19 Den arbeidsrettslege stillinga til skoleleiarar og undervisningspersonell
19.1 Gjeldande rett
19.1.1 Generelt
Tilsette i skoleverket har status som arbeidstakarar og er omfatta av dei vanlege arbeidsrettslege reglane, med mindre det ligg føre særreglar. Også for undervisningspersonell og skoleleiarar er utgangspunktet såleis at reglane i lov 4.02. 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (aml.) gjeld så langt det ikkje er gjort unntak. Tilsvarande gjeld for anna arbeidsrettsleg lovgiving.
Generelt har fylkeskommunen og kommunen tilsetjingskompetanse i kraft av arbeidsgivarposisjonen sin. Gsl. § 21 nr. 1, 3 og 4 gir likevel enkelte særreglar om tilsetjingskompetansen.
19.1.2 Utlysing av ledig stilling
Etter gsl. § 20 nr. 1 skal ledige undervisnings- eller rektorstillingar lysast ut av kommunen. Utlysingsteksten skal innehalde vilkår for stillinga og opplyse om søknadsfristen. Søknadsfristen skal vere minst tre veker. Dessutan skal stillingar for adjunkt eller lektor med undervisning på barne- og ungdomstrinnet, eller berre på ungdomstrinnet, eller både i grunnskolen og den vidaregåande skolen, lysast ut slik at dei faga det er krav om undervisningskompetanse i, er særskilt nemnde, jf. gsl. § 20 nr. 2.
Kommunen kan ikkje krevje at søkjarane skal gi opplysningar om korleis dei ser på politiske og kulturelle spørsmål, jf. gsl. § 20 nr. 3. Regelen nemner ikkje direkte at ein ikkje kan leggje vekt på politiske eller kulturelle spørsmål. Det same gjeld den allmenne regelen i aml. § 55 A, som også omfattar religiøse spørsmål. Men ein må forstå begge reglane slik at dei set forbod mot å leggje vekt på slike forhold når ein skal vurdere søkjarane, med mindre stillinga er slik at det er sakleg å leggje vekt på desse forholda, jf. blant anna Jakhelln: Oversikt over arbeidsretten (1993) s. 27.
Etter gsl. § 21 nr. 2 må den som blir tilsett, innan åtte dagar frå han har teke imot melding om tilsetjing, skriftleg melde frå om han tek imot stillinga. Denne fristen kan kommunen gjere lengre. Etter gsl. § 23 nr. 2 pliktar den som tek imot ei ny stilling, straks å seie opp ei stilling som han ikkje kan halde fram i når han tek til i den nye stillinga. Vedkommande har også plikt til straks å kalle tilbake andre søknader på slike stillingar.
Reglar om skriftleg arbeidsavtale finst i aml. § 55 B flg. Reglane gjeld også for undervisningspersonell og skoleleiarar. Dessutan finst det tariffeste reglar om tilsetjingsbrev i avtale om rettsvilkår for personell i undervisningsstillingar og leiarstillingar i den vidaregåande skolen av 14.06.1984 (rettsvilkårsavtalen) § 3. Rettsvilkårsavtalen fører ikkje til unntak frå reglane i aml. § 55 C om kva arbeidsavtalen minst skal omfatte.
19.1.3 Tidsavgrensa tilsetjing, vikariat og liknande
Etter gsl. § 17 nr. 2 kan det «når det trengst [...]nyttast mellombels tilsette lærarar og vikarar «. Nokon tilsvarande regel er ikkje gitt i lov om vidaregåande opplæring.
Etter rettsvilkårsavtalen kan ei tidsavgrensa tilsetjing brukast i vikariat (§ 2 første leddet), det vil seie tenestegjering for ein annan når vedkommande er fråverande (§ 2 niande leddet). Det kan også brukast tidsavgrensa tilsetjing når det ikkje er mogleg å få tilsett ein person med godkjend utdanning i stillinga, eller når arbeidet er forbigåande og i samsvar med stillingsplanen (§ 2 tiande leddet).
Etter lovrevisjonen 06.01.1995 er reglane om tidsavgrensa tilsetjing fastsette i aml. § 58 A. Denne regelen held blant anna fast ved unntaka for «praksisarbeid eller vikariater», men avgrensar elles ordninga med å gjere arbeidsavtalar av tidsavgrensa lengd til tilfelle der «arbeidets karakter tilsier det og arbeidet atskiller seg fra det som ordinært utføres i bedriften».
Sidan lovgivinga ikkje har særreglar for mellombels tilsetjing i den vidaregåande skolen, må tariffreglane ovanfor vike dersom dei fastset dårlegare vilkår for ein arbeidstakar enn det som følgjer av aml. § 58 A.
