelle aktivitetar med eigen kropp, slik som masturbasjon, eller gjennom interaksjon med eitt eller eventuelt fleire andre individ i «gruppesex». Den førstnemnte kategorien er den minst problematiske i eit autonomiperspektiv. Slike handlingar vil kunne seiast å vere særleg private, og skal i tråd med prinsippet om at handlingar som berre rettar seg mot ein sjølv, klart ikkje bør danne grunnlag for straffeansvar.11 I interaksjon med andre vert det avgjerande om einskildindividet har ønska eller på anna vis godteke dei handlingane som den andre gjer (saman) med ein. Jo fleire ein vel å involvere i seksuelle aktivitetar med seg, jo meir kan ein seiast å ha utøvd den personelle sida av seksuell autonomi.
Utøving av seksuell autonomi har vidare ein dimensjon knytt til uttrykket for utøving av seksuell autonomi. Det typiske uttrykket for utøving av autonomi (i tilfelle der det er tale om å involvere andre) er eit samtykke til, eventuelt avvising av, den seksuelle interaksjonen som er på tale. Samtykkeomgrepet har slik sett svært stor betydning for seksuell autonomi. Då samtykkeomgrepet er ein svært kompleks storleik, som ofte inviterer til konkrete vurderingar i det einskilde tilfellet, er det samstundes ei utfordring.12 Det er ikkje rom her for å gå djupare inn i samtykkeomgrepet og korleis det spelar seg ut innanfor seksuelle samanhengar, men følgande punkt kan illustrere kompleksiteten.
Seksuell autonomi kan utøvast både gjennom både verbale uttrykk og gjennom fysiske teikn og handlingar, både på meir aktive og meir passive måtar. Det siste omtalast ofte som «konkludent atferd». Med det siktar ein typisk sett til tilfelle der ein godkjenner ei handlinga utført av ein annan ved å la vere å intervenere i situasjonen, og på det viset signaliserer til motparten at denne si handling kan halde fram. I eit autonomiperspektiv er det til dømes ingen grunn til å vurdere det som problematisk om den eine parten vil kommunisere sin aksept av partneren sitt seksuelle framstøyt ved å ligge i senga i ein utfordrande posisjon men utan å seie noko, og den andre parten forstår og agerer på det. Og om eit par utviklar ein seksuell praksis der den eine alltid er heilt passiv og den andre aktiv, og det er gjensidig forståing og aksept for denne praksisen, er det frå eit autonomiperspektiv heller ikkje noko problem med ein slik praksis. Ei anna sak er at det utan tydlege autonomiuttrykk lettare kan oppstå tvil om kva partane vil og samtykker til. Det kan samstundes vere grunn til å nyansere litt utgangspunktet for konkludent åtferd, ved å understreke at særleg denne forma for samtykke vil alltid vere kontekstuell, slik at det ikkje vil vere tale om total passivitet og inaktivitet frå dei involverte.
Dømet med paret med ein aktiv og ein passiv part illustrerer vidare at autonomiuttrykk kan vere generelle og virke meir eller mindre i bakgrunnen for den konkrete seksualiserte interaksjonen. Faste parforhold kan i så måte basere seg på ein meir generell aksept av seksuelle framstøyt – òg i form av fysiske handlingar – mellom partane, utan at dette artikulerast frå gong til gong (men kan avvisast i det einskilde tilfelle). Ein kan i mange situasjonar òg tenke i retning av at begge partar gjev (eksplisitt eller implisitt) det ein kan kalle eit «utprøvande samtykke» – det vil seie eit samtykke til å vere med på visse seksuelle aktivitetar slik som å kle av seg, fysisk berøring og så vidare, for at partane undervegs skal kunne vurdere om det skal utvikle seg til noko meir intimt, til dømes til eit samleie.
I kva grad den seksuelle aktiviteten er samtykka til, og i så måte uttrykk for vedkommande sin seksuelle autonomi, avhenger såleis av det nærare innhaldet i det aktuelle samtykket, som òg relaterer til kva informasjon individet har i situasjonen som samtykket knyt seg til. Det nærare innhaldet i samtykket kan til dømes relatere seg til den personelle dimensjonen som nemnt ovanfor: Har ein samtykka til samleie med A, har ein ikkje samtykka til at B i staden har samleie med ein og heller ikkje til å ha samleie med både A og B. Tilsvarande gjeld for graden av intimitet i dei handlingane ein samtykker til. Samtykker ein til å ha oralt samleie, omfattar det ikkje òg å ha vaginalt samleie. Samtykker ein til å ha vaginalt samleie, omfattar det ikkje å ha analt samleie. Andre gonger kan det vere meir tvilsamt kor langt samtykket strekk seg. Seier den nakne A til B «ta på meg», er det ikkje av den utsegna åleine klart akkurat kor intim berøring A har i tankane. At ein med ei slikt utsegn normalt ikkje samtykker til dømes til kveling, synes likevel klart. Dei nemnte tilfella av underforståtte, utprøvande samtykke er særleg illustrerande for at det ikkje alltid er lett å avklare kva det er nokon (til ei kvar tid) samtykker til og ikkje.
Eit samtykke i seksuell samanheng kan likevel vere eksplisitt og tydeleg: Ein kan tenke seg at partane «forhandlar» på førehand, og tydeleg avklarar kva kvar og ein av dei skal gjere undervegs, og held seg til den «planen». Men samtykket kan altså òg ta form av ein meir dynamisk storleik. Det som startar som eit gjensidig, utprøvande samtykke, utviklar det seg til konkludente samtykke til gjensidige orale samleie, før partane vert eksplisitt samde om å gå vidare til eit vaginalt eller analt samleie. Eller, ein kan tenke seg den same hendingsutviklinga, men at den eine parten under det orale samleiet ønsker å avbryte den seksuelle interaksjonen heilt. I så måte tek samtykket form av å vere ei form for dynamisk samforstand som dannar bakgrunn for den seksuelle interaksjonen og som partane kan endre, utvikle og eventuelt trekke seg frå fortløpande.
I tillegg til at autonomiuttrykka kan variere, kan dei òg vere i ulik grad forankra i individet og slik sett i ulik grad vere uttrykk for vedkommande sin seksuelle autonomi. Til dømes kan det å ha samleie med nokon i ein bestemt situasjon vere sterkare eller svakare forankra i einskildindividet sin autonomi. Eit gjennomtenkt og tydeleg uttrykt ønske om å ha samleie kan seiast å ha ei sterkare autonom forankring enn eit meir tilfeldig samleie som vert akseptert i ein situasjon av ambivalens. I situasjonar der interaksjonen mellom partane går svært raskt og den eine parten er den pågåande og klart mest aktive, kan det òg vere tvilsamt om ein eigentleg kan tale om eit autonomiforankring i det heile: A og B innleier seksuelle aktivitetar, men B er usikker på om vedkommande ønsker å ha eit samleie og seier berre «kanskje», berre for å oppleve at A går fort fram. Om B ikkje vil skuffe A og difor helde seg mest mogleg passiv, let vere å respondere når A stopper opp og spør om «alt er ok?», og i etterkant gjev uttrykk for å ha opplevd nyting under samleiet er det ikkje openbert korleis tilfellet skal vurderast med tanke på om og eventuelt i kva grad samleiet kan seiast å vere forankra i B sin seksuelle autonomi. Interessant her er det at på same måte som at eit klart, tydeleg og oppriktig «ja» til sex er eit sterkt forankra autonomiuttrykk, er eit klart, tydeleg og oppriktig «nei» til sex det. Som vi har alt vore inne på, kan det i sin tur ha innverknad på den nærare vurderinga av det som skjedde.
Ei særleg side av denne forankringsdimensjonen er relevansen av (tilgjengeleg) informasjon. Utøving av autonomi, til dømes eit val om å ha sex med nokon, bygger normalt på at ein har ein viss (i alle fall minimal) mengde av informasjon om vedkommande og så vel ei viss forståing av kva slags seksuelle aktivitetar ein skal delta i. A møter til dømes B på byen ein kveld, og vert – utan noko særleg anna kjennskap til B enn dei inntrykka A har fått gjennom kvelden – med B heim på ein «one-night stand». Kan ein samstundes seie at A sitt val om å ha sex med B hadde vore meir autonomt om A hadde hatt meir informasjon om og kjennskap til B? Ikkje utan vidare: Frå eitt perspektiv kan ein meine at A forvaltar sin autonomi betre om denne skaffar seg meir kunnskap. Frå eit anna perspektiv kan ein snarare seie at A tydeleg utøver sin autonomi ved å velje å ha sex med B i situasjonen; A har lite kjennskap til B, kan skaffe seg det, men gjer heller det val å ha sex med B denne kvelden snarare enn (til dømes) å vente med det for å skaffe seg meir informasjon. Sentralt i alle tilfelle er at A har dei riktige premissar for det valet A til sist gjer, noko som koplar oss tilbake til samtykket sitt innhald: Dersom B gjev seg ut for å vere C, og det er avgjerande for A sitt val, vert det eit spørsmål om B dermed krenker A sin seksuelle autonomi. Det kjem vi attende til nedanfor.
