Ot.prp. nr. 103 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap (ekteskapslova) m.m.

Til innhaldsliste

7 Endring i barnelova

7.1 Gjeldande rett

Etter ekteskapslova er det viljen hos brudefolka på sjølve vigseltidspunktet som er avgjerande for om vigselen kan gjennomførast.

Det er sikker norsk rett at ein ekteskapslovnad (eller ein avtale om ekteskap) ikkje er rettsleg bindande. Men dette er ikkje klart uttrykt korkje i ekteskapslova eller barnelova. Same om det er ektefolka sjølve eller slektningar som på deira vegner har gjort ein slik avtale, får det etter norsk rett ingen følgjer for partane at avtalen ikkje blir halden. Ein slik avtale kan ikkje tvangsgjennomførast, og eit avtalebrot kan ikkje forfølgjast strafferettsleg.

Utanfor norsk jurisdiksjon er spørsmålet om avtalar om ekteskap er gyldige, avhengig av dei reglane som gjeld der. Men flyttar barnet eller foreldra til Noreg, får avtalen ingen rettsverknad her i landet.

7.2 Forslag i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å synleggjere i lovgivinga at ein avtale på vegner av barn om å inngå ekteskap ikkje kan krevjast gjennomført i norsk rett. Sidan regelen gjeld rettane til mindreårige, blei det foreslått at føresegna skulle plasserast i barnelova. Departementet foreslo at § 30 i barnelova fekk eit nytt fjerde ledd, som sa at ein avtale foreldre gjer om ekteskap på vegner av eit barn, ikkje er bindande.

Det blei vurdert om brot på føresegna skulle kunne sanksjonerast, for på den måten å understreke endå tydelegare at det i Noreg ikkje blir akseptert at foreldre gjer avtalar om ekteskap på vegner av mindreårige. Departementet kom til at det neppe ville vere ein brukande veg å gå å gjere det straffbart å bryte ei slik føresegn.

7.3 Synspunkt frå høyringsinstansane

Eit stort fleirtal av høyringsinstansane har positivt uttrykt støtte eller har ingen innvendingar mot forslaget (30 av 31 som har uttalt seg). Mellom dei som støttar forslaget, kan vi nemne Justisdepartementet, Fylkesmannen i Buskerud, Barneombodet, Likestillingsombodet, MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Landsorganisasjonen i Norge, Agder bispedømmeråd, Agder biskop, Oslo biskop, Borg bispedømmeråd, Kyrkjerådet, Offentlige familievernskontorers organisasjon (OFO), Kirkens Familievern, Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH), Human-Etisk Forbund (HEF)og Advokatforeningens lovutvalg for familierett, arv og skifte.

Senter mot etnisk diskrimineringer den einaste høyringsinstansen som har innvendingar mot dette forslaget. Senteret uttaler mellom anna:

«Senter for etnisk diskriminering frykter imidlertid at en slik tydeliggjøring kan ha som effekt at man skaper et bilde av innvandrere som en gruppe med et særlig behov for styring. En tydeliggjøring i lovteksten bør kun benyttes i de tilfellene der et problem er omfattende, der situasjonen er alvorlig, og der det haster med å få til en endring. Det foreligger så vidt senteret vet, ingen dokumentasjon på at det er situasjonen foreløpig. Det foreligger samtidig dokumentasjon på at minoritetsgrupper i Norge føler at de blir stigmatisert og trakassert på grunn av all negativ oppmerksomhet rundt omskjæring, tvangsgifte og æresdrap. I arbeidet mot tvangsekteskap er det satt i gang flere informasjonskampanjer rettet mot innvandrermiljøer. Konklusjonen på dette arbeidet har vært at det tar tid å endre de holdninger som ligger til grunn for praksisen. Senter mot etnisk diskriminering tror likevel at informasjonskampanjer rettet direkte mot de miljøene der slike avtaler forekommer, på det nåværende tidspunkt er tilstrekkelig og mer egnet til å gi varige resultater.»

Dei andre høyringsinstansane er, som nemnt, positive til forslaget.

Justisdepartementetuttaler:

«Vi støtter forslaget om å synliggjøre ved en bestemmelse i barneloven at en avtale som foreldrene gjør om ekteskap på vegne av barnet, ikke er bindende. Vi er også enig i at regelen ikke bør straffesanksjoneres.»

MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinneruttaler:

«For MiRA-senteret er inngåelse av ekteskapsløfter på vegne av barn under 18 år fullstendig uakseptabelt, og vi støtter derfor forslaget om tillegg i barneloven.»

Frå Barneombodet si fråsegn siterer departementet:

«Barneombudet anser det som viktig å lovfeste dette prinsippet i barneloven. Dette vil være med på å synliggjøre barn og unge som egne rettssubjekter.»

