Ot.prp. nr. 37 (2006-2007)

Om lov om endringar i friskolelova

Til innhaldsliste

17 Andre forslag til endringar

17.1 Formålsføresegna i lova

17.1.1 Gjeldande rett

I formålsføresegna i friskolelova § 1-1 første ledd er det vist til § 2 nr. 2 i lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven) .

17.1.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget foreslo departementet at tilvisinga til menneskerettslova § 2 nr. 2 blir fjerna i § 1-1 første ledd. Høringsforslaget er grunngitt med at Noreg har oppfylt sine plikter etter mellom anna Europarådskonvensjonen 4. november 1950 om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane (EMK), protokoll 1, artikkel 2 ved det offentlege skoleverket og høvet til å etablere private skolar etter opplæringslova § 2-12.

17.1.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit klart fleirtal av høringsinstansane har ikkje kommentert forslaget eller uttaler at dei støttar forslaget. Mellom dei som støttar forslaget er Utdanningsforbundet, som uttaler:

«Noreg har oppfylt forpliktinga om at ingen skal nektast rett til undervisning og har overhalde foreldra sin rett til å sikre utdanning i samsvar med eigen religiøs og filosofisk overtyding, gjennom det offentlege skuleverket og tilgangen til å etablere private skular etter opplæringslova § 2-12. Dermed går formålet i privatskulelova ut over krava i menneskerettskonvensjonen. Vi sluttar oss derfor til at tilvisinga til styrking av stillinga til menneskerettane i formålsparagrafen kan fjernast.»

Mellom dei få høringsinstansane som går imot forslaget, er Kristne Friskolers Forbund (KFF) :

«KFF mener henvisningen til menneskerettsloven i § 1-1 er enda viktigere med det endrede godkjenningsgrunnlaget som nå foreslås, enn det var da friskoleloven kom i 2003.

Den endrede friskoleloven skal kun åpne for godkjenning av alternative skoler. Nettopp disse alternative skolene har sterk basis i menneskerettene og en henvisning er helt på sin plass.»

17.1.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til dei vurderingane i høringsbrevet som er attgitt i kapittel 17.1.2, og til kapittel 4 om Noregs folkerettslege plikter.

I samsvar med høringsutkastet legg departementet etter dette fram forslag om at tilvisinga til menneskerettslova § 2 nr. 2 blir fjerna i § 1-1 første ledd. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.2 Krav til skoleanlegg og skolemiljø

17.2.1 Gjeldande rett

Det går fram av friskolelova § 2-4 første ledd at departementet skal godkjenne undervisningsrom og utstyr. Departementet har også kompetanse til å godkjenne uteareal etter føresegna. Departementet viser til at føresegna i all hovudsak er ei vidareføring av tilsvarande føresegner i § 5 i privatskolelovene av 6. mars 1970 nr. 4 og 14. juni 1985 nr. 73. Departementet viser her særleg til Innst. O. VII (1969–70) side 9, der dette går fram:

«Ved offentlige skoler skal bygninger, skoletun og innredning, utstyr og læremidler være i samsvar med gitte forskrifter før en skole kan sette i gang. Komiteen mener at tilsvarende må gjelde for private skoler og foreslår at 1. punktum skal lyde:

«Skolens undervisningsplaner, undervisningslokaler, utstyr mv. skal godkjennes av departementet, henholdsvis skoledirektøren.»

I friskolelova § 2-4 andre ledd er kapittel 9a Elevane sitt skolemiljø i opplæringslova gjort gjeldande også for frittståande skolar.

Før det kan givast godkjenning etter § 2-4 første ledd, må skolen leggje fram funksjonsbeskriving og andre dokument som viser at lokala har nødvendige kommunale godkjenningar, mellom anna godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar og bruksløyve etter plan- og bygningslova. Vurderingstemaet etter § 2-4 første ledd blir derfor om lokala elles er i samsvar med § 2-4 andre ledd, jf. opplæringslova kapittel 9a om skolemiljøet for elevane. Vidare er det mellom anna relevant å leggje vekt på innhaldet i godkjenninga av skolen etter lova, for eksempel kor mange elevar skolen skal ha, alderen til elevane og kva slags opplæringstilbod skolen skal gi.

Paragraf 2-4 første ledd er ikkje til hinder for at opplæringa også kan gå føre seg utandørs, i eit museum, i eit teater eller offentleg bibliotek, når dette er formålstenleg ut frå den læreplanen skolen har fått godkjend etter §§ 2-3 eller § 6A-2. Elles kan det ved langvarig sjukdom vere nødvendig å gi grunnskoleopplæring andre stader enn på skolen, for eksempel heime hos eleven.

