Ot.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om lov om redaksjonell fridom i media

Til innhaldsliste

8 Tilsyn og sanksjonar

8.1 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet la departementet til grunn at det ikkje er hensiktsmessig å etablere eit tilsynsorgan, og viste til at det ville vere umogleg for eit administrativt organ å føre tilsyn med om eigaren av eit medieføretak instruerer eller overprøver ein redaktør i redaksjonelle spørsmål. Departementet gjekk heller ikkje inn for eigne sanksjonsreglar, og viste til at oppseiing eller andre sanksjonar i strid med reglane i lova vil kunne vere lovstridig etter alminnelege arbeidsrettslege reglar.

8.2 Høyringsinstansanes syn

Tilsyn

Ingen av høyringsinstansane etterlyser eit offentleg tilsyn med reglane i lova. Tvert imot er det fleire som uttrykkeleg åtvarar mot å ta opp dette spørsmålet.

Til dømes uttalar Norsk presseforbund følgjande:

«For øvrig tar Norsk Presseforbund det for gitt at det ikke er aktuelt å foreslå å lovfeste det som i dag en omforent, men frivillig og godt fungerende selvdømmeordning basert på et etisk regelverk. Mens departementets uttrykte mål med en lovfesting av prinsippene om redaksjonell uavhengighet, er å sikre medienes redaksjonelle frihet (4.2 i høringsnotatet), ville en lovfesting av pressens etiske normer bety det stikk motsatte.»

Norsk redaktørforening og Mediebedriftenes landsforbund uttalar:

«Vi forutsetter derfor at en forankring av kjernepunktet i denne avtalen – som altså favner mye mer enn lovforslaget – ikke vil lede hen til en situasjon hvor sentrale myndigheter skulle foreslå å lovfeste det som i dag er en omforent, men frivillig selvdømmeordning basert på et etisk regelverk. Departementet har da heller ikke antydet at det er aktuelt å følge en slik linje. I proposisjonen til Stortinget ville det fra vårt ståsted vært nyttig om departementet kunne formulert noe prinsipielt om forholdet mellom medier og myndigheter, om grenseoppgangen mellom juss og etikk og om verdien av å ha et selvdømmesystem som fungerer – uavhengig av lovgivningen. Det ville bidra til å fjerne de spekulasjoner vi har sett tilløp til og som har argumentert med at regjeringen vil bruke lovfestingen av redaksjonell uavhengighet som springbrett for regulering også av det redaksjonelle innholdet.»

Sanksjonar

Få av høyringsinstansane kommenterer spørsmålet om sanksjonar direkte. Fleire understrekar likevel at dei meiner lova vil ha ein positiv effekt sjølv om ho ikkje inneheld sanksjonar. Dette gjeld Norsk redaktørforening, Mediebedriftenes landsforening, Den norske fagpresses forening og Magasin- og ukepresseforeningen . Norsk lokalradioforbund stør Kultur- og kyrkjedepartementets framlegg om at sanksjonsspørsmålet kan takast opp til vurdering når ein får sjå korleis lova blir praktisert. Norsk journalistlag (NJ) viser til at organisasjonen «... har fryktet at loven vil kunne bli en «tom» symbollov, uten tilsynsmyndighet og sanksjonsmuligheter». NJ foreslår likevel ikkje endringar på dette punktet. Dei einaste som er uttalt kritiske er Handel og kontor , som «stiller spørsmål om hensikten med å erstatte avtaleordningen med en lovfesting uten sanksjonsmuligheter».

8.3 Departementets vurdering

Departementet held fast på at det ikkje er hensiktsmessig å ha eit eiget organ som fører tilsyn med reglane i lova og viser til at ingen av høyringsinstansane etterlyser ein tilsynsfunksjon. Som nemnt i høyringsnotatet vil det i praksis vil vere umogleg for eit administrativt organ å føre tilsyn med om eigaren av eit medieføretak instruerar eller overprøver ein redaktør i redaksjonelle spørsmål.

Når det gjeld sanksjonar mot brot på reglane i lova viser departementet til at lovfesting vil innebere at prinsippet om redaksjonell fridom vil vere ein del av tilsettingsvilkåra til redaktørar i dei media som blir omfatta av lova. Oppseiing, avskjed, suspensjon eller andre tiltak i strid med desse reglane vil difor kunne vere lovstridige etter alminnelege arbeidsrettslege reglar.

Arbeidsmiljølova § 15-7 slår mellom anna fast at «Arbeidstaker kan ikke sies opp uten at det er saklig begrunnet i virksomhetens, arbeidsgivers eller arbeidstakers forhold.» Departementet legg til grunn at ei oppseiing som har bakgrunn i at redaktøren nektar å rette seg etter instruksar gitt i strid med prinsippet om redaksjonell fridom, vil vere usakleg etter arbeidsmiljølova. Dersom ei oppseiing er usakleg, vil arbeidstakaren ha rett til å behalde (eller få tilbake) jobben, jf. § 15-12 første ledd. I slike tilfelle skal retten, etter påstand frå arbeidstakaren, kjenne oppseiinga ugyldig. I særlege høve kan retten, etter påstand frå arbeidsgivaren, likevel avgjere at arbeidsforholdet skal opphøre, dersom den etter veging av interessene til partane finn at det vil vere openbert urimeleg at arbeidsforholdet fortsett.

Når det gjeld lovstridig oppseiing, avskjed eller suspensjon har arbeidsgivar dessutan eit objektivt erstatningsansvar, jf. arbeidsmiljølova § 15-12 andre leddet § 15-13 fjerde leddet og § 15-14 fjerde leddet. Arbeidstakar kan med andre ord i desse høva krevje erstatning uavhengig av om arbeidsgivaren har utvist skyld. Erstatninga blir fastsett til eit beløp som retten finn rimeleg under omsyn til det økonomiske tapet, tilhøva til arbeidsgivar og arbeidstakar og omstendene elles.

Departementet meiner difor at nye sanksjonsreglar ikkje bør innførast på noverande tidspunkt, men heller takast opp til vurdering når ein ser korleis lova blir praktisert.