19.1.4 Pliktene til undervisningspersonell og skoleleiarar
Opplæringslovgivinga gir fleire reglar om dei pliktene som kviler på undervisningspersonell og skoleleiarar. Innanfor dei grensene som følgjer av lovgivinga og tariffavtalane, kan kommunen og fylkeskommunen påleggje undervisningspersonalet plikter i kraft av den arbeidsrettslege styringsretten.
Etter gsl. § 22 nr. 5 skal personalet rette seg etter dei lovene som gjeld for skolen, og etter dei reglane som er gitt i skoleplanar, reglement og instruksar. Etter § 22 nr. 1 har personalet, enkeltvis og samla, ansvaret for at skolen blir driven i samsvar med dei måla som er sette for skolen, og dei skal medverke til å skape eit godt skolesamfunn.
Dessutan heiter det i § 22 nr. 2 at lærarane pliktar å undervise på dei læresteg og i dei faga som dei har kompetanse til. Etter gsl. § 18 nr. 3 må undervisning i kristendomskunnskap skje i samsvar med den evangelisk-lutherske læra. Undervisningspersonalet pliktar også å møte til etterutdanning, planlegging, samråding og liknande utanom undervisningstida, i samsvar med reglar fastsette i reglement og instruks, jf. § 22 nr. 4.
Etter gsl. § 22 nr. 3 har personalet mot fastsett godtgjersle plikt til å rettleie praksisstudentar frå pedagogiske høgskolar, seminar eller andre utdanningsinstitusjonar dersom dei får praksistida si på skolen. Etter § 22 nr. 6 pliktar lærarane å melde frå til rektor om elevar som dei meiner treng spesialundervisning.
Etter gsl. § 17 nr. 3 kan kommunen setje ein lærar til å føre tilsyn med undervisningsrom, innbu og læremiddel.
Etter § 3-1 nr. 2 i grunnskoleforskrifta kan det til ei lærarstilling leggjast særskilde tenester på åremål som del av stillinga, til dømes pedagogisk rettleiingsteneste, elevrådsarbeid og skolebibliotekteneste.
Gsl § 12 nr. 1 b gir departementet heimel til å gi normalinstruksar for personalet i skolen. Slike instruksar er gitt i kapittel X i grunnskoleforskrifta. Forskriftene inneheld ein generell instruks for personalet ved skolane (§ 10-1) og ein instruks for rektor (§ 10-2), undervisningsinspektør (§ 10-3) og lærar (§ 10-4).
Etter lvgo. § 20 første leddet har personalet enkeltvis, samla og i samarbeid med elevane ansvaret for at opplæringa skjer i samsvar med dei generelle og spesielle delane av læreplanen. Dessutan skal undervisningspersonalet undervise på dei stega og i dei faga og kursa som skoleleiinga fastset, jf. § 20 andre leddet. Undervisningspersonalet har også plikt til å møte til planlegging og drøftingar utanom undervisningstida og til å ta på seg andre oppgåver som heng saman med verksemda i skolen.
Etter lvgo. § 20 tredje leddet har undervisningspersonalet i vidaregåande skolar plikt til å vere rettleiarar for studentar ved pedagogiske høgskolar og pedagogiske seminar, dersom desse får praksistida si på skolen.
Etter § 20 fjerde leddet kan departementet gi forskrifter med «reglement og instrukser» for rektor, undervisningsstillingar og andre pedagogiske stillingar og funksjonar i vidaregåande skolar. Departementet har gitt forskrift om instruks for lærarar, filialskoleleiarar, rektorar, inspektørar, studieinspektørar, kursinspektørar, hovudlærarar, rådgivarar, klassestyrarar og samlingsstyrarar.
Etter vol. § 9 andre leddet kan departementet gi forskrift om at lærarstillingar i offentlege utdanningsinstitusjonar, til dømes grunnskolar og vidaregåande skolar, kan få oppgåver i vaksenopplæringa.
Tariffavtalane mellom staten og lærarorganisasjonane inneheld reglar om blant anna undervisningsplikta og arbeidstida elles for personalet.
19.1.5 Særleg om reservasjonsrett
Det generelle arbeidsrettslege utgangspunktet er at ein arbeidstakar ikkje kan reservere seg mot å gjere arbeidsoppgåver som er omfatta av stillinga, med mindre det følgjer avgrensingar av arbeidsavtalen eller av eit anna rettsgrunnlag. Undervisningspersonalet kan derfor som hovudregel ikkje reservere seg mot å undervise i eit fag på det grunnlaget at faget, undervisningsopplegget eller andre forhold ved faget strir mot det livssynet, den politiske overtydinga eller liknande som vedkommande måtte ha.
