5 FNs konvensjon om barnerettane
Konvensjonen om barnerettane blei vedteken av generalforsamlinga i FN 20. november 1989 og ratifisert av Noreg 8. januar 1991. Konvensjonen blei gjord gjeldande for Noreg frå 7. februar 1991. Det blei ikkje gjort lovendringar i samband med ratifikasjonen, og konvensjonen blei ikkje aktivt innarbeidd i norsk lovgiving. Det er lagt til grunn at norsk lov oppfylte krava i konvensjonen.
Ved lov 1. august 2003 nr. 86 blei barnekonvensjonen ein del av menneskerettslova. Det skjedde gjennom ei endring i menneskerettslova, jf. menneskerettslova § 2 nr. 4, som blei sett i kraft frå 1. oktober 2003.
Det følgjer av konvensjonen om barnerettane artikkel 19 at staten skal verne born mot fysisk eller psykisk mishandling, forsømming eller utnytting av foreldre og andre omsorgspersonar. Etter artikkel 24 har born rett til å få best mogleg medisinsk behandling og rehabilitering. Etter artikkel 24 tredje ledd skal deltakarlanda setje i verk effektive og veleigna tiltak med sikte på å avskaffe tradisjonsbestemte skikkar som er skadelege for helsa til born. Det er internasjonal semje om at kjønnslemlesting blir omfatta av artikkel 24. Dette er mellom anna slått fast i rettleiaren «Implemention Handbook for the Convention on the Rights of the Child», gitt ut av UNICEF i 1998.