1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse. Endringane er eit tiltak i regjeringa sin kamp mot kjønnslemlesting.
For å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting, blir det føreslått ei ny føresegn i kjønnslemlestingslova om plikt til å avverje brot på lova. Departementet føreslår at plikta til å avverje kjønnslemlesting skal gjelde for yrkesutøvarar og tilsette i barnehagar, barnevernet, helsetenesta, sosialtenesta, skular, skulefritidsordningar og trussamfunn. Ho skal òg gjelde for forstandarar og religiøse leiarar i trussamfunn. Avverjingsplikta til yrkesutøvaren eller den tilsette skal berre gjelde forhold som vedkomande får kjennskap til gjennom yrkesutøvinga si eller arbeidet sitt. Avverjingsplikta skal altså ikkje gjelde forhold som yrkesutøvaren eller den tilsette heilt tilfeldig får kjennskap til i fritida.
Departementet føreslår at plikta til å avverje kjønnslemlesting skal gjelde utan omsyn til ei eventuell teieplikt. Departementet meiner at omsynet til å avverje kjønnslemlesting veg tyngre enn omsynet til å halde fast ved teieplikta dersom ei jente står i fare for å bli kjønnslemlesta. Ei avverjingsplikt utan omsyn til teieplikta kan også medverke til å lette samarbeidet mellom ulike yrkesgrupper på dette feltet.
Departementet føreslår at dersom nokon i dei nemnde gruppene med forsett lèt vere å etterleve avverjingsplikta, skal vedkomande bli møtt med straffesanksjonar. Trugsmål om straff skal vere med på å understreke at samfunnet ser svært alvorleg på praktisering av kjønnslemlesting. Det vil bli utarbeidd rettleiingsmateriell som omtaler korleis den einskilde yrkesutøvar innanfor ulike sektorar kan handle for å oppfylle plikta til å avverje kjønnslemlesting. Departementet tar sikte på at rettleiingsmateriellet skal vere på plass før straffebodet setjast i verk.
Departementet legg til grunn at ei innføring av avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova no, ikkje er til hinder for ei eventuell seinare overføring av kjønnslemlestingslova til straffelova. Departementet viser i denne samanhengen til at Straffelovkommisjonen i delutgreiing VII (NOU 2004:4) føreslår at kjønnslemlestingslova blir overført til straffelova.