Likestillingsombodeter positiv til at det blir innført eit regelverk som i større grad synleggjer at avtalar om å inngå ekteskap for mindreårige barn er lovstridige. Likestillingsombodet meiner at det kunne ha vore ein fordel om slike lovbrot kunne sanksjonerast. Likestillingsombodetseier:

«At ekteskapet kan kreves ugyldig i etterkant, er kanskje ikke en alvorlig nok trussel, og muligens vil det ikke være en god nok grunn til å unnlate å inngå slike avtaler. Jeg ber derfor departementet se på dette en gang til før man eventuelt bestemmer seg for at det ikke skal være sanksjonshjemmel her.»

Landsorganisasjonen i Norge (LO)er einig i at det blir teke inn ei føresegn i barnelova som gjer det tydeleg at foreldre ikkje kan gjere ein bindande avtale om ekteskap på vegner av barnet. Frå fråsegna til organisasjonen:

«LO mener imidlertid at forslaget bør skjerpes, slik at avtaler om ekteskap som foreldre inngår på vegne av mindreårige, er ulovlige. Selv om en ved en skarpere lovtekst fortsatt ikke er helt sikret mot lovbrudd på dette området, vil det ha en viktig signaleffekt overfor de miljøer det gjelder.»

Kyrkjerådetstøttar også forslaget om at det blir teke inn ei føresegn i barnelova som synleggjer at avtalar om ekteskap som foreldre gjer på vegner av barnet, ikkje er bindande. Dei uttaler likevel:

«Det kan være grunn til å vurdere om regelen, til tross for at den blir plassert i lov om barn og foreldre, av pedagogiske grunner burde utformes litt mer generelt, for eksempel ved at en tok inn følgende tillegg: «Ei avtale som foreldre eller andre gjer...».»

Fleire høyringsinstansar, mellom andre Agder bispedømmeråd, Agder biskop, Oslo biskop, Borg bispedømmerådog Kyrkjerådetpeiker på at det er viktig at føresegna blir gjord kjend innanfor dei miljøa der slike avtalar blir gjorde. Det er viktig at forslaget blir følgt opp med informasjon på fleire språk, og at informasjonsmateriell er tilgjengeleg ved helsestasjonar, barnehagar, skular osv.

7.4 Vurderingar og forslag frå departementet

På bakgrunn av den breie støtta frå høyringsinstansane ønskjer departementet å halde på forslaget om å ta inn ei føresegn i barnelova som seier uttrykkjeleg at avtalar om ekteskap på vegner av mindreårige ikkje er bindande. Ei lovfesting av dette prinsippet i barnelova kan vere eit verkemiddel i arbeidet med å opplyse miljø der det skjer at foreldre avtaler ekteskap for dei mindreårige barna sine. Ein slik effekt føreset, som nokre av høyringsinstansane peiker på, at lovregelen må gjerast kjend for målgruppa. Departementet vil derfor arbeide vidare med å finne fram til effektive måtar å gjere denne regelen kjend på.

I høyringsnotatet blei det drøfta om slike lovstridige avtalar om ekteskap for mindreårige skal kunne straffesanksjonerast, men departementet kom i høyringsnotatet til at det neppe var ein brukande veg å gå. Justisdepartementeter einig i at regelen ikkje bør straffesanksjonerast. Nokre høyringsinstansar, mellom dei Likestillingsombodetog LO,deler ikkje denne oppfatninga.

Departementet har vurdert problemstillinga på nytt, men har som i høyringsnotatet kome til at det ikkje er formålstenleg å straffesanksjonere slike lovstridige avtalar. For det første er det vanskeleg å trekkje ei grense mellom dei straffbare avtalane om å arrangere ekteskap og tilfelle der partane opptrer meir i forståing med kvarandre. Det er også eit spørsmål om det er rimeleg å straffesanksjonere avtalar som blir gjorde med dei beste intensjonar, og som ikkje har nokon rettsleg verknad for dei avtalen gjeld. Departementet har heller ikkje funne fram til høvelege sivilrettslege konsekvensar av å ha gjort ein slik avtale. Dersom ein slik avtale likevel blir fullbyrda ved tvang, kjem sjølvsagt reglane for ugyldiggjering av eit ekteskap til bruk.

Departementet er einig med Kyrkjerådet,som foreslår eit tillegg i lovforslaget for å synleggjere at også avtalar som andre enn foreldra gjer om ekteskap for barn, ikkje er bindande. Av omsyn til signal- og opplysningseffekten ser departementet at det kan vere formålstenleg å tydeleggjere i lova at heller ikkje avtalar om ekteskap som andre, til dømes brør eller onklar, gjer på vegner av mindreårige, vil vere rettsleg bindande. Lovforslaget blir endra i tråd med forslaget frå Kyrkjerådet. Når føresegna blir utvida til også å omfatte andre enn foreldra, foreslår departementet at ho går inn som ein ny § 30 a i barnelova, i staden for å plassere henne under overskrifta «Innhaldet i foreldreansvaret». Ved å setje inn ein eigen paragraf om dette blir føresegna ekstra tydeleg.

Til forsida