3 Arbeidet mot tvangsekteskap i dei andre nordiske landa
3.1 Innleiing
Alle dei nordiske landa er blitt fleirkulturelle, men samansetjinga av innvandrarbefolkninga er ulik.
I Noreg er arbeidet mot tvangsekteskap delt inn i seks innsatsområde:
Krisehjelp til ungdom
Lover og regelverk
Utdanning
Kompetanseheving i offentlege etatar og i hjelpeapparatet
Informasjon og haldningsskapande arbeid
Internasjonalt samarbeid
Fleire av dei andre nordiske landa arbeider også med fleire innsatsområde. Men i denne framstillinga er berre arbeidet med eventuelle endringar i lover og regelverk knytte til ekteskap, teke med.
I alle dei nordiske landa er ekteskapsalderen 18 år. Det er mogleg å få dispensasjon frå kravet om alder.
3.2 Danmark
Tvangsekteskap har lenge vore forbodne i Danmark, og slike ekteskap kan erklærast ugyldige. Etter den danske ekteskapslova kan eit ekteskap omstøytast ved dom etter påstand frå den eine ektemaken om at vedkomande blei tvinga til å inngå ekteskapet.
Sommaren 2002 blei nye reglar om familiesameining sette i verk. Ein kan gi opphaldsløyve på grunn av familiesameining på visse vilkår:
Ekteskapet, eller den registrerte partnarskapen, skal kunne godkjennast etter dansk rett, og det skal vere inngått frivillig, det vil seie at det ikkje skal vere tvil om det er inngått etter eige ønske. Det må heller ikkje vere inngått pro forma med det avgjerande formålet å oppnå opphaldsløyve for den eine av partane.
Begge ektemakar eller registrerte partnarar må vere over 24 år for å kunne oppnå familiesameining med ektemaken eller partnaren i Danmark. Vidare er det slik at den samla tilknytinga ektemakane eller dei registrerte partnarane har til Danmark, skal vere større enn den samla tilknytinga dei har til eit anna land. I tillegg blir det stilt fleire krav til den personen som bur i Danmark. Mellom anna skal vedkomande råde over sin eigen bustad av ein rimeleg storleik og kunne dokumentere at vedkomande tener nok til å forsørgje den utanlandske ektemaken eller registrerte partnaren sin.
Ektemakane eller dei registrerte partnarane skal bu på same adresse i Danmark når det er gitt opphaldsløyve.
3.3 Finland
I Finland kan ein inngå ekteskap berre dersom begge partane gir sitt samtykke til ekteskapet, og ein registrert partnarskap kan inngåast berre dersom begge partane saman skriv under på registreringa. Ein ektemake har rett til å få ekteskapet oppløyst gjennom skilsmisse utan å oppgi nokon grunn for at vedkomande ønskjer skilsmisse. Det same gjeld for registrert partnarskap. Retten til å inngå ekteskap eller registrert partnarskap i Finland blir avgjord etter finsk rett.
Innvandringa til Finland starta seinare enn i dei andre nordiske landa. Derfor er det der førebels færre andregenerasjons innvandrarar frå ikkje-vestlege kulturar enn i Noreg, Danmark og Sverige. I Finland er praksis slik at det er ein føresetnad for opphald på grunn av ekteskap at partane har vore sambuarar før dei kom til Finland. Tvangsekteskap er ikkje dokumentert som noko problem i Finland, og ein har derfor ikkje hatt behov for særskild lovregulering.
3.4 Island
Islandske styresmakter er ikkje kjende med problem med tvangsekteskap i Island.
3.5 Sverige
I svensk rett kjem det frivillige ved inngåinga av ekteskap til uttrykk gjennom det formelle kravet om at begge ektemakane skal gi til kjenne at dei samtykkjer til ekteskapet. Det frivillige ved ekteskapet kjem også til uttrykk ved at det ikkje blir stilt nokon spesielle vilkår for å få skilsmisse.
I Sverige har tvangsekteskap vore eit moment i likestillingsdebatten, der det er blitt fokusert på vald mot kvinner. På bakgrunn av mellom anna fleire alvorlege valdshandlingar i 1990-åra mot jenter, som nære mannlege slektningar står bak, er merksemda blitt retta mot unge jenter av utanlandsk opphav. Justitiedepartementet har på denne bakgrunn lagt fram promemorian Ds 2002:54, med tittelen «Svenska och utländska äktenskap». Her blir det mellom anna foreslått at prøving av ekteskapsvilkår for vigsel for svenske styresmakter alltid skal skje med tillemping av svensk rett. Det blir foreslått ein regel som seier tydeleg frå om, og gjer det lettare å gjennomføre, at ein kan la vere å godkjenne eit utanlandsk ekteskap som anten er inngått under tvang, eller dersom minst ein av partane hadde tilknyting til Sverige og det fanst hinder mot ekteskapet etter svensk rett på det tidspunktet ekteskapet blei inngått. Unntak kan gjerast når det finst særlege grunnar for å godkjenne ekteskapet.
Det blir også foreslått at høvet til å oppløyse eit ekteskap utan områdingstid (betenkningstid) blir utvida til tilfelle der nokon har gifta seg under tvang, eller før 18 år utan å ha fått dispensasjon. Det blir vidare foreslått ein betre kontroll av at ekteskapsvilkåra er prøvde, ved at skattestyresmaktene ved registrering av ein vigsel skal kontrollere at vigslaren ikkje har sett til side prøvinga.
Forslaga vil i det alt vesentlege bli følgde opp i ein proposisjon til riksdagen.