I lova er det fleire stader brukt omgrepa skole og skolen . Ut frå dei samanhengane der omgrepa er brukte, og lova elles, har departementet lagt til grunn at skole/skolen klart viser til eitt skoleanlegg, utan store geografiske avstandar mellom dei ulike delane av anlegget. Departementet viser til §§ 4–1 Leiing , 5–1 Styret , 5–3 Elevråd og 5–4 Foreldreråd . Kor store dei geografiske avstandane kan vere, må følgje av ei konkret vurdering av kva som er forsvarleg. Det er mellom anna relevant å leggje vekt på om det er lokale ved ein grunnskole eller ein vidaregåande skole som skal godkjennast. Det går ikkje eksplisitt fram av friskolelova at éin godkjend skole ikkje kan ha fleire filialar/avdelingar.

17.2.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget vart det foreslått ei presisering i § 2-4 første ledd om at opplæring som er godkjend etter lova, vanlegvis skal gå føre seg i undervisningslokale som er godkjende av departementet, og at undervisningslokala må liggje innanfor eit avgrensa geografisk område. Føresegna om godkjenning av utstyr vart ikkje foreslått vidareført, fordi dette omsynet er teke tilstrekkeleg vare på i det andre leddet i føresegna.

17.2.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit klart fleirtal av dei som har gitt høringsfråsegn, støttar forslaget eller har ikkje kommentarar til forslaget. Mellom dei som har uttalt seg positivt om forslaget, er Elevorganisasjonen , som uttaler:

«Det er og viktig at det blir presisert at undervisninga skal foregå i lokale godkjend av departementet og at det skal ligga innanfor eit gitt geografisk område. Elevorganisasjonen ser dette som eit godt tiltak for å hindre at me får privatskular med rett til statleg tilskot som driv med fjernundervisning eller som har ein spreidd skule. Eit slik tiltak vil sikre at skulane som startar driv undervisning på ein plass, noko som vil ivareta det læringsmiljøet me meinar er nødvendig både for lærarar og elevar.»

Fylkesmannen i Hordaland meiner at høringsforslaget ikkje er

«[...] tilstrekkelig klart når det gjelder krav til utearealer»,

og viser i den samanheng til Ot. prp. nr. 7 (1969-70) og Inst O VII (1969-70) side 9.

Fylkesmannen i Hordaland meiner at det bør komme klarare fram i lovteksten at godkjenninga også omfattar uteareal. Dersom godkjenninga ikkje omfattar uteareal, meiner fylkesmannen at

«[...] dette [kan] fremstå som en inkonsekvens i lovverket. Dette vil innebære at utearealer er en del av forskrift om miljørettet helsevern ved skoler med Fylkeslegen som klageinstans. Fylkesmannen på sin side skal ikke legge vekt på dette etter § 2–4, selv om § 2–4 viser til kap. 9a som igjen viser til forskrift om miljørettet helevern.»

Steinerskoleforbundet

«[...] ser at dette prinsipielt er en rimelig bestemmelse, men vi er opptatt av at denne bestemmelsen ikke skal berøre enkelte forhold som uttrykker vårt skoleslags egenart».

I den samanheng peiker forbundet på at fleire steinerskolar på enkelte klassetrinn har fast etablerte undervisningsopplegg knytte til eit gardsbruk, og/eller tilbyr seksåringane plass i ei aldersblanda gruppe i ein steinerbarnehage der dei har sitt første skoleår, delvis i eiga gruppe og delvis integrerte i resten av barnegruppa.

Statens råd for funksjonshemma uttaler:

«Rådet vil understreke at det ved opplæring som foregår utenfor ordinære skolelokaler må være en forutsetning at det er tilrettelagt slik at alle elever kan delta på lik linje i opplæringen.»

17.2.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Sameleis som Fylkesmannen i Hordaland meiner departementet at det på ein tydelegare måte bør gå fram av ordlyden i § 2–4 første ledd at godkjenninga også omfattar uteareal. Departementet foreslår derfor at det skal gå fram av § 2-4 første ledd første punktum at skoleanlegga må vere godkjende av departementet, jf. tilsvarande omgrepsbruk i opplæringslova § 9-5. Etter forslaget vil omgrepet skoleanlegga omfatte både lokale og uteareal som blir brukte av elevane. Departementet vil presisere at dette ikkje inneber at skolen må disponere eigne uteareal, dersom skolen på annan måte har tilgjenge til formålstenlege uteområde. Departementet foreslår ikkje at § 2-4 første ledd første punktum skal omfatte godkjenning av utstyr, fordi det på dette området gjennomgåande vil skje utskiftingar. Vidare viser departementet til at det er teke tilstrekkeleg vare på dette omsynet i § 2-4 andre ledd.

