9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Det er Den norske kyrkja og notarius publicus som utfører dei fleste prøvingane i dag. Forslaget om å overføre prøvinga av ekteskapsvilkåra til folkeregistra inneber administrative og økonomiske konsekvensar for alle dei instansane det vedkjem. Den nye ansvarsfordelinga som blir foreslått, fører til fleire oppgåver for folkeregistra og færre oppgåver for dei instansane som i dag utfører prøvingane.
Folkeregistra vil med dette forslaget få tilført ei heilt ny oppgåve. Men oppgåva blir spreidd på mange kontor, slik at arbeidsbelastninga på kvart kontor ikkje nødvendigvis blir så omfattande. Folkeregistra må styrkjast ressursmessig for å møte dei nye utfordringane som ei slik overføring fører til. Ei slik overføring vil føre til behov for opplæring av dei tilsette, for informasjon, og for nye blankettar til bruk ved vigslar.
Departementet legg til grunn at prøvinga i dag i gjennomsnitt tek ca. ein time per sak. I 2001 blei det utført totalt ca. 23 000 vigslar, som tilsvarer ca. 13 årsverk. Men ein må ta omsyn til at notarius publicus, kyrkja og trussamfunn med vigselrett samtidig får frigjort tilsvarande tid. Kyrkja står for meir enn halvparten av vigslane og sparer altså ca. 8 årsverk, medan domstolane sparer ca. 4,5 årsverk, og trussamfunna sparer i underkant av eit halvt årsverk. Forslaget vil vidare føre til at ein sparer tid ved at folkeregistra ikkje lenger treng å skrive ut fødselsattestar til brudefolka. På denne bakgrunn reknar departementet med at forslaget fører til at folkeregistra har behov for om lag 10 årsverk, som tilsvarer 4,5 millionar kroner, for å ta seg av dei nye oppgåvene. I tillegg kjem eingongsutgifter til opplæring og trykking av nye blankettar til bruk ved vigslar. Når det gjeld forslaget om nye oppgåver for fylkesmannen, er det vanskeleg på det noverande tidspunkt å kome med eit overslag over kor omfattande meirarbeidet kjem til å bli, og om det vil føre til administrative meirkostnader i noko særleg storleik. Dersom det viser seg at forslaget fører til ein vesentleg ressursauke hos fylkesmennene, må ressursbehovet vurderast på nytt. Dei andre forslaga fører ikkje til særleg store administrative meirkostnader.