I gsl. § 18 nr. 3 andre leddet er det likevel fastsett ein særskild heimel for slik reservasjonsrett. Her er det fastsett at ein lærar som ikkje høyrer til Den norske kyrkja eller til Den evangelisk-lutherske frikyrkja, ikkje pliktar å undervise i faget kristendomskunnskap jamvel om han har kompetanse til det.
19.1.6 Permisjon
Etter § 21 i lov om vidaregåande opplæring kan fylkeskommunen gi ein lærar eller ein annan tenestemann permisjon etter reglar gitt av departementet. Fylkeskommunen kan overlate til skolen å gi permisjon for ei kortare tid.
Dessutan fastset lærarutdanningslova § 4 nr. 2 at det kan givast permisjon for etterutdanning på nærmare vilkår fastsette av departementet.
Rettsvilkårsavtalen § 2 femte leddet slår fast:
«Undervisningspersonale tilsatt fast eller på oppsigelse kan etter søknad få stillingen midlertidig redusert inntil halv stilling for inntil tre år. Ved innvilgelse av midlertidig redusert stilling skal det fastsettes når permisjonen opphører.»
Fellesreglane i hovudtariffavtalen for staten, med tilpassing for skoleverket, inneheld også reglar om permisjon. Det same gjeld avtaleverket for kommunane og fylkeskommunane.
Det følgjer elles av allmenne arbeidsrettslege reglar at ein arbeidsgivar i kraft av styringsretten kan gi ein arbeidstakar permisjon dersom arbeidstakaren søkjer om det.
19.1.7 Stillingsvernet
Etter gsl. § 17 nr. 1 tredje leddet skal to tredelar av dei heile stillingane vere faste (uoppseielege) og resten oppseielege. Rettsvilkårsavtalen fastslår at undervisningspersonell i den vidaregåande skolen skal bli fast tilsett etter to års teneste i oppseieleg stilling, jf. § 2 sjuande leddet, innanfor ei ramme på 67 % av dei samla ressursane som skolen har til administrasjon, undervisning og andre pedagogiske oppgåver.
Både etter det allmenne kravet om sakleg grunngiving for vedtak i forvaltningsretten og etter den generelle hovudregelen i § 60 nr. 1 i arbeidsmiljølova må oppseiing frå arbeidsgivaren ha sakleg grunn i forhold til den arbeidstakaren som blir oppsagd. Dette utgangspunktet må også leggjast til grunn i forhold til undervisningspersonell og skoleleiarar. Kravet om sakleg oppseiing er etter § 5 i arbeidsmiljølova ufråvikeleg og gjeld såleis jamvel om noko anna måtte vere fastsett i tariffavtalar, reglement eller arbeidsavtalar.
Grunnskolelova inneheld ein særregel om kva som er lovleg grunn til oppseiing. Etter gsl. § 24 nr. 1 første leddet kan ein kommune seie opp oppseielege tenestemenn «når ei stilling fell bort ved omskiping av krinsar, ved inndraging av klassar eller av andre tvingande grunnar».
Dessutan har arbeidsgivaren etter reglane i aml. § 60 nr. 2 plikt til å tilby arbeidstakaren «annet passende arbeid i virksomheten» når ei oppseiing kjem av driftsinnskrenkingar eller rasjonaliseringstiltak. Gsl. § 24 regulerer på si side plikta for den tilsette til å ta over ei anna stilling når det ligg føre eit oppseiingsgrunnlag.
Gsl.§ 24 nr. 1 tredje leddet fastset at personell med kortast ansiennitet skal seiast opp først dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar.
Også § 4 i rettsvilkårsavtalen tek opp att regelen om retten til oppseiing og plikt til å tilby anna stilling etter aml. § 60 nr. 1 og 2. Avtalen har også reglar om plikt for tilsette i uoppseieleg stilling til å gå over i anna stilling.
Kommunen som arbeidsgivar må vurderast som ei verksemd i relasjon til § 60 nr. 2 i arbeidsmiljølova om plikt til å finne anna passande arbeid til den læraren det er spørsmål om å seie opp. Det må gjelde utan omsyn til om tilsetjinga gjeld ein særskild skole eller kommunen under eitt, jf. ovanfor. Ein må rekne med at dette gjeld tilsvarande for fylkeskommunane.
Lengda på oppseiingsfristen for undervisningspersonell og skoleleiarar skil seg frå reglane i arbeidsmiljølova.