Departementet foreslår at det blir presisert i § 2-4 første ledd andre punktum at anlegga må liggje samla, det vil seie utan store geografiske avstandar mellom dei ulike delane. Kor store dei geografiske avstandane kan vere, må byggje på ei konkret vurdering av kva som er forsvarleg sett i lys av andre føresegner i lova, forskrifter gitt med heimel i lova og godkjenninga av skolen etter lova. Det er mellom anna relevant å leggje vekt på om det er lokale ved ein grunnskole eller ein vidaregåande skole som skal godkjennast.

Paragraf 2–4 første ledd er ikkje til hinder for at opplæringa også kan skje andre stader når dette er formålstenleg ut frå den læreplanen skolen har fått godkjend etter § 2-3 eller § 6A-2. Andre opplæringsarenaer kan for eksempel vere eit museum, eit teater, eit offentleg bibliotek, eit gardsbruk eller ein leirskole. Føresegna er heller ikkje til hinder for at skolen leiger gymsal/idrettshall, symjehall eller andre spesialrom av andre, for eksempel ein offentleg skole. Departementet meiner at føresegna heller ikkje skal vere til hinder for at opplæringa etter lova skjer i ein barnehage, føresett at skolen oppfyller dei andre krava i regelverket. Elles kan det ved langvarig sjukdom vere nødvendig å gi grunnskoleopplæring andre stader enn på skolen, for eksempel heime hos eleven.

Departementet fremjar etter dette forslag om endring i § 2-4 første ledd. Som følgje av dette forslaget blir det også fremja forslag om endring i § 6A-7. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.3 Særskild språkopplæring for elevar i utlandet

17.3.1 Gjeldande rett

Friskolelova § 3-5 omhandlar rett til særskild språkopplæring for grunnskoleelevar frå språklege minoritetar. Det er heimkommunane til elevane som gjer vedtak om slik opplæring og dekkjer utgiftene til opplæringa. Departementet er klageinstans. Det går fram av føresegna at morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den skolen eleven vanlegvis går på. Dersom morsmålsopplæringa og den tospråklege fagopplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen, så langt det er mogleg, leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til eleven. Føresegna vart innført i samband med friskolelova, og grunngivinga var at grunnskoleelevar i frittståande skolar skulle ha ein rett til særskild språkopplæring tilsvarande den elevar i den offentlege grunnskolen har, jf. opplæringslova § 2-8. Føresegna vart innført utan at elevane ved dei norske grunnskolane i utlandet vart vurderte spesielt. Det er derfor ikkje løyvt midlar til ei slik ordning utanlands, slik det er til spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste, jf. friskolelova § 3-6.

Elevar ved skolar i utlandet som er godkjende etter friskolelova, har rett til spesialundervisning dersom dei ikkje har eller ikkje kan få «tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet», jf. friskolelova § 3-6.

17.3.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet at det blir presisert i § 3-5 siste ledd at retten til særskild norskopplæring ikkje gjeld for elevar ved norske grunnskolar i utlandet.

17.3.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane har ikkje merknader til eller støttar høringsforslaget.

Norske Utenlandsskolers Forening og Den Norske Skole Gran Canaria har mellom anna følgjande kommentar til forslaget:

«Dette kan være elever som har en norsk forelder, men som har vokst opp og gått på skole i et annet land tidligere. Vi har også familier som har kommet til Norge som flyktninger, men har søkt seg til utenlandsskolene pga. helseproblemer i familien. Disse er norske statsborgere, men har annet morsmål enn norsk. Noen av disse barna har ikke tilstrekkelig språkkunnskap til å kunne følge klasse­undervisning på norsk. De kan ha et uutviklet begrepsapparat på norsk som fører til vansker også med å følge undervisningen i andre fag.»

Norske Utenlandsskolers Forening seier vidare:

«Det krever ekstra ressurser fra skolen for å tilrettelegge særskild språkopplæring og vil være vanskelig å gjennomføre uten ekstra utgiftsdekning. Hvis departementets forslag blir stående, kan vi ikke se at utenlandsskolene kan bli pålagt å ta inn disse elevene selv om de er norske statsborgere. Vi ber om at det vurderes nøye om det er riktig at retten til særskilt norskopplæring ikke skal gjelde ved norske skoler i utlandet.»

