6 FNs kvinnekonvensjon
Kvinnekonvensjonen blei vedteken av generalforsamlinga i FN 18. desember 1979 og ratifisert av Noreg 21. mai 1981. Konvensjonen tok til å gjelde frå 3. september 1981, etter at 20 land, det nødvendige minimum, hadde ratifisert han.
Kvinnekonvensjonen dreier seg om kvinnene si stilling, på same måten som lova om forbod mot kjønnslemlesting omhandlar ein praksis som rettar seg mot kvinner.
Artikkel 12 i konvensjonen omhandlar kvinner sin rett til helse. Tilsynsorganet for kvinnekonvensjonen, CEDAW-komiteen, har i fleire av dei generelle rekommandasjonane sine uttalt at kjønnslemlesting er ein praksis i strid med artikkel 12. I generell rekommandasjon nr. 24 frå 1999 heiter det mellom anna:
«The obligation to protect rights to woman's health requires States parties, their agents and officials to take action to prevent and impose sanctions for violations of rights by private persons and organisations. Since genderbased violence is a critical health issue for women, States parties should ensure [...] the enactment and effective enforcement of laws that prohibit female genital mutilation.»
Det lovforslaget som ligg føre her, kan oppfattast som ein måte å oppnå «effective enforcement» av lovgivinga mot kjønnslemlesting på, og er derfor eit tiltak i tråd med dei pliktene Noreg tok på seg i samband med ratifiseringa av konvensjonen.
Barne- og familiedepartementet arbeider med å innarbeide kvinnekonvensjonen i norsk lovgiving. Odelstingsproposisjon vil bli fremja våren 2004.