Etter gsl. § 23 nr. 1 kan den tilsette seie opp stillinga med tre månaders varsel om ikkje noko anna er avtalt. Etter gsl. § 24 nr. 1 kan ein kommune seie opp tenestemenn som ikkje er fast tilsette og som er omfatta av gsl. § 21 nr. 1, med tre månaders varsel.
Rettsvilkårsavtalen § 4 første leddet seier at fast tilsett undervisningspersonell kan seie opp med tre månaders varsel. For oppseieleg undervisningspersonell gjeld i det første tenesteåret ein gjensidig oppseiingsfrist på éin månad. Frå og med det andre tenesteåret gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på tre månader, jf. § 4 andre leddet.
Etter aml. § 58 nr. 1 gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på éin månad der noko anna ikkje er skriftleg avtalt eller fastsett i tariffavtale. For arbeidstakarar med minst fem års samanhengande tilsetjing i den same verksemda gjeld lengre oppseiingsfristar, jf. aml. § 58 nr. 2 og 3, sjå også § 58 nr. 7. For tilsette med prøvetid gjeld 14 dagars oppseiingsfrist, dersom ikkje noko anna er skriftleg avtalt eller fastsett i tariffavtale.
Det er ikkje fastsett særskilde reglar om formkrav ved oppseiing i opplæringslovgivinga. Dei allmenne reglane i aml. § 57 gjeld derfor. I tillegg kjem reglane i forvaltningslova om blant anna grunngiving av vedtak (§ 24 og § 25).
Reglar om suspensjon og avskil er gitt i gsl. § 24 nr. 3. Slike reglar om suspensjon og avskil er også tekne med i rettsvilkårsavtalen.
19.1.8 Andre rettar for undervisningspersonell og skoleleiarar
Etter gsl. § 19 nr. 1 skal lønns- og arbeidsvilkåra for stillingar som går inn under lova regulerast i tariffavtale. Likevel er det i § 19 gitt enkelte reglar om slike vilkår. Etter § 19 nr. 2 skal lærarar som sluttar ved slutten av vårsemesteret, ha lønn ut juli. Dessutan skal lærarar som tek til i stillinga i byrjinga av haustsemesteret, ha lønn frå 1. august.
I § 19 nr. 3 er det fastsett reglar om skyssgodtgjersle for lærarar som underviser på meir enn ein skole. Dessutan inneheld § 19 nr. 4 og 5 reglar om flyttegodtgjersle og lønn under sjukdom.
Elles inneheld tariffavtalane mellom staten og lærarorganisasjonane rettar for undervisningspersonell og skoleleiarar ut over dei som er nemnde ovanfor. Blant anna omtaler avtalane lønna og arbeidstida til personalet.
19.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet
Utvalet tek utgangspunkt i at undervisningspersonell og skoleleiarar bør høyre inn under dei same arbeidsrettslege reglane som gjeld for alle andre grupper av kommunalt og fylkeskommunalt tilsette. Eventuell særskild regulering må grunngivast i særlege forhold for denne arbeidsgruppa.
Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å oppheve dei særlege reglane om uoppseielege avtalar, oppseiingsgrunnar, vektlegging av ansiennitet ved oppseiing, overføring til annan skole, avskil, suspensjon og oppseiingsfristar i grunnskolen. Med den utviklinga som har skjedd når det gjeld oppseiingsvernet og kravet om saklege vedtak i forvaltningsretten, må ein gå ut frå at undervisningspersonell og skoleleiarar, slik fleirtalet oppfattar det, har nok stillingsvern utan særreglane i grunnskolelova. Utvalet gjer framlegg om overgangsreglar for personell som er tilsett etter ordninga i dag, sjå kapittel 28 om overgangsreglar.
Fleirtalet meiner at vurderingane av stillingsvernet i grunnskolen også er relevante for personell i vidaregåande opplæring, der særreglar for stillingsvernet ikkje finst i lov, men i tariffavtalar.
Mindretalet gjer framlegg om å halde på særlege lovreglar om stillingsvern i grunnskolen og å føre vidare i form av lov reglane i tariffavtalen om rettsvilkår for personellet i vidaregåande opplæring.
Utvalet gjer framlegg om ein særleg lovregel om høve til mellombels tilsetjing i grunnskolen og i den vidaregåande skolen når det ikkje er søkjarar som oppfyller dei lov- eller forskriftsfeste kompetansekrava, sjå kapittel 18 om kompetansekrav for undervisningspersonell og skoleleiarar. Det blir vist til at omsynet til opplæring for elevane i slike tilfelle må gå framom det behovet dei tilsette har for stillingsvern. Av omsyn til den mellombels tilsette og for å sikre at det med jamne mellomrom blir arbeidd med å skaffe kvalifisert personell, bør tilsetjinga vare ut skoleåret.
