2 Bakgrunn for lovforslaget
Statens naturskadefond ble opprettet i 1929 under Justis- og politidepartementet. Nå ligger ordningen under Landbruks- og matdepartementet. I budsjettsammenheng betegnes ordningen som statens naturskadeordning. Statens landbruksforvaltning får overført den årlige bevilgning, og er sekretariat for styret for Statens naturskadefond som fatter vedtak etter naturskadeloven. Hovedformålet med naturskadeloven er å yte erstatning i de tilfeller hvor det ikke er mulig å tegne alminnelig forsikring mot den aktuelle naturskade. Skadelidte skal gjennom erstatningsordningen kunne settes i stand til å fortsette sin virksomhet etter en naturulykke.
De forslag til endringer i naturskadeloven og lov om naturskadeforsikring som fremmes i denne proposisjonen ble varslet i Landbruks- og matdepartementets budsjettproposisjon for 2005, St.prp. nr. 1 (2004-2005). På side 117 er det inntatt følgende:
«Departementet orienterte i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Stortinget om at departementet vil vurdere nærmare Naturskadefondet sine oppgåver framover m.a. i forhold til dei alminnelege forsikringar, og kome attende til dette seinare. I samband med budsjettbehandlinga hausten 2003, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 (2003-2004) uttala næringskomiteen sine medlem frå Høgre og Kristeleg Folkeparti at dei såg behov for ei nærmare vurdering av grensene mellom statens naturskadeordning og privat forsikring. Desse medlemmene bad departementet snarast setje i gang ein gjennomgang av naturskadeordninga med særleg vekt på ei vurdering av om dagens grenser er formålstenlege og eventuelt vurdere lovendringar. Departementet har gjort ein slik gjennomgang av ordninga og har sendt på høyring eit forslag til endring av naturskadelova og naturskadeforsikringslova som inneber at ansvaret for stormskade på skog og for naturskade på hageanlegg, gardsplassar og tilkomstvegar blir overført til alminneleg forsikring. Med omsyn til stormskadar på skog blir det likevel lagt opp til eit øvre tak der statens naturskadeordning skal tre inn i særlege katastrofesituasjonar for dei skogeigarane som har forsikra seg mot tap ved stormskade.
Tryggleiksmessig vil lovbestemte forsikringsordningar gi same effekt som løyving over statsbudsjettet for dei som inngår forsikringsavtaler. For den enkelte forsikringstakar vil omlegginga innebere forenklingar ved å kunne halde seg til berre eitt selskap/etat, medan ulempene vil knytte seg til noko høgare kostnader. Det blir vidare lagt opp til at den øvre beløpsavgrensinga blir oppheva, slik at dei som lir skade vil få dekka 85 pst. av skaden sjølv kor stor han er samt at fristen for å melde frå om skade blir forlenga frå 1 til 3 månader. Høyringssvara viser at skognæringa er negative til forslaget om at staten ikkje lenger skal ha same ansvar ved stormskade på skog som i dag, medan forsikringsselskapet Skogbrand viser til at ei utvida forsikringsordning på dette området vil vere vanskeleg å få etablert før 01.01.2006.
Endringsforslaget inneber at kostnadene til den statlege naturskadeordninga vil reduserast med om lag 24 mill. kroner årleg i gjennomsnitt. Dei nødvendige forslag til endringar i naturskadelova og naturskadeforsikringslova vil bli fremma i ein Odelstingsproposisjon for Stortinget hausten 2004 med sikte på at endringane i regelverket trer i kraft frå 01.01.2005. Endringane har vore varsla i rimeleg god tid og departementet går ut frå at marknaden får på plass permanent forsikringsordning, eller om nødvendig mellombels forsikringsordning som gjeld frå same tid.»