9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Kultur- og kirkedepartementet legg til grunn at framlegget ikkje vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar, og viser til at lova slår fast eit prinsipp som mediebransjen alt reknar seg bunde av. Framlegget vil heller ikkje få konsekvensar for det offentlege, jf at det ikkje er gjort framlegg om at eit offentleg organ skal føre tilsyn etter lova.