Også Den Norske Skolen i Rojales har kommentert forslaget, og uttaler at det vil krevje særskilde ressursar å gi desse elevane tilpassa undervisning.

17.3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Skoler som blir drivne etter friskolelova, skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. § 3-1 første ledd. For å bli teken inn som elev ved ein norsk skole i utlandet legg departementet til grunn at det i tillegg krevst norsk statsborgarskap. Departementet reknar med at når ein elev eller foreldra til eleven bevisst vel ein norsk skole i utlandet, vil eleven normalt beherske norsk. I tilfelle eleven likevel ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på grunn av manglande norskkunnskapar, vil eleven ha rett til spesialundervisning, jf. § 3-6 første ledd. Utgifter skolen har til slik undervisning, skal dekkjast av departementet, jf. § 3-6 andre ledd tredje punktum. Utgiftsdekkinga, som mellom andre Norske Utenlandsskolers Forening etterspør, vil såleis vere sikra.

Departementet fremjar etter dette forslag til endringar i § 3-5 fjerde ledd i samsvar med høringsforslaget. Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.4 Helsetilsyn

17.4.1 Gjeldande rett

Friskolelova § 3-8 bestemmer at forskrift gitt i medhald av kommunehelsetenestelova § 1-3 fjerde ledd gjeld for elevar i friskolar. Vidare er det fastsett i § 3-8 at kommunen der skolen ligg, har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta i samsvar med gjeldande lov, og at kommunane skal dekkje utgifter for helsetenesta ved frittståande skolar etter same reglar som for offentlege skolar.

17.4.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet foreslo departementet at det blir presisert at § 3–8 berre gjeld for skolar som ligg i Noreg.

17.4.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Departementet kan ikkje sjå at nokon av høringsinstansane har kommentert forslaget særskilt.

17.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Den presiseringa som vart foreslått i høringsbrevet, inneber ingen endringar i gjeldande rett, men er berre ei klargjering av verkeområdet for kommunehelsetenestelova.

Departementet legg etter dette fram forslag om endringar i § 3-8 i samsvar med høringsforslaget. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.5 Bortvising som følgje av mang­lande betaling av skolepengar m.m.

17.5.1 Gjeldande rett

Reglar om ordensreglement er gitt i friskolelova § 3-9, sjå også 6A-7. Kvar skole skal ha eit reglement om rettane og pliktene for elevane så langt det ikkje er fastsett i lova eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva for tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast. Dersom skolen ønskjer å bruke bortvising som tiltak, jf. friskolelova §§ 3-10 og 6A-6, må slike reglar vere gitt i ordensreglementet før det kan bli gjort vedtak om bortvising.

I merknaden til § 3-10 i Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskolelova er det vist til at føresegna i hovudsak tilsvarer føresegnene i opplæringslova § 2–10 og § 3–8, for høvesvis grunnskole og vidaregåande skole. Det er derfor relevant å trekkje inn forarbeida til desse føresegnene, Ot.prp. nr. 46 (1997–98) om opplæringslova. I punkt 20.4 i Ot.prp. nr. 46 (1997–98) uttaler departementet at andre tiltak ved brot på ordensreglementet kan vere meir formålstenlege enn bortvising. Departementet uttaler mellom anna:

«Bortvising bør såleis berre gjelde dei heilt spesielle unntakstilfella. I formuleringa om at eleven kan visast bort frå undervisninga, ligg det også at det i mange tilfelle er formålstenleg å gi eleven ei alternativ opplæring eller eit anna tilbod i den perioden bortvisinga varer.»

Ordlyden i både føresegna og forarbeida viser tydeleg at reglane om bortvising er knytte til oppførselen til eleven på skolen.

Det er fastsett i friskolelova §§ 3-10 tredje ledd og 6A-6 tredje ledd at manglande betaling av skolepengar kan føre til bortvising.

17.5.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsbrevet uttrykte departementet at det meiner det er uheldig at eit privatrettsleg kontraktbrot mellom skolen og foreldra/eleven etter lova kan sanksjonerast med bortvising av eleven når omgrepet bortvising elles er knytt direkte til eleven og elevens åtferd. Dette er eit forhold som bør regulerast i kontrakten mellom skolen og foreldra/eleven.

Føresegnene inneber også mangt som er uklart både for foreldra/elevane og for klageinstansen. Kva som konkret ligg i omgrepet «manglande betaling», kor lang forseinkinga må vere, kