5 Ugyldige tvangsekteskap
5.1 Gjeldande rett
Ekteskap inngått under tvang, står i motstrid til det grunnleggjande prinsippet i norsk rett om at ekteskap skal byggje på den frie viljen til partane. Er eit ekteskap inngått ved tvang, kan den av partane som er blitt tvinga, reise sak for å få ekteskapet kjent ugyldig. Dette forholdet er regulert i ekteskapslova § 16 tredje og fjerde ledd, som lyder:
«Hver av ektefellene kan reise søksmål for å få kjent ekteskapet ugyldig dersom han eller hun er blitt tvunget til å inngå ekteskapet ved rettsstridig atferd.
Adgangen til å reise søksmål bortfaller hvis sak ikke er reist innen seks måneder etter at ektefellen er blitt fri for tvangen. Søksmål kan ikke i noe tilfelle reises senere enn fem år etter ekteskapets inngåelse.»
Det går fram av lovteksten at det er eit vilkår at ein av partane er tvinga til å inngå ekteskap ved rettsstridig åtferd. Forarbeida gir inga nærmare rettleiing om kva som ligg i dette omgrepet - det er overlate til rettspraksis. Det finst lite rettspraksis som avklarer spørsmålet om når tvang fører til at ekteskapet er ugyldig. Det finst derfor ikkje noko eksakt svar på kor mykje tvang som skal til før tvangen blir ramma av ekteskapslova § 16 tredje ledd. Det er likevel klart at føresegna rammar både fysisk og psykisk tvang. I ei bok som er meint for personar som vil gifte seg, skriv Inge Unneberg dette om regelen som gir rett til å få tvangsekteskap kjende ugyldige (Unneberg 1997, side 22):
«Det er viktig å presisere at regelen bare gjelder hvor valget om inngåelse av ekteskap ikke er ens eget. Om en person for eksempel føler seg «tvunget» til å gifte seg med en person man har eller venter barn med, fordi omgivelsene forventer det eller for å sikre seg eller barnets underhold, er ikke dette en form for tvang som omfattes av loven. I slike tilfeller har vedkommende tatt sitt eget valg, selv om man er misfornøyd med premissene for valget.»
Holmøy og Lødrup skriv dette om grensa mellom press og ulovleg tvang (Holmøy og Lødrup 2001, side 95):
«I alle tilfeller må det foreligge et meget sterkt press for å kunne begrunne ugyldighet på grunn av tvang. Nettopp med sikte på de tilfeller som har foranlediget lovregelen, må pressituasjonen vurderes på bakgrunn av det kulturelle miljø vedkommende hører til.»
Det er altså klart at det skal eit sterkt press til før ein kan seie at ekteskapet er inngått under tvang, og dermed kan kjennast ugyldig etter ekteskapslova § 16 tredje ledd.
Eit eventuelt søksmål om ekteskapet er ugyldig, må reisast innan seks månader etter at vedkomande er blitt fri frå tvangen, og i alle høve innan fem år etter at ekteskapet blei inngått.
Kjem retten til at ekteskapet ikkje er inngått i strid med ekteskapslova § 16 tredje ledd, og heller ikkje er ugyldig av nokon annan grunn, må oppløysing skje etter dei vanlege reglane om separasjon og skilsmisse. Det same gjeld dersom fristen har gått ut. Det er berre ektemakane som kan reise søksmål.
I databasen til Lovdata over publiserte rettsavgjerder er det få dommar om ekteskap som gjeld spørsmålet om ugyldige ekteskap som følgje av tvang. Nedanfor er det gjort greie for tre dommar der temaet var tvangsekteskap. Alle er frå tingretten. I to av sakene fekk saksøkjaren medhald i at det var tvangsekteskap, medan i den tredje fann ikkje retten det bevist at det var tale om eit tvangsekteskap.
Fredrikstad tingrett avsa dom i 1998. Det var tvil om ekteskapet var gyldig etter gjeldande rett i det landet det var inngått, men retten fann at ekteskapet i alle fall måtte kjennast ugyldig etter ekteskapslova § 16 tredje ledd. Saksøkjaren gav forklaring i retten, og retten fann ikkje grunn til å trekkje forklaringa hennar i tvil. Retten la til grunn at ekteskapet blei inngått mot saksøkjaren sin vilje, ved rettsstridig åtferd. Ho blei fråteken pass og reisedokument, slik at ho ikkje kunne reise frå staden, samtidig som ho blei utsett for vald.
Oslo tingrett avsa dom 18. mars 2002. Saksøkjaren, som er fødd i Tyrkia og har budd i Noreg sidan han var 11 år, inngjekk då han var 22 år gammal, ekteskap i Tyrkia med tremenningen sin, den saksøkte, som då var 16 år og 10 månader. 3-4 veker etter bryllaupet reiste saksøkjaren tilbake til Noreg. Han reiste søksmål om ugildskap i samband med at saksøkte kom til Noreg året etter. Saksøkjaren og saksøkte la ned samanfallande påstand om at ekteskapet skulle kjennast ugyldig. Retten kom til at ekteskapet var ugyldig etter ekteskapslova § 16 tredje ledd. Det blei lagt til grunn at saksøkjaren hadde vore utsett for eit sterkt og kontinuerleg press, som han ikkje var i stand til å stå imot, og at han etter alt å dømme også var blitt utsett for både truslar og fysisk maktbruk frå faren si side.
Toten tingrett avsa dom 8. april 2002. Det var ei sak mellom to irakiske statsborgarar om eit ekteskap inngått i Jordan i 1998, var gyldig. Ekteskapet kom i stand etter kontakt mellom fedrane til mannen og kvinna. Mannen var ikkje sjølv til stades under vigselen, men var representert ved målsmann («stedfortreder»). Kvinna, som ikkje hadde møtt ektemaken før under hovudforhandlinga, hevda at ekteskapet var inngått med tvang mot hennar vilje. Retten fann det ikkje godt nok bevist at det i samband med inngåinga av ekteskapet var utøvd slik tvang overfor henne som kunne føre til at ekteskapet blei kjent ugyldig etter ekteskapslova § 16 tredje ledd.
Tvangsekteskap kan også rammast av straffelova etter føresegna i straffelova § 222. Denne føresegna gjeld alle former for rettsstridig tvang, også tvang til ekteskap. For at eit tvangsekteskap skal kunne rammast av straffelova, må tvangen vere rettsstridig. Lova seier ikkje noko om kva som skal til for å kunne tale om rettsstridig tvang. Men det må vere tale om eit svært sterkt press. Dersom den som gifter seg, har vore utsett for fysisk vald eller truslar om fysisk vald, dreiar det seg heilt klart om rettsstridig tvang. Det same må gjelde dersom foreldre truar med å ta sitt eige liv dersom barnet ikkje inngår ekteskap med den foreldra ønskjer. Men vanskelegare blir det dersom foreldra berre gir uttrykk for at dei blir svært lei seg eller er avvisande mot barnet for å presse barnet til å gifte seg med den foreldra ønskjer. I slike tilfelle er det svært usikkert om det er tale om rettsstridig tvang. Kvar grensa går mellom lovleg press og rettsstridige tvang, er altså svært vanskeleg å seia noko om.
5.2 Forslag i Ot.prp. nr. 51 (2002-2003) om lov om endringar i straffelova mv. (styrka innsats mot tvangsekteskap mv.)
I Ot.prp. nr. 51, fremja for Stortinget 4. april 2003, blir det foreslått å gjere det tydeleg i lova at det å tvinge nokon til å inngå ekteskap kan rammast av straffelova § 222 om tvang, og at den skjerpa strafferamma på fengsel i 6 år kan vere aktuell i slike tilfelle.
Vidare foreslår Justisdepartementet i den same proposisjonen å gjere påtale offentleg utan vilkår i § 222 om tvang og i § 227 om truslar. I dag er det slik at dersom tvangen eller trusselen rettar seg mot nokon av dei nærmaste til gjerningspersonen, krevst det påtalekrav frå den krenkte, eller så må allmenne omsyn tilseie påtale. Formålet med endringane er først og fremst at påtalemakta skal spele ei meir aktiv rolle i slike saker. Etter Justisdepartementet si oppfatning kan dei noverande påtalereglane vere til hinder for at saker om tvang og truslar får den strafferettslege oppfølging dei fortener. Ikkje minst gjeld det i dei sakene der tvangen eller trusselen framleis er reell. I slike tilfelle kan gjerningspersonen ofte også presse den krenkte til ikkje å melde forholdet. Ved å gjere påtalen offentleg utan vilkår blir den krenkte friteken for den belastninga det kan vere å krevje sine nærmaste straffa. Samtidig vil endringa gi eit haldningsskapande signal om at samfunnet tek avstand frå denne typen lovbrot.
5.3 Forslag i høyringsnotatet
Å tvinge nokon til å inngå ekteskap mot sin vilje er forbode ved lov i Noreg. Tvangsekteskap er eit overgrep mot den retten kvart menneske har til sjølv å velje ektemaken sin. Denne fridommen er nedfelt i internasjonale konvensjonar, mellom anna FN-konvensjonen av 10. desember 1962. Likevel skjer det tvangsekteskap. Men som nemnt i punkt 5.1, blir det reist få saker om tvangsekteskap for domstolane. Det kan vere fleire årsaker til at det blir reist få saker om tvangsekteskap. Ei årsak kan vere at personar som er tvinga inn i ekteskap, står i ein så vanskeleg situasjon at det å reise sak for retten ikkje blir vurdert som ei aktuell løysing. Vedkomande er kanskje framleis under tvang eller er redd for at dersom han eller ho går til sak, vil heile familien vende seg mot han eller henne. For det andre kan bevisproblem halde somme borte frå å reise slik sak.
Barne- og familiedepartementet har derfor sett nærmare på om det kan finnast andre og enklare måtar å få oppløyst tvangsekteskap på. I høyringsnotatet blei det foreslått ein forenkla saksgang. Forslaget går ut på at fylkesmannen ved vedtak skal kunne erklære eit ekteskap for ugyldig når begge ektemakane avgir ei felles erklæring om at han eller ho, eller begge, ved rettsstridig åtferd er blitt tvinga til å inngå ekteskapet. Det er eit tilleggsvilkår at dei andre omstenda i saka må tilseie at erklæringa er rett. Ei slik felles erklæring frå partane må leverast innan fem år frå inngåinga av ekteskapet.
I dei sakene der ekteskapet blei inngått før partane fylte 18 år, kan det vere eit særleg behov for ein forenkla prosedyre. I desse sakene kan det derfor vere grunn til å forlengje femårsfristen. På denne bakgrunnen foreslo departementet at foreldingsfristen på fem år blir rekna frå den dagen den som ønskjer å gå til sak, fyller 18 år. Det blei foreslått at ei slik føresegn blei teken inn som ein ny § 16 b i ekteskapslova.
For å få betre harmonisering av regelverket foreslo Barne- og familiedepartementet samtidig at fristen i gjeldande § 16 fjerde ledd blir utvida tilsvarande for ein part som er under 18 år, slik at fristen på fem år blir rekna frå den dagen den som ønskjer å gå til sak, fylte 18 år. Foreldingsfristen for straffeansvar for eit slikt lovbrot er likevel fem år, uavhengig av alderen til den krenkte då tvangen skjedde.
Det blei i høyringsnotatet presisert kor viktig det er at fylkesmannen gir god informasjon om kva slags rettsverknader det får for ein part om vedkomande får eit ekteskap erklært ugyldig, eller om vedkomande får ekteskapet oppløyst ved separasjon eller skilsmisse.
I høyringsnotatet blei desse lovendringane foreslått:
Ekteskapslova får ein ny § 16 b som skal lyde:
Fylkesmannen kan ved vedtak erklære et ekteskap for ugyldig, der begge ektefellene innen fem år fra inngåelsen av ekteskapet inngir felles erklæring om at han eller hun, eller begge, ved rettsstridig atferd er blitt tvunget til å inngå ekteskapet, og omstendighetene for øvrig kan tilsi at erklæringen er riktig. Fristen regnes fra den dag den som ønsker å gå til sak, fylte 18 år.
Ekteskapslova § 16 fjerde ledd får eit nytt tredje punktum som skal lyde:
Fristen regnes fra den dag den som ønsker å gå til sak fylte 18 år.
5.4 Synspunkt frå høyringsinstansane
Forslaget blir støtta av 16 høyringsinstansar, medan 9 instansar går imot. I tillegg har nokre høyringsinstansar kome med nokre kommentarar til forslaget utan å gi uttrykk for kva syn dei har. Høyringsinstansane som i hovudsak støttar forslaget, er Justisdepartementet, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Salten tingrett, Asker og Bærum tingrett, Trondheim byfogdembete, Hamar bispedømmeråd, Møre bispedømmeråd og biskop, Nord-Hålogaland bispedømmeråd, Presteforeningen, Offentlige familievernkontorers organisasjon (OFO), Kirkens Familievern, Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH), Human-Etisk Forbund (HEF)og MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner.Også Advokatforeningens lovutvalg for familierett, arv og skiftestøtter forslaget, men under noko tvil. Dei grunngir standpunktet sitt med at det er viktig å kjempe mot tvangsekteskap, men at dette ikkje må svekkje alminnelege prinsipp for rettstryggleik. Dersom forslaget blir vedteke, blir det presisert at det er viktig at departementet følgjer tett opp korleis ei slik føresegn blir praktisert.
Justisdepartementet uttaler at det burde vere tilstrekkeleg at den av ektefellane som var utsett for tvang, gav ei erklæring om tvangen. Det hadde vore eit meir effektivt tiltak for å kjempe mot tvangsekteskap enn forslaga i høyringsnotatet.
I den same høyringsfråsegna kjem Justisdepartementetmed forslag til lovendring i ekteskapslova:
«Et ekteskap inngått i utlandet hvor en eller begge parter er under 18 år, vil ofte ikke bli anerkjent i Norge, på bakgrunn av det alminnelige ulovfestede prinsippet om «ordre public», og det må legges til grunn at et ekteskap med noen under 16 år vil være ugyldig som følge av «ordre public»-prinsippet. Men Justisdepartementet mener det er viktig å tydeliggjøre i loven at ekteskap inngått i utlandet med en part under 16 år, ikke skal være gyldig i Norge, forutsatt at en av partene var norsk statsborger eller hadde bopel i Norge på tidspunktet for ekteskapsinngåelsen. Regelen bør begrenses til ekteskap hvor en av partene har slik norsk tilknytning, fordi det vil være uheldig å anse for eksempel et ekteskap som i flere år har vært gyldig i utlandet, som ugyldig i Norge. Vi foreslår derfor at det gis en regel i ekteskapsloven § 16, for eksempel som nytt tredje ledd som kan lyde slik:
«Et ekteskap inngått i utlandet er ikke gyldig dersom en eller begge parter var under 16 år ved ekteskapsinngåelsen, og en eller begge parter da var norsk statsborger eller hadde bopel i Norge.»
Dersom det gis en slik regel, er det viktig at det presiseres i forarbeidene at den ikke innebærer noen begrensing av adgangen etter gjeldende rett til å anse et ekteskap inngått i utlandet hvor den ene parten er mellom 16 og 18 år, som ugyldig.»
MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinnermeiner at ei slik løysning i somme tilfelle er god, under føresetnad av at sakene er heilt opplagde. I desse sakene vil det vere ein lette for begge partar å sleppe rettssak. Dersom berre ein av partane erklærer at han eller ho er utsett for tvang, er saka, slik MiRA-senteret ser det, ikkje opplagd, og ho bør derfor førast for ein domstol.
Dei andre høyringsinstansane (9) støttar ikkje eller er sterkt i tvil om forslaget. Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Buskerud, Kyrkjerådet, Nidaros bispedømmeråd og biskop, Sør-Hålogaland biskop, Tunsberg bispedømmeråd, Stavanger biskop, Dommerforeningens utvalg for familierett, arverett, skifte- og personrettog Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering (OMOD)er negative til forslaget, og nokre av dei har til dels sterke innvendingar.
Dommerforeningens utvalg for familierett, arverett, skifte- og personrettvil sterkt frårå at forslaget blir teke til følgje, og har denne grunngivinga for eit slikt syn:
«Utvalget vil sterkt fraråde at fylkesmannen for de angivelig mer opplagte sakene skal få kompetanse til å erklære ekteskap ugyldig. Dette rettsområdet bør i sin helhet tilligge domstolene. Utvalget vil påpeke at de rettslige konsekvensene av ugyldighet er svært omseggripende både i fortid og fremtid og vil også kunne berøre andre personer enn partene selv. Disse sakene bør derfor av rettsikkerhetsmessige grunner bevismessig prøves for domstolene og for det offentliges regning. Det kan av mange grunner være viktig å få frem hva som førte til at et ugyldig ekteskap faktisk ble inngått. En felles skriftlig erklæring til fylkesmannen vil kunne tildekke realitetene.
Det er videre trolig at disse antatt opplagte sakene er så få i antall at det er liten grunn til å fire på rettsikkerhetsgarantiene for å spare domstolene og eventuelt partene for bryderiet. Hvis tvangsekteskap sannsynliggjøres, er årsaken en straffverdig handling. Dette forhold kan i seg selv være en særlig grunn til å få saken for retten for å understreke alvoret i denne samfunnsmesssige forkastelige handling.»
Både Fylkesmannen i Buskerudog Fylkesmannen i Oslo og Akershushar motførestellingar mot ei slik lovføresegn. Fylkesmannen i Buskeruduttaler:
«Vi stiller oss også tvilende til hvorvidt vi skal kunne fatte vedtak om ugyldighet i de tilfellene begge ektefellene bringer saken inn for fylkesmannen og avgir en felles erklæring om at de har vært i en tvangssituasjon. Vi er bekymret for hvorvidt dette vil bli utnyttet av ektefeller som ikke ønsker å gjennomgå en alminnelig separasjons- og skilsmissesak. Også i slike saker vil det være bevismessig vanskelig å ta stilling til hvorvidt ekteskapet faktisk er inngått under tvang eller ikke.»
Frå fråsegna til Fylkesmannen i Oslo og Akershussiterer departementet:
«Fylkesmannen i Oslo og Akershus er skeptisk til en slik lovbestemmelse. Som det er pekt på fra departementets side, kan en part bli utsatt for tvang to ganger - først ved inngåelsen av ekteskapet, og deretter bli tvunget til å søke om ugyldiggjøring. Sakens art tilsier at domstolene med sin umiddelbare bevisføring er best egnet til å behandle så alvorlige saker, selv om saken i utgangspunktet kan synes enkel bevismessig.»
Kyrkjerådetog bispedømmeråda i Nidaros og Tunsbergog biskopen i Sør-Hålogalander usikre på forslaget, ettersom det vil få så store konsekvensar for dei det gjeld. Stavanger biskopog Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering (OMOD)går også imot forslaget. Frå høyringsfråsegna til den sistnemnde organisasjonen siterer departementet:
«Til forskjell fra en separasjon/skilsmisse har et vedtak om ugyldiggjøring av et ekteskap virkninger bakover i tid. Bl.a. kan det påvirke situasjonen til tredjepart. Dette gjelder for eksempel felles barn, noe som nevnes av BFD. En offentlig stadfesting av at et ekteskap er inngått ved tvang, har også som virkning at tredjepersoner inkrimineres (anses for skyldig), nemlig de personer som etter vedtaket har anvendt tvang under inngåelsen av ekteskapet. Det må legges til grunn at fylkesmannens vedtak kan bevirke til store endringer i disse personers, typisk foreldrenes, livssituasjon. Bl.a. vil de i manges øyne bære et offentlig stempel som tvangsutøvere. I den forbindelse kan man ikke se bort fra at slik tvang som forutsettes anvendt i forbindelse med tvangsekteskap, må påregnes å være straffbar etter strl. § 222. I lyset av dette kan man forutse at administrative avgjørelser hos fylkesmannen om opphevelse av ekteskap likevel får rettslige etterspill, for eksempel i form av injuriesaker anlagt av ektefellenes foreldre. Spørsmålet er derfor om saker om annullering av tvangsekteskap ikke uansett er av et slikt alvor at de bør avgjøres gjennom en full domstolsbehandling og omfattes av de rettsgarantier som domstolsprøvning innebærer. OMOD mener dette.»
Fleire av høyringsinstansane, mellom andre Landsorganisasjon i Norge (LO)bed om at departementet tek ein grundig gjennomgang av konsekvensane av ugyldiggjering av ekteskap og korleis spørsmål knytte til farskap, foreldreansvar for barn som er fødde i ekteskapet, bidrag, pensjonsrettar og eventuelle problem knytte til opphaldsløyve i landet, skal handterast. Skattedirektoratetuttaler i denne samanheng:
«dersom paret har felles barn, blir konsekvensen av ugyldigheten dersom far er norsk og mor utenlandsk, at barnet mister sitt norske statsborgerskap. I alle slike saker må også farskap erkjennes. Det må vel tas stilling til om fylkesmannens vedtak om å erklære et ekteskap som ugyldig også skal omfatte disse forhold.»
Nokre av høyringsinstansane, Senter mot etnisk diskrimineringog Møre bispedømmeråd/biskopmeiner at omgrepet tvangsekteskap bør definerast klarare.
5.5 Vurderingar og forslag frå departementet
Grensa mellom tvangsekteskap og lovleg arrangert ekteskap kan vere vanskeleg å trekkje. I Ot.prp. nr. 51 (2002-2003) om lov om endringar i straffelova mv. (styrka innsats mot tvangsekteskap mv.) er dette omtalt slik på side 10:
«Ein føresetnad for at eit arrangert ekteskap skal vere lovleg, er at det er inngått frivillig. Om dette grunnleggjande vilkåret er oppfylt, er det i utgangspunktet ikkje noko i vegen rettsleg for at ekteskapet kjem i stand på bakgrunn av ei avtale mellom familiane deira. Avgjerande blir om det er reelt at ekteskapet er inngått frivillig, eller om det kjem av eit press, og om dette presset i tilfelle er så utilbørleg at det må seiast å vere rettsstridig og straffbart. Dei nærare grensene for det straffbare må fastleggjast gjennom rettspraksis.»
Dei nærmare grensene for kva som skal reknast som tvangsekteskap og såleis fell inn under ekteskapslova § 16 tredje ledd, må altså fastsetjast gjennom rettspraksis.
Under høyringsrunden kom det fram at det er sterke innvendingar knytt til forslaget om gi fylkesmannen kompetanse til på visse vilkår å slå fast at eit ekteskap som er inngått under tvang, er ugyldig. Det er særleg peikt på omsynet til partane og til eventuelle barn.
Fleire instansar har peikt på at slike saker har bevismessige sider som det kan vere svært vanskeleg for fylkesmannen å ta stilling til. Dei rettslege konsekvensane av å erklære eit ekteskap ugyldig, er svært omseggripande både i fortid og framtid, og kan også gjelde andre personar enn partane sjølve. Fleire høyringsinstansar, mellom anna Dommerforeningens utvalg for familierett, arverett, skifte- og personrett, meiner derfor at desse sakene av rettstryggleiksmessige grunnar bør prøvast for domstolane. Dette er ei viktig innvending, som også departementet trekte fram i høyringsnotatet, og som er ein av grunnane til at domstolane tradisjonelt er blitt vurderte som best eigna til å avgjere spørsmålet.
