10 Dei ulike tema i lovforslaget
Høyringsforslaget hadde denne ordlyden:
«Den som gjennom sin yrkesutøvelse eller sitt arbeid får kunnskap om at kjønnslemlestelse som nevnt i § 1 er i gjære, skal uten hensyn til taushetsplikt ved anmeldelse eller på annen måte søke avverget kjønnslemlestelsen. Unnlatelse straffes med bøter eller fengsel i inntil ett år.»
I dette kapitlet blir dei ulike problemstillingane omtalte i denne rekkjefølgja:
generelt om behovet for ei eiga føresegn om plikt til å avverje kjønnslemlesting
når avverjingsplikta skal gjerast gjeldande
oppfylling av avverjingsplikta
kven avverjingsplikta skal gjelde for
forholdet til teieplikta
spørsmålet om brot på avverjingsplikta skal straffast
spørsmålet om ein skal melde frå om ei kjønnslemlesting som har skjedd
Under kvart tema omtaler vi kort gjeldande rett, forslaget i høyringsnotatet, synspunkt frå høyringsinstansane og vurderingar og forslag frå departementet si side.
10.1 Generelt om behovet for ei eiga føresegn om plikt til å avverje kjønnslemlesting og om plasseringa av ei slik føresegn i lovverket
10.1.1 Gjeldande rett
Vi har i dag inga særskild føresegn som eksplisitt pålegg nokon ei plikt til å prøve å avverje ei kjønnslemlesting. Om vi ser bort frå kjønnslemlestingslova, har vi i dag føresegner i straffelova, helsepersonellova, barnehagelova, barnevernlova, opplæringslova og sosialtenestelova som kan vere relevante ved kjønnslemlesting. Dei lovreglane som finst, er generelt utforma; dei er ikkje gitt spesielt med tanke på kjønnslemlesting. Korleis desse reglane kan gjerast gjeldande i situasjonar der det er mistanke om kjønnslemlesting, er ikkje klart.
Gjennomgangen av gjeldande rett i kapittel 4 viser at det er uklart om helsepersonell og andre yrkesutøvarar har plikt til å melde frå om tilfelle av føreståande kjønnslemlesting som dei har kunnskap om, eller om dei berre har ein rett til det. Det kan også stillast spørsmål ved om ein kan melde frå om slike tilfelle utan omsyn til teieplikta. Det gjeldande regelverket er slik at helsepersonell og andre yrkesgrupper som får med tilfelle av kjønnslemlesting å gjere, sjølve må vurdere om forholdet er av ein slik art at dei skal melde frå til politiet eller barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, med grunnlag i det lovverket som gjeld for verksemda deira. Til dømes må helsepersonell vurdere forholdet i lys av helsepersonellova §§ 31 og 33.
10.1.2 Forslaget i høyringsnotatet
Det blei i høyringsnotatet føreslått ei ny føresegn i kjønnslemlestingslova om plikt til å avverje brot på lova. Det blei føreslått at plikta til å avverje kjønnslemlesting skulle gjelde for personar som tilhøyrer yrkesgrupper som gjennom arbeidet sitt får kunnskap om at kjønnslemlesting kan bli utført.
10.1.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
29 høyringsinstansar uttaler at dei støtter forslaget til lovendring. Desse er Barne- og familiedepartementet, Barneombodet, Den norske kyrkja, Nord-Hålogaland, Oslo og Tunsberg bispedømmeråd, Akershus og Buskerud fylkeskommune, Fylkesmennene i Buskerud og Rogaland, Helse Vest, Human-Etisk Forbund, Juridisk rådgivning for kvinner, kommunane Kristiansand, Meløy, Larvik, Lensvik, Mosvik og Oslo, Landsorganisasjonen, Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Offentlige barnevernkontorers organisasjon, Oslo katolske bispedømme, Private Barnehagers Landsforbund, Sentralsykehuset i Rogaland, St. Olavs Hospital, Utlendingsdirektoratet, Ullevål sentralsykehusog Utdanningsforbundet.
Akershus fylkeskommuneuttaler at dei ser på alle tiltak for å hindre kjønnslemlesting som positive, og seier seg samd med departementet i at dette lovforslaget kan fylle eit hol i lova og vere eit bidrag i rett retning. Human-Etisk Forbundseier at det er svært viktig at det norske samfunn klart og eintydig held fast ved det forkastelege i å lemleste unge jenter og kvinner ut frå kulturelle tradisjonar, og sluttar seg til at plikta til å hindre kjønnslemlesting skal vere generell, uavhengig av «alvorlighetsgrad».
Barne- og familiedepartementetuttaler:
«Barne- og familiedepartementet støttar Helsedepartementets forslag om å ta inn ein ny regel i lova om forbod mot kjønnslemlesting, som etablerer ei plikt til å avverje brot på lova. Departementet meiner ein slik regel er viktig for å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting. Samtidig ser vi at lovendringa kan få utilsikta konsekvensar, som kan vanskeleggjere det førebyggjande arbeidet. Det er derfor viktig at det blir utarbeidd klare retningslinjer for handtering av lova, som mellom anna klargjer:
i kva situasjonar lova skal gjelde
meldelinjer og fordeling av ansvar mellom ulike etatar og yrkesgrupper
kva tiltak som kan iverksetjast i ulike situasjonar og av kven.»
Barne- og familiedepartementetuttaler vidare:
«Slik OK ser gjeldende lovverk og ikke minst de ulike tolkninger av dette, kan man risikere at kvinnelig omskjæring faller utenfor den generelle plikten til å avverge omsorgssvikt, lovbrudd og legemsbeskadigelse. En slik lovendring kan også bidra til økt oppmerksomhet om problemet. Derfor går vi inn for lovendringa.»
Men Barne- og familiedepartementet ved OK-prosjektet synest at det er problematisk at ein i høyringsnotatet skil mellom «alvorlege» og «mindre alvorlege» inngrep. Dei meiner at å fjerne delar av kjønnsorganet til ei jente alltid er alvorleg.
Barneombodetuttaler at avverjingsplikta i samband med kjønnslemlesting bør vere tilsvarande den avverjingsplikta som er omtalt i straffelova § 139. Ombodet meiner at plikta til å avverje kjønnslemlesting kunne ha vore teken inn i straffelova § 139, men meiner at det med tanke på at lova skal vere tilgjengeleg og godt synleg, vil vere meir naturleg å ta ei avverjingsplikt tilsvarande § 139 inn i lova om forbod mot kjønnslemlesting. Barneombodet meiner at ved ei eventuell seinare inkorporering av denne lova i straffelova, bør avverjingsplikta omfattast av straffelova § 139.
7 høyringsinstansar støttar ikkje forslaget i den utforminga det ligg føre. Desse er Høgskolen i Akershus (Avdeling for sjukepleiarutdanning), Den norske lægeforening, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Human Rights Service, Primærmedisinsk Verksted - Senter for helse, dialog og utvikling, Sosial- og helsedirektoratetog Statens helsetilsyn.
Den norske lægeforeninguttaler at dei er samde i at helsepersonell må medverke til å avverje kjønnslemlesting der det er mogleg. Legeforeininga støttar derimot ikkje at det blir gitt ei særskild føresegn om avverjingsplikt for helsepersonell i samband med kjønnslemlesting, for dei meiner at ei slik avverjingsplikt allereie følgjer av helsepersonellova. Legeforeininga meiner at det både er forvirrande og lite tenleg at det skal vere ei eiga føresegn om avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova, og uttaler at dersom det blir teke inn ei slik føresegn, så bør ho ikkje gjelde for helsepersonell. Legeforeininga uttrykkjer støtte til at andre enn helsepersonell får ei slik plikt, men seier at vilkåra då må klargjerast.
Fylkesmannen i Oslo og Akershusuttaler at i staden for å innføre ei ny avverjingsplikt for aktuelle yrkesgrupper, bør ein utnytte dei meldepliktene som allereie finst, og som dei det gjeld er medvitne om. Fylkesmannen viser til at helsepersonell si meldeplikt til barnevernet er nedfelt i helsepersonellova § 33 og tilsvarande føresegner i barnehagelova, sosialtenestelova og opplæringslova. Fylkesmannen uttaler at manglande oppfylling av meldeplikta til barnevernet etter helsepersonellova vil kunne føre til at det blir reist tilsynssak mot den aktuelle helsetenesta eller det aktuelle personellet. Fylkesmannen meiner at det lovforslaget som ligg føre, forkludrar det særlege ansvaret, det myndet og den kompetansen som må liggje hos barnevernet når det gjeld barnemishandling, medrekna kjønnslemlesting. Fylkesmannen hevdar at forkludringa mellom anna skjer fordi ein i motiva ikkje er stringent når det gjeld bruken av orda «melde» og «avverje». Fylkesmannen uttaler at det er stor skilnad på det å melde frå til den relevante offentlege instansen, nemleg barnevernet, slik at denne instansen kan avverje ei kjønnslemlesting, og det å sjølv intervenere i ein akutt situasjon.
Human Rights Service(HRS) meiner at ei særlov mot kjønnslemlesting ikkje er ønskjeleg. HRS meiner at det at særlova ikkje er brukt, korkje i Noreg, Sverige eller England, understrekar at ei slik særlovgiving har lett for å bli symbolpolitikk. HRS meiner at kjønnslemlesting må reknast som «betydelig skade» og såleis bli omfatta av avverjingsplikta i straffelova § 139.
Primær medisinsk verksted (PMV) uttaler:
«Dersom departementet mener det er uklart hvordan helsepersonelloven § 31 og § 33 skal tolkes i tilfeller hvor helsearbeidere mener det foreligger fare for omskjæring, bør en endre teksten i denne loven, eventuelt ta omskjæring med som et eksempel i lovteksten. Et påbud om hvordan helsepersonell og andre skal forholde seg i slike situasjoner, bør altså springe ut fra helsepersonelloven (eller tilsvarende lovverk for andre yrkesgrupper), ikke omskjæringsloven, som også blir og fortsatt vil bli benyttet som informasjonsmateriale i arbeidet mot omskjæring.»
Sosial- og helsedirektoratetuttaler at dei sluttar seg til intensjonen bak lovforslaget, men direktoratet meiner at problem knytte til operasjonalisering av den nye føresegna i lova, og dei utilsikta verknadene lovforslaget kan føre med seg, tilseier at det nye lovforslaget ikkje bør vedtakast. Direktoratet uttaler såleis:
«Det er kompliserande i det førebyggjande arbeidet, å sikre betre vern for jenter, at dei kan vera utsette for risiko for kjønnslemlesting over ein periode på 16 - 20 år. Direktoratet meiner at den viktigaste reiskapen i dette arbeidet er holdningsskapande arbeid som ein sosial prosess for å byggja ned støtte for denne tradisjonen. Derfor er det viktig at formålet med lova primært må vere å førebyggje gjennom haldningsendring, ved å gje omsorg og kunnskap, snarare enn trussel om straff for alle partar.»
Statens helsetilsyngir uttrykk for at lovforslaget etter deira meining har såpass mange uklare punkt at det vil vere vanskeleg å avgjere når avverjingsplikta gjeld. Helsetilsynet meiner at dette kan svekkje arbeidet mot kjønnslemlesting snarare enn å styrkje det. Helsetilsynet uttaler vidare:
«På bakgrunn av [...] opprettholder Helsetilsynet det syn vi tidligere har inntatt, i «Veileder for helsepersonell i Norge om kvinnelig omskjæring» (IK-2723) og rundskriv IK-20/2001, om at avvergelsesplikten etter straffeloven § 139 er tilstrekkelig. Det at det i dag foreligger en avvergingsplikt, medfører etter Helsetilsynets mening at det ikke er behov for ytterligere lovregulering.»
10.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Nedanfor drøftar departementet først behovet for ei eiga føresegn om plikt til å avverje kjønnslemlesting, og deretter drøftar vi i kva lovverk føresegna bør plasserast.
Om behovet for ei eiga føresegn om plikt til å avverje kjønnslemlesting
Det er i dag tvilsamt om avverjingsplikta i straffelova § 139 omfattar alle former for kjønnslemlesting som er dekte av kjønnslemlestingslova. Departementet viser til at Lovavdelinga i Justisdepartementet i ei fråsegn til Sosial- og helsedepartementet frå 5. februar 1980 gav uttrykk for at dei fleste alternativa i straffelova § 9 berre vil vere aktuelle der omskjeringa fører til alvorlege medisinske komplikasjonar. Vi viser her til kapittel 4 framanfor. Fleire av høyringsinstansane, mellom andre Den norske lægeforening og Statens helsetilsyn, som uttaler at dei ikkje støttar ei eiga avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova, seier samtidig at etter deira oppfatning omfattar avverjingsplikta i straffelova § 139 alle former for kjønnslemlesting. Høyringsfråsegnene deira om at dei ikkje kan sjå nokon grunn til å ta ei eiga føresegn om avverjingsplikt inn i kjønnslemlestingslova, synest å byggje på ei forståing av straffelova § 139 som det kan reisast tvil om.
Slik departementet ser det, er det viktig at vi i lovverket har ei avverjingsplikt som omfattar alle typar av kjønnslemlesting, slik at det ikkje skal vere nokon tvil omkring dette spørsmålet. Alle typar av kjønnslemlesting er alvorlege inngrep på kjønnsorganet til kvinna. Det er helsefarlege inngrep, og inngrepa kan føre til alvorlege sjukdomstilstandar og til døden. Vidare er det diskriminerande overgrep overfor kvinner. Kjønnslemlesting er dessutan eit alvorleg brot på menneskerettane, og strir mot FNs kvinnekonvensjon.
Slik departementet vurderer det, kan ei føresegn om avverjingsplikt medverke til å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting.
Spørsmålet om i kva lovverk ei plikt til å avverje kjønnslemlesting skal plasserast
Departementet er samd med Barneombodet i at avverjingsplikta kunne ha vore teken inn i straffelova § 139. Slik departementet vidare vurderer det, bør ei lovbestemt plikt til å avverje kjønnslemlesting takast inn i den same lova der ein finn sjølve straffebodet, ettersom det er den beste måten å gjere føresegna effektiv på. Departementet kan ikkje sjå at det er tenleg å ha strafferegelen i éi lov (kjønnslemlestingslova) og avverjingsplikta i ei anna lov (straffelova). Vidare er det eit moment at medan straffelova § 139 rettar seg mot alle, så er dette lovforslaget skreddarsydd for dei relevante yrkesgruppene. Etter departementet sitt syn ville ei inkorporering i straffelova § 139 såleis anten ramme for vidt, eller teksten ville blitt svært omfattande.
Departementet legg likevel til grunn at innføring av ei avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova no, ikkje er til hinder for ei eventuell seinare overføring av førsegnene i kjønnslemlestingslova til straffelova. Departementet viser til at Straffelovkommisjonen i delutgreiing VII (NOU 2004:4) føreslår at kjønnslemlestingslova blir overført til straffelova.
Departementet er samd med Primær medisinsk verksted og Fylkesmannen i Oslo og Akershus i at ei avverjingsplikt også kunne ha vore teken inn i relevante profesjonslover. Ei ulempe med dette ville vere at dei ulike profesjonslovene ikkje ville kunne brukast overfor yrkesgrupper som fell utanfor profesjonslovgivinga.
Slik departementet ser det, er det at lova om forbod mot kjønnslemlesting blir brukt som informasjonsmateriell, eit viktig pedagogisk omsyn som taler for å ta føresegna om avverjingsplikt inn i denne lova. Ei føresegn om avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova vil gjere det meir synleg for dei sektorane føresegna omfattar, at samfunnet ser svært alvorleg på denne typen av inngrep/mishandling. Det vil også gjere det heilt klart for dei sektorane som blir omfatta av avverjingsplikta, at teieplikta til dei ulike yrkesgruppene ikkje omfattar kjennskap til føreståande kjønnslemlesting.
Slik departementet vurderer det, kan ei føresegn om avverjingsplikt medverke til å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting. På bakgrunn av vurderingane ovanfor føreslår departementet at det blir teke inn ei føresegn om avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova.
10.2 Når skal avverjingsplikta gjelde?
10.2.1 Gjeldande rett
Det finst i dag ingen eksplisitt regel om plikt til å avverje kjønnslemlesting. Avverjingsplikta i straffelova § 139 kan vere relevant dersom kjønnslemlestinga er av ein slik karakter at inngrepet fører til alvorlege medisinske komplikasjonar. Vi viser i denne samanhengen til kapittel 4.3. For at avverjingsplikta etter straffelova § 139 skal gjelde, krevst det at vedkomande har fått «pålitelig kunnskap» om at brotsverket er «i gjære».
10.2.2 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet blei det føreslått at avverjingsplikta skal gjelde når vedkomande «får kunnskap» om at ei kjønnslemlesting «er i gjære». Etter departementet sitt syn bør plikta til å hindre kjønnslemlesting gjelde når vedkomande person veit eller held det for mest sannsynleg at ei kjønnslemlesting vil bli utført.
I forhold til straffelova § 139, som set krav om «pålitelig kunnskap», inneber dette ei utviding av avverjingsplikta. Departementet viser til at Straffelovkommisjonen i delutgreiing VII (NOU 2004:4) har føreslått at avverjingsplikta i straffelova § 139 blir utvida til å tre i kraft når det vanlege forsettskravet er oppfylt, det vil seie når vedkomande person veit eller held det for mest sannsynleg at handlinga vil bli utført.
I høyringsnotatet bad departementet spesielt om tilbakemelding frå høyringsinstansane om korleis dei vurderte uttrykket «i gjære».
10.2.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet om når avverjingsplikta skal gjerast gjeldande, uttaler at uttrykket «er i gjære» bør endrast, ettersom det er lite passande, uklart eller gammalmodig. Det gjeld Barne- og familiedepartementet, Barneombodet, Den norske kyrkja, Nord-Hålogaland bispedømmeråd, Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd, Den norske lægeforening, Forsvarergruppen av 1977, fylkesmennene i Aust-Agder og Buskerud, Helse Vest, Juridisk rådgivning for kvinner, Juss-Buss, kommunane Lenvik, Mosvik og Oslo, Kvinnefronten, Landsorganisasjonen, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Norsk Barnevernsamband, Norsk Fosterhjemsforening, Norsk kommuneforbund og Norsk Helse- og Sosialforbund, Oslo katolske bispedømme, Sentralsykehuset i Rogalandog St. Olavs hospital.Vidare går det fram av ein del høyringsfråsegner at skuldkravet er uklart formulert. Det har kome inn fleire forslag til endra formuleringar.
Barne- og familiedepartementet(BFD) føreslår at uttrykket «i gjære» blir erstatta med «påtenkt». BFD oppfattar uttrykket «påtenkt» som meir forståeleg, samtidig som dei meiner at uttrykket kan oppfattast slik at det krevst mindre grad av planlegging før føresegna kan gjerast gjeldande. BFD ber om at departementet presiserer om det er nok at ei kjønnslemlesting kan kome til å bli utført, om det må vere meir sannsynleg at inngrepet blir utført enn at det ikkje blir utført, eller om det må vere svært sannsynleg at inngrepet blir utført.
Forsvarergruppen av 1977uttaler at uttrykket «i gjære» er ueigna som kriterium for når plikta gjeld. Dei meiner at føresegna bør utformast slik at personar som kan kome opp i slike situasjonar, er heilt på det reine med når plikta gjeld. Gruppa uttaler at uttrykket kanskje kan erstattast med «er planlagt eller er i ferd med å bli utført».
Fylkesmannen i Aust-Agderuttaler at «i gjære» er eit vidtfemnande uttrykk, og meiner at ei innvending mot uttrykket kan vere at det kan skape mistru og opplevast som utidig innblanding i privatsfæren, men legg til at motivet for reglane bør gå føre eventuelle innvendingar.
Fylkesmannen i Oslo og Akershusheld diskusjonen av om uttrykket «er i gjære» er eit godt eller dårleg uttrykk for å vere mindre vesentleg. Fylkesmannen meiner at meldeplikta skal utløysast ved mistanke om at kjønnslemlesting vil bli utført, og viser til ordlyden i helsepersonellova § 33. Fylkesmannen meiner at det bør vere tilstrekkeleg at den personen som har meldeplikt, er rimeleg overtydd om at kjønnslemlesting er i emning eller vil kunne kome til å bli utført.
Sosial- og helsedirektoratetuttaler at ei føresegn om avverjingsplikt krev ei operasjonalisering av kunnskapskravet. Direktoratet stiller spørsmål ved om avverjingsplikta til dømes inneber at kunnskap om ei komande reise blant visse innvandrargrupper til land som statistisk sett har mange tilfelle av kjønnslemlesting, krev ein reaksjon frå den aktuelle yrkesutøvaren si side.
Statens helsetilsynuttaler:
«Når det gjelder uttrykket «er i gjære», så er dette samme uttrykk som er i straffeloven § 139. Dersom en velger å benytte et uttrykk fra strafferetten, bør uttrykket tolkes i samsvar med den strafferettslige tolkingen av begrepet. I straffeloven § 139 er kravet at man skal ha «pålitelig kunnskap» om at en forbrytelse «er i gjære». Det er i høringsnotatet og oversendelsesbrevet uklart når kunnskapskravet er oppfylt, men det kan synes som om det er tilstrekkelig med sannsynlighetsovervekt. Helsetilsynet stiller spørsmål ved om det er bevisst at det skal være et lavere kunnskapskrav når det gjelder avverging av kjønnslemlestelse enn avverging av andre straffbare forhold. I tilfelle bør dette presiseres nærmere.
Ifølge lovforslaget utløses avvergingsplikten ved at yrkesutøver «vet eller holder det for overveiende sannsynlig at kjønnslemlestelse er i gjære». Er det nok at en antar at jenta vil bli omskåret fordi hun kommer fra en kultur hvor dette er vanlig, eller må det være mer konkret informasjon om at inngrepet snart skal skje? For at dette skal ha noen mening, må det presiseres hvor langt en har kommet i en prosess med å forberede en kjønnslemlestelse for at det skal være «i gjære». På den andre siden må det være rom for skjønn og å vurdere den enkelte situasjonen. Denne balansen kan i praksis bli svært uklar. Helsetilsynet er derfor tvilende til om forslaget er egnet til å skape klarhet hva gjelder helsepersonell og andre yrkesgruppers rett og plikt til å melde fra om tilfeller av kjønnslemlestelse.»
Helsetilsynet stiller vidare spørsmål ved om kor sterk forsikring som skal til frå føresette om at kjønnslemlesting ikkje vil bli utført, for at yrkespersonar skal unngå straff.
10.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Ein føresetnad for at avverjingsplikta skal gjerast gjeldande, må vere at vedkomande yrkesutøvar har kunnskap om eller kjennskap til at ei jente kan bli utsett for kjønnslemlesting.
Omsynet til den preventive verknaden og effektiviteten til føresegna tilseier at plikta til å avverje kjønnslemlesting gjeld frå det tidspunktet yrkesutøvaren veit eller held det for mest sannsynleg at ei kjønnslemlesting kan bli utført. Departementet reknar med at ei avverjingsplikt som først blir gjord gjeldande når den aktuelle personen positivt veit at ei kjønnslemlesting vil bli utført, ikkje vil ha den same preventive verknaden. Det må ikkje vere tvil om at ei jente har ein rett til å bli verna mot å bli kjønnslemlesta.
Etter departementet sitt syn bør avverjingsplikta gjerast gjeldande når vedkomande yrkesutøvar har kunnskap som inneber at det er mest sannsynleg (meir enn 50 %) at ei kjønnslemlesting vil bli utført. Departementet går altså inn for at eit alminneleg krav til forsett skal gjelde. Departementet viser her til at Straffelovkommisjonen i delutgreiing VII (NOU 2002:4) har føreslått at avverjingsplikta i straffelova § 139 bør utvidast til å gjelde frå det tidspunktet det vanlege kravet til forsett er oppfylt, det vil seie når vedkomande person veit eller held det for mest sannsynleg at handlinga vil bli utført. Kommisjonen viser i kapittel 7 punkt 7.5 i utgreiinga til fleire føresegner i straffelova som set krav til kunnskap eller forståing, medrekna straffelova § 139. Vidare heiter det:
«Kommisjonen mener at de handlingene som rammes av bestemmelsene, vil være straffverdige uansett om gjerningspersonen positivt vet, eller «bare» regner det som overveiende sannsynlig, at de aktuelle omstendighetene er til stede. Samtlige av disse forsettskravene bør derfor erstattes med et alminnelig forsettskrav.»
Kravet til forsett vil vere oppfylt dersom vedkomande yrkesutøvar veit at ei jente står i fare for å bli kjønnslemlesta, eller dersom dette framstår for vedkomande som mest sannsynleg. Yrkesutøvaren må ha slik kjennskap til ein konkret situasjon at vedkomande held det for meir sannsynleg at ei jente vil bli kjønnslemlesta enn at ho ikkje vil bli det. Det er ein føresetnad at yrkesutøvaren gjer ei konkret vurdering basert på kunnskap om den aktuelle situasjonen og nærmiljøet til jenta. Kva yrkesutøvaren burde ha visst eller kunne fått greie på ved nærmare undersøking, er derimot ikkje relevant.
Sosial- og helsedirektoratet og Statens helsetilsyn stiller spørsmål ved om kunnskap om ei komande reise blant visse innvandrargrupper til land som statistisk sett har mange tilfelle av kjønnslemlesting, krev ein reaksjon frå den aktuelle yrkesutøvaren si side.
Departementet ser det slik at når ein innvandrar eller ei innvandrargruppe tek med jenta si på ei reise til heimlandet og dette heimlandet statistisk sett har mange tilfelle av kjønnslemlesting, så inneber det at ei kjønnslemlesting også kan bli utført på denne jenta. Etter departementet sitt syn vil ikkje kravet til forsett normalt vere oppfylt i eit slikt tilfelle som det som er omtalt her, med mindre det ligg føre ytterlegare opplysningar. Det kan vere mange grunnar til at ein familie vel å reise på ferie til heimlandet, og ein kan ikkje generelt seie at ein yrkesutøvar som får vite om turen, må rekne det som meir sannsynleg at ei jente vil bli kjønnslemlesta enn at ho ikkje vil bli det. Kravet til forsett vil normalt berre vere oppfylt dersom andre omstende gjer at yrkesutøvaren veit eller held det for mest sannsynleg at kjønnslemlesting vil skje på reisa. Slike omstende kan vere at yrkesutøvaren har nærmare kjennskap til den aktuelle reisa, familien, nærmiljøet og jenta. Har til dømes vedkomande yrkesutøvar kjennskap til at jenta har eldre systrer som alle er omskorne, kan det framstå som sannsynleg for vedkomande at også denne jenta vil bli omskoren, og at det kan skje på den aktuelle reisa.
Dersom vedkomande yrkesutøvar finn at det framstår som meir sannsynleg at jenta vil bli kjønnslemlesta enn at ho ikkje vil bli det, vil vedkomande ha avverjingsplikt etter lova. Avverjingsplikta inneber ikkje nødvendigvis at ein må melde saka til politiet. Dersom det ikkje er nokon fare for at kjønnslemlestinga blir gjennomført med det aller første, bør ein i første omgang freiste å avverje inngrepet ved å ta saka opp med foreldra og/eller andre nærståande, eventuelt ved å melde frå til barneverntenesta. For nokre av dei yrkesgruppene som blir omfatta av avverjingsplikta vil det ikkje vere nærliggjande å intervenere direkte overfor foreldra til jenta. I slike tilfelle må vedkomande melde frå til barnevernet, eventuelt til ein annan ressursinstans som kan ta seg av denne typen saker, jf. kapittel 10.3.4. Avverjingsplikta for den som melde saka vidare til barnevernet, vil dermed opphøyre. Barnevernet har etter barnevernlova § 4-3 rett og plikt til å undersøkje forholdet nærmare, og kan ta i bruk lovfesta hjelpetiltak og verkemiddel i samsvar med barnevernlova kapittel 4.
Departementet kan vere samd med dei høyringsinstansane som uttaler at uttrykket «er i gjære» er gammaldags og derfor kanskje ikkje heilt passar i kjønnslemlestingslova. Grunngivinga for å velje dette uttrykket i høyringsnotatet var at det samsvarer med formuleringa i straffelova § 139.
Slik departementet ser det, kan også formuleringa om at avverjingsplikta vil gjelde når yrkesutøvaren «får kunnskap» om at ei kjønnslemlesting «er i gjære», vere eigna til å skape uvisse om kva slags skuldform som gjeld. På bakgrunn av dette har departementet, på basis av høyringa, omredigert lovteksten, slik at det no går klart fram at skuldkravet er forsett.
I forhold til ordlyden i høyringsnotatet er ordlyden i proposisjonen berre ei omformulering, som ikkje er meint som noka realitetsendring.
10.3 Oppfylling av avverjingsplikta
10.3.1 Gjeldande rett
Som sagt i kapittel 10.2.1, har vi i dag ingen føresegner som eksplisitt pålegg nokon ei plikt til å avverje kjønnslemlesting.
Avverjingsplikta i straffelova § 139, som kan gjerast gjeldande der kjønnslemlesting fører til alvorlege komplikasjonar, er omtalt som «betimelig anmeldelse for vedkommende myndighet eller på annen måte å søke avverget».
I Straffeloven med kommentarer(red. Bratholm og Matningsdal, Universitetsforlaget, Oslo 1995) heiter det (på side 198) om innhaldet i denne føresegna:
«Avvergebestemmelsen er først og fremst beskrevet som «betimelig anmeldelse for vedkommende myndighet». Dette er også den mest nærliggende avvergehandling ved de forbrytelser som er nevnt. Man blir ikke fritatt for straffansvar selv om man inngir anmeldelse til vedkommende myndighet, hvis man er klar over at dette ikke vil forhindre forbrytelsen eller dens følger, og man samtidig har andre avvergingsmuligheter til disposisjon. Man er således henvist til å benytte enhver mulighet som måtte foreligge og som er egnet til å hindre forbrytelsen eller dens virkninger, jfr. formuleringen «eller på annen måte».»
Vidare står det:
«Aktuelle måter å avverge forbrytelsen på kan for eksempel være å advare den eller de forbrytelsen er rettet mot, informere gjerningsmannen om at hans planer er kjent, eller selv ved fysisk makt å stanse gjerningspersonen. Vedkommendes rett til voldsanvendelse overfor gjerningspersonen er i disse tilfellene bare begrenset av § 48. Hvilken grad av voldsanvendelse man har plikt til å utøve, vil bero på de nærmere omstendighetene. Medfører avvergehandlingen skadeforvoldelse overfor en tredjepart, bedømmes handlingens rettmessighet overfor vedkommende etter § 47.»
10.3.2 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsforslaget blei avverjingsplikta formulert på denne måten: «ved anmeldelse eller på annen måte søke avverget» kjønnslemlestinga . Ved utforminga av føresegna tok ein mønster av § 139 i straffelova.
10.3.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Fleire høyringsinstansar stiller spørsmål ved om korleis avverjingsplikta reint praktisk kan oppfyllast.
Barneombodetuttaler at dei ønskjer å poengtere kor viktig det er at spesielt dei gruppene som er føreslått omfatta av lovforslaget, er godt informerte om moglege alternative handlingsmåtar til det å melde frå til politiet.
Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomer og vernepleiere(FO) meiner at andre metodar for å hindre kjønnslemlesting alltid må vurderast før saka blir meld til politiet. FO meiner at det må vurderast om leiaren skal gjerast ansvarleg dersom yrkesutøvaren har gjort leiinga kjend med forholdet og leiaren ikkje har fått handtert saka forsvarleg og i tråd med lova på grunn av tidspress. Vidare meiner FO at det bør vurderast om det er leiaren av verksemda som skal vere ansvarleg i dei tilfella saka skal meldast til politiet.
Fylkesmannen i Oslo og Akershussaknar ei nærmare utgreiing om kva som ligg i avverjingsplikta utover det å melde frå til det rette offentlege organet. Fylkesmannen seier at han saknar ei oversikt over kva reelle åtgjerder (dvs. tvangsmiddel) barnevernet og politiet kan ta i bruk i ein situasjon der ein er kjend med at ei kjønnslemlesting er i emning og inngrepet ikkje kan avverjast ved samtalar. Fylkesmannen uttaler at det hadde vore ønskjeleg med informasjon om kva reelle åtgjerder (tvangsmiddel) ein kan nytte, til dømes for å hindre at foreldre tek med seg dottera si ut av Noreg på ferie, mest sannsynleg for å omskjere dottera.
Nasjonalt folkehelseinstituttmeiner at det føreslåtte alternativet «på annen måte», det vil seie direkte kontakt med foreldra til jenta, eventuelt i samråd med barnevernet eller andre, vil vere mindre belastande, og at ein i første omgang bør melde frå til andre instansar enn politiet. Instituttet viser til at det finst helsesystrer, lærarar og tilsette i barnehagar, barnevernet eller sosialtenesta som er trena til å gå i dialog med foreldre i spørsmål som gjeld omskjering, og at støtte frå slike instansar kan vere avgjerande for foreldre som står under press frå mange hald, inkludert besteforeldre eller andre nære personar i heimlandet.
Norsk kommuneforbund(NK) og Norsk Helse- og Sosialforbund(NHS) uttaler at det i utkastet er valt ei rund formulering når det gjeld korleis ein skal prøve å oppfylle avverjingsplikta, og at dette opnar for individuelle løysingar ut frå den einskilde utsette jenta/kvinna, situasjonen, nettverket og praktiske tilhøve, noko som openbert er positivt. NK og NHS uttaler at dei også ser veikskapar ved ei slik utforming av lovteksten. NK og NKS ønskjer at det blir skapt gode rutinar når det gjeld kven som har det overordna ansvaret for slike saker, og at det blir utvikla gode samarbeidsforhold mellom ulike instansar. Dei seier at det ikkje må vere uklart for den einskilde yrkesaktive kven som har det endelege ansvaret i ei kjede der éin yrkesutøvar melder frå til ein annan, men ingen melder frå til barnevernet eller politiet. NK og NHS uttaler at det bør gå fram at barnevernet skal varslast dersom den som står i fare for å bli kjønnslemlesta, er eit barn.
Sosial- og helsedirektoratetuttaler at føresegna ikkje i tilstrekkeleg grad klargjer kva ein person skal gjere dersom vedkomande har kunnskap om kva som er i emning. Direktoratet uttaler at dei stiller seg tvilande til om det å melde frå til politiet er ei eigna handling på dette tidspunktet. Vidare meiner direktoratet at formuleringa «på annen måte søke avverget kjønnslemlestelsen» vil gi yrkesutøvaren eit stort ansvar når det gjeld å avklare kva som skal gjerast, og at dette kan føre til at yrkesutøvaren ikkje ønskjer å få slike opplysningar. Ei følgje av dette kan vere at yrkesutøvaren held seg borte frå eller unngår slike tema. Direktoratet seier at når ingen har hovudansvaret, så kan det føre til ansvarspulverisering ved at yrkesutøvaren berre skyv problema frå seg. For å unngå dette bør det finnast klare retningslinjer for kva personen skal gjere, og for kven som har hovudansvaret. Direktoratet meiner at merknader til føresegna må innehalde meldingsrekkjer.
Statens helsetilsynmeiner at det er ein mangel ved forslaget at det i høyringsnotatet ikkje er problematisert korleis helsepersonell og andre skal handtere den informasjonen dei har om ei mogleg føreståande kjønnslemlesting. Helsetilsynet uttaler at det ikkje går klart fram kva departementet meiner at ein tilsett i helsetenestene eller ein lærar skal gjere med foreldra og jenta dersom dei oppdagar at ei jente står i fare for å bli kjønnslemlesta. Helsetilsynet viser til at det i dag er politiet og barneverntenesta som har mynde, kunnskap og ressursar til å agere i forhold til den slags opplysningar; politiet ved at dei kan setje i verk etterforsking og straffeforfølging, barneverntenesta ved at dei har erfaring med å snakke med born og foreldre, og ved at dei i ytste konsekvens kan ta omsorga frå foreldra. Slik Helsetilsynet ser det, har ikkje helsepersonell eller andre yrkesgrupper som har kontakt med born, tilsvarande mynde eller høve til å avverje ei kjønnslemlesting fysisk, men kan ha plikt og rett til å involvere politiet eller barnevernet etter gjeldande lover.
10.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Slik departementet ser det, vil ei avverjingsplikt innebere at vedkomande yrkesutøvar har plikt til å handle, det vil seie plikt til å setje i gang og/eller medverke til ein tiltaksprosess der siktemålet eller målet for handlingane/tiltaka er å avverje at kjønnslemlestinga blir gjennomført.
Det følgjer av dette at den plikta den einskilde har til å avverje kjønnslemlesting, kan oppfyllast på fleire måtar. Måten vil mellom anna vere avhengig av yrket og kompetansen til vedkomande og av interne og eksterne samarbeidsrutinar på arbeidsstaden til yrkesutøvaren. Det å avverje kjønnslemlesting er ikkje ein «einmannsjobb», men krev samarbeid på tvers av yrkesgrupper og arenaer. Det er mellom anna derfor det er så viktig at avverjingsplikta kan oppfyllast utan omsyn til teieplikta, sjå nedanfor om dette.
Ei avverjingsplikt er ikkje det same som ei plikt til å melde saka til politiet. Ein bør prøve å få til samarbeid med foreldra til jenta før ein tyr til maktmiddel for å stoppe ei kjønnslemlesting. Ein bør prøve å hindre kjønnslemlestinga gjennom informasjon, samtale og førebyggjande arbeid, der yrkesutøvarar (barnevernpersonell, barnehagepersonell, helsepersonell, lærarar, prestar/forstandarar i trussamfunnet jenta tilhøyrer osv.) samarbeider om tiltak, før ein eventuelt melder saka til politiet.
Det må gjerast heilt klart for foreldra at det etter norsk rett er straffbart å kjønnslemleste jenter. Foreldra bør også bli orientert om at til dømes barnehagepersonell, helsepersonell, lærarar og prestar/forstandarar i trussamfunn har plikt til bringe saka inn for instansar som vil bruke maktmiddel dersom foreldra ikkje frivillig avstår frå kjønnslemlesting/omskjering.
Samtidig er det viktig å hugse på at i ein del miljø er omskjering av kvinner eller kjønnslemlesting ein praksis som er djupt rotfesta i kulturen. I det førebyggjande arbeidet mot kjønnslemlesting/omskjering vil det derfor vere viktig å samarbeide med personar som har innsikt i og tillit i det aktuelle miljøet.
Korleis ei avverjingsplikt kan oppfyllast, vil mellom anna vere avhengig av på kva tidspunkt yrkesutøvaren får kjennskap til ei føreståande kjønnslemlesting. Kunnskap om at ei kjønnslemlesting kan kome til å skje ei stund fram i tid, vil gi større handlingsrom enn kunnskap om at ei kjønnslemlesting er nær føreståande.
Som ei oppfølging av det herverande lovforslaget vil det, slik departementet vurderer det, vere nødvendig å utarbeide nærmare rettleiingsmateriell. Departementet vil derfor ta initiativ til at det blir utarbeidd rettleiingsmateriell som i større grad klargjer meldelinjer og kven som bør melde frå om kva og til kven. Ei slik rettleiing bør skissere tidspunkt for når ein skal melde frå til ein eventuell overordna om at ein er uroleg for og har mistanke om at det vil bli utført kjønnslemlesting, og kven som skal vurdere saka og delta i oppfølginga av saka. Utarbeiding av nærmare retningslinjer bør skje i samarbeid mellom personell på helsestasjonar/i helsetenesta, i skulen og i barnevernet.
Departementet tenkjer seg at rettleiingsmateriellet bør innehalde ei stegvis tilnærming til korleis avverjingsplikta kan oppfyllast. Døme på ei stegvis tilnærming kan vere:
Ein lærar eller ein tilsett i ein barnehage får kjennskap til at ein familie som kjem frå eit land der omskjering blir praktisert, skal ta med seg jenta si på feriereise til heimlandet. Vedkomande lærar eller barnehagetilsett har kjennskap til familien gjennom eldre sysken til jenta, og det framstår som sannsynleg for vedkomande at jenta kjem til å bli kjønnslemlesta på denne feriereisa. Ein slik kunnskap bør føre til samtale med familien. Kven som skal ta kontakt med familien for å føre ein slik samtale, må vere avhengig av dei nærmare omstenda. Det er ikkje nødvendig for å oppfylle avverjingsplikta at læraren eller vedkomande barnehagetilsett sjølv gjennomfører ein samtale med foreldra før dei varslar barnevernet eller helsetenesta. For nokre av dei yrkesgruppene som blir omfatta av avverjingsplikta, vil det ikkje vere særleg nærliggjande å intervenere direkte overfor foreldra til jenta, men meir nærliggjande å melde frå til andre instansar, til dømes ein helsestasjon eller barnevernet. Avverjingsplikta vil i slike tilfelle vere oppfylt gjennom meldinga til helsetenesta eller barnevernet.
På den andre sida vil ein lærar eller barnehagetilsett kanskje kunne kontakte foreldra utan at foreldra opplever det like dramatisk som dersom barnevernet skulle ta kontakt. I slike tilfelle, der det er læraren eller den barnehagetilsette som sjølv tek kontakt med familien, bør vedkomande melde frå til barnevernet eller helsetenesta om det han eller ho veit eller har mistanke om, så framt samtalen med foreldra ikkje avklarar at kjønnslemlesting truleg ikkje vil skje.
Døme på tiltak som bør setjast i verk der ein har kunnskap om at ei kjønnslemlesting kjem til å skje ein eller annan gong i framtida, men der ein er usikker på når, er fleire samtalar med familien og jenta, gruppesamtalar og anna holdningsskapande arbeid.
Dersom ein yrkesutøvar får tips om eller mistenkjer at ei kjønnslemlesting er nær føreståande, vil det vere aktuelt å melde frå til barnevernet og/eller politiet, slik at det kan setjast i verk tiltak med ein gong. Døme på tiltak som då kan vere aktuelle, er vedtak om mellombels eller varig omsorgsovertaking, reiseforbod og fråtaking av pass.
Det rettleiingsmateriellet som vil bli utarbeidd i etterkant av dette lovarbeidet, vil innehalde omtale av ulike omsyn som bør tilleggjast vekt ved utforminga av tiltak, og vil konkretisere nærmare kva slags tiltak som kan setjast i verk. Rettleiaren vil også omtale korleis dei einskilde yrkesgruppene/profesjonane innanfor dei ulike sektorane kan handle for å oppfylle avverjingsplikta, utover det å melde saka til nærmaste overordna, barnevernet eller politiet.
Departementet held fast ved forslaget i høyringsnotatet om at avverjingsplikta skal oppfyllast ved «anmeldelse eller på annen måte».
10.4 Kven skal avverjingsplikta gjelde for?
10.4.1 Gjeldande rett
I dag har vi inga avverjingsplikt som eksplisitt tek sikte på å avverje kjønnslemlesting. Avverjingsplikta i straffelova § 139, som kan gjerast gjeldande der kjønnslemlestinga fører til alvorlege komplikasjonar, gjeld for alle.
Helsepersonell og andre yrkesutøvarar kan i nærmare bestemte tilfelle ha handleplikt etter eiga tenestelovgiving eller profesjonslovgiving, jf. kapittel 3.
10.4.2 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet blei det føreslått at avverjingsplikta i kjønnslemlestingslova skal omfatte personar eller yrkesgrupper som gjennom yrkesutøvinga si eller arbeidet sitt får kunnskap om at ei kjønnslemlesting er i emning.
10.4.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Barneombodet, Kristiansand kommune, Landsorganisasjonen, Norsk Helse- og Sosiallederlag, Norsk kommuneforbund og Norsk Helse- og Sosialforbundmeiner at avverjingsplikta bør gjelde for alle.
Barneombodetuttaler:
«Barneombudet støtter forslaget i den forstand at taushetsplikten settes til side, men ønsker at avvergelsesplikten skal rette seg mot alle på linje med bestemmelsen i straffelovens § 139, da dette vil være det mest effektive virkemiddel i kampen mot kjønnslemlestelse. Departementets argumenter mot dette er blant annet at en allmenn avvergelsesplikt vil kunne føre til urimelige resultater, bl a ved at jenta sine nærmeste som også er kjønnslemlestet, vil kunne straffeforfølges. Paradoksalt nok er det ofte disse som bistår eller utfører kjønnslemlestelsen på barnet, og dette hensynet mener barneombudet veier tyngre enn mulige urimelige resultater. Hvis man ser hen til bestemmelsene omfattet av straffelovens § 139, vil det for øvrig også her kunne oppstå lignende «urimelige» situasjoner, for eksempel vil foreldre som selv har vært utsatt for incest, bli strafferettslig ansvarlige hvis de unnlater å forsøke å hindre incest mot egne barn eller andre familiemedlemmer. I disse tilfellene har man likevel funnet at hensynene som taler for å pålegge alle en avvergelsesplikt, veier vesentlig tyngre enn hensyn som kan tale for å begrense den. Hensynet til den «kommende fornærmede» blir med andre ord funnet å veie tyngst sett i forhold til overgrepets alvorlighetsgrad. Hvis man sammenligner kjønnslemlestelse med tilfellene omfattet av straffelovens § 139, er det lett å finne likhetstrekk med for eksempel voldtekt, incest, grov legemsbeskadigelse, seksuell omgang med barn under 14 år og utnyttelse av omsorgsposisjon. Barneombudet mener at hensynet til barnets beste taler for en avvergelsesplikt som gjelder for alle også ved kjønnslemlestelse, uavhengig av taushetsplikt. Barneombudet mener det bør oppstilles en tilsvarende avvergelsesplikt for kjønnslemlestelse uavhengig av lemlestelsens alvorlighetsgrad, variasjonene her må komme til uttrykk i straffeutmålingen.»
Fylkesmannen i Oslo og Akershusuttaler:
«Uttrykket «den som gjennom sin yrkesutøvelse eller sitt arbeid får kunnskap om kjønnslemlestelse ... som er i gjære» omfatter nær sagt en hvilken som helst yrkesutøver som mottar kunnskap som nevnt på jobben. Det kan være journalister, sjåfører, ansatte i kommunal og statlig forvaltning, butikkansatte, bankansatte m.v. Fylkesmannen mener at dette er en upresis lovgivningsteknikk som gir rom for mange uklare tolkninger, og at det er særlig uheldig fordi det dreier seg om et straffebud. Fylkesmannen mener at det ikke finnes noen god grunn til å gjøre den enkelte arbeidstakers straffeansvar så uforutsigbart.»
Juridisk rådgivning for kvinner(JURK) uttaler at dei synest det er positivt at plikta rettar seg mot alle yrkesgrupper som kjem i kontakt med born. JURK ønskjer å presisere at det er viktig at denne føresegna ikkje blir tolka for snevert, og som eit døme viser dei til at også kontorpersonale, vaktmeisteren og andre vaksne på skulen der barnet går, vil kunne vere personar som barnet har tillit til, og som det kan kome til å fortelje om slike ting til.
Kristiansand kommunestiller seg tvilande til om avgrensinga er tenleg. Kommunen uttaler at når plikta til å gripe inn blir føreslått lovfesta, så er det fordi ein meiner at lova korkje hos oss eller i andre land har hatt den ønskte effekten. Kommunen uttaler at dersom ein, av redsle for å inkludere familiemedlemmene, avgrensar gruppa med avverjingsplikt slik det er føreslått, så ekskluderer ein òg dei som har best høve til å skaffe seg kunnskap om planlagde inngrep. Norsk Helse- og Sosiallederlaguttaler det same.
Landsorganisasjonen(LO) viser til at alle former for kjønnslemlesting er brot på menneskerettane, og meiner at avverjingsplikta bør gjelde for alle.
Statens helsetilsynuttrykkjer stor uro over at eit forslag om eit så drastisk verkemiddel som straff, skal vere så uklart når det gjeld kven det omfattar. Helsetilsynet uttaler at om ein likevel vil gå inn for forslaget, så kan det kanskje vere ein fordel om plikta ikkje blir knytt til spesielle yrkesgrupper, for då vil ingen bli utegløymd. På den andre sida kan dette vere problematisk nettopp fordi det dreier seg om ei straffesanksjonert plikt. Det bør derfor gå klart fram kven denne plikta gjeld for. Helsetilsynet uttaler at også det forholdet at avverjingsplikta er meint å setje teieplikta til side, taler i retning av ei oppramsing av yrke. Helsetilsynet meiner at plikta bør gå fram av dei lovene som pålegg det aktuelle personellet teieplikt.
10.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Slik departementet ser det, kan det lett føre til urimelege resultat å påleggje alle ei avverjingsplikt etter kjønnslemlestingslova. Den viktigaste grunnen til at ein ikkje går inn for ei avverjingsplikt for alle, er at ein ikkje ønskjer å ramme den nærmaste familien. Det kan nemleg føre til at dei ikkje vil oppsøkje helsetenesta. Vidare kan integreringa i det norske samfunn bli vanskelegare, ettersom familien vil frykte å bli meld til politiet. Det vil kunne føre til urimelege resultat å straffeforfølgje nærståande til jenta, som kanskje er kvinner som sjølve er blitt tvinga til å la seg kjønnslemleste. Eit anna moment er at ei avverjingsplikt for alle kan skape mistru og opplevast som ei utidig innblanding i privatsfæren, til dømes naboar imellom.
I høyringsnotatet blei det føreslått å avgrense avverjingsplikta til å omfatte personar som gjennom yrkesutøvinga si eller arbeidet sitt får kunnskap om ei føreståande kjønnslemlesting, det vil seie til personell som har eit yrke eller eit arbeid der kontakt med born/jenter er ein del av arbeidet, og der staden/arenaen dette personellet arbeider på, har eit særleg ansvar og oppgåver i forhold til born. Departementet uttalte at ein ikkje syntest det var tenleg å ramse opp alle dei ulike yrkesgruppene som ville falle inn under lova, mellom anna fordi det ville vere lett å gløyme nokon. Departementet gjekk ut frå at dei yrkesgruppene som kjem i kontakt med born/jenter gjennom arbeidet sitt, vil vite om arbeidsstaden deira har oppgåver eller ansvar i forhold til born.
På bakgrunn av dei innkomne høyringsfråsegnene har departementet vurdert avgrensingsspørsmålet på nytt. Departementet har kome til at det mellom anna av omsyn til rettstryggleiken og for å få ei klar føresegn bør gå fram av lovteksten kva arenaer/sektorar/arbeidsstader lova skal gjelde for.
Departementet føreslår derfor at avgrensinga av avverjingsplikta blir nærmare presisert i lovteksten. Det blir føreslått at avverjingsplikta skal gjelde yrkesutøvarar og tilsette i barnehagar, barnevernet, helsetenesta, sosialtenesta, skular, skulefritidsordningar og trussamfunn. Vidare blir det føreslått at avverjingsplikta skal gjelde forstandarar og religiøse leiarar i trussamfunn. Omgrepet trussamfunn omfattar også Den norske kyrkja. Personell som arbeider på slike stader, vil ha avverjingsplikt etter lova. Ein vaktmeister tilsett i f.eks. barneskulen vil etter dette ha avverjingsplikt etter lova.
Departementet føreslår at det blir presisert i lovteksten at avverjingsplikta også skal gjelde forstandarar og religiøse leiarar i trussamfunn, ettersom det ikkje alltid vil vere naturleg å omtale desse som yrkesutøvarar eller tilsette.
Avverjingsplikta vil ikkje omfatte yrkesutøvarar og tilsette som arbeider på ein arena som ikkje er opprekna i føresegna. Til dømes vil butikktilsette-/funksjonærar eller banktilsette som får kjennskap til ei føreståande kjønnslemlesting, ikkje ha avverjingsplikt etter kjønnslemlestingslova. Det same gjeld leiarar og tilsette i frivillige organisasjonar. Departementet vurderer det slik at ein bør vere varsam med å utvide avverjingsplikta til å omfatte frivillige organisasjonar, mellom anna ut frå omsynet til å få ei klar avgrensing av føresegna. Det er viktig med ei klar føresegn på dette området, ettersom brot på føresegna blir straffesanksjonert, jf. kapittel 10.6.4 nedanfor.
10.5 Forholdet til teieplikta
10.5.1 Gjeldande rett
Tilsette i barnehagar, barnevernet, helse- og sosialtenesta, skulen og skulefritidsordningar har teieplikt etter forvaltningslova. I tillegg kan nokre av gruppene vere underlagde teieplikt etter eiga profesjonslovgiving, slik det til dømes er med helsepersonell etter helsepersonellova.
Teieplikta er likevel ikkje absolutt. Samtykke til å gi opplysningar vidare frå den som har rett til konfidensialitet, kan oppheve teieplikta. Utan samtykke kan opplysningar berre givast vidare når det er uttrykkjeleg fastsett i lov eller er klart føresett at teieplikta ikkje gjeld. I kapittel 4 framanfor omtaler departementet relevante føresegner som kan tenkjast å heimle unntak frå teieplikta når formålet er å avverje kjønnslemlesting. Det går her fram at det kan stillast spørsmål ved om det utan omsyn til teieplikta gjeld ei ufråvikeleg plikt til å prøve å avverje alle former for kjønnslemlesting.
10.5.2 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet blei det føreslått at plikta til å prøve å avverje kjønnslemlesting skal gjelde utan omsyn til teieplikta.
10.5.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Dei fleste høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet støtter forslaget. Berre nokre få høyringsinstansar er imot, eller uttrykkjer skepsis til, at avverjingsplikta skal gjelde utan omsyn til teieplikta.
Det Mosaiske Trossamfunn(DMT) uttaler at dei sterkt vil åtvare mot å gjere unntak for teieplikta for forstandarar og prestar i trussamfunn. DMT peikar på at ein ikkje utan vidare kan sidestille forstandarar/prestar med helsepersonell. DMT hevdar at det i det eine tilfellet er tale om djuptfølte åndelege relasjonar, medan det i det andre tilfellet dreier seg om fysiske/medisinske forhold.
Norsk sykepleierforbund (NSF) uttaler at dei er redde for at det kan føre til at ein del jenter blir meir usikre på å ta opp temaet dersom mottakaren av informasjonen er forplikta til å seie frå til barnevernet, politiet eller andre. NSF uttaler at unge jenter som i tillit fortel om slike ting til ein lærar eller ei helsesyster, også kan oppleve det slik at dei angir sine eigne foreldre dersom mottakaren av informasjonen går vidare med han. NSF meiner at dette ikkje vil medverke til auka tillit mellom jenta og skulen eller helsetenesta.
Primær medisinsk verksted(PMV) uttaler at det er ei klar oppfatning blant dei som arbeider mot omskjering ved PMV, at det blir vanskelegare å arbeide for å få til holdningsendring dersom det i lova om kjønnslemlesting finst ein paragraf som kan oppfattast som at han tvingar folk til å «sladre». PMV ottast at dersom den føreslåtte lovregelen blir vedteken, vil folk berre seie det som blir oppfatta som politisk korrekt, og at holdningane deira dermed korkje vil kome til syne eller bli utfordra.
Sosial- og helsedirektoratetpeikar på at teieplikta er viktig for å sikre tilliten mellom pasient og helsepersonell. Direktoratet uttaler at ettersom avverjingsplikta er bunden opp til kunnskap om at noko er «i gjære», vil ei rad yrkesutøvarar bli stilte overfor vanskelege val, og at di betre ein blir kjend med det aktuelle innvandrarmiljøet, og di større tillit ein får, di oftare kan ein kome opp i situasjonar som krev meldeplikt. Direktoratet uttaler at ein naturleg reaksjon vil kunne bli at ein vel «å ikkje vite».
10.5.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Departementet vurderer det slik at omsynet til å avverje kjønnslemlesting veg tyngre enn omsynet til teieplikta når ei jente står i fare for å bli kjønnslemlesta. Kjønnslemlesting er eit overgrep som er forbode, og siktemålet med ei avverjingsplikt er å verne born, som er den svake parten. Kjønnslemlesting er ein tradisjon i ein del kulturar, men er uønskt i Noreg, ettersom det er eit diskriminerande overgrep mot kvinner og eit alvorleg brot på menneskerettane. Inngrepet kan også vere helsefarleg. Slik departementet ser det, kan det ikkje vere tvil om at jenter skal vernast mot slike inngrep.
Ei avverjingsplikt utan omsyn til ei eventuell teieplikt vil medverke til å lette samarbeidet mellom ulike yrkesgrupper, for då må ikkje vedkomande personell sjølv vurdere forholdet til teieplikta. Ein rett, men ikkje ei plikt, til å gjere unntak frå teieplikta vil som oftast innebere vanskelege vurderingar for vedkomande yrkesutøvar; skal - skal ikkje. Der oppgåva er å hindre kjønnslemlesting, skal vedkomande yrkesutøvar ha fokus på tiltak og på kva samarbeidspersonar som må trekkjast inn, og ei teieplikt må ikkje stå i vegen for fornuftige og føremålstenlege tiltak.
Departementet viser til fråsegna frå Norsk Sykepleierforbund om at det kan føre til at ein del jenter blir meir usikre på å ta opp temaet dersom mottakaren av informasjonen er pliktig til å seie frå til barnevernet, politiet eller andre. Departementet er samd med Sjukepleiarforbundet i at tryggleik og tillit er avgjerande i det førebyggjande arbeidet mot kjønnslemlesting, men kan vanskeleg forstå den motstanden Sjukepleiarforbundet gir uttrykk for mot ei meldeplikt i kjønnslemlestingslova utan omsyn til teieplikta, mellom anna fordi Sjukepleiarforbundet også uttaler at etter deira vurdering omfattar helsepersonellova § 31 alle former for kjønnslemlesting. Det følgjer av helsepersonellova § 31 at helsepersonell skal varsle politiet når det er nødvendig for å avverje alvorleg skade på ein person. Sjukepleiarforbundet uttaler også at omskjering av den arten som forslaget omfattar, må reknast for å vere grov lekamsskading som blir ramma av straffelova § 231. Departementet vil også vise til helsepersonellova § 33, som pålegg helsepersonell ei meldeplikt til barnevernet.
Departementet vil presisere at det er avverjingav kjønnslemlesting som kan skje utan omsyn til teieplikta. Det vil ikkje vere høve til å melde frå om at ei kjønnslemlesting har skjedd, dersom siktemålet berre er å melde lovbrotet ut frå straffeomsyn. Men der det er fleire døtrer i familien og éi av døtrene er omskoren, kan det vere ein indikasjon på at også ei anna dotter kan kome til å bli omskoren. I slike tilfelle vil yrkesutøvaren kunne få avverjingsplikt, og må eventuelt melde frå til samarbeidande instansar for å få avverja ei kjønnslemlesting.
Departementet legg til grunn at det blir vanskelegare å hindre overgrepa dersom teieplikta til helsepersonell og andre skal gå føre plikta til å avverje kjønnslemlestinga. Departementet meiner at dei ovannemnde omsyna veg tyngre enn omsynet til å kunne teie om ei føreståande kjønnslemlesting av redsle for å misse tilliten hos jenta/foreldra.
Departementet held fast ved forslaget i høyringsnotatet om at avverjingsplikta skal gjelde utan omsyn til ei eventuell teieplikt.
10.6 Straffespørsmålet
10.6.1 Gjeldande rett
I dag har vi ingen eksplisitt regel som straffesanksjonerer det å la vere å prøve å avverje ei kjønnslemlesting. Straffelova § 139 kan bli gjord gjeldande i tilfelle der kjønnslemlestinga fører til alvorlege komplikasjonar. Brot på straffelova § 139 blir straffa med bøter eller fengsel i opptil eitt år.
Vidare er det ei straffeføresegn i helsepersonellova § 67 som i visse tilfelle kan gjerast gjeldande, jf. omtale i kapittel 4.
10.6.2 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet blei det å la vere å oppfylle avverjingsplikta, føreslått straffesanksjonert med bøter eller fengsel i opptil eitt år.
10.6.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Dei fleste høyringsinstansane støttar at avverjingsplikta blir straffesanksjonert. Norsk Barnevernsambanduttaler at ei innføring av eit høve til å ileggje sanksjonar dersom personar i visse yrkesgrupper ikkje oppfyller avverjingsplikta, er eit tydeleg signal om at ein ønskjer å skjerpe det ansvaret visse yrkesgrupper har i samband med kjønnslemlesting, for dermed å hindre at det skjer kjønnslemlesting i det norske samfunnet. Sentralsykehuset i Rogaland seier at det er viktig at plikta til å hindre kjønnslemlesting blir oppfatta alvorleg nok i samfunnet, og at ein straffesanksjon vil vere ei hjelp for å oppnå dette.
Norsk Kommuneforbundog Norsk Helse- og Sosialforbunduttaler:
«Straffetrusler som blir brukt som symboleffekt i lovtekst, kan etter NHS/NKF ha en negativ effekt. Enten må man ha en juridisk plikt til å forsøke å avverge som vil få konsekvenser ved påviselig brudd på plikten, eller ikke. Noe annet svekker lovbestemmelsens troverdighet. NHS/NKF er positiv til at plikten blir straffesanksjonert ved unnlatelse. Vi vil likevel poengtere at vi i denne saken ikke først og fremst er opptatt av straffesanksjoner, men at jenter og kvinners menneskerettigheter skal bli overholdt. Det er like mye snakk om en moralsk plikt som en juridisk plikt til å avverge slike brudd.»
Åtte høyringsinstansar uttaler at dei ikkje støttar straffeføresegna. Det er Det Mosaiske Trossamfunn, Hålogalandssykehuset, Juss-Buss, Kristiansand kommune, Kvinnefronten, Norsk Helse- og Sosiallederlag, Politidirektoratetog Utdanningsforbundet.Desse åtte kjem i tillegg til dei sju høyringsinstansane, jf. kapittel 10.1.3, som seier at dei ikkje støttar lovforslaget, dvs. korkje avverjingsplikta eller straffeføresegna. Det vil seie at det til saman er 15 høyringsinstansar som ikkje støttar straffeføresegna.
Bærum kommuneuttaler at dei er skeptiske til straffeføresegna, og Larvik kommuneuttaler at dei er usikre på straffeføresegna.
Fylkesmannen i Hedmarkgjer merksam på at ein etter opplæringslova (§ 9a-7) kan straffast med bøter eller fengsel i opptil tre månader eller begge delar. (Føresegna straffesanksjonerer brot på føresegnene i opplæringslova kapittel 9a, som set krav til skulemiljøet til elevane.) Fylkesmannen stiller spørsmål ved om det skal vere ei anna straff for tilsette i skulen når det gjeld kjønnslemlesting enn når det gjeld skulemiljøet til elevane.
Fylkesmannen i Oslo og Akershusmeiner at det er ei avsporing å leggje eit auka straffeansvar på dei aktuelle personellgruppene. Fylkesmannen uttaler at dersom ein ønskjer å endre åtferda til desse gruppene, så bør ein ikkje auke angstnivået ved å innføre straff, men heller prøve å rydde opp i dei uklare punkta som eksisterer i forhold til meldeplikta til barnevernet og kva ho omfattar. Fylkesmannen meiner at eit auka angstnivå på grunn av trugsmål om straff for personell i desse gruppene vil kunne medverke til at kjønnslemlesting i endå større grad blir halde skjult, og det vil dessutan kunne føre til at dei aktuelle yrkesgruppene vil prøve å unngå kontakt med miljø eller einskildpersonar der kjønnslemlesting er ei aktuell problemstilling.
Justisdepartementetminner om at eit brot på avverjingsplikta etter straffelova § 139 ikkje er straffbar dersom det føreståande brotsverket «ikke kommer til fullbyrdelse eller til straffbart forsøk». Justisdepartementet føreslår at ein bør vurdere om ein tilsvarande regel bør takast inn i den nye føresegna i kjønnslemlestingslova. Også Politidirektoratetuttaler at det er rimeleg å ta inn visse reservasjonar når det gjeld meldeplikta i kjønnslemlestingslova, i tråd med straffelova § 139 andre ledd.
Kristiansand kommunestøttar ikkje at brot på avverjingsplikta blir straffesanksjonert. Kommunen uttaler at det vil by på store problem å føre bevis for at nokon har hatt tilstrekkeleg grunn til å gripe inn, utan å gjere det. Kommunen meiner at alt tyder på at dette vil bli ein unødvendig og sovande paragraf.
Kvinnefrontenuttaler at dei ikkje ønskjer eit lovverk rundt kjønnslemlesting som opnar for straffesanksjonar mot fleire av dei vaksne i nærmiljøet til ei utsett jente. Kvinnefronten uttaler at dei aktuelle vaksne i dei fleste tilfella vil vere kvinner, det vil seie den helsesystera, førskulelæraren, læraren eller sosialarbeidaren som får så god kontakt med ei mor og ei dotter, eller med ei dotter, at ho får vite at kjønnslemlesting kan kome til å skje.
Oslo kommunestiller spørsmål ved om ein skal reagere med straffeforfølging av ein einskild yrkesutøvar. Kommunen uttaler at det i denne typen saker vil vere vanskeleg å føre bevis for at føresegna er broten, og at det lett vil kunne oppstå ei rad «tvilsame» tilfelle der det kan reisast spørsmål ved om yrkesutøvaren har gjort nok for å avverje ei kjønnslemlesting.
Politidirektoratetuttaler at dei ikkje støttar forslaget. Grunnen er at eit slikt straffebod vil vere svært vanskeleg å handheve. Direktoratet uttaler at det berre er i dei tilfella der jenta sjølv, eller nokon som kjenner henne, aktivt søkjer om hjelp for å hindre omskjering, at den som får kunnskap om forholdet, kan ha noka grunngitt meining om at det er sannsynleg at eit inngrep vil skje. Politidirektoratet seier seg vidare samd med politimeisteren i Troms når han uttaler at det ikkje vil vere større grunn til å straffesanksjonere det å la vere å melde frå om ei mogleg kjønnslemlesting, enn til dømes å la vere å melde frå til barnevernet dersom ein barnehage har grunn til å tru at det ligg føre omsorgssvikt.
Sosial- og helsedirektoratetuttaler:
«Det kan stillast spørsmål [ved] om det er nødvendig å straffesanksjonere loven. Direktoratet er einig med departementet i at trussel om straff vanlegvis ikkje vil vere nødvendig. Behovet for eit sanksjonsmiddel vil likevel kunne melde seg. For enkeltpersonar i miljø der det er tradisjon for at kjønnslemlesting blir praktisert, vil ein sanksjonstrussel kanskje vere nødvendig. Her må det takast med i vurderinga at trussel om straff av og til ikkje vil vere tilstrekkeleg til å få menneske til å bryte det som er deira tradisjon.»
Vidare heiter det i fråsegna:
«Det andre problemet, som kanskje er større, er at etter kvart som fleire og fleire praktiserande grupper begynner å jobbe innanfor helsetenesta (noe som er ønskeleg), kan vi få ein situasjon der dei blir straffa for ikkje å ha «angitt» folk frå same etniske gruppe. Desse vil nemleg ofte skjønne når omskjering er på gang, dei kan språket og kodane. I praksis kan det føre til at dei blir straffa for både å omskjere og for å ikkje melde - altså ei (sær)lov som berre rettar seg mot «dei andre». Det er i seg sjølv uheldig.»
Utdanningsforbundetmeiner at det er problematisk med ei straffeforfølging av personar som ikkje oppfyller avverjingsplikta, ettersom det i dag ikkje er stor kunnskap om feltet i barnehagar og skular. Forbundet ottast at det kan oppstå tvilstilfelle der førskulelærarar og lærarar blir straffa fordi dei ikkje hadde tilstrekkeleg kunnskap om arten av inngrepa, eller om kva metodar/tiltak dei kunne ha teke i bruk for å avverje inngrepet. Forbundet meiner at det på dette området trengst omfattande opplæring av personell i barnehagar, i skulen, i barnevernet og i helsetenestene, og at det ikkje minst er viktig å fokusere på tverrfagleg samarbeid og samarbeid med foreldre.
Foreldingsfristen for utført kjønnslemlesting
Utanom det konkrete lovforslaget har politimeisteren i Troms denne merknaden når det gjeld foreldingsfristen for kjønnslemlesting:
«Pga. strafferammen blir foreldelsesfristen relativt kort, tatt i betraktning av at jentene kan være unge på lemlestelsestidspunktet. Gjennomgående vil de heller ikke få støtte hjemmefra til å anmelde forholdet. En endring av foreldelsesfristen tilsvarende straffeloven § 69 første ledd andre punktum burde derfor være aktuelt.»
Politidirektoratet ber departementet vurdere ei endring av foreldingsfristen tilsvarande straffelova § 68 første ledd andre punktum, og viser til høyringsfråsegna frå politimeisteren i Troms.
10.6.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Departementet har nøye vurdert spørsmålet om det å la vere å etterleve avverjingsplikta etter kjønnslemlestingslova bør straffesanksjonerast. Etter departementet sitt syn vil eit trugsmål om straff neppe vere nødvendig i forhold til dei fleste yrkesutøvarar og tilsette som kjem i kontakt med jenter som står i fare for å bli kjønnslemlesta. Å la vere å avverje dei grovare tilfella av kjønnslemlesting er dessutan allereie straffesanksjonert gjennom straffelova § 139.
Departementet kan til ein viss grad seie seg samd med dei høyringsinstansane som seier at føresegna om straff kan vere vanskeleg å handheve, mellom anna fordi det kan by på problem å føre bevis for at nokon har hatt tilstrekkeleg kunnskap til å gripe inn, men likevel ikkje har gjort det. Departementet meiner at trugsmål om straff likevel kan vere nødvendig for å understreke at samfunnet ser svært alvorleg på praktisering av kjønnslemlesting, og derfor har eit sterkt ønske om å få avverja slike handlingar. Slik departementet vurderer det, vil ei avverjingsplikt utan trugsmål om straff vere ei svakare føresegn og gi signal om at avverjingsplikta eigentleg ikkje er så viktig.
Det kan nemnast fleire døme på situasjonar der det bør kunne førast bevis for at ein yrkesutøvar har hatt tilstrekkeleg kunnskap om føreståande kjønnslemlesting, slik at avverjingsplikta må kunne gjerast gjeldande.
Eit døme kan vere at jenta, eventuelt ein som står jenta nær, «fortruleg» informerer yrkesutøvaren om at det kan vere fare for kjønnslemlesting. Eit anna døme er der yrkesutøvaren har kjennskap til at fleire eldre systrer er blitt kjønnslemlesta, til dømes ved helsekontroll.
Departementet kan ikkje sjå at det skal vere eit avgjerande argument mot eit straffebod at det kan auke angstnivået hos personellgrupper som arbeider i forhold til born. Departementet kan heller ikkje sjå at det vil føre til at aktuelle yrkesgrupper vil prøve å unngå kontakt med miljø eller einskildpersonar i miljø der kjønnslemlesting/omskjering er ei aktuell problemstilling. I denne samanhengen minner departementet om at kamp mot kjønnslemlesting er ein del av arbeidet til desse yrkesutøvarane. Departementet vil peike på kor viktig det er med god kompetanse og kunnskap om kvinneleg kjønnslemlesting/omskjering hos relevant personell, slik at dei kan kjenne seg trygge i situasjonen. Ikkje minst er det viktig at arbeidsstaden deira har gode rutinar og retningslinjer for korleis slike saker skal handterast.
Samla sett reknar departementet med at eit trugsmål om straff kan medverke til å effektivisere avverjingsplikta. Departementet føreslår derfor at det å la vere å oppfylle avverjingsplikta, blir straffesanksjonert.
Departementet er samd med Justisdepartementet og Politidirektoratet i at det bør takast inn visse reservasjonar i straffebodet, tilsvarande dei vi finn i straffelova § 139 andre ledd første alternativ. Det følgjer av føresegna at det forholdet at brotsverket ikkje blir fullbyrda eller kjem så langt som til eit straffbart forsøk, gjer at den som lèt vere å prøve å avverje brotsverket, går straffri, trass i at vedkomande rekna med at det ville bli utført.
Den føreslåtte strafferamma for å la vere å avverje ei kjønnslemlesting svarer til strafferamma i straffelova § 139. Departementet meiner at graden av alvor i ei kjønnslemlesting må jamstellast med alvoret i dei overgrepa denne føresegna gjeld.
Særleg om forelding for utført kjønnslemlesting
Departementet kan vere samd med Politidirektoratet i at foreldingsfristen for utført kjønnslemlesting kan synast kort. Det følgjer av straffelova § 67 at foreldingsfristen for kjønnslemlesting er 5 eller 10 år, avhengig av kva straffealternativ som blir brukt. Når ein tenkjer på at jenter som blir utsette for kjønnslemlesting er mindreårige, ser departementet at det kan vere gode grunnar til å la føresegna i straffelova § 68 første ledd andre punktum gjelde tilsvarande ved kjønnslemlesting. Føresegna seier at foreldingsfristen ved brot på nærmare bestemte straffebod skal reknast frå den dagen den fornærma fyller 18 år. I Danmark har dei vedteke ei slik forlenging av foreldingsfristen ved kjønnslemlesting, jf. punkt 7.2.
Grunnen til at departementet ikkje vil føreslå dette i denne proposisjonen, er mellom anna at konsekvensane av ei slik føresegn krev ein meir omfattande vurdering og ny alminneleg høyring.
10.7 Kjønnslemlesting som har skjedd
10.7.1 Gjeldande rett
Etter dei gjeldande reglane om teieplikt kan ikkje helsepersonell melde frå om at ei kjønnslemlesting har skjedd, dersom siktemålet er å melde lovbrotet ut frå straffeomsyn. I visse situasjonar kan likevel teieplikta måtte vike når kjønnslemlesting har skjedd, til dømes i tilfelle der ein må syte for at ei jente får nødvendig medisinsk behandling for dei skadane ho har fått som følgje av ei gjennomført kjønnslemlesting.
Melding til barneverntenesta etter helsepersonellova § 33 føreset at formålet med meldinga må vere at barneverntenesta skal setje i verk barneverntiltak.
Kunnskap om at ei jente er blitt kjønnslemlesta, kan indikere at også ei mindre syster av jenta kan bli kjønnslemlesta. Dersom siktemålet er å avverje ei ny kjønnslemlesting, kan det i slike tilfelle givast melding om at kjønnslemlesting har skjedd.
10.7.2 Forslaget i høyringsnotatet
Det blei ikkje føreslått noka endring i gjeldande rett.
10.7.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Nokon få høyringsinstansar har uttalt seg til spørsmålet.
Barneombodet uttaler:
«Departementet går imot å innføre en plikt til å melde fra om at kjønnslemlestelse er utført, når hensikten med meldeplikten alene er straff. Dette slutter Barneombudet seg til, og det oppstilles for øvrig heller ikke en slik meldeplikt etter straffelovens § 139. Men som nevnt under punkt II, ønsker barneombudet en plikt til å avverge følgene av kjønnslemlestelse mens de enda kan forebygges i tråd med § 139 og uten hinder av taushetsplikt.
Som departementet selv sier, er ikke en avvergelsesplikt det samme som en meldeplikt, og barneombudet ønsker primært at barnet automatisk skal få tilbud om medisinsk hjelp når kjønnslemlestelse avdekkes ved helsekontroll, legesjekk e.l. Videre foreslår vi at det oppstilles en plikt til å registrere jenta i et sentralt register slik at hun ved fylte 16 år automatisk får tilbud om åpning i de tilfellene det vil være aktuelt. Barneombudet har også vurdert om barnevernet i tillegg til helsevesenet automatisk skal varsles, men har kommet til at dette ikke nødvendigvis vil være til barnets beste, med tanke på foreldres mulige vegring mot legehjelp og represalier mot jenta. Hvis jenta har yngre søstere, ønsker vi imidlertid at barnevernet skal varsles med tanke på å forebygge kjønnslemlestelse. Mot meldeplikt uten samtykke argumenterer departementet med at dette vil redusere barnets eller jentas tillit til for eksempel helsetjenesten. Barneombudet vil gjerne gjøre oppmerksom på at kjønnslemlestelse gjerne foregår i svært ung alder, og at barnet neppe på det tidspunkt vil ha samtykkekompetanse. Vi ønsker derfor også her at det innføres en aldersgrense, og at jenta ved fylte 16 kan samtykke til at forholdet politianmeldes, mens hun før fylte 16 kun registreres i et sentralregister, og barnevern eventuelt kontaktes i de tilfeller jenta har yngre søsken.»
Helse Vestuttaler at det er positivt at lovforslaget ikkje inneber at ein kan setje teieplikta til side dersom ein i etterkant oppdagar at det har skjedd ei kjønnslemlesting, for eit slikt lovforslag ville kunne føre til at menneske som har behov for hjelp, ikkje tek nødvendig kontakt med hjelpeapparatet.
Human Rights Service, Politidirektoratetog Private Barnehagers Landsforbundmeiner at ei meldeplikt også skal gjelde der kjønnslemlesting har skjedd.
Human Rights Servicemeiner at departementet undergrev lova mot kjønnslemlesting når dei uttaler at helsepersonell ikkje har høve til å gi opplysningar om at kjønnslemlesting har skjedd, dersom siktemålet med å melde frå om lovbrotet er å straffe utøvarane. HRS meiner at lova må ta omsyn til det faktiske forholdet at det er born som blir kjønnslemlesta, og at den eventuelle tilliten som er interessant i dette tilfellet, er at vi alle skal ha tillit til at born blir tekne vare på på best mogleg måte. HRS meiner at brot på lova skal avdekkjast, og at dersom det er påvist kjønnslemlesting, så skal forholdet etterforskast og eventuelt straffeforfølgjast.
Politidirektoratetuttaler at ei meldeplikt etter at ei kjønnslemlesting har skjedd, vil kunne ha ein preventiv effekt, ettersom oppdagingsrisikoen i desse tilfella er stor. I tillegg kjem at ein vil nå fleire med informasjon dersom ein innfører ei slik plikt. Direktoratet uttaler at når det gjeld risikoen for at jenter/foreldre lèt vere å oppsøkje helsetenesta av frykt for at ei lemlesting skal bli avslørt, har departementet ikkje lagt avgjerande vekt på dette i forhold til spørsmålet om å melde frå om ei føreståande kjønnslemlesting. Politidirektoratet kan ikkje sjå at forholdet stiller seg vesentleg annleis her, og i alle fall ikkje slik at det bør vere avgjerande i vurderinga. Oslo Politidistrikt meiner at gode grunnar taler for å innføre ei klar meldeplikt til barneverntenesta i alle tilfelle der inngrep har skjedd på personar under 18 år. Det bør gjerast ved å gjere endringar i helsepersonellova § 33. Vidare heiter det at dersom barneverntenesta vil melde forholdet vidare til politiet, så må det byggje på ei konkret barnevernfagleg vurdering.
Private Barnehagers Landsforbunduttaler at etter deira syn vil ikkje ei føresegn som berre gir plikt til å avverje kjønnslemlesting i framkant av handlinga, vere effektiv nok i forhold til kampen mot kjønnslemlesting i samfunnet.
Spørsmålet om plikt til å hindre følgjene av kjønnslemlesting
Utanom det konkrete lovforslaget uttaler Barneombodet seg om plikt til å hindre følgjene av kjønnslemlesting. Barneombodet uttaler:
«Etter departementets forslag inntrer taushetsplikten igjen i det lemlestelsen har skjedd, og det oppstilles ingen plikt til å «på annen måte avverge» følgene av kjønnslemlestelse mens de enda kan forebygges slik som etter straffeloven § 139. Plikt til å hindre følgene av kjønnslemlestelse er ikke drøftet i departementets forslag, og med samme argumentasjon som tidligere ønsker barneombudet innført en slik plikt.»
Barneombodet føreslår at avverjingsplikta blir formulert slik i lova:
«Den som får kunnskap om at kjønnslemlestelse som nevnt i § 1 er i gjære eller er forøvd, skal ved anmeldelse eller på annen måte søke avverget kjønnslemlestelsen eller dens følger. Plikten til å avverge forbrytelsens følger gjelder kun så lenge de enda kan forebygges. Unnlatelse straffes med bøter eller fengsel i inntil ett år.»
Barneombodet uttaler at dei i dette legg at plikta til å avverje følgjene av kjønnslemlestinga vil liggje føre i lang tid etter sjølve inngrepet, om nødvendig heilt fram til opning og rekonstruksjon av kjønnsorganet.
10.7.4 Vurderingar og forslag frå departementet si side
Dersom ein veit at ei kjønnslemlesting kan påkalle politiet si merksemd i etterkant, kan det skremme ein del personar frå å gjere slike lovbrot, og dersom kjønnslemlesting blir avdekt, er det kanskje også grunn til å tru at det vil lette førebygginga av kjønnslemlesting av yngre systrer.
Slik departementet vurderer det, er det skilnad på å påleggje ei meldeplikt der formålet er å straffe, og å påleggje ei meldeplikt for å hindre at ei kjønnslemlesting blir utført. Å gjere unntak frå teieplikta av straffeomsyn er framandt for helsetenesta. Innføring av ei meldeplikt berre av straffeomsyn vil ikkje skape tillit, og kan hindre at jenter som er blitt kjønnslemlesta, oppsøkjer helsetenesta, lærarar osv. for hjelp, råd og rettleiing. Departementet meiner at dei beste grunnane taler for at den gjeldande rettstilstanden blir ført vidare på dette punktet.
Særleg om plikt til å hindre følgjene av kjønnslemlesting
Det følgjer av forskrift 3. april 2003 nr. 450 om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten § 2-3 at kunnskap om at ei kjønnslemlesting kan bli utført, eller konsekvensane etter ei kjønnslemlesting, må følgjast opp i samsvar med lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse, jf. merknadene til føresegna i forskrifta. Heimelen for forskrifta er lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene. Vidare følgjer det av kommunehelsetenestelova § 2-1 at alle har rett til nødvendig helsehjelp i den kommunen der han eller ho bur eller mellombels oppheld seg.
Departementet legg til grunn at personar som er blitt kjønnslemlesta, har rett til nødvendig helsehjelp etter lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter, jf. kapittel 2 i lova. Vidare legg departementet til grunn at ei eventuell føresegn i kjønnslemlestingslova om plikt til å avverje følgjene av kjønnslemlesting ikkje vil innebere nokon nye oppgåver eller nye plikter for helsetenesta eller helsepersonell. Det er derimot uklart kva ei plikt til å avverje følgjene av kjønnslemlesting vil kunne innebere for dei andre yrkesutøvarane som blir omfatta av avverjingsplikta. Departementet vil derfor ikkje i denne proposisjonen føreslå at det blir teke inn ei føresegn i kjønnslemlestingslova om plikt til å hindre følgjene av kjønnslemlesting. Ei slik føresegn har heller ikkje vore på alminneleg høyring.
Departementet vil heller ikkje føreslå at det blir oppretta eit sentralt register over personar som er kjønnslemlesta, mellom anna av omsyn til personvernet/konfidensialiteten til jentene.