Ot.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om lov om redaksjonell fridom i media

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Utgangspunktet, aksjelovene

De fleste medium er i dag organisert som aksjeselskap.

Aksjeselskap med meir enn tre mill. kroner i aksjekapital, og alle allmennaksjeselskap, skal ha ein dagleg leiar. 1 Den vanlege organiseringa i medieverksemder inneber at den daglege leiinga er delt mellom ein administrerande direktør (disponent e.l.) og ein ansvarleg redaktør. Organiseringa skil seg dermed frå det vanlege mønsteret i aksjeselskap ved at også redaktøren er ansvarleg for deler av verksemda, direkte underlagt styret. Nokre medium har likevel vald ein såkalla éinleiarmodell, der den ansvarlege redaktøren er den einaste daglege leiaren av medieverksemda.

Eigarane utøvar gjennom generalforsamlinga «... den øverste myndighet i selskapet», jf asl./asal. § 5-1 første leddet. Dette inneber mellom anna at dei andre selskapsorgana er underordna generalforsamlinga i alle saker, med mindre det er særleg heimel for unntak. Generalforsamlinga kan gje rettsleg bindande pålegg både generelt og i enkeltsaker.

Det selskapsrettslege utgangspunktet er at forvaltninga av selskapet høyrer under styret, jf. asl./asal. § 6-12 første ledd. Hovudregelen om ansvarsområdet til dagleg leiar følgjer av asl./asal. § 6-14 første ledd: «Daglig leder står for den daglige ledelse av selskapets virksomhet og skal følge de retningslinjer og pålegg styret har gitt.» Dette inneber at styret i utgangspunktet kan gi bindande pålegg og retningsliner og omgjere avgjerder fatta av dagleg leiar. Vidare følgjer det av asl./asal. § 6-14 at «...…saker som etter selskapets forhold er av uvanlig art eller stor betydning» ligg utanfor ansvarsområdet til dagleg leiar.

På medieområdet finst det særreglar, både i avtale- og lovverk, som avviker frå utgangspunktet i aksjelovene. Særreglane er basert på media sin funksjon i demokratiske samfunn, mellom anna som informasjonskjelder og fora for samfunnsdebatt. Særleg sentralt her er reglar om vern av den redaksjonelle fridomen i media.

3.2 Redaktørplakaten

Redaktørplakaten er ei erklæring som først vart vedteken av Norske Avisers Landsforening (nå Mediebedriftenes Landsforening (MBL)) og Norsk Redaktørforening i 1953. Formelt er Redaktørplakaten eit avtaledokument som presiserer hovudoppgåvene til redaktøren og som regulerer tilhøvet til styre og eigar/utgivar. Redaktørplakaten følgjer som trykt vedlegg til denne proposisjonen.

Redaktørplakaten slår fast at: «Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.» Redaktøren skal ivareta ytringsfridomen og arbeide for det som etter hans eller hennar meining tener samfunnet. Det er samstundes ein føresetnad at redaktøren deler grunnsynet og føremålet til mediet. Redaktøren plikter å trekkje seg frå stillinga dersom ho eller han kjem i ei uløyseleg konflikt med grunnsyn eller føremål. Innanfor denne ramma skal redaktøren «... kunne leie redaksjonen fritt og uavhengig, og stå heilt fritt til å forme meiningane til mediet, sjølv om dei i enkelte spørsmål ikkje vert delte av utgivaren eller styret». Dette inneber at redaktøren i den daglege redigeringa har full fridom og avgjerdsmakt i høve til innhaldet i mediet, inkludert utforminga av einskildeksemplar, utveljing av materiale, vinklinga, prioritering av stoff, presentasjon av oppfatningar osb. Avgjerdsmakta omfattar også ikkje-redaksjonelt materiale (til dømes annonser). Plakaten slår også fast at redaktøren står fritt når det gjeld anna redaksjonell verksemd, til dømes bruk av journalistiske arbeidsmetodar, å vurdere om upublisert materiale skal overleverast til politi/påtalemakt osb. Redaktørplakaten gir dessutan redaktøren avgjerdsmakt i høve til redaksjonelle tilsettingar og oppseiingar og til å disponere det budsjettet som er avsett til den redaksjonelle verksemda.

Redaktørar og utgivarar bind seg til plakaten gjennom medlemskap i presseorganisasjonane. Vedtektene til Norsk redaktørforening slår i § 4 fast at: «Det forutsettes at mediets eier/utgiver har godkjent Redaktørplakaten og «Veiledende normer for sjefredaktører og andre redaktørers lønns- og arbeidsvilkår» og at så vel søker som eier/utgiver har forpliktet seg på de presseetiske normer.» Norsk redaktørforening tel i dag omkring 700 medlemmer i alle former for aktualitetsmedium i Noreg.

Etter vedtektene til Mediebedriftenes landsforening er det eit vilkår for medlemskap i foreininga at: «Medlemmenes publiseringsvirksomhet må ha en ansvarlig redaktør i samsvar med redaktørplakaten.» Per 1. januar 2006 hadde MBL 299 medlemmer, der 168 er avisverksemder, 20 trykkeri, 24 distribusjonsselskap, 23 lokalfjernsynsselskap, 13 annonsesamkjøringar, 13 konsern og driftsselskap, ni vekepresse, sju multimedieselskap, fire pressebyrå, og to reklamebyrå. Medlemsavisene representerer ca 97 prosent av det totale avisopplaget.

Tilsvarande slår vedtektene til Landslaget for lokalaviser (LLA) fast at «All nærpresse som tek reell betaling for abonnement, laussal og annonsar, og der styret for avisa har godteke vilkåra i redaktørplakaten, kan bli medlem i LLA.» LLA har 100 medlemsaviser, hovudsakeleg lokalaviser som kjem ut éin, to eller tre dagar i veka.

Det følgjer av vedtektene til Norsk journalistlag, som organiserer noko nær 100 pst. av journalistane i landet, at det er «... en forutsetning for medlemskap at medarbeideren arbeider på grunnlag av retten til fri informasjon og hensynet til faglig integritet i samsvar med Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.»

Fagpressens redaktørforening vedtok i 1973 ein eigen redaktørplakat, med same innhaldet som dagspressa sin redaktørplakat. Vedtektene for Den Norske Fagpresses Forening (DNFF) slår fast som eit vilkår for medlemsskap at fagbladet «... redigeres i henhold til Redaktørplakaten». DNFF har 230 medlemsblad.

3.3 Ver varsam-plakaten

Prinsippet om redaksjonell fridom er også slått fast i Ver varsam-plakaten, som på same måte som Redaktørplakaten er gjort bindande for medlemmer av presseorganisasjonane. I punkt 2.1. heter det at: «Den ansvarlige redaktør har det personlige og fulle ansvar for mediets innhold.» Prinsippet er djupa ut noko i punkt 2.2 der det står at: «Den enkelte redaksjon og den enkelte medarbeider må verne om sin integritet og troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig i forhold til personer eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innhold.»

3.4 Det strafferettslege redaktøransvaret

Det kan også argumenterast for at ansvarsreglane i straffelova føreset redaksjonell fridom. Hovudregelen om det strafferettslege redaktøransvaret er strl. § 431 første leddet:

«Redaktøren av et blad eller tidsskrift straffes med bøter eller fengsel inntil 3 måneder såfremt bladet eller tidsskriftet offentliggjør noe som ville ha pådradd redaktøren straffansvar etter noen annen lovbestemmelse om han hadde kjent innholdet. Dog er han straffri såfremt han godtgjør at det ikke kan legges ham noe til last med hensyn til kontroll med innholdet av skriftet eller tilsyn med eller rettledning eller instruks for hans stedfortreder, medarbeidere eller underordnede.»

Redaktøransvaret inneber i praksis at det er redaktøren og ikkje utgivar/eigar som er strafferettsleg ansvarleg for dei ytringane som blir offentleggjort gjennom mediet. Redaktøren skal reknast som om han kjente til den ulovlege ytringa.

Redaktøransvaret gjeld i utgangspunktet for «blad eller tidsskrift». Det følgjer likevel av tredje leddet at regelen gjeld tilsvarande for «... kringkastingssjef, programdirektør og ansvarlig leder for programavdeling eller distriktskontor». Per i dag er det ikkje avklart i kva grad det gjeld eit redaktøransvar for publikasjonar på Internett.

Det strafferettslege redaktøransvaret føreset at redaktøren skal ha reell kontroll med det redaksjonelle innhaldet, jf. at straffelova § 436 definerer redaktøren nettopp som «…... den som treffer avgjørelse om skriftets innhold eller om en del av dette, enten han betegnes som redaktør eller som utgiver eller på annen måte.» Reell kontroll vil redaktøren berre ha dersom ho eller han er uavhengig og har eksklusiv rett til å avgjere kva som skal publiserast i tråd med prinsippa i Redaktørplakaten.

3.5 Anna regelverk

Etter kringkastingslova §§ 2-3 og 6-2 er kringkastingsselskap under norsk jurisdiksjon i nokon grad forplikta til å respektere prinsippet om redaksjonell fridom. Lova slår i § 2-3 fast at den som ikkje har medverka eller har programansvar i kringkastingsselskap heller ikkje kan krevje å få sjå eller høyre eit program før sending. Regelen gjeld alle kringkastingsselskap. § 6-2 i lova slår fast at kringkastingssjefen i NRK skal ha ei uavhengig stilling i høve til styret i den daglege programverksemda. Gjeldande konsesjonar for landsdekkjande kringkasting inneheld krav om at konsesjonæren skal drive sin programverksemd «...… etter prinsippene for ytringsfrihet og redaksjonell selvstendighet...…» og «... opptre fullt ut uavhengig av eierne, eller andre interessegrupper av politisk, økonomisk eller annen karakter.»

Etter gjeldande regelverk er det eit vilkår for å kunne ta imot pressestøtte (produksjonstilskot til dagsaviser) at avisa har «... en ansvarlig redaktør med status som svarer til bestemmelsene i «Redaktørplakaten». 2

3.6 Konklusjon

Drøftinga over syner at Redaktørplakaten har svært stor gjennomslagskraft som avtalerettsleg instrument, særleg i dei tradisjonelle massemedia, men til dels også i nye elektroniske medium. Prinsippet om redaksjonell fridom er også slått fast eller føresett i ulike lovreglar.

Fotnotar

1.

Lov av 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskap (asal.) § 6-2 første ledd og lov av 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskap (asl.) § 6-2 første ledd.

2.

Forskrift av 7. november 1996 nr. 1015 om produksjonstilskudd til dagsaviser, § 3 første ledd nr.2.