7 Lovgivinga i nokre andre land
7.1 Sverige
Sverige har til liks med Noreg ei eiga lov om kjønnslemlesting, Lag (1982:316) med förbud mot könsstympning. Det heiter i § 1 i lova:
«Ingrepp i de kvinnliga yttre könsorganen i syfte att stympa dessa eller åstadkomma andra bestående förändringar av dem (könsstympning) får inte utföras, oavsett om samtycke har lämnats till ingreppet eller inte.»
Det går fram av § 2 i lova at den som bryt § 1, skal dømmast til fengsel i høgst fire år. Dersom lovbrotet har innebore livsfare, alvorleg sjukdom eller i «annat fall inneburit ett synnerligen hänsynslöst beteende», skal det reknast som grovt. For grovt brot på lova er strafferamma minst to år og høgst ti år.
Etter svensk rett skal mistanke om kjønnslemlesting meldast etter socialtjänstlagen (2001:453) kapittel 14 § 1. Meldeplikta omfattar mellom anna lærarar, førskulelærarar og personell i barneomsorga, i helse- og sosialtenesta, i verksemder som driv med familierådgiving, og i andre verksemder som kjem i kontakt med born og ungdom.
Ein tenestemann som lèt vere å melde frå om eit forhold som er omfatta av socialtjänstlagen kapittel 14 § 1, kan straffast etter føresegner i brottsbalken kapittel 20 § 1 om tenestefeil.
7.2 Danmark
I Danmark er straffebodet mot kjønnslemlesting eller omskjering av kvinner teke inn i straffelova, jf. LBK nr. 685 av 24.07.2003. Det heiter i straffelova § 245a:
«Den, som ved et legemsangrep med eller uten samtykke bortskærer eller på anden måte fjerner kvindelige ydre kønsorganer helt eller delvis, straffes med fængsel indtil 6 år.»
Samtidig med den nemnde tilføyinga i straffelova § 245a blei det gjort endringar i straffelova §§ 7 og 94 og i utlendingslova §§ 11 og 22. Det følgjer av straffelova § 7 at kjønnslemlesting er straffbart etter dansk rett når brotsverket skjer i utlandet, dersom det er utført av ein person som på gjerningstidspunktet hadde dansk «indfødsret» eller var busett i den danske stat. Straffelova § 94 slår fast at foreldingsfristen for kjønnslemlesting skal reknast tidlegast frå den dagen den som blei utsett for inngrepet, fyller 18 år.
Etter utlendingslova § 11 stk 7 kan ein utlending ikkje givast tidsuavgrensa opphaldsløyve dersom utlendingen på grunn av brot på straffelova § 245a er idømd straff utan vilkår på minst 2 års fengsel eller anna strafferettsleg rettsfølgje, som inneber eller gir høve til å ileggje fridomstap på minst 2 år. Ein utlending som er idømd straff etter straffelova 245a, kan vidare utvisast etter føresegner i utlendingslova § 22.
7.3 Andre land
Stadig fleire afrikanske land har eksplisitt lovforbod mot omskjering. Det gjeld Burkina Faso (innført i 1995), Den sentralafrikanske republikken (innført i 1996), Djibouti (innført i 1995), Elfenbeinskysten (innført i 1998), Ghana (innført i 1994), Senegal (innført i 1999), Tanzania (innført i 1998) og Togo (innført i 1998). I mange andre land finst det anten dekret som seier at kvinneleg omskjering ikkje skal utførast (Egypt), eller det er generelle føresegner i straffelova som er relevante.