Refleksjonane ovanfor om grad av forankring av autonomiutøvinga heng i sin tur òg saman med kompetansedimensjonen ved seksuell autonomi. Òg denne er kompleks. Førestillingar om seksuell autonomi tek ofte utgangspunkt i at vaksne individ klart er autonomikompetente, men, som dei tidlegare nemnte tilfella med barn og alvorleg demente viser, visse individ ikkje er det og kan dermed ikkje (i seksuell samanheng) opptre som subjekt. Overgangen mellom kven som er og ikkje er autonomikompetente er (forutan tilfelle der lova stipulerer ei grense) samstundes graduell og tidvis òg kontekstuell: Ein person som nettopp har fylt 16 kan til dømes vere å rekne som kompetent til å rå over seg sjølv med tanke på å inngå i ein seksuell relasjon, til dømes med jamnaldrande. Like klart er det ikkje om denne autonomien òg omfattar det å vere det yngre objektet for ein orgie for ei større gruppe sterkt pågåande middelaldrande vaksne. Har den unge i tillegg innteke rusmiddel eller av andre grunnar ikkje fullt ut «er seg sjølv», vert det ytterlegare tvil om vi kan seie at vedkommande er kompetent til å agere seksuelt autonomt.
Retten si førestilling om seksuell autonomi er altså ikkje ein slags enkel status som individet har, men snarare ein ganske nyansert og i delar dynamisk storleik som synes vere påverkeleg av trekk slik som alder, mognad og erfaring og av sosial kontekst og relasjon og interaksjon mellom dei involverte.
På dette punktet rører vi ved ein meir grunnleggande dimensjon av autonomidiskusjonen: Kor «sterk» er eigentleg vår autonomi og evne til å gjere fornuftige val for seg sjølve, i dei mange ulike situasjonane vi lev våre liv i? Individuelle og sosiale trekk kan openbert svekke vår kapasitet til å agere autonomt. Men går vi langt i retning av å fokusere på slike individuelle og sosiale trekk, kan vi lett ende opp med å underkjenne individet sin kapasitet og ansvar for å styre seg sjølv. Utfordringa for ei fullverdig forståing av autonomi som rettsgode er såleis å etablere ein god samanheng mellom at vi har denne grunnleggande kapasiteten til å ta våre eigne val og ansvar for dei, og at det utgangspunktet i ein del tilfelle ikkje står seg. Det er ikkje minst viktig når vi i neste punkt skal sjå nærare på krenkingar av seksuell autonomi. Utgangspunktet bør likevel vere at vaksne individ kan gjere kompetente val, og retten bør utformast med tanke på å underbygge og styrke denne kapasiteten. Det bør krevjast tydlege grunnar for å fråskrive nokon denne kompetansen.
1.4 Nokre utgangspunkt om krenkingar av seksuell autonomi
På same måte som at autonomiutøvinga kan ha variasjonar i seg, til dømes i form av at seksuelle aktivitetar kan vere meir eller mindre intime, vil det òg kunne vere tale om meir eller mindre alvorlege krenkingar av nokon sin seksuelle autonomi. Kor alvorleg ei krenking av den seksuelle autonomien er, er samstundes ikkje åleine eit spegelbilete på (til dømes) kor seksuelt inngripande krenkinga er, men trekk på dei ulike dimensjonane ved seksuell autonomi som er nemnt ovanfor. Jo meir intime handlingar det er tale om (intimitetsdimensjonen), jo fleire som er involvert i krenkinga (den personale dimensjonen), jo mindre grad av autonomiutrykk offeret (autonomiuttrykksdimensjonen) har gjeve, jo meir feilaktige premissar handlinga baserer seg på, og jo mindre kompetanse offeret har hatt (kompetansedimensjonen), jo meir alvorleg vil vi normalt vurdere handlinga til å vere.
Dimensjonen knytt til innhaldet i samtykket gjer seg derimot i utgangspunktet ikkje gjeldande her, då utgangspunktet her er at det manglar eit samtykke. Men det kan tenkast tilfelle der det føreligg element av samtykke, til dømes i tilfelle av utprøvande samtykke, og den eine parten går lenger enn den andre hadde sett før seg. Kva innverknad det skal ha på vurderinga, er vanskeleg å seie: Det kan intuitivt tenkast at tilfelle der den seksuelle krenkinga har ei foranledning som kan gjere den meir forståeleg («orsak, eg vart for ivrig»), og dermed noko mindre alvorleg enn ei seksuell krenking utan noko foranledning i det heile. Mot det kan ein samstundes innvende at krenkingar der det har vore innleiande, samtykkesbasert seksuell interaksjon, kan representere eit særleg tillitsbrot og utnytting av sårbarheit. Kva av desse synspunkta som er mest adekvat, kan ein kanskje ikkje svare på heilt generelt, men avhenger mykje av situasjonen, relasjonen og praksisar mellom partane, kunnskapen om kvar av deira sine grenser og behov inkludert, og avstanden mellom det som er gjort og det som er samtykka til.
I tillegg kjem i krenkingsvurderingane inn eit særleg aspekt: Måten offeret sin autonomi er overstyrt på. Det siste vil typisk sett vere element av krenking av fysisk integritet (til dømes bruk av vald), utnytting av tillit eller forsvarslausheit (som ved tilfelle av psykisk eller fysisk svekking hjå offeret), villeiing eller krenking av privatlivet (innbrot i offeret sin heim, til dømes). Dette aspektet ved seksuelle krenkingar gjer spekteret av og vurderingar av slike krenkingar ytterlegare komplisert.
Eit viktig, men utfordrande aspekt ved «seksuell autonomi» og krenkingar av denne, er såleis nettopp samspelet mellom seksualitet, fysisk integritet og privatliv. Vi skil normalt mellom desse. Det gjer òg straffelova ved å regulere «Vern av den personlige frihet og fred» i kapittel 24, «Voldslovbrudd m.v.» i kapittel 25, «Seksuallovbrudd» i kapittel 26. Men samstundes er så vel straffeboda som grunngjevingane deira, nært relaterte. Seksuelle krenkingar kan til dømes inngå i valdsbrotsverket mishandling i nære relasjonar i § 282 og seksualiserte bilete og liknande kan som nemnt representere slike privatlivskrenkingar som no rammast av § 267 a. Vald inngår i valdtektsstraffebodet i § 291 og privatlivskrenking kan vere ein sentral del av vurderinga av om det er tale om seksuelt krenkande åtferd etter § 298. Og motsett: den omfattande retten vi har til å utsett oss sjølve for handlingar som har karakter av vald (jf. § 276), kan vi òg nytte til å utvide rommet vi har for seksualitet, slik som ved BDSM. I kva grad og korleis desse dimensjonane skal skiljast frå kvarandre og/eller integrerast i kvarandre, er det ikkje noko openbert svar på, anna enn at vi synes ikkje vere tent med å skilje heilt skarpt mellom dei. I kva grad til dømes gjerningsskildringa i valdtektsstraffebodet skal trekke på valdsomgrepet er ikkje openbert – men det synes i alle fall vanskeleg å sjå bort frå at (grad av) valdsbruk er ein relevant faktor i den samla vurderinga av kor alvorleg ein konkret valdtekt er.
Det gjev samstundes opphav til eit behov hjå individet om eit gradvis sterkare vern mot krenkingar av den seksuelle autonomien: Jo meir alvorleg autonomikrenkinga samla sett er, jo sterkare bør det strafferettslege vernet vere mot den. Det synspunktet kan i strafferettsleg samanheng sjåast som eit utslag av det viktige skuldprinsippet, som igjen heng nært saman med eit meir allment proporsjonalitetsprinsipp. Synspunktet avspeglar seg òg, som vi skal sjå i punkt 6, i stor grad gjeldande lovgjeving.
