30 Økonomiske og administrative konsekvensar
30.1 Vurderingar frå opplæringslovutvalet
Utvalet reknar med at lovutkastet samla sett ikkje gir særlege meirkostnader for den offentlege sektoren. På ei rekkje punkt meiner utvalet at framlegga stiller kommunesektoren friare i si oppgåveløysing. Som dei viktigaste framlegga av denne typen viser utvalet til:
Innanfor ramma av lova får kommunane kompetanse til å avgjere kva for stillingar, funksjonar og tenester skolen skal ha
Framlegget om å fjerne alkoholforbodet i skolebygningar utanfor den tida skolen er open, stiller kommunane friare til å utnytte lokala til andre formål i lokalmiljøet
Dei lovfeste krava som gjeld i dag om pedagogisk rettleiingsteneste for undervisningspersonellet i grunnskolen, blir oppheva
Førskolelærarar får rett til undervisningsstillingar på 1.-4. klassetrinnet i grunnskolen dersom dei har den nødvendige kompetansen i lese-, skrive- og talopplæring
Det blir opna for å tilsetje faglærarar, adjunktar og lektorar utan allmennlærarutdanning på 5.-7. klassetrinnet i grunnskolen
Ei rekkje særreglar om den arbeidsrettslege stillinga til undervisningspersonell blir oppheva
Reglane som i dag gjeld om klassedeling for å gi eit mindretal opplæring i si målform, blir førte vidare, men kommunane står friare til å avgjere ved kva for skole tilbodet skal givast. Dei særskilde prosedyrereglane for å skifte opplæringsmål blir oppheva
Kommunane står friare til å avgjere ved kva for skolar det skal givast opplæring på samisk
Det blir opna for meir aldersblanda klassar.
Framlegget frå utvalet til nye reglar om retten til spesialundervisning tek ikkje sikte på å auke eller redusere dei tilfella der elevar får ein slik rett. Utvalet meiner at framlegga i tilknyting til spesialundervisning i stor grad er ei lovfesting av den praksisen som gjeld i dag. Utvalet går derfor ut frå at framlegga isolert sett ikkje fører til vesentlege meirkostnader.
Utvalet nemner enkelte framlegg som kan føre til meirkostnader:
Individuell rett til opplæring i samisk i grunnskolen
Rett til opplæring i samisk for samar i vidaregåande opplæring som har hatt opplæring i samisk i grunnskolen
Heimelen for departementet til å gi forskrifter om alternative former for opplæring i samisk i grunnskolen når ein ikkje kan gi opplæringa med eigna undervisningspersonell.
Utvalet gjer framlegg om å lovfeste eit prinsipp om krav om relevant utdanning for tilsetjing i undervisningsstillingar på 8.-10. klassetrinnet i grunnskolen. Utvalet går ut frå at det ikkje fører til store meirkostnader, og at det i alle fall må reknast å bli oppvege av framlegga om endringar i kompetansekrava som stiller kommunane friare i valet mellom ulike typar kompetanse.
Fleirtalet meiner at å innføre ei norm for forsvarleg organisering av undervisninga ikkje fører til vesentlege nye krav om reduserte klassestorleikar, og dermed meirkostnader, når reglane som gjeld i dag om klassedelingstal, samtidig blir førte vidare. Framlegget om å kunne overskride dei faste klassedelingstala i visse tilfelle gir innsparingar, jamvel om noko av innsparinga blir redusert fordi ein gir den klassen det gjeld, ein ekstraressurs. Fleirtalet i utvalet meiner derfor at dei reglane om organisering av undervisninga som det er gjort framlegg om, samla sett ikkje gir meirkostnader for kommuneforvaltninga samanlikna med reglane i dag.
Utvalet meiner at framlegga ikkje har vesentlege administrative konsekvensar.
30.2 Høyringsinstansane
Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) meiner at ikkje alle fylkeskommunar har oppfatta at det er rett til spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, og at lovutkastet derfor kan føre til meirkostnader. KAD ber om at dei økonomiske konsekvensane blir utgreidde med sikte på eventuell kompensasjon.
Finansdepartementet peiker på at omgrepet «same» slik det er gjort framlegg om, har fått ein vid definisjon i lovutkastet, og at dette understrekar at det må gjerast grundige berekningar av dei økonomiske konsekvensane før framlegga om samisk opplæring blir vurderte nærmare.
Finnmark fylkeskommune peiker på at lovutkastet om spesialundervisning og om tilpassa arbeidsplass kan ha økonomiske konsekvensar. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at lovutkastet om skyssreglar for den vidaregåande skolen fører til større skyssutgifter.
Elles understrekar somme høyringsinstansar at nye oppgåver som blir pålagde, må få full refusjon.
30.3 Vurderingar frå departementet
30.3.1 Økonomiske konsekvensar
Framlegga i denne proposisjonen vil ikkje samla sett ha vesentlege økonomiske konsekvensar.