Eit anna motargument, som mellom anna også Fylkesmannen i Buskerudpeiker på, og som blei omtalt i høyringsnotatet, er at den eine parten kan bli pressa til å be fylkesmannen om å gjere vedtak om at eit ekteskap er ugyldig på grunn av tvang, fordi den andre parten ikkje ønskjer å gå igjennom ei vanleg separasjons- og skilsmissesak. Ein part kan dermed bli utsett for tvang to gonger, først ved inngåinga av ekteskapet, og deretter bli tvinga til å søkje ugyldiggjering.
Det er ein avgjerande forskjell på eit ekteskap som blir oppløyst, og eit som blir stadfesta som ugyldig. Eit vedtak om at eit ekteskap er ugyldig, får som nemnt verknad både framover og bakover i tid. Ekteskapet er ikkje og har aldri vore gyldig - det har vore ugyldig heile tida. Med eit endeleg vedtak eller ein rettskraftig dom om at ekteskapet er ugyldig, har partane status som ugifte. For personar med tilknyting til kulturar der skilsmisser er særleg stigmatiserande, må ein tru at dette er ein fordel. Men det kan mellom anna få konsekvensar for spørsmålet om farskap og foreldreansvar for barn som er fødde i det ugyldige ekteskapet.
Reglane i ekteskapslova kapittel 16 om bidrag og pensjon etter skilsmisse og separasjon vil ikkje gjelde etter eit ugyldig ekteskap. Den økonomiske situasjonen kan derfor i praksis hindre enkelte i å nytte seg av retten til å krevje ekteskapet kjent ugyldig. Samtidig synest det heller ikkje å vere ei god løysing å tilleggje tvangsekteskap dei same verknadene som andre ekteskap som blir oppløyste ved separasjon og skilsmisse, i alle fall ikkje slik at ektemakane blir ståande i eit forhold der dei er økonomisk avhengige av kvarandre.
Fleire av høyringsinstansane peiker på at det er behov for ein grundigare gjennomgang av konsekvensane av ugyldiggjering av ekteskap og korleis spørsmål knytte til farskap, foreldreansvar for barn som er fødde i ekteskapet, bidrag, pensjonsrettar og eventuelle problem knytte til opphaldsløyve i landet skal handterast.
På bakgrunn av dei sterke innvendingane forslaget er blitt møtt med, ønskjer ikkje departementet å halde på forslaget i høyringsnotatet. Departementet vil såleis ikkje fremje forslag om lovendring på dette punktet, men vil arbeide vidare med problemstillinga med tanke på å finne fram til ei løysing som kan hjelpe ein av partane eller begge ut av eit ekteskap inngått ved tvang, samtidig som ein tek godt nok vare på rettstryggleiken.
Det kan i denne samanheng vere naturleg å nemne at i Ot.prp. nr. 51 (2002-2003) legg Justisdepartementet fram eit forslag om å gjere det straffbart å inngå ekteskap eller partnarskap med nokon som er under 16 år, eller medverke til det. Det blir foreslått ei ny føresegn i straffelova § 220, som mellom anna blir grunngitt med at det er stor fare for at slike barneekteskap er komne i stand ved bruk av tvang. Og sjølv om det ikkje er brukt tvang, er det etter Justisdepartementet sitt syn straffverdig å leggje til rette for ekteskap der ein eller begge partar er under 16 år.
Justisdepartementetforeslår i si høyringsfråsegn ei føresegn i ekteskapslova om at ekteskap som blir inngått i utlandet med nokon som er under 16 år, skal vere ugyldige etter norsk rett, dersom ein av partane var norsk statsborgar eller hadde bustad i Noreg. Departementet har merkt seg forslaget, men har kome til at dette reiser så mange spørsmål, mellom anna om konsekvensane for dei det gjeld, at det må utgreiast nærmare før eventuelle konkrete lovforslag blir fremja. Departementet vil kome tilbake til dette spørsmålet.