Fleirtalet i utvalet går inn for at mellombels tilsette skal få vanleg oppseieleg stilling etter fire års samanhengande tilsetjing hjå den same arbeidsgivaren. Fleirtalet legg i denne samanhengen større vekt på omsynet til den enkelte arbeidstakaren enn på dei omsyna som grunngir kompetansekrava for undervisningspersonell. Mindretalet går imot å føre inn ein slik regel.
Lovutkastet frå utvalet klargjer at fylkeskommunen eller kommunen i relasjon til aml. § 60 nr. 2 om plikt for arbeidsgivaren til å finne anna passande arbeid til arbeidstakarar som det er spørsmål om å seie opp, er éi verksemd. Ei tilsvarande klargjering må gjerast i forhold til førsteretten for oppsagde arbeidstakarar til ny stilling etter aml. § 67.
Utvalet gjer også framlegg om i hovudsak å føre vidare det lovfeste kravet om at ledige undervisningsstillingar og rektorstillingar i grunnskolen skal lysast ut offentleg. Utlysingskravet bør også gjelde for den vidaregåande skolen. Utvalet peiker på at løysinga dermed i hovudsak blir den same som for tilsetjing i statsstillingar, jf. §§ 2 og 6 nr. 1 i tenestemannslova.
Etter lovutkastet frå utvalet skal utlysingskravet ikkje gjelde for tilsetjing kortare enn seks månader. Utlysingskravet bør heller ikkje gjelde der arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller til ein tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i reglane i arbeidsmiljølova om oppseiingsvern (§ 60) og om førsterett til ny tilsetjing (§ 67).
Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å oppheve kompetansen for departementet til å gi forskrifter om innhaldet i stillingane. Mindretalet går imot dette. Utvalet gjer framlegg om å føre vidare reservasjonsretten etter gsl. § 18 nr. 3 andre leddet.
Eit mindretal gjer framlegg om at arbeidsåret for undervisningspersonell skal svare til eit årsverk som for andre arbeidstakarar i det offentlege med ordinær dagarbeidstid. Årsverket bør delast inn i tid til undervisning og tid til anna arbeid.
Det blir elles vist til framlegget frå utvalet om plikter for personalet i tilknyting til spesialundervisning (kapittel 8), klassestyrarfunksjonen (kapittel 10), innhaldet i opplæringa og vurdering (kapittel 11) og målformer i skolen (kapittel 12).
Utvalet gjer ikkje framlegg om andre arbeidsrettslege særreglar.
Dessutan gjer utvalet framlegg om å oppheve heimelen for departementet etter vol. § 9 andre leddet til å gi forskrifter om oppgåver i vaksenopplæringa for tilsette ved grunnskolar og vidaregåande skolar.
Når det gjeld spørsmålet om å utvide kravet om framlegging av politiattest og tilsetjingsforbodet i § 20 i lov 05.05.1995 nr. 19 om barnehager til også å gjelde skolen, meiner utvalet at ein bør vurdere grundig alle sider av spørsmålet før det blir gjort eit slikt framlegg. Utvalet kjem ikkje med framlegg om slike reglar.
19.3 Høyringsinstansane
19.3.1 Kommunane, fylkeskommunane og Kommunenes sentralforbund
Ei mengd kommunar har uttalt seg om mellombels tilsetjing av undervisningspersonell. Med få unntak er fråsegnene negative til framlegget om å gi mellombels tilsette fast stilling etter fire år. Det blir argumentert med at det er ulogisk på den eine sida å stille krav om lærarutdanning for tilsetjing i skoleverket for så på den andre sida å sidestille røynsle med fire års høgskoleutdanning. Det blir også vist til at framlegget har særleg negative konsekvensar for utkantkommunar.
Somme kommunar gjer framlegg om alternative løysingar, til dømes rett til fast tilsetjing i andre stillingar i kommunen eller fast tilsetjing under føresetnad av fullført utdanning innan ein rimeleg tidsperiode.
Fem av fylkeskommunane har uttalt seg om spørsmålet om mellombels tilsetjing og er negative til å føre inn ei fast tilsetjing for undervisningspersonell etter fire år som mellombels tilsette. Kommunenes sentralforbund (KS) er også imot ei slik ordning.
Få kommunar har uttalt seg om stillingsvernet for undervisningspersonell elles. Dei som har uttalt seg, er i hovudsak positive til at stillingsvernet blir normalisert. Alle fylkeskommunane som har uttalt seg om spørsmålet, ønskjer å normalisere stillingsvernet. KS har det same standpunktet og viser til at reglane i arbeidsmiljølova sikrar undervisningspersonell på same måten som andre arbeidstakarar. KS går ut frå at staten seier opp rettsvilkårsavtalen av 14. juni 1984.
KS og enkelte kommunar og fylkeskommunar er samde med mindretalet i utvalet, som gjer framlegg om å normalisere arbeidsåret til undervisningspersonellet.
19.3.2 Departementa
Kommunal- og arbeidsdepartementet uttaler seg positivt til å oppheve det særskilde stillingsvernet for undervisningspersonell, men meiner at det kan verke litt tilfeldig at omgrepet verksemd er definert. Også Finansdepartementet støttar framlegget om å normalisere stillingsvernet.
Barne- og familiedepartementet (BFD) finn det uheldig at utvalet ikkje har komme med framlegg om ein regel i opplæringslova som svarer til § 20 i barnehagelova om politiattestar. BFD meiner det er viktig å arbeide vidare med sikte på å verne barn og unge mot seksuelle overgrep i skolen. BFD støttar derfor framlegget frå utvalet om å få gjort eit utgreiingsarbeid der alle sider av spørsmålet om krav til politiattest blir drøfta.
19.3.3 Arbeidstakarorganisasjonane
LO/Norsk Lærarlag, Lærarforbundet og Norske Sivilingeniørers Forenings etatsforening ved tekniske fagskoler/videregående skoler, vil halde på dei særlege stillingsvernreglane for lærarar. Det blir blant anna vist til den særskilt utsette stillinga dette personellet har som formidlar av grunnleggjande verdiar og holdningar.
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund, Norsk Skolelederforbund og Norsk Musiker- og Musikkpedagogforening er samde i å normalisere stillingsvernet.
LO/Norsk Lærarlag går imot framlegget om fast tilsetjing etter fire års mellombels tilsetjing. Organisasjonane kan ikkje akseptere eit framlegg som i så sterk grad svekkjer krava til kvalitet i undervisninga. For å kunne ta vare på dei arbeidstakarane det gjeld, meiner dei at kommunen bør ha plikt til å hjelpe dei mellombels tilsette med å få pedagogisk utdanning, slik at dei fyller kompetansekrava. Alternativt må dei få rett til fast tilsetjing i ei anna kommunal verksemd. Også Norske Sivilingeniørers Forenings etatsforening ved tekniske fagskoler/videregående skoler og Lærarforbundet er imot lovutkastet på dette punktet.
LO/Norsk Lærarlag og Lærarforbundet går også imot å oppheve forskriftsheimelen til departementet for stillingsinstruksar.
Norsk Kommuneforbund er i utgangspunktet imot særlege reglar om mellombels tilsetjing og vil heller ha tilsetjing på vilkår. I alle tilfelle støttar Norsk Kommuneforbund at personar som har vore mellombels tilsette over fleire år, bør få fast stilling. Det blir vist til dei allmenne reglane i arbeidsmiljølova.
19.3.4 Universitet og høgskolar
Alle høgskolane og universiteta som har uttalt seg om spørsmålet, er imot at mellombels tilsette får fast tilsetjing etter fire år.
Høgskolen i Agder støttar å føre inn ein regel som hindrar tilsetjing i skolen - eller vidare tilsetjing - for personar som ei viss tid før tilsetjinga - til dømes ti år - er dømde for alvorlege seksuelle overgrep mot barn. Det blir vist til at omsynet til elevane og dei føresette klart bør vege tyngst i denne samanhengen.
Norsk lærerakademi meiner at fritaksretten for å undervise i kristendomsfaget bør førast vidare.
19.3.5 Andre
Somme andre høyringsinstansar uttaler seg også om stillingsvernet og er positive til å normalisere stillingsvernet for lærarane. Det gjeld blant anna Barneombodet og Unge Høgre.
Samisk utdanningsråd meiner det er uheldig at mellombels tilsette utan formell kompetanse etter fire år er sikra oppseieleg eller fast tilsetjing. Det skaper problem spesielt i dei samiske distrikta og elles i landet der det er vanskeleg å skaffe kvalifiserte lærarar som kan undervise i og på samisk.
Også Landslaget for Norges Lærerstudenter/Oahpaheaddji Studenttaid Riikasearvvi er kritisk til at ufaglært undervisningspersonell skal få det same oppseiingsvernet som andre tilsette. Landslaget meiner at framlegget kan skape store geografiske skilnader i kvalitet på undervisningstilbodet og svekkje den faglege og pedagogiske kunnskapen hos lærarpersonellet. Somme andre høyringsinstansar uttaler seg også negativt om dette framlegget.
Kyrkjerådet vil ikkje føre vidare reservasjonsretten for lærarane i kristendomsundervisninga. Mens Institutt for Kristen Oppseding og Unge Høgre tek det same standpunktet, vil Human-Etisk Forbund og biskopen i Nord-Hålogaland halde oppe reservasjonsretten.
Likestillingsombodet ønskjer snarleg å få utgreidd spørsmålet om tilsetjing av personar som er dømde for sedskapsbrot. Ombodet er samd med utvalet i at dette reiser ei rekkje prinsipielt vanskelege spørsmål.
Næringslivets Hovedorganisasjon meiner det bør givast forskrifter om ansvaret til rektor for at skolen arbeider i tråd med dei nasjonale måla som er fastsette.
19.4 Vurderingar og framlegg frå departementet
19.4.1 Generelt
Departementet sluttar seg til fleirtalet i utvalet, som gjer framlegg om at personellet i grunnskolen - med unntak for mellombels tilsette - skal finne stillingsvernet sitt i dei allmenne stillingsvernsreglane, i hovudsak i arbeidsmiljølova. Departementet er også samd i dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget. Ei naturleg følgje av desse vurderingane er at rettsvilkårsavtalen ikkje blir fornya, slik at også personalet i den vidaregåande skolen finn stillingsvernet sitt i dei allmenne reglane for stillingsvern. Sjå også kapittel 28 om overgangsreglar.
Dessutan er departementet samd i framlegget frå utvalet om å føre vidare ei særskild ordning med mellombels tilsetjing i undervisningsstillingar i grunnskolen når det er mangel på kvalifiserte søkjarar, og at det også skal gjelde den vidaregåande skolen. Det blir vist til nærmare vurderingar i kapittel 18 om kompetansekrav for skolepersonell.
Departementet har merka seg at høyringsinstansane i hovudsak er negative til framlegget om at mellombels tilsette skal ha lovfest rett til vanleg oppseieleg stilling etter fire år. Det blir blant anna vist til at ein slik regel særleg kan skape vanskar for utkantskolar, som oftare har behov for å tilsetje ukvalifisert personell. Slike skolar kan med denne regelen oppleve enda fleire ukvalifiserte tilsette.
Departementet har etter ei avveging av omsynet til kvaliteten på opplæringa på den eine sida og omsynet til stillingsvernet for den mellombels tilsette på den anna, komme til at det ikkje bør bli lovfesta ein regel om fast tilsetjing, slik fleirtalet i utvalet gjer framlegg om. Departementet vil likevel peike på at ikkje kan sjå bort frå at domstolane etter ei konkret vurdering vil kunne komme til at den mellombels tilsette etter ein lengre periode likevel vil kunne bli rekna som fast tilsett. Departementet viser her til praksis frå domstolane slik han mellom anna har komme til uttrykk i avgjerda i Rt. 1991 s. 872, der Høgsterett etter ei konkret vurdering fann at ein person som hadde vore mellombels tilsatt som avdelingsleiar i 12 år, måtte reknast som fast tilsett. I tillegg til lange perioden tilsettjinga hadde vart, vart det mellom anna lagt vekt på dei kvalifikasjonane praksis og tilleggsutdanning hadde tilført henne. Framlegget frå departementet tek ikkje sikte på å avskjere bruken av desse ulovfeste prinsippa for opplæringssektoren.
Med lov 28.06.1996 nr. 53 om endringar i grunnskolelova vart retten for lærarane til å reservere seg mot kristendomsundervisning oppheva. Samtidig vart plikta til å undervise i samsvar med den evangelisk-lutherske læra oppheva, og erstatta med ein ny regel om korleis læreraren skal undervise i det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, jf. den nye gsl. § 18 nr. 3. Lovendringa trer i kraft 01.07.97. Lovvedtaket er lagt til grunn for vurderingane frå departementet. I motsetnad til lovutkastet frå utvalet inneheld derfor ikkje lovutkastet frå departementet reglar om reservasjonsrett for undervisning i kristendomskunnskap.
Når det gjeld opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering og korleis læraren skal undervise i det nye faget, viser departementet til eigen lovproposisjon om dette, sjå også kapittel 1.
Departementet er samd med utvalet i at kravet om utlysing av ledige undervisningsstillingar og rektorstillingar skal førast vidare i ei ny lov og at det same kravet blir innført for den vidaregåande skolen.
Departementet sluttar seg til dei andre framlegga frå fleirtalet i utvalet om den arbeidsrettslege stillinga for undervisningspersonell og skoleleiarar. Det vil blant anna seie at forskriftsheimelen for departementet til å gi stillingsinstruksar blir oppheva. Innanfor ramma av lov, forskrifter og eventuelle tariffreglar skal kommunar og fylkeskommunar kunne gi slike instruksar.
19.4.2 Krav om politiattest og utestenging av utuktsdømde i grunnskolen
Departementet har vurdert spørsmålet om å gjere reglane i barnehagelova § 20 om framlegging av politiattest og yrkesforbod for personar som er dømde for sedskapsbrot, gjeldande også for grunnskolen.
Ein slik utviding av området for regelen vil føre til at denne gruppa blir utestengd frå ein vesentleg større del av arbeidsmarknaden.
Likevel har departementet komme til at ein slik regel også bør gjelde for grunnskolen. I den samanheng er det lagt særleg vekt på at ein frå hausten 1997 vil få seksåringane inn i skolen. Mange av dei tilsette i grunnskolen vil derfor i vesentleg grad arbeide med små barn. Dessutan vil dei fleste elevane gjennom heile grunnskolen vere under den seksuelle lågalderen, og også dei barna som er noko eldre, må etter departementet sitt syn ha krav på vern mot overgrep i skolen. Sjølv om det lovfeste yrkesforbodet då får ei langt større rekkevidd enn i dag, meiner departementet at omsynet til tryggleiken for barna må vege tyngst.
Departementet har også vurdert forholdet til dei folkerettslege pliktene til Noreg - særleg forholdet til Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 om rett til privatliv. Etter departementet sitt syn vil ein regel som dette ikkje komme i strid med desse pliktene. Departementet peiker på at regelen er slik utforma at det er arbeidssøkjaren sjølv som skal leggje fram slik attest. Dette inneber at arbeidsgivaren ikkje får opplysningane utan at arbeidssøkjaren sjølv er medviten om og medverkar til dette. Departementet viser også til at artikkel 8 andre leddet seier at omsynet til privatlivet for den enkelte må vegast mot bl.a. omsynet til andres rettar og omsynet til å forebyggje nye brotsverk.
Ved at kommunen - på same måten som i barnehagelova § 20 - får høve til å fastsetje at også andre som arbeider med aktivitetar knytte til skolen skal leggje fram polititiattest, vil ein også kunne krevje slik attest frå personar som til dømes er knytte til skolefritidsordninga. Departementet bør få heimel til å gi nærmare forskrifter, sjå tilsvarande forskriftsheimel i § 20, siste leddet i barnehagelova.
Dersom krav om politiattest skulle gjerast gjeldande for alle dei som i dag er tilsette i grunnskolen, ville det innebere en rekkje praktiske vanskar - mellom anna eit svært omfattande arbeid for politietaten. Kravet om politiattest bør derfor berre gjelde overfor dei som blir tilsette etter at lova har teke til å gjelde. Ein tilsvarande ordning blei vald for barnehagesektoren. Det same gjeld yrkesforbodet, som berre er meint å gjelde for personar som blir tilsette i grunnskolen etter at lova er sett i verk.
Departementet har ikkje funne grunn til å gjere desse reglane gjeldande for den vidaregåande opplæringa.
Departementet viser også til dei framlegga til endringar i lov 12.05.1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler som no er på høyring. Høyringsutkastet har mellom anna framlegg om plikt for studentar til å leggje fram tilfredsstillande politiattest før praksisopplæring.
19.4.3 Lovheimel for kompetanse til å forhandle om lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonellet i skolen
Av det mandatet opplæringslovutvalet fekk, gjekk det fram at det ikkje skulle gjerast noka generell vurdering av lovheimelen for og plasseringa av kompetansen til å forhandle om lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonell i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Dette spørsmålet har såleis ikkje vore drøfta av opplæringslovutvalet.
Ordninga i dag er at staten forhandlar om lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonellet både i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
Ordninga har mellom anna heimel i gsl. § 19 nr. 1. Departementet gjer framlegg om at denne regelen blir ført vidare i den nye lova, slik at ordninga framleis har heimel både for grunnskole og vidaregåande opplæring. På same måten som i dag skal Kongen i statsråd kunne fastsetje kven som skal forhandle om lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonell. Sjølv om lovutkastet også regulerer verksemda i private skolar, gjeld denne regelen heller ikkje for framtida for desse skolane. Det følgjer av reglane i kapittel 13 i lova kva for reglar som gjeld for privat skoleverksemd.
Fagorganisasjonane for personell utan kompetanse etter lovutkastet som gir spesialundervisning i medhald av § 5-2 i lovutkastet, må forhandle om lønns- og arbeidsvilkåra med kommunane eller fylkeskommunane.