Enkelte av framlegga frå utvalet er ikkje førte vidare i proposisjonen. Enkelte av desse framlegga hadde utvalet rekna med kunne gi meirkostnader, mens andre kunne gi innsparingar. Mellom anna rekna utvalet med at desse framlegga kunne gi innsparingar:
Innanfor ramma av lova får kommunane kompetanse til å avgjere kva stillingar, funksjonar og tenester skolen skal ha
Framlegget om å fjerne alkoholforbodet i skolebygningar utanfor den tida skolen er open, stiller kommunane friare til å utnytte lokala til andre formål i lokalmiljøet
Det blir opna for meir aldersblanda klassar.
Ingen av desse framlegga blir førte vidare i proposisjonen frå departementet. Proposisjonen fører på alle desse punkta vidare gjeldande rett. Dette inneber at det ikkje blir opna for innsparingar på desse punkta.
Enkelte av framlegga i proposisjonen vil kunne medføre auka kostnadar. Det gjeld framlegg om
individuell rett til opplæring i samisk i grunnskolen og i vidaregåande skole
rett til nødvendig båtskyss utan omsyn til reiselengda i vidaregåande skole
rett til nødvendig tilsyn i samband med skyss for funksjonshemma elevar i vidaregåande skole
krav om politiattest for alle tilsette i grunnskolen
rett til opplæring i finsk dersom minst tre elevar med kvensk-finsk bakgrunn ønskjer det
statleg tilskott til skolepengar og kompletterande opplæring for elevar i private utanlandske skolar i Noreg: Det skal ikkje berre gjelde norske statsborgarar, men alle som går på desse skolane
rett til nødvendig båtskyss utan omsyn til reiselengda i vidaregåande skole
Når det gjeld innføring av individuell rett til opplæring i samisk, blir det òg i dag gitt særlege tilskot dersom enkeltelevar ønskjer dette. Det vil vere naturleg å føre vidare denne ordninga også når det blir innført individuell rett til opplæring i samisk. Det er derfor ikkje sannsynleg at ein individuell rett vil innebere store meirkostnader i forhold til ordninga i dag.
Framlegget om krav om politiattest ved tilsetjing i grunnskolen vil kunne gi noko auka kostnader for politietaten.
Retten til å krevje opplæring i finsk er avgrensa til å gjelde elevar med finsk-kvensk bakgrunn i grunnskolen. Regelen krev at minst tre elevar ønskjer slik opplæring, og er dessutan avgrensa til Troms og Finnmark. Opplæring i finsk har vore gjennomført som forsøksordning i nokre år, finansiert innanfor tilskotsordninga for verkemiddeltiltak i Nord-Noreg. Innføring av lovfest rett til opplæring i finsk vil kunne føre til ei viss auke av kostnadene til denne opplæringa.
Framlegget om nye reglar om rett til spesialundervisning tek ikkje sikte på å auke eller redusere dei tilfella der elevar får ein slik rett. Departementet meiner som utvalet at framlegga i tilknyting til spesialundervisning i stor grad er ei lovmessig klargjering av det som følgjer av grunnskolelova, lov om vidaregåande opplæring og vaksenopplæringslova i dag. Departementet går derfor ut frå at desse framlegga ikkje fører til vesentlege meirkostnadar.
Framlegget om lovregel om rett til teiknspråkopplæring for høyrselshemma barn er ei lovfesting av det som i dag følgjer av forskrifter til grunnskolelova. Dette er såleis ei vidareføring av gjeldande rett, og det er ikkje rekna med at det vil innebere meirkostnader.
I samband med utarbeiding av forskrifter om særskilt opplæring for elevar frå språklege minoritetar tek departementet sikte på å gjennomgå dei særskilde tilskotsordningane som i dag finst til slik opplæring. Desse tilskotsordningane vil bli tilpassa dei nye forskriftene. Departementet legg såleis til grunn at dette framlegget ikkje vil innebere auka kostnader.
Enkelte av dei andre framlegga opnar for auka fleksibilitet for kommunane, noko som vil kunne gi visse innsparingar. Det gjeld for det første regelen om at det skal vere høve til å overskride klassedelingstalet dersom det kjem til elevar i løpet av skoleåret. Dessutan skal kommunen kunne avgjere ved kva for skole særskild oppretta klasse med alternativ målform skal leggjast. Vidare har regelen om maksimal skolestorleik for fådelte skolar fått ei noko anna utforming enn i dag. Ved at skolestorleiken no blir avleidd av klassedelingstala, opnar framlegget frå departementet for at fådelte skolar vil kunne bli noko større enn i dag. Dette opnar for ein auka fleksibilitet for kommunane som kan gi visse innsparingar.
Ingen av dei andre framlegga vil innebere vesentlege innsparingar eller meirkostnader.
30.3.2 Administrative konsekvensar
Departementet gjer framlegg om at Sametinget får ansvar og rett til å utarbeide delar av læreplanane for opplæring i og på samisk. Ansvar for å utarbeide læreplanar for delar av den samiske opplæringa vil innebere meirarbeid for Sametinget. Departementet vil derfor gå inn for at ein som følgje av lovframlegget overfører dei ressursane som i dag blir tildelte Samisk utdanningsråd, til Sametinget. Framlegget vil derfor ikkje gi meirkostnader, men kan innebere ei viss omfordeling av dei midlane som i dag går med til dette arbeidet.
Framlegget om at dei som skal tilsetjast i grunnskolen, må leggje fram politiattest, vil kunne gi noko auka arbeidsbyrd for politietaten.