4 Gjeldande rett
4.1 Innleiing
Reglar om forbod mot kjønnslemlesting er tekne inn i ei særskild lov, sjå punkt 4.2, men også anna regelverk kan direkte eller indirekte få verknad for feltet. Mellom anna kan anna regelverk få verknad ved at det pålegg ulike profesjonsgrupper opplysningsrett eller opplysningsplikt dersom nokon står i fare for å bli utsett for kjønnslemlesting. Vidare kan straffelova § 139 få verknad ved at lovparagrafen i nærmare bestemte tilfelle pålegg meldeplikt med sikte på å hindre eller førebyggje ei kjønnslemlesting som er i emning. Nedanfor blir det gjort greie for dei mest relevante føresegnene på området.
4.2 Lova om forbod mot kjønnslemlesting
Lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse er ei spesiell straffelov. Det heiter i § 1 første ledd:
«Den som forsettlig utfører et inngrep i en kvinnes kjønnsorgan som skader kjønnsorganet eller påfører det varige forandringer, straffes for kjønnslemlestelse. Straffen er fengsel inntil 3 år, men inntil 6 år dersom inngrepet har som følge sykdom eller arbeidsudyktighet som varer over 2 uker, eller en uhelbredelig lyte, feil eller skade er voldt, og inntil 8 år dersom inngrepet har som følge død eller betydelig skade på legeme eller helbred. Medvirkning straffes på samme måte.»
Det følgjer av andre ledd i paragrafen at rekonstruksjon av kjønnslemlesting skal straffast på same måte som kjønnslemlesting. Rekonstruksjon av kjønnslemlesting siktar til hendingar der kvinna ønskjer ny attsying etter ei tidlegare attsying, til dømes etter ein barnefødsel. Ved attsying/reparasjon etter ein fødsel skal ein freiste å oppnå mest mogleg naturlige anatomiske forhold. Forbodet mot rekonstruksjon rammer ikkje inngrep som er medisinsk grunngitt, til dømes fjerning av kjønnsorgan ved kreft, korrigering av medfødde misdanningar osv.
Det følgjer av straffelova § 12 nr. 3 bokstav h at kjønnslemlesting er straffbart etter norsk lov når inngrepet skjer i utlandet, dersom det blir utført av «norsk statsborger eller noen i Norge hjemmehørende person».
4.3 Straffelova
I § 229 i straffelova heiter det:
«Den, som skader en anden paa Legeme eller Helbred eller hensetter nogen i Afmagt, Bevidstløshed eller lignende Tilstand, eller som medvirker hertil, straffes for Legemsbeskadigelse med Fængsel indtil 3 Aar, men indtil 6 Aar, saafremt nogen Sygdom eller Arbeidsudygtighet, der varer over 2 Uger, eller en uhelbredelig Lyde, Feil eller Skade er voldt, og indtil 8 år, saafremt Døden eller betydelig Skade paa Legeme eller Helbred er blevet Følgen.»
Lovparagrafen er relevant ved kjønnslemlesting. Straffealternativa i lov om forbud mot kjønnslemlestelse § 1 første ledd samsvarer med § 229 i straffelova om forsettleg lekamsskading, jf. Ot.prp. nr. 50 (1994-95) side 6. Departementet legg til grunn at kjønnslemlesting vil påføre ein annan lekamsskade, og såleis blir ramma av § 229 i straffelova.
§ 139 i straffelova set straff for den som lèt vere å prøve å avverje nærmare opplista lovbrot. Det heiter såleis i første ledd i paragrafen at «Med bøter eller med hefte eller fengsel inntil 1 år straffes den som unnlater gjennom betimelig anmeldelse for vedkommende myndighet eller på annen måte å søke avverget» nærmare bestemte alvorlege brotsverk som blir lista opp i paragrafen. Det er eit straffevilkår at vedkomande «til en tid da forbrytelsen eller dens følger ennå kunne forebygges, har fått pålitelig kunnskap om at den er i gjære eller er forøvd».
Lovparagrafen kan vere relevant ved kjønnslemlesting. Kjønnslemlesting kan i visse tilfelle reknast som «betydelig Skade paa Legeme eller Helbred», og blir då ramma av straffelova § 231 om (forsettleg) grov lekamsskading, som er ei av dei føresegnene § 139 i straffelova viser til. Straffelova § 9 definerer «betydelig Skade paa Legeme eller Helbred» som
«hvorved nogen mister eller faar væsentlig Svækkelse paa Syn, Hørsel, Taleevne eller Evne til at forplante sin Slægt, bliver vanfør, udygtig til at fortsætte sitt Erhverv eller i høi Grad vansiret, falder i livsfarlig eller langvarig Sygdom eller bliver påført alvorlig psykisk skade.»
Lovavdelinga i Justisdepartementet gav i ei fråsegn til Sosial- og helsedepartementet frå 5. februar 1980 uttrykk for at dei fleste alternativa i straffelova § 9 berre vil vere aktuelle der omskjeringa fører til alvorlege medisinske komplikasjonar.
Departementet reknar med at kjønnslemlesting ikkje utan vidare kan oppfattast som «betydelig skade» etter straffelova § 231. Som nemnt ovanfor, vil ei kjønnslemlesting falle inn under § 229 i straffelova, men meldeplikta etter straffelova § 139 gjeld ikkje for dei lekamsskadingane som berre fell inn under § 229.
4.4 Helsepersonellova
4.4.1 Teieplikt
Helsepersonell har ei profesjonsbasert teieplikt. Det følgjer av helsepersonellova § 21 at helsepersonell skal hindre at andre får tilgang eller kjennskap til opplysningar om folks lekams- eller sjukdomsforhold eller andre personlege forhold som dei får vite om i eigenskap av å vere helsepersonell. Opplysningar om at ei ung jente er blitt kjønnslemlesta, vil vere underlagde teieplikt etter denne føresegna.
Den profesjonsbestemte teieplikta til helsepersonell er strengare enn den forvaltningsmessige teieplikta. Men teieplikta til helsepersonell er ikkje absolutt. Pasienten (den personen som har ein rett til konfidensialitet) kan gi sitt samtykke til at opplysningar blir gitt vidare. Utan samtykke kan opplysningar berre givast vidare dersom det er uttrykkjeleg fastsett i lov, eller dersom det er ein klar føresetnad at teieplikta ikkje skal gjelde.
4.4.2 Opplysningsrett
Etter helsepersonellova § 23 nr. 4 er teieplikta etter § 21 ikkje til hinder for at opplysningar blir gitt vidare når tungtvegande private eller offentlege interesser gjer det rettmessig å gi opplysningane vidare. Føresegna inneber at helsepersonell har rett til å gi opplysningar vidare, men at dei ikkje har plikt til det. Helsepersonellet må sjølv vurdere om opplysningane kan givast vidare. Overordna rammer for ei slik vurdering følgjer av kravet til forsvarleg yrkesutøving.
I førearbeidet til helsepersonellova § 23 nr. 4 heiter det på side 228 i Ot.prp. nr. 13 (1998-99):
«Hensynene som taler for å bryte taushetsplikten, må veie vesentlig tyngre enn hensynet som taler for å bevare taushet, [...]. Det vil være tilfeller hvor videreformidling av informasjon er egnet til å motvirke skader av et visst omfang, for eksempel hvis et helsepersonell får kunnskap om at pasienten er en kriminell som er til fare for sine omgivelser. Derimot vil ikke ethvert brudd på straffeloven tilsi at taushetsplikten må vike. Ved spørsmål om mishandling, har det i praksis blitt vektlagt hvorvidt fornærmede selv «ønsker» saken anmeldt, samt overtredelsens omfang. Det er antatt at taushetsplikten først kan vike hvis det dreide seg om grov legemsbeskadigelse etter straffeloven.»
Lovføresegna kan vere relevant ved kjønnslemlesting. Om det ligg føre ein rett til å setje til side teieplikta, må avgjerast etter ei konkret vurdering frå helsepersonellet si side. Som det går fram av førearbeidet til føresegna, skal det mykje til før teieplikta kan setjast til side. Departementet tolkar føresegna slik at helsepersonell har ein rett til å melde frå om ei føreståande kjønnslemlesting for å hindre at inngrepet blir gjennomført, men held det for å vere tvilsamt om føresegna gir helsepersonell plikt til å melde frå.
4.4.3 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Opplysningsplikt inneber at helsepersonell har ei lovbestemt plikt til å gi opplysningar vidare, og ikkje berre ein rett. Etter helsepersonellova § 33 andre ledd har helsepersonell plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Alvorleg omsorgssvikt refererer til forhold som er nemnde i lov om barneverntjenester § 4-10 (vedtak om medisinsk undersøking og behandling), § 4-11 (vedtak om behandling av born som har særlege behandlings- og opplæringsbehov), § 4-12 (vedtak om å overta omsorga for eit barn) og § 4-24 (plassering og tilbakehalding i institusjon utan eige samtykke).
Føresegna kan vere relevant ved kjønnslemlesting. Opplysningsplikt til barnevernet vil vere aktuell der omskjering har skjedd og ein må rekne med at jenta er fysisk eller psykisk skadd, utan at foreldra syter for at ho får nødvendig helsehjelp. Det kan då gjerast vedtak om medisinsk undersøking og behandling etter barnevernlova § 4-10.
Det er uklart i kva grad ein etter føresegna er pliktig til å gi opplysningar til barnevernet for å hindre omskjering utanom i dei mest alvorlege situasjonane, som også blir omfatta av opplysningsplikt etter straffelova § 139.
4.4.4 Opplysningsplikt til politiet
Etter helsepersonellova § 31 har helsepersonell plikt til å varsle politiet dersom det er nødvendig for å hindre alvorleg skade på person. I førearbeida til lova heiter det (Ot.prp. nr. 13 (1998-99) side 232):
«I bestemmelsen åpnes det for at helsepersonell kan gi opplysninger for å avverge alvorlige skader på mennesker. Denne opplysningsretten vil normalt ikke gå lenger enn det som følger av det generelle unntaket i § 23 nr. 4, se kommentarer til denne. Den innebærer imidlertid at helsepersonell kan gi opplysninger utover det som følger av opplysningsplikten i straffelovens § 139. Dette kan f.eks. være aktuelt for å avverge forbrytelser som ikke er oppregnet i denne bestemmelsen, eller hvor øvrige vilkår ikke er oppfylt. Det kan f.eks. være for å hindre at en person som verbalt eller fysisk gir uttrykk for å ville utøve vold - får utfolde seg.»
Denne lovparagrafen kan vere relevant der det er fare for at ei kjønnslemlesting skal bli utført. Det er uklart om føresegna gjeld ved alle typar av kjønnslemlesting.
4.4.5 Straff
Det går fram av helsepersonellova § 67 at den som forsettleg eller grovt aktlaust bryt eller medverkar til brot på føresegner i lova eller i medhald av lova, blir straffa med bøter eller fengsel i opptil tre månader. Det blir reist offentleg påtale dersom allmenne omsyn krev det, eller dersom Statens helsetilsyn krev det.
4.5 Barnehagelova
I barnehagelova (lov 5. mai 1995 nr. 19) § 1 første ledd heiter det:
«Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheter i nær forståelse og samarbeid med barnas hjem.»
4.5.1 Teieplikt
Det følgjer av barnehagelova § 21 at for verksemder som er omfatta av lova, gjeld reglane om teieplikt i forvaltningslova §§ 13 til 13f.
4.5.2 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Det går fram av barnehagelova § 23 at barnehagepersonalet i arbeidet sitt skal vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side.
Det følgjer av andre ledd i lovparagrafen at barnehagepersonalet utan hinder av teieplikta av eige tiltak skal gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. lov om barneverntjenester § 4-10, § 4-11 og § 4-12, eller når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar over tid, jf. same lov § 4-24. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for gjennomføringa av barnevernlova, har barnehagepersonalet plikt til å gi slike opplysningar.
Det er uklart om tilsette i barnehagar etter føresegna har ei plikt til å gi opplysningar til barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, utanom i dei mest alvorlege tilfella, som også vil vere omfatta av opplysningsplikt etter straffelova § 139.
4.5.3 Opplysningsplikt til sosialtenesta
Det følgjer av barnehagelova § 22 at barnehagepersonalet skal yte sosialtenesta hjelp i klientsaker. Barnehagepersonalet skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta si side. Dei skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast etter samtykke frå klienten, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.
4.6 Barnevernlova
Formålet med barnevernlova (lov 17. juli 1992 nr. 100) er å sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å medverke til at born og unge får trygge oppvekstvilkår, jf. § 1 i lova.
4.6.1 Teieplikt
Det følgjer av barnevernlova § 6-7 første ledd at ein person som utfører teneste eller arbeid for eit forvaltningsorgan eller ein institusjon etter lova, har teieplikt etter forvaltningslova §§ 13 til 13e. Etter andre ledd omfattar teieplikta også fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad og arbeidsstad. Opplysning om opphaldsstaden til ein klient kan likevel givast når det er klart at det ikkje vil skade tilliten til barneverntenesta eller institusjonen å gi slik opplysning.
4.6.2 Opplysningsrett til andre forvaltningsorgan
Etter barnevernlova § 6-7 tredje ledd kan barneverntenesta gi opplysningar til andre forvaltningsorgan når det er nødvendig for å fremje oppgåvene til barneverntenesta eller for å førebyggje vesentleg fare for liv eller alvorleg skade for helsa til nokon. Føresegna vil kunne gi barneverntenesta heimel til å gi opplysningar til politiet om ei føreståande kjønnslemlesting. Den eller dei tilsette må då i førevegen ta stilling til om kjønnslemlesting i det konkrete tilfellet vil innebere ein alvorleg skade for helsa til barnet.
4.7 Opplæringslova
4.7.1 Teieplikt
Det følgjer av opplæringslova § 15-1 at reglane om teieplikt i forvaltningslova også gjeld for verksemder som er underlagde opplæringslova.
4.7.2 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Det følgjer av opplæringslova § 15-3 at personalet på skular som er omfatta av lova, i arbeidet sitt skal vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt etter §§ 4-10 til 4-12 i barnevernlova, eller når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar over tid, jf. barnevernlova § 4-24. Vidare skal personalet gi slike opplysningar etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre barnevernlova.
Føresegna kan vere relevant ved kjønnslemlesting. Opplysningsplikt til barnevernet vil mellom anna vere aktuelt der omskjering har skjedd og jenta må reknast for å vere fysisk eller psykisk skadd, utan at foreldra syter for at ho får nødvendig helsehjelp. I slike tilfelle kan det i samsvar med barnevernlova § 4-10 gjerast vedtak om medisinsk undersøking og behandling.
Det er uklart i kva grad føresegna gir tilsette ved skular ei plikt til å gi opplysningar til barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, utanom i dei mest alvorlege situasjonane, som også vil vere omfatta av straffelova § 139.
4.7.3 Opplysningsplikt til sosialtenesta
Det følgjer av opplæringslova § 15-4 at personalet i skular som er omfatta av lova, skal gi råd og rettleiing til sosialtenesta i klientsaker. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta si side, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar likevel berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.
4.7.4 Straff
Opplæringslova har ei straffeføresegn som gjeld ved brot på føresegnene i lova om skulemiljøet til elevane. Det følgjer av § 9-7 at den som forsettleg eller aktlaust bryt krava i dette kapitlet eller i forskrifter gitt i medhald av det, blir straffa med bøter eller fengsel i opptil 3 månader eller begge delar. Medverknad blir straffa på same måten.
4.8 Sosialtenestelova
4.8.1 Teieplikt
Det følgjer av sosialtenestelova § 8-8a at alle som utfører teneste eller arbeid for sosialtenesta, har teieplikt etter forvaltningslova §§ 13 til 13e.
4.8.2 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Det går fram av sosialtenestelova § 8-8a at personell som arbeider innanfor ramma av lova, i arbeidet sitt skal vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side.
Det følgjer av andre ledd i lovparagrafen at personellet utan hinder av teieplikta av eige tiltak skal gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. lov om barneverntjenester § 4-10, § 4-11 og § 4-12, eller når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar, jf. same lov § 4-24. Personalet har også plikt til å gi slike opplysningar etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for gjennomføringa av barnevernlova.
Det er uklart om det etter føresegna ligg føre ei plikt til å gi opplysningar til barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, utanom i dei mest alvorlege tilfella, som også er omfatta av opplysningsplikt etter straffelova § 139.