2 Ver varsam-plakaten
Etiske normer for pressa (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar)
Vedtekne av Norsk Presseforbund første gong i 1936, seinare reviderte i 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994, 2001 og 2005
Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å kjenne dei etiske normene til pressa, og pliktar å leggje desse til grunn for verksemda si. Presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamlinga til presentasjonen av det journalistiske materialet.
1 Samfunnsrolla til pressa
Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.
Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.
Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene.
Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.
Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.
2 Integritet og ansvar
Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediumet.
Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om sin integritet og sitt truverde for å kunne opptre fritt og uavhengig i høve til personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet.
Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta på seg oppdrag, verv, økonomiske eller andre bindingar som kan skape interessekonfliktar i høve til dei redaksjonelle oppgåvene dei har. Dei må unngå dobbeltroller som kan svekkje truverde deira. Ver opne om tilhøve som kan påverke habiliteten til redaksjonelle medarbeidarar.
Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga si til å oppnå private fordelar
Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggjast å gjere noko som strir mot hans eller hennar eiga overtyding
Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt, og som er med på å svekkje tilliten til det redaksjonelle truverdet og den uavhengige pressa
Gi aldri lovnader om redaksjonelle motytingar for reklame. Det som vert offentleggjort, skal vere eit resultat av ei redaksjonell vurdering. Syt for å halde oppe det klare skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også ved bruk av peikarar og andre koplingar.
Det er i strid med god presseskikk å la sponsing påverke redaksjonell verksemd, innhald og presentasjon
Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta mot pålegg om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leiinga.
3 Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene
Kjelda til informasjonen skal som hovudregel identifiserast, med mindre det kjem i konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson.
Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som blir gjevne er korrekte. Det er god presseskikk å arbeide for breidde og relevans i kjeldevalet. Dersom det blir brukt anonyme kjelder eller redaksjonen blir tilbydd eksklusivitet, må det stillast særleg strenge krav til kjeldekritikk.
Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles i høve til kjelder og kontaktar
Vern om kjeldene til pressa. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon
Gi ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gitt fortruleg, dersom dette ikkje er uttrykkjeleg avtalt med vedkomande
Av omsyn til kjeldene og til at pressa skal vere uavhengig, skal upublisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utanforståande.
Pressa har plikt til å gi att meiningsinnhaldet i det som vert brukt av utsegner frå intervjuobjektet. Direkte sitat skal givast att presist
Endring av utsegner som er gitt, bør avgrensast til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell myndigheit kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale
Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttalar til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.
Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentleg samfunnsinteresse
4 Publiseringsreglar
Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon
Gjer klart kva som er faktiske opplysningar, og kva som er kommentarar
Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette ikkje vedkjem saka.
Sjå til at overskrifter, tilvisingar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lenger enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å gi opp kjelda når opplysningar er henta frå andre medium.
Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtalte tidlegare
Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse
Ver varsam med bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn på personar som vert omtalte i samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Ver særleg varsam ved omtale av saker på eit tidleg stadium av etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar og i saker der identifiserande omtale kan føre til urimeleg belastning for tredjeperson. Identifisering må grunngjevast i eit rettkome informasjonsbehov. Det kan til dømes vere rettkome å identifisere når det er overhengande fare for overgrep mot forsvarslause personar, ved alvorlege og gjentekne kriminelle handlingar, når identiteten eller samfunnsrolla til den omtalte har klar relevans til dei forholda som vert omtalte, eller der identifisering hindrar at uskuldige blir utsette for grunnlaus mistanke.
Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker
Ver varsam ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Unngå omtale som ikkje er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov. Unngå skildringar av metode eller andre forhold som kan vere med på å utløyse fleire sjølvmordshandlingar.
Ver varsam med bruk av bilete i andre samanhengar enn den opphavlege
Vern om truverdet til det journalistiske fotografiet. Bilete som vert brukte som dokumentasjon, må ikkje endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det går tydeleg fram at det dreier seg om ein montasje
Det gjeld dei same krava til aktsemd for bruk av bilete som ved skriftleg og munnleg framstilling
Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt unnskyldast snarast råd
Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Debatt, kritikk og nyheitsformidling må ikkje hindrast ved at partar ikkje er villige til å uttale seg eller medverke til debatt
Dei som er blitt utsette for åtak, skal snarast få høve til tilsvar, med mindre åtak og kritikk inngår som ledd i ei løpande meiningsutveksling. Ha som krav at tilsvaret er av rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form. Tilsvar kan nektast dersom parten det gjeld utan sakleg grunn har avvist tilbod om samtidig imøtegåing i same spørsmål. Tilsvar og debattinnlegg skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk.
Ver varsam med å opprette peikarar frå digitale utgåver til innhald som bryt med god presseskikk. Syt for at peikarar til andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkte. Det er god presseskikk å informere dei som bruker interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene.
Dersom redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitale meiningsutvekslingar, må dette gjerast kjent på ein tydeleg måte for dei som har tilgang. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk så snart som råd.
Ord og bilete er mektige våpen, misbruk dei ikkje!