1.5 Ulike lag i vernet mot krenkingar av seksuell autonomi
Ovanfor er det sagt at seksuell autonomi bør vurderast som det rettsgode som seksualstraffelovgjevinga bør byggast på, slik at andre seksuelle normer ikkje kan grunngje kriminalisering og strafferettsleg vern av desse. Retten til seksuell autonomi gjev i sin tur opphav til ei rekkje brotsverk som rettar seg direkte mot krenkingar av denne retten, noko vi nedanfor i punkt 6 òg skal sjå fleire døme på i gjeldande rett. På same stad er det likevel gjort ein reservasjon om at der kan vere andre omsyn som gjer seg gjeldande i utforminga av seksualstraffelovgjevinga, noko som knyt oss nært til spørsmålet om der er «eventuelle motstående hensyn og/eller rettslige og prinsipielle grenser for vernet av den seksuelle autonomien». Førestillinga om seksuell autonomi er del i eit større normativt system som spring ut av førestillinga om individet og denne sin grunnleggande fridomsrett, som bør takast med i vurderingane omkring utforming av seksualstrafferetten. Det er ikkje mogleg innanfor rammene av denne teksten å gje ei meir systematisk forklaring og utvikling av desse andre omsyna som bør trekkast inn. Her skal vi berre løfte fram nokre sentrale poeng som kompliserer førestillinga vår om korleis strafferetten vernar om den seksuelle autonomien.
For det første kan eit godt vern om den seksuelle autonomien som rettsgode, ha nær tilknyting til visse kollektive rettsgode som kan gje opphav til kriminalisering. Eit klart døme på det er omsynet til det offentlege rom. Ekshibisjonisme er eit godt kasus for å illustrere det. Ein kan tenke seg to personar som ønsker å ha samleie i ein samanheng der dei er lett synlege for andre. Deira seksuelle autonomi tilseier isolert sett at dei kan gjere det. Men det offentlege rom og omsynet til at flest mogleg skal kunne vere og røre seg fritt i det, tilseier klart rammer for utøvinga av deira seksuelle autonomi, òg for det tilfelle at dei som tilfeldigvis er vitne til noko slikt i det offentlege rom skulle samtykke til det, eventuelt at ingen skulle sjå dei. Dette vernet av det offentlege rom er velgrunna ikkje berre av omsyn til andre sin seksuelle autonomi og retten til ikkje å verte ufrivillig eksponert for andre si seksuelle utfalding: Vernet er òg av verdi for individa sin fridom til å røre seg meir allment og, vidare, for eit mest mogleg ope og demokratisk samfunn. Dei elskande har for sin del høve til (i alle fall langt på veg) å finne former for sin seksuelle praksis der dei som ser på kan gje samtykke til å vere vitne til samleiet deira.
Straffeboda som rettar seg direkte mot krenkingar av einskildindividet må samstundes sjåast i samanheng med trinnhøgare rettslege normene (for straffelovgjevinga), som her kan sjåast som uttrykk for nettopp dei grunnleggande fridomsførestillingane som denne balanseringa av ulike autonomisfærar handlar om. Forbodet til dømes i Grl. § 93 tredje ledd om at ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid, er til dømes ein grunnleggande del av bakgrunnen for forbodet mot menneskehandel til prostitusjon. Den som vert utnytta slik får ikkje sin seksuelle (og naturlegvis, fysiske) autonomi respektert, slik den har krav på.13 Tilsvarande: Ingen sin seksuelle autonomi omfattar det å utnytte personar som vert krenka på denne måten (og dermed sjølv òg krenke dei). Fjerde ledd i grunnlovsbodet pålegg staten å sikre den utnytta mot slike handlingar, både av menneskehandlaren og av den som kjøper tenester av denne. Samstundes er der klart rettslege grenser for i kva grad staten kan gå til verks for å verne om (mellom anna) den seksuelle autonomien til den som vert gjenstand for menneskehandel til prostitusjon, inkludert § 102 om respekt for privatliv og familieliv. Utforming av seksualstrafferetten må såleis sjåast i samanheng med og respektere desse trinnhøgare reglane og det samla vernet om individet sin fridom.
I den samanheng er der òg meir spesifikke krav retta mot statsmakta si verksemd for å sikre individa sine fridomssfærar. Her er ikkje minst lovskravet i Grl. § 96, som vi alt har vore inne på, viktig for straffelovgjevinga, seksuallovgjevinga inkludert. Lovskravet set mellom anna grenser for i kva grad ein kan la lovgjevinga gje skjønnsmessige standarar som skal fange opp alle nyansar som kan vere velgrunna frå eit moralfilosofisk perspektiv. Lovskravet, og meir generelt dei mange og viktige aspekta ved rettsleg regulering og handheving, gjer slik sett at seksualbrotsverka bør strukturerast og «typiserast» i form av ein katalog av straffebod, med gjerningsskildringar med klar avgrensing både seg i mellom og mot den allmenne handlefridomen og tilpassa strafferammer (krav som ikkje vanlegvis stillast til moralnormer). Heilt å veksle inn slike kvalitetar ved lovgjevinga mot å få mest mogleg rom for å gjere presise vurderingar frå sak til sak er å veksle inn ei anna viktig side av vår fridom knytt til vår alle sitt vern mot maktmisbruk mot staten.
I denne samanhengen støyter vi òg på ein ytterlegare, kompliserande dimensjon av det samla autonomivernet; omsynet til strafferetten sin funksjonalitet: Rettsstaten er til for og hentar sin legitimitet frå prinsippet om realisering og vern om individet sin fridom. For å kunne oppfylle denne målsetninga er rettsordninga med sine institusjonar og funksjonar avgjerande. Reglar og praksisar må i tråd med det utformast på eit sett som gjer dei at dei kan gjennomførast og handhevast av rettsordninga sine institusjonar og funksjonar. Det er ei side av seksualstraffelovgjevinga som lett kjem i bakgrunnen, då det ikkje like direkte kan knytast til eit prinsipp eller ein individrett som til dømes retten til privatliv kan. Å sjå til denne tematikken er likevel viktig med tanke på at vernet om den seksuelle autonomien skal vere reelt: Symbolsk sterke uttrykk for retten til seksuell autonomi er verdifullt, men mister lett effekt om strafferettsapparatet ikkje fungerer godt med tanke på å reagere mot krenkingar av den. Er straffelovgjevinga for uheldig utforma i samanhengen, kan det òg verte tale om brot på den sikringsplikta som staten har med tanke på å verne individet mot seksuelle krenkingar.
Utgangspunkta ovanfor kan likevel invitere til svært vanskelege avvegingar og vurderingar, både på det prinsipielle, på det rettslege (sjølv om statsmakta typisk har eit ganske stort spelerom for avvegingar mellom dei ulike individrettane i utforminga av gjeldande rett), og på det praktiske planet. I tillegg kan det faktiske premissgrunnlaget for vurderinga, vere uklart. Eit typisk argument mot pornografi er at konsumpsjon av pornografi fører til mindre respekt for og meir seksuell vald mot kvinner særleg, slik at (distribusjon av) slikt materiale ikkje bør vere lovleg. Men det er vanskeleg å ta stilling til årsaksrelasjonar på eit slikt meir samfunnsmessig plan. I fråvær av meir haldbare premissar for det, bør ein ikkje innskrenke fridomen til å konsumere (og få tilgang til) pornografi for dei som ønsker å ha pornografi som del av sin seksualpraksis og for så vidt heller ikkje dei som ønsker å bruke sin seksuelle autonomi til å tene pengar på å virke med til slikt materiale. Var det likevel utvilsamt slik at (konsumpsjon av) pornografi fremja valdtekt, ville derimot forbod mot produksjon og distribusjon av pornografi ha sterkare grunnar for seg.
1.6 Gjeldande straffelovgjeving i eit autonomiperspektiv
1.6.1 Utgangspunkt for gjennomgangen av gjeldande rett
Spørsmålet så er «hvordan og i hvilken utstrekning gjeldende straffebud i strl. kap. 26 verner den seksuelle autonomien», gjeve dei utgangspunkta som er presentert ovanfor. Her er det trukke fram som «ønskelig med en konkret forklaring av hvordan de ulike straffebudene eventuelt verner ulike aspekter av den seksuelle autonomien, og i hvilken grad de også reflekterer andre hensyn og overveielser». Ein systematisk gjennomgang av heile seksualstrafferetten vil måtte bygge på ein nærare gjennomgang av gjeldande rett, og her må eg i hovudsak vise til andre tekstar.14 Den vidare vurderinga er bygd opp omkring ei tilsvarande tredeling som den nytta i anna samanheng, der seksualstraffeboda delt inn i kategoriane generelle individkrenkingar, krenkingar av barn og straffebod som varetek meir kollektive interesser. For mange av tematikkane som vert teke opp i det vidare, vil ei meir fullverdig vurdering òg krevje eit vesentleg større premissgrunnlag enn det som det er rom for her. Ambisjonen i det vidare er først og fremst å peike ut sentrale aspekt ved lovgjevinga i eit autonomiperspektiv og potensielle konfliktpunkt i det eksisterande regelverket, og dermed invitere til nærare analyse av desse og premissane for løysing av dei.
Med utgangspunkt i eit autonomiperspektiv, kan ein generelt sett seie at straffelovgjevinga i dag gjev eit omfangsrikt vern om den seksuelle autonomien. Ikkje berre dekker lovgjevinga samla sett dei fleste former for seksuelle krenkingar ein kan tenke seg, men fangar òg inn ei rekke viktige nyansar i eit autonomiperspektiv og markerer alvoret i dei mest alvorlege seksualkrenkingane gjennom eit relativt strengt straffenivå. Ein kort gjennomgang av sentrale trekk ved valdtektsstraffebodet (§§ 291-293) er her illustrerande: Valdtektsstraffebodet gjev uttrykk for ei nyansering mellom krenkingar målt ut frå graden av intimitet i sjølve dei seksuelle aktivitetane som er utført med offeret. Straffebodet rammar berre seksuell omgang, samstundes som særleg inngripande slike handlingar gjev grunnlag for skjerping av strafferamma som nemnt i § 292. Den personelle dimensjonen er òg søkt teke omsyn til, særleg ved at tilfelle av såkalla gruppevaldtekter fører til skjerpa straff etter § 293 om grov valdtekt. Sentrale trekk ved autonomikonseptet, slik som kompetanseaspektet, er òg teke omsyn til, ikkje minst då tilfelle av seksuell omgang der offeret er ute av stand til å motsette seg handlinga òg rammast som valdtekt etter § 291 bokstav b). Straffebodet fangar òg inn trekk ved måten krenkinga har skjedd på, med tanke på omfanget av krenking av fysisk integritet, som har stor relevans særleg for vurderinga av om det er tale om ein grov valdtekt jf. § 293 andre ledd bokstav b) og c). Alvoret i valdtekter er markert med ei (stigande) streng strafferamme som går opp til det ordinære maksimum i norsk rett på 21 år.
Dette dømet illustrerer at ein grundigare gjennomgang av norsk straffelovgjeving og korleis dei mange autonomidimensjonane er verna av den er eit svært omfattande prosjekt, som langt sprenger rammene vi rører oss innanfor her. Det må av den grunn verte med eit sentralt døme som dette.
Sjølv om det slik sett er klare styrker ved norske seksualstraffelovgjeving i eit autonomiperspektiv er det samstundes grunn til å revurdere lovgjevinga på visse punkt. For å vise det, kjem eg i det vidare til å ha fokus på korleis det kan rettast visse innvendingar mot sider av gjeldande norsk seksualstraffelovgjeving i eit autonomiperspektiv. Her er det samstundes ein del generelle premissar som ein må ha i mente, slik som distinksjonen mellom seksuell omgang, seksuell handling og seksuelt krenkande åtferd.15 Sett vekk frå den lite føremålstenlege terminologien, så er distinksjonen i utgangspunktet av verdi i eit autonomiperspektiv: Meir inngripande seksuelle aktivitetar er klart meir alvorleg for individet enn mindre inngripande slike. Samstundes er det ein viss ubalanse mellom desse omgrepa, slik dei har utvikla seg i rettspraksis. Særleg kategorien «seksuell handling» er «tynn» i favør av ein svært brei kategori for «seksuell omgang» (og kvalifiseringar av det for § 292 sin del). Det kan i sin tur skape utfordringar når det kjem til dømes til (ytterlegare) utviding av valdtektsstraffebodet til å omfatte òg andre krenkingsformer. I tillegg kjem ei rekke utfordrande spørsmål knytt til meir generelle ansvarsvilkår slik som medverknad, rus og så vidare. Implikasjonane av allmenne ansvarsvilkår er det likevel vanskeleg å omtale her.
1.6.2 Generelle individkrenkingar
Den første kategorien er straffeboda som kan omtalast som generelle individkrenkingar og som slik sett i utgangspunktet vernar ein kvar. Denne kategorien omfattar reguleringa av valdtekt, grov aktlaust valdtekt inkludert, det vil seie §§ 291-294, straffebodet mot misbruk av «overmaktsforhold» i § 295, forbodet mot seksuell omgang med innsett mv. i institusjon, § 297 om seksuelle handling utan samtykke og § 298 om seksuelt krenkande åtferd offentleg eller utan samtykke. Med utgangspunkt i eit prinsipp om (eit gradvis sterkare) vern av seksuell autonomi, kan ein seie at sjølv om lovgjevinga her gjev eit omfangsrikt vern, er der trekk av ubalanse og uklarheit i regelverket som inviterer til kritisk analyse.
Den viktigaste innvendinga rettar seg mot det store spranget der er mellom tilfelle av vald og tvang til seksuell omgang, som rammast som valdtekt med ei strafferamme på (minst) 10 års fengsel, og § 297 om seksuell handling utan samtykke med ei øvre strafferamme på 1 års fengsel. Vi har eit relativt vidt og språkleg noko anstrengt valdskriterium som får ein utslagsgjevande effekt for vurderinga av seksuelle krenkingar i dette sjiktet. Som eg har argumentert for anna stad, synes det vere god grunn til å rekne tilfelle der ein klart har markert grenser mot meir intime handlingar, slik som samleie, og ikkje fått respektert desse, som alvorleg nok til å verte omfatta av dette straffebodet.16
Det er grunn til å sjå nærare på korleis ein på andre vis kan fylle ut rommet mellom tilfelle som klart høyrer under valdtektsstraffebodet og det som i dag berre rammast av § 297: Det gjeld særleg for tilfelle der det ikkje er brukt tvangsmiddel og offeret heller ikkje har mangla samtykkekompetanse, men der situasjonen likevel har klare element av ulikt styrkeforhold både i alder og fysikk, sterkt emosjonelt ubehag hjå den eine parten, svak grad av autonomiforankring og -uttrykk hjå denne, og einsidig agering frå den «aktive» parten. Etter gjeldande regulering, er her § 295 i mange tilfelle eit mogleg alternativ. Det straffebodet rammar tilfelle av misbruk av overmaktsforhold i form av utnytting av stilling, avhengnads- eller tillitsforhold, utnytting av psykisk svekking eller av barn under 18 år i ein særleg sårbar livssituasjon.17 Slik straffebodet er i dag, er det likevel ikkje eit fullgodt supplement til valdtektsstraffebodet. Ei utfordring med straffebodet, forutan at det ikkje har ein særleg informativt tittel, er at det på mange punkt synes ha ei klart uklar og til dels utilstrekkeleg rekkevidde. Her er i alle fall kasus som i eit autonomiperspektiv kan seiast å fortene nærare vurdering.
Eit omdiskutert tilfelle her er tilfelle av «seksuell villfaring», det vil seie korleis det skal handterast om tiltalte har utnytta villfaring av den typen som er omtalt i det såkalla Bjørneboe-tilfellet.18 Det er mogleg, òg i lys av historikken, at visse slike tilfelle allereie kan rammast av § 295. Men både om og i tilfelle kva tilfelle av slik villfaring som er relevant, er uklart. Ei utfordring her er nettopp at der er så mange ulike tilfelle av slik villfaring, som varierer med tanke på grad av alvor og relevans for den seksuelle autonomien. Visse av desse kan likevel vere nærliggande å plassere under eit straffebod tilsvarande noverande § 295. Eit anna tema som har vore omdiskutert i samanhengen er det å ta av kondom under samleiet utan at den andre parten er klar over det (stealthing). Tilfella er særprega då samtykket i stor grad dekker dei mest sentrale trekka ved utøving av seksuell autonomi (at ein skal ha samleie med ein viss person og så vidare). Samstundes kan bruk av kondom ha vore ein klar føresetnad for samleiet, og brot på denne avtale kan utsette motparten for graviditet og/eller kjønnssjukdom, konsekvensar som elles vil vere skjerpande i straffutmålinga for seksualbrotsverk.19
Fleire andre tilfelle er òg vanskeleg å relatere til alternativa i § 295 slik det står i dag. Vi kan her trekke inn ein variasjon av eit tilfelle nytta i samband med seksuell kompetanse ovanfor: Etter ein fest vert ei ung jente gjenstand for at to for henne ukjende, middelaldrande menn frå festen saman gjer ei rekke ulike handlingar med høg grad av seksuell intimitet med henne. Om jenta er lett rusa, er i alderssjiktet rett over den seksuelle lågalderen på 16 år og i tillegg kjenner sterkt ubehag i situasjonen, men utan å tørre å seie frå om det, noko dei involverte er klar over, får tilfellet preg av ei klanderverdig utnytting av jenta. Vi føreset likevel at dersom jenta hadde sagt frå, hadde mennene stoppa handlingane, og at ho òg utan vidare kunne gått frå staden der dette hendte. Målt opp mot § 295 kan ein seie at det her er språkleg problematisk å seie at dette er utnytting av «avhengighetsforhold eller tillitsforhold» etter § 295 alternativ a) og offeret har i tilfellet heller ingen «psykiske lidelse eller psykiske utviklingshemming» som nemnt i alternativ b). Alternativ c) omfattar for sin del berre tilfelle av (barn i) «særlig sårbar livssituasjon», som språkleg omfattar berre meir varig utfordrande situasjonar for barnet slik som barn med rusproblem, barn utan foreldre eller andre vaksenpersonar som støtte i livet og så vidare. Her vil ein slik sett måtte falle attende på § 297 om seksuell handling utan samtykke, slik at tilfellet går inn i same kategori som den som tidlegare på festen tok jenta på baken på dansegolvet, med ei strafferamme på 1 års fengsel.
Dersom jenta klart markerer at ho ikkje vil vere med på handlingane, bør tilfellet regulerast som valdtekt, og om ikkje, så bør ho vere verna mot slik utnytting av noko meir enn berre § 297, snarare på nivå av § 295 i form av eit meir velutvikla straffebod mot seksuell utnytting, med ein meir generell, men likevel klart definert terskel. Dersom vi endrar tilfellet til at det skjer på bakgrunn av eit velinformert val av ei edru 18 år gammal jente om å ta del i innspelinga av ein pornografisk film for å tene pengar, er det derimot vanskeleg å sjå at det som ei krenking av jenta sin seksuelle autonomi – i alle fall om ein skal følgje prinsippet som Høgsterett har uttrykt i anna samanheng, at etter 18 år har ein nådd den alderen då ein må ta det fulle ansvar for sine handlingar.20
Paragraf 295 si rekkevidde kan med andre ord med hell på fleire punkt tenkast gjennom og avklarast. For betre å identifisere kva tilfelle vi her har å gjere med, kan det òg vere tenleg å nytte det meir allmenne uttrykket «seksuell utnytting». Ein kan òg i denne samanhengen tenke seg mellomnivå i form av grovheitsalternativ som gjev rom for å avspegle variasjonar i autonomidimensjonane i det einskilde tilfelle. Seksuell utnytting kan til dømes ha ei strafferamme på 6 års fengsel som § 295 i dag har, men skjerpast til 10 års fengsel i grove tilfelle, og dermed ha god samanheng med valdtekt etter § 291.
Samstundes som at der er (empiriske) forhold som svekker, og i verste fall, overstyrer vår autonome kapasitet, som kan gjere det nærliggande å tenke i retning av eit behov for strafferettsleg vern, så kan slik regulering lett verte for omfattande. Rustilfella er eit døme på det. Rus svekker dømmekrafta vår. I utgangspunktet er det ein del av individet sin fridom å kunne ruse seg, til dømes på alkohol, og eventuelt òg å ha – i slik tilstand – seksuell omgang med andre. Så lenge vi ikkje har med tung rus å gjere, i alle fall, vil slike samtykke vere verksame. På noko punkt vil, likevel, nokre oppleve seg som utsett og svekka på eit vis som skapar tvil om individet kan seiast å kunne agere autonomt. Kvar ein skal sette «grensene» her og korleis ansvar skal fordelast i tilfelle der begge dei involverte har rusa seg, er eit vanskeleg spørsmål, reint prinsipielt så vel som å regulere på eit adekvat vis. Ein situasjon som i dag der rusen vert lagt den eine til last (jf. § 25 tredje ledd), men for den andre er grunnlag for eit særleg sterkt vern (jf. § 291 bokstav b), kan gje urimelege utslag.
I tillegg til straffeboda omtala så langt, kjem § 296 og § 298 som ytterlegare forlengingar av vernet mot seksuelle krenkingar. Sistnemnte straffebod ser eg ikkje nærare innvendingar mot slik det står. Det som då står att i denne samanhengen er § 296, som skil seg ut frå dei andre straffeboda i samanhengen ved at det synes å ha ei meir institusjonell grunngjeving. Utgangspunktet etter dette straffebodet er at eit samtykke mellom dei involverte ikkje har betydning, då institusjonskonteksten inneber at den innsette ikkje har kompetanse til å samtykke til den seksuelle omgangen. Det kan synes som ei noko fiktiv generalisering: I eit autonomiperspektiv er det ingenting som tilseier at det ikkje kan føreligge eit genuint samtykke frå dei involverte, til dømes der det har utvikla seg ein kjærleiksrelasjon mellom den innsette og den som har oppsikt med vedkommande. Straffebodet er i seg sjølv velgrunna, men det vil vere føremålstenleg å skilje det ut frå rekka av individkrenkingar og tydeleggjerast at det er gjeve av omsyn til det institusjonelle aspektet – eit i seg sjølv viktig kollektivt rettsgode som her kan grunngje ei overstyring av den seksuelle autonomien til dei involverte, og den tvilen som kan knytte seg til bakgrunn for samtykket og effektar på institusjonsoppdraget.
1.6.3 Særleg om straffenivået for valdtekt og bruken av minstestraff
Som vist, seksuell autonomi har mange dimensjonar, og kan òg krenkast på ulike vist og i ulikt omfang. Det set viktige utgangspunkt for spørsmålet om straffenivå for krenkingar av den seksuelle autonomien. Ser ein til dømes på valdtektsstraffebodet, kan det raskt konstaterast at norsk strafferett har strafferammer som klart markerer at seksuell autonomi er verdsett som eit sentralt rettsgode, og, tilsvarande, at krenkingar av retten til seksuell autonomi vert vurdert som svært alvorlege. At tilfelle av grov valdtekt strekk seg heilt opp til 21 års fengsel, det alminnelege «taket» for strafferammer i norsk rett, er illustrerande for det. Vidare kan ein konstatere at straffenivået i hovudsak er differensiert i takt med graden og karakteren av den seksuelle krenkinga. At lovgjevar indikerer normalstraffer for ulike nivå av krenkingar for å etablere det adekvate nivået, er det ikkje grunn til å innvende mot så lenge domstolane har rom for å justere ut frå karakteren av den aktuelle seksuelle krenkinga. Kriteria for straffeskjerping etter § 292 og § 293 kan òg i stor grad relaterast til det som er sagt ovanfor; krenkinga vert meir alvorleg jo meir seksuelt inngripande den er, òg til dømes med tanke på kor mange som er involvert i krenkinga (jf. § 293 andre ledd bokstav a).
Der er likevel ein del trekk ved § 292 og § 293 som, vurdert frå eit autonomiperspektiv, det kan stillast kritiske spørsmål ved. Det er særleg § 292 som det er grunn til å stille spørsmål ved. Minstestraff – i alle fall på eit så høgt nivå som 3 år målt opp mot normalnivået på 4 år som tilfelle er i § 292 – er problematisk i seg sjølv, fordi den tvinger fram eit sprang i vurderinga av ulike krenkingar alt avhengig av om dei fell innanfor eller utanfor den aktuelle regelen.21 Ein del krenkingar får dermed nødvendigvis ein «høgare valør» enn dei eigentleg har, målt ut frå i kva grad dei krenker (ulike dimensjonar av) den seksuelle automien. I § 292 forsterkast denne problematikken av utvalskriteria: Som vist har seksuell autonomi og krenkingar av den mange fleire dimensjonar som er med på å bestemme kor alvorleg den aktuelle krenkinga er, og i så måte legg § 292 uforholdsmessig stor vekt ved sjølve (den fysiske) karakteren av den seksuelle krenkinga. Denne kombinasjonen av minstestraff tett opp mot normalstraffa og inadekvate utvalskriterium gjer at § 292 ikkje stemmer godt med den meir nyanserte graderinga av straffa for ulike krenkingar som autonomiperspektivet ovanfor inviterer til.
Det er i det heile vanskeleg å sjå gode grunnar for den konstruksjonen som er valt i straffelova på dette punkt. Regelen synes mest å ha karakter av ei svært grovkorna markering av alvoret ved alvorlege seksuelle krenkingar, som endar opp med å skape ubalanse i reaksjonane. Det er viktig å understreke at det får konsekvensar for både offer og gjerningspersonar i måten dei får krenkingane dei er involvert i, klassifisert og straffa i strafferettssystemet. Ei ordning med eit adekvat sett av normalstraffer, skjønnsprega straffeskjerping for grove tilfelle, og tillit til at domstolane, med utgangspunkt i lovgjevar sine premissar, vurderer individuelle saker, bør her som elles i strafferetten vere tilstrekkeleg. Ei gjennomtenking av konstruksjonen i § 292 bør samstundes ha eit heilskapleg perspektiv og gjennomgå straffene for seksualbrotsverka generelt, sett i samanheng òg med behovet for gjennomtenking av ein del av straffeboda og utforminga av dei.22
1.6.4 Straffeboda mot seksuelle krenkingar av barn
Straffeboda i kategorien seksuelle krenkingar av barn fekk i den noverande straffelova (§§ 299-§ 311) tydlegare karakter av å vere ein eigen seksjon av brotsverk. Utgangspunktet her er at barn under 16 år ikkje er tilstrekkeleg mogne for å reknast som seksuelt autonome, og har behov for eit særleg sterkt vern mot seksuelle krenkingar, gjeve dei klart negative konsekvensane desse har. Katalogen av seksuelle krenkingar er på mange sett og vis velutvikla og dekkande for former for seksuelle krenkingar av barn. Det er likevel ein del aspekt ved gjeldande regulering der autonomiperspektivet leier til kritiske spørsmål.
Mest grunnleggande er det rom for ein diskusjon av kva alder som skal vere den seksuelle lågalderen, og altså då avgjerande for når ein er rekna som seksuelt autonom. Det er ikkje utan vidare lett å forstå at eit barn ved fylte 15 år skal reknast som strafferettsleg ansvarlege, til dømes for ei seksuell krenking av nokon, men ikkje til å ha frivillige seksuelle relasjonar med den same personen. Å basere seg her på § 308, som har mest karakter av ein unnskyldningsgrunn, er her ikkje ei god løysing på diskrepansen.
Vidare er det grunn til å revurdere reguleringa knytt valdtekt av barn under 14 år der det òg er nytta vald eller truande åtferd mot barnet. Det er føresett i førearbeida at eit slikt tilfelle berre skal straffast etter § 299, og ikkje òg etter valdtektsstraffebodet i § 291.23 Samstundes er ikkje valdselementet framheva i reguleringa knytt til § 299, til dømes i § 301 for grov valdtekt av barn under 14 år. Her er det særleg omsynet til barnet sin fysiske integritet som gjer at reguleringa på dette punktet bør revurderast og på den måten betre fange inn klart skjerpande aspekt ved seksuelle krenkingar av barnet.
Reguleringa av avtale om møte for å utføre eit seksuelt overgrep mot barn («grooming»), gjer grooming til fysiske møter for overgrep straffbart, men ikkje til digitale møter for overgrep. Med det veksande omfanget av digital kommunikasjon og bruk av den som arena for seksuelle overgrep mot barn, aktualiserer spørsmål om rekkevidda av regelen, om ein først ser behov for ei slik førebuingskriminalisering.24 På andre punkt er det verdt å stille spørsmål ved om straffelovgjevinga gjev eit for sterkt vern om barn på kostnad av den allmenne handlefridomen. Her er det særleg den svært vidtgåande kriminalisering av overgrepsmateriale i § 311 som stikk seg ut, medan § 310 har eg ikkje særlege merknader til. Paragraf 311 kan med fordel drøftast med tanke på å finne ei meir føremålstenleg og balansert avgrensing av straffebodet, og i alle tilfelle avklaring av kor langt regelen er meint å strekke seg. Vernet om barnet tilseier klart eit tydeleg forbod mot ulike former for overgrepsmateriale. Men òg her bør ein gjere ei balansering av fridomssfærane og avgrense rekkevidda av kriminaliseringa ut frå vurderingar knytt til innhald, omfang og spreiingsfare, og på den måten betre ivareta skadefølgjeprinsippet og forventingar om at straffansvar først er aktuelt der handlinga er tilstrekkeleg klanderverdig.
I denne «ytterkanten» av kategorien av krenkingar av barn finn ein vidare incestbrotsverka. Dei involverer ikkje nødvendigvis personar under 18 år. Men § 312 om incest og formuleringa «slektning i nedstigende linje» føreset ein foreldre-barn-relasjon (uavhengig av alder) og kan sjåast på som eit uttrykk for grenser for foreldrerolla allment. Gjeve kor viktig foreldrerolla er for barn si «verdsforståing» og oppvekstvilkår kan det argumenterast for at kriminaliseringa er ein viktig del av det normsystemet som barn vernast gjennom. I så måte kan straffebodet i eit autonomiperspektiv ha gode grunnar for seg. Det kan likevel vere grunn til å vurdere å integrere § 312 og § 314 om andre nærståande i eitt straffebod som synleggjer denne funksjonen til straffebodet betre.
Derimot er straffebodet mot søskenincest i § 313 problematisk å grunngje i eit autonomiperspektiv. Søsken har ikkje slikt ansvar og funksjonar i relasjon til kvarandre som pregar foreldre-barn-relasjonen. Frå eit autonomiperspektiv er det samstundes vanskeleg å sjå grunnar til at to personar som i vaksen alder vel å innleie ein seksuell relasjon med kvarandre skal haldast straffansvarleg berre fordi dei har (biologisk sett) ein søskenbakgrunn. Sjølv om den klare majoriteten skulle finne tanken på å ha seksuell omgang med eit søsken unaturleg er det ingen grunn for strafferetten til å bruke dei som tenker annleis her som objekt for å understøtte den kjensla. Ingen av dei to involverte krenker den andre sin rett til seksuell sjølvbestemming. Når eg tek opp dette straffebodet alt i samanheng med vern av barn er det fordi straffebodet likevel kan hevdast å ha ein funksjon i tilfelle der det er ein ubalanse mellom søsken under 18 år som den eine misbruker til å skaffe seg seksuell omgang. Straffebodet kan i det lyset sjåast som eit bidrag til vern om barn. Det er likevel vanskeleg å sjå grunnar til at dette søskenelementet skal markerast med eit eige straffebod, og då ikkje minst eit som rammar heilt generelt og dermed klart lenger enn det det eksisterande straffebodet mot slik utnytting i § 295, eventuelt valdtektsstraffebodet i § 291. Det bør vurderast ved om utnytting av søskenforhold, til dømes der den som utnyttar sitt søsken er eldre og meir mogen enn offeret, noko som gjerningspersonen spelar på for å oppnå seksuell omgang, eventuelt kan dekkast inn og markerast i anna samanheng. Det kan enten vere i eit straffebod mot seksuell utnytting eller at slike tilfelle av misbruk gjort av eldre søsken bør handsamast på linje med krenkingar av andre nærståande etter § 314.
1.6.5 Andre straffebod i kapittel 26
Dei siste straffeboda i kapittelet gjeld i hovudsak reguleringa av handlingar enten i samband med sal av seksuelle tenester, det vil seie straffebodet mot hallikverksemd i § 315 og mot kjøp av seksuelle tenester i § 316, og reguleringa av pornografi i § 317 og utstilling av seksualisert materiale i § 138. Av desse er det særleg kriminaliseringa av kjøp av seksuelle tenester som treng drøfting. Den tematikken vil viast mest plass her, men aktualiserer likevel eit stort premissgrunnlag. Eg nøyer meg her med å peike på visse problemstillingar og måtar å tenke om denne tematikken i eit autonomiperspektiv. Paragraf 317 om pornografi vert kortare omtala først, då det straffebodet ikkje er like vanskeleg å forsvare i eit autonomiperspektiv som § 315 og § 316. Det gjeld i enno større grad for § 318, som ikkje vert drøfta her.
Når det gjeld pornografistraffelovgjevinga har denne vore gjenstand for ei viss liberalisering i Noreg, som gjer den meir velgrunna i eit autonomiperspektiv. At det likevel gjeld ei rammer for kva materiale som kan lovleg distribuerast, slik at materiale som simulerer valdtekter til dømes, ikkje er lovleg, synes òg velgrunna med tanke på vernet mot denne typen krenkingar meir allment. Straffebodet er likevel ikkje særleg heldig i eit lovskravsperspektiv, noko som kan tilseie at ein vurderer forbetring på det punktet. Der er òg visse systematiske utfordringar ved § 317, som til dømes plasseringa av § 317 bokstav c), som kanskje burde skiljast ut og relaterast til § 305 i staden. Det bør i alle fall klargjerast om det er det same pornografi-omgrepet som gjeld for dei ulike alternativa i første ledd.25 Og med tanke på å kommunisere tydlegare for allmennheita kva som eigentleg rammast av straffebodet, er det nærliggande å spørje om tittelen ikkje bør endrast. Uttrykket «pornografi» vil i daglegtalen omfatte material som etter gjeldande rett er lovleg.
Straffebodet mot kjøp av seksuelle tenester er derimot meir omtvista. Det straffebodet står òg i ein viss samanheng mellom anna menneskehandel (§ 257-258) til prostitusjon. Sistnemnte er for sin del ikkje er å rekne som eit seksualbrotsverk, men snarare ei fridomskrenking meir generelt, men er i alle tilfelle klart ei alvorleg krenking av dei som vert utnytta i slik verksemd. Kjøp og sal av seksuelle tenester mellom vaksne menneske er derimot i eit autonomiperspektiv i seg sjølv lite å utsette på, òg for det tilfelle at det strid mot utbreidde førestillingar om «sunn seksualitet» og skepsis mot å gjere kropp og intimitet til ei handelsvare (hallikproblematikken kjem vi attende til nedanfor). I eit autonomiperspektiv har eg vanskar med å sjå grunnar til det under eitkvart omstende skal vere straffbart å kjøpe seksuelle tenester. Sjølv om ein kan seiast å ha visse plikter mot seg sjølv, som mellom anna gjer at ein ikkje kan verksamt samtykke til å verte drepen eller til å verte ein slave utan rettar, er ein slik analogi mindre adekvat her. I eit autonomiperspektiv er det noko oppsiktsvekkande at § 316 ikkje berre gjeld kjøp av seksuell omgang, altså samleie, masturbasjon og intim berøring av kjønnsorgan generelt, men òg kjøp av seksuell handling. Det omfattar slik som å betale nokon for å kjenne på eit nakent bryst eller ei naken rumpe, og det skal altså lite til av intensitet i slik samanheng før ein har rørt seg opp i kategorien «seksuell omgang». Kriminaliseringa er kanskje gjort for å verne om dei som sel seksuelle tenester, men i praksis vil desse gjerne fungere som «medverkarar» (om enn ikkje strafferettsleg) til dei som kjøper tenesta. Når samtidig sal av og dei som sel seksuelle tenester er stigmatisert i det offentlege og dagleg språkbruk og ofte i ein utsett posisjon, er det i alle fall ikkje gjeve (det er meint som eit understatement) at dei vert møtt med slik respekt og verdigheit som statsapparatet typisk sett møter offer for straffbare handlingar med. Legg ein til andre konsekvensar av kriminaliseringa, slik som at verksemda må gå «under jorda» og dermed verte meir risikabel, kan det vere at kriminaliseringa mest av alt verkar med til å svekke realisering av den fridomsretten som dei som sel seksuelle teneste har som alle andre.
Kriminalisering av kjøp av seksuelle tenester på generell basis synes enten å basere seg på at den som sel sex ikkje kan ha eit ønske (av noko grunn) å gjere det og gjere det valet som del av sin seksuelle autonomi, eller at slik handel med seksuelle tenester er galt på anna normativt grunnlag. Det første synes vere ei uheldig paternalisering av dei som sel seksuelle tenester, det siste synes ikkje vere ei kriminalpolitisk relevant norm. Ein rett til å selje seksuelle teneste tilseier samstundes at ein ikkje skal kriminalisere kjøp av tenesta. Men der er samstundes er ein risiko for at personar som sel seksuelle tenester gjer det under tvang. Det er klart alvorleg, noko som avspeglar seg i at bakmennene i eit slikt tilfelle vil kunne oppfylle straffebodet mot menneskehandel og kjøparen valdtektsstraffebodet i tilfelle der kjøparen handlar med forsett om at den som sel sex er tvungen til det av andre.
I lys av dette alvoret kan det stillast spørsmål ved om det er haldbart å innskrenke retten til å kjøpe (og indirekte òg å selje) seksuelle tenester, for å styrke vernet mot denne typen krenkingar. Truleg er eit nyansert synspunkt her det mest velgrunna: Eit heilt generelt forbod mot kjøp av seksuelle tenester av denne grunn, uavhengig av eventuell risiko for at seljaren er offer for menneskehandel eller under liknande tvang, verkar å vere vanskeleg å forsvare som inngrep i den seksuelle autonomien både til den som sel og den som kjøper seksuelle tenester. Det gjeld særleg om det til dømes er krav om ein viss alder på dei involverte (og ikkje berre den seksuelle lågalderen på 16 år) for klarare ivareta kompetansedimensjonen nemnt ovanfor – eit synspunkt som kan gje god grunn til å ha eit straffebod som vi i dag har i § 309 om kjøp av seksuelle tenester av mindreårige. Er det derimot tale om situasjonar der det er fare for at den over 18 år som sel seksuelle tenester ikkje gjer det av eige ønske, synes det velgrunna til å strekke straffeansvaret til å omfatte òg det: Gjeve seksualiteten sin store normative relevans for individet er det klart problematisk å tvinge eller utnytte at nokon er i ein sterkt utsett sosial, helsemessig eller økonomisk situasjon til å få vedkommande til å selje seksuelle tenester. Fare for at det er tilfelle (og i tillegg bidraget til marknadsdanninga i slik samanheng) kan vere tilstrekkeleg grunn til å klandre kjøparen. Slike meir prinsipielle nyansar som er forsøkt trekt opp her kan naturlegvis skape bevisutfordringar som gjer at straffebodet kan verte mindre effektivt, men slike utfordringar bør generelt ikkje løysast ved å vide ut kriminaliseringa til handlingar som ikkje elles er problematiske. Ei justering av straffebodet vil òg løyse opp i den unekteleg spesielle spenninga mellom at det ikkje er lov til å betale for eit samleie, men lov å betale for det dersom det vert gjort opptak av det som ledd i produksjon av pornografi.
I så måte kan ein, stadig frå eit autonomiperspektiv, tenke seg eit straffebod mot tilfelle av kjøp av seksuelle tenester der det er fare for at seljaren ikkje agerer tilstrekkeleg autonomt. Farekriteriet kan i sin tur rammast inn gjennom vilkår knytt til dømes til alder, alvorleg utsett sosial situasjon og så vidare. Med ei slik meir nyansert innramming, vil straffebodet få meir karakter av eit særleg fareanneks til straffeboda mot valdtekt (§ 291), grovt aktlaus valdtekt (§ 294) og misbruk av overmaktsforhold (§ 295) for tilfelle der det vert betalte seksuelle tenester.
I forlenginga av dei føregåande refleksjonane, er det òg grunn til å ta opp straffebodet mot hallikverksemd og formidling av prostitusjon (§ 315) til vurdering. Korleis ein vurderer det straffebodet, avhenger i stor grad av korleis ein vurderer kjøp av seksuelle tenester. Finn ein kriminalisering av kjøp generelt velgrunna, synes det vere lite grunn til å vurdere den typiske hallikverksemda annleis. Som nemnt ovanfor, kan det likevel vere grunn til å nyansere rekkevidda av kriminaliseringa slik at den i større grad rettar den inn mot tilfelle der det kan vere tvil om grad av autonomiutøving frå den som sel seksuelle tenester. På same måte kan det vere grunn til å vurdere kva tilfelle av hallikverksemd som kan seiast å vere utfordrande i forhold til at den som sel seksuelle tenester skal gjere det ut frå eit eige val. Tilfelle der den som fremmer ein annan sin prostitusjon sjølv har klare økonomiske interesser i at det skjer slikt sal synes i alle fall meir problematisk enn der den som gjev støtte ikkje har det. Den økonomiske interessa kan lett kome i konflikt med interessa til den som sel sex og vedkommande si autonome avgjerd om det. I så måte, om ein vil sikre at den som sel seksuelle tenester gjer det av eige val, kan eit alternativ vere å avgrense straffebodet mot tilfelle der den som gjev bistand ikkje mottek noko økonomisk fordel som følgje av det. Med ei slik løysing vil straffebodet ikkje omfatte tilfelle der den som sel seksuelle tenester får låne eit rom av ein ven eller nyttar sin med-prostituerte som vakt under verksemda. Slik profittfri bistand, som heller er til hjelp, støtte og tryggleik for den som sel seksuelle tenester, har eg vanskar med å sjå utgjer ei autonomikrenking som fortener å rammast av straffansvar.26
Både i relasjon til sal av seksuelle tenester og hallikverksemd er det grunn til å minne om den regulerings- og kontrolliveren som lett gjer seg gjeldande i samband med «ubehagelige» seksuelle praksisar. På slike punkt der det kan vere ulike syn på i kva grad autonomiprinsippet står seg, kan det i alle fall vere klokt å gje ei sterk stemme til dei som påstått (av nokon) ikkje kan gjere tilstrekkeleg informerte val sjølv, her til dømes sexarbeiderar. Det er jo i seg sjølv ein måte å fremje autonomien til dei. Og meir generelt: Problematikken som her er drøfta illustrerer at det òg innanfor slike seksualbrotsverk er mogleg å arbeide ut nyansar, typetilfelle og skiljelinjer som kan gje oss ei meir differensiert regulering, og på den måten samla sett eit betre vern om ulike sider ved den seksuelle autonomien – både i form av strafferettsleg regulering og i form av grenser for den. Gjennom slik konkretisering og differensiering vil ein typisk sett òg oppnå betre skildringar av det som (vert ståande igjen som det) straffbare, slik at lovgjevinga ikkje berre betre tilfredsstiller omsynet til den seksuelle autonomien, men lovskravet i tillegg.
Fotnoter
Nærare om autonomiomgrepet slik eg forstår det, sjå Jørn RT Jacobsen, Fragment til forståing av den rettsstatlege strafferetten (Bergen, Fagbokforlaget, 2009) s. 467–491.
Sjå vidare Jørn Jacobsen, Valdtektsstraffebodet – Gjeldande rett og spørsmålet om reform (Bergen, Fagbokforlaget 2019) s. 314.
Paragraftilvisingar der ikkje anna er sagt, er til lov om straff (straffeloven).
Sjå nærare til dømes fetisjisme – Store medisinske leksikon (snl.no) (sist vitja 10.08.2021).
Sjå meir generelt om seksuell vald i eit samfunnsvitskapleg perspektiv, sjå mellom anna May-Len Skilbrei og Kari Stefansen, Seksuell vold – en samfunnsvitenskapelig innføring (Oslo, Cappelen Damm Akademisk, 2018).
Sjå til dømes Jørgen Aall, Rettsstat og menneskerettigheter 1 – En innføring i vernet om individets sivile og politiske rettigheter (Bergen, Fagbokforlaget 2022), s. 233: «Praksis [frå EMD] slo tidlig fast at seksuallivet er en sentral del av privatlivet.»
Og av den grunn vanskeleg å gje eit nærare oversikt over her, men sjå m.a. Dana-Sophia Valentiner, «The Human Right to Sexual Autonomy», German Law Journal 22 (5) (2021) s. 703–717.
Sjå til dømes om ulike nordiske reformprosessar i Bergen Journal of Criminal Law and Criminal Justice 8 (2) (2020). https://doi.org/10.15845/bjclcj.v9i2.
Om utviklinga i Noreg og samanhengen med samfunnsutviklinga der meir generelt, sjå til dømes i Jørn Jacobsen og May-Len Skilbrei, «Reforming the rape offence in Norwegian criminal law», Bergen Journal of Criminal Law & Criminal Justice 8 (2) (2020) s. 78–94. https://doi.org/10.15845/bjclcj.v8i2.3240.
Dyr er for sin del òg verna mot seksuelle krenkingar gjennom lov om dyrevelferd § 14 bokstav c), jf. § 37 som set straff for brot på lova. Dette straffebodet reknast typisk sett ikkje til seksualbrotsverka, og kan neppe grunngjevast i eit omsyn til «seksuelle autonomi». Spørsmål om seksuelle krenkingar av anna enn levande personar vert ikkje drøfta i det vidare.
Sjå vidare Linda Gröning, Erling Johannes Husabø og Jørn Jacobsen, Frihet, forbrytelse og straff – En systematisk fremstilling av norsk strafferett, 2. utgave (Bergen, Fagbokforlaget), s. 199–200.
Generelt om samtykkeomgrepet, sjå Gröning, Husabø og Jacobsen (2019) s. 214–217.
I denne samanhengen er det òg grunn til å minne om at der er grenser for kva ein er samtykkekompetent til. Den seksuelle autonomien kan slik sett ikkje forståast som òg å innebere kompetanse til å gjere seg sjølv til ein (seksuell) «slave» som «slaveeigaren» skal kunne disponere over som ein ting og då utan at «slaven» kan trekke seg frå «slavekontrakta». Meir generelt formulert; individet kan utøve sin autonomi, men ikkje til å oppheve sin eigen autonomi – eit prinsipp som avspeglar seg til dømes i § 276 om samtykke til kroppskrenkingar og kroppsskader, men ikkje lenger enn det, sjå vidare Gröning, Husabø og Jacobsen (2019) s. 209 flg. Gjeve samanhengen der kan vere mellom seksual- og valdsbrotsverk, spelar slike grenser som «slave»-dømet illustrerer, inn som grenser òg for seksuell autonomi. Andre døme på det same er BDSM-praksisar som involverer forsettleg å valde betydeleg skade etter § 274 andre ledd.
Sjå særleg Jørn Jacobsen, «Seksualforbrytelser», i Jørn Jacobsen, Erling Johannes Husabø, Linda Gröning og Asbjørn Strandbakken, Forbrytelser i utvalg – Straffelovens regler om voldsforbrytelser, seksualforbrytelser, formuesforbrytelser og narkotikaforbrytelser (Bergen, Fagbokforlaget, 2020) s. 93–157. Tilrådingane eg gjev i det vidare, heng for sin del nært saman med dei gjevne mellom anna i Jacobsen (2019), s. 311–342.
Nærare omtala i Jacobsen (2020) s. 102–111.
Sjå vidare Jacobsen (2019) s. 334–335.
Plasseringa av det sistnemnte alternativet i relasjon til katalogen av seksualkrenkingar mot barn i §§ 299 flg. er òg ein tematikk å drøfte her.
Sjå Tore Rem, Sin egen herre. En biografi om Jens Bjørneboe, 2009 s. 75, omtala i Benedikte Moltumyr Høgberg og Torunn Salomonsen, «Voldtektsstraffelovgivning på ville veier – straffeloven § 192», Tidsskrift for strafferett 10 (3) (2010) s. 210–252, s. 241.
I Rt. 1992 s. 1217 førte valdtekten til graviditet og til at offeret fekk utført ein abort, noko som Høgsterett framheva som skjerpande. I Rt. 2004 s. 1902 vart offeret påført klamydia, men behandla for det. Dei domfelte kjente til risikoen for at dei sjølve var smitta av klamydia. Denne konsekvensen for offeret vart rekna for skjerpande i straffumtålinga, sjå avsnitt 12 og 18.
Sjå Rt. 2004 s. 1016 avsnitt 11 om straffutmåling for valdsbrotsverk.
Minstestraffa har då òg vore kritisert, til dømes av Rune Bård Hansen, sjå seinast «Straff som fortjent for seksuallovbrudd? – en kommentar til Magnus Matningsdal», Lov og Rett 61 (1) 2022 s. 59–62.
Sjå òg Magnus Matningsdal, «Ubalanse i straffenivå ved seksuallovbrudd», Lov og Rett 60 (9) 2021 s. 519–520.
Jf. Ot.prp. nr. 22 (2008–2009) s. 442.
Sjå vidare Inger Marie Sunde, «Fra grooming til seksuell utpressing: Behov for mer effektivt vern mot nettovergrep», Tidsskrift for strafferett 20 (2) 2020 s. 129–145.
Den tematikken har eg drøfta nærare i «Straffansvaret for å overlate pornografi til barn. Om straffelova § 317 første ledd alternativ c», Tidsskrift for strafferett 18 (2) (2018) s. 102–130.
Sjå òg diskusjonen i Vilde Hallgren Bodal, Å fremme andres prostitusjon – Straffeloven § 315 (Bergen, Fagbokforlaget, 2017).