14 Endringar i andre lover
14.1 Endringar i forvaltningslova
14.1.1 Gjeldande rett
Det har vore eit nært tilhøve mellom reglane i forvaltningslova om den retten partane har til dokumentinnsyn og reglane i offentleglova. Forvaltningslova og offentleglova har gjerne blitt sedde i samanheng ved lovendringar. Forvaltningslova har på nokre punkt gitt partane i saker om enkeltvedtak ein sterkare rett til innsyn enn etter offentleglova. Det gjeld mellom anna ved at forvaltningslova § 18 tredje ledd gir partane rett til innsyn i faktiske opplysningar i større mon enn etter offentleglova. Teieplikta etter forvaltningslova er heller ikkje til hinder for at opplysningar blir gjorde kjende for partane eller deira representantar, jf. forvaltningslova § 13 b første ledd nr. 1, sjølv om visse avgrensingar i retten til innsyn i slike opplysningar følgjer av § 19. Høvet til å gjere unntak etter forvaltningslova § 19 første ledd bokstav a og andre ledd bokstav b er dessutan snevrare enn det som følgjer av dei korresponderande innhaldsbaserte unntaka i offentleglova §§ 6 og 6 a.
14.1.2 Forslaget frå utvalet
Utvalet fremma ikkje konkrete forslag til endringar i forvaltningslova, men nøgde seg med å gjere greie for kva reglar i offentleglova som burde takast inn i forvaltningslova, jf. NOU 2003: 30 s. 249–250.
Utvalet meinte at reglane om dokumentomgrepet burde vere dei same i offentleglova og forvaltningslova.
Utvalet tok som utgangspunkt at forslaga til føresegner om organinterne dokument og interne dokument utanfrå burde takast inn i forvaltningslova. Utvalet meinte likevel at det ikkje var nødvendig å ta inn særlege føresegner om rett til innsyn i opplysningar som forvaltningsorganet har plikt til å nedteikne etter forvaltningslova § 11 d, eller opplysningar innhenta av tenestemenn i organet ved synfaring eller gransking av tilhøve utanfor verksemda. I slike tilfelle vil retten til innsyn vere ivareteken i forvaltningslova § 18 tredje ledd om rett til innsyn i faktiske opplysningar.
Blant dei innhaldsbaserte unntaka peikte utvalet særleg på at unntaka i offentleglova for å ivareta Noregs utanrikspolitiske interesser og unntak av omsyn til tryggleik og forsvar burde komme i staden for forvaltningslova § 19 første ledd bokstav a.
Det er noko uklart om utvalet ønskte å endre forvaltningslova § 19 andre ledd bokstav b.
Utvalet foreslo nokre generelle føresegner i offentleglova (plikt til offentleggjering etter ei interesseveging, innsynsrett for delar av dokument, innsyn i opplysningar som er allment kjende). Utvalet meinte at slike reglar burde takast inn i forvaltningslova i same omfang.
Forslaget til reglar om saksbehandling og klage var etter utvalet sitt syn i hovudsak allereie ivaretekne i forvaltningslova. Utvalet syntest dermed å meine at endringar ikkje var nødvendige her.
14.1.3 Høyringa
Under høyringa uttalte Norsk Presseforbundog Rikstrygdeverket seg om tilhøvet mellom forvaltningslova og offentleglova. Rikstrygdeverket var einig med utvalet i at det bør vere eit felles dokumentomgrep i forvaltningslova og offentleglova. Rikstrygdeverket ønskte også at føresegner som skal gjelde i forvaltningslova, blir tekne inn i sjølve lova, av omsyn til samanhengen og brukarvennlege reglar. Norsk Presseforbund støtta også forslaga frå utvalet.
14.1.4 Departementet sitt syn
Forvaltningslova har stort sett gitt partar i saker om enkeltvedtak ein større rett til innsyn enn det som gjeld for ålmenta etter offentleglova. Retten til innsyn etter offentleglova blir no styrkt. Innsynet etter forvaltningslova bør ikkje vere svakare enn etter offentleglova. Departementet foreslår nokre endringar i forvaltningslova for å sikre dette. Det er likevel meir tale om nødvendige justeringar enn om ein fullstendig revisjon av reglane om innsyn for partar. Departementet vil komme tilbake til spørsmålet om ein grundigare revisjon av reglane om innsyn, truleg i samband med vurderinga av om det er ønskeleg med ein grunnleggjande revisjon av heile forvaltningslova.
Departementet legg til grunn at dokumentomgrepet i forvaltningslova bør vere det same som i offentleglova. Departementet finn ikkje grunn til å ta inn ein definisjon av «saksdokument» som svarer til forslaget til offentleglov § 4 andre ledd. Den definisjonen høver ikkje så godt for dei problema som er aktuelle etter forvaltningslova.
Forslaget til offentleglov §§ 14 til 16 inneheld unntak for dokument for den interne saksførebuinga i organet. Dels er det tale om dokument som organet sjølv har utarbeidd (organinterne dokument), dels er det tale om dokument som er innhenta utanfrå.
Departementet er samd med utvalet i at desse reglane bør takast inn i forvaltningslova så langt dei har ei viss praktisk interesse i saker om enkeltvedtak.
Det er ikkje nødvendig å ha ei føresegn som i forslaget til offentleglova § 14 andre ledd bokstav a. Etter forvaltningslova § 27 første ledd skal partane så snart som mogleg ha melding om vedtaket. Meldinga skal i regelen vere skriftleg. Dermed blir normalt også den endelege avgjerda til organet i saka kjend for partane.
Forslaget § 14 andre ledd bokstav b – generelle retningslinjer for saksbehandlinga til organet – vil normalt ikkje vere del av ei sak om enkeltvedtak. Det synest dermed ikkje å vere nødvendig med ei tilsvarande føresegn i forvaltningslova.
Det vil oftast heller ikkje vere naturleg å sjå presedenskort som del av den enkelte saka som presedenskortet gjeld, og dermed saka om enkeltvedtak. Dersom eit slikt kort likevel blir rekna som ein del av saka, bør det vere innsyn også etter forvaltningslova.
Forslaget § 14 andre ledd bokstav c – føredrag til saker som blir behandla av Kongen i statsråd – kan også gjelde enkeltvedtak.
Forslaget i § 15 er, på liknande vis som dei gjeldande føresegnene i forvaltningslova § 18 andre ledd andre og tredje punktum, aktuelt i saker om enkeltvedtak. Forslaga i offentleglova inneber ein utvida innsynsrett som også bør gjelde etter forvaltningslova.
Med ei slik utviding av retten til innsyn skulle det vere mindre behov for føresegnene i forvaltningslova § 18 tredje ledd (rett til innsyn i faktiske opplysningar), sjå drøftinga i punkt 6.4.2. Det avgrensa formålet med justeringane i forvaltningslova gjer det likevel ikkje nødvendig å endre lova på dette punktet, og ulempene knytte til innsyn for ålmenta gjeld ikkje med same styrke etter forvaltningslova. Departementet ser derfor gode grunner for å halde på føresegnene i forvaltningslova § 18 tredje ledd i si noverande form så lenge.
Forslaget § 16 gir særskilde føresegner om utvida rett til innsyn i interne dokument hos kommunane og fylkeskommunane. Det vil variere noko kor praktisk dei ulike alternativa er i høve til saker om enkeltvedtak. Departementet er likevel komme til at reglane i forslaget § 16 fullt ut bør takast inn som ein eigen paragraf også i forvaltningslova.
Forslaget § 20 inneheld unntak av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser. § 21 gir unntak av omsyn til nasjonale forsvars- og tryggingsinteresser. Særleg § 20 inneheld relativt detaljerte føresegner som utvidar retten til innsyn samanlikna med offentleglova § 6 første ledd nr. 1 og forvaltningslova § 19 første ledd bokstav a. Allereie i dag legg formuleringane i offentleglova opp til større innsynsrett enn dei tilsvarande formuleringane i forvaltningslova. Forvaltningslova bør derfor endrast. For å unngå at forvaltningslova svulmar opp enda meir, går departementet inn for at forvaltningslova § 19 første ledd bokstav a peiker på dei omsyna som kan føre til unntak frå innsyn, men at føresegna elles viser til offentleglova §§ 20 og 21.
Forslaget § 24 inneheld enkelte unntak som i dag delvis blir fanga opp av forvaltningslova § 19 andre ledd bokstav b. Vilkåra for unntak etter forvaltningslova er strenge, slik at det er mindre rom for unntak enn etter forslaget til offentleglov. Departementet ønskjer derfor ikkje å foreslå endringar på dette punktet utan ei nærmare vurdering.
Forslaget til offentleglov kapittel 4 inneheld nokså utførlege reglar om saksbehandling og klage. Departementet ønskjer å endre forvaltningslova på nokre punkt for å få ho i samsvar med offentleglova.
Forvaltningslova har i dag ikkje noka særskild føresegn om meirinnsyn. Forvaltningsorgana bør i dag likevel vurdere meirinnsyn utan særskild forankring i lova. Derfor, og fordi innsynet etter forvaltningslova ikkje bør vere dårlegare enn etter offentleglova, bør ei føresegn som svarer til forslaget til offentleglova § 11 takast inn i noko endra form.
Departementet viser elles til dei særlege merknadene.
14.2 Andre lovendringar
Departementet foreslår i proposisjonen endringar i ei rekkje andre lover enn forvaltningslova. Ei gruppe av endringar har samanheng med forslaget om at verkeområdet til offentleglova etter forslaget berre skal regulerast av offentleglova med forskrifter. Dette gjer at det er nødvendig å oppheve føresegner i andre lover som regulerer tilhøvet til offentleglova for sjølvstendige rettssubjekt, sjå punkt 4.4.2.
Mange lover inneheld vidare tilvisingar til den gjeldande offentleglova, og dei blir foreslått justert.
For å gjennomføre direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren blir det vidare foreslått ei endring i miljøinformasjonslova, sjå punkt 11.4.