8 Helsekonsekvensar av kjønnslemlesting
Kjønnslemlesting kan ha vidtrekkjande konsekvensar for helsa til born og kvinner, både den fysiske og den psykiske helsa. Dei helsemessige konsekvensane varierer sterkt, ettersom det er ulike inngrep som kjem inn under omgrepet kjønnslemlesting eller «kvinneleg omskjering». Det kan også oppstå ulike komplikasjonar, både på kort og på lang sikt.
Døme på konsekvensar som kan følgje straks etter ei kjønnslemlesting, er sjokk, bløding, smertefull vasslating, infeksjonar og psykisk sjokk på grunn av inngrepet. Ei jente som blir utsett for kjønnslemlesting, kan få vanskar med å delta i fysiske aktivitetar, som symjing, vanleg leik osv., og det kan i stor grad verke negativt inn på det sosiale livet til jenta.
Døme på etterfølgjande og meir langsiktige komplikasjonar er problem i form av smerter ved menstruasjon, underlivssmerter, kronisk underlivsbetennelse, eventuelt med barnløyse til følgje, invalidiserande vasslatingsproblem, komplikasjonar i samband med svangerskap og fødsel, smerte ved samleie og andre seksuelle problem.
Ein kan ikkje alltid på førehand vite kor omfattande ei kjønnslemlesting blir. Det kan oppstå alvorlege komplikasjonar etter alle former for kjønnslemlesting. Slike komplikasjonar kan føre til at eit inngrep som i utgangspunktet er planlagt som eit type II-inngrep, fører til ein tilstand som svarer til type III. Av internasjonal litteratur går det fram at det førekjem dødsfall etter alle typar av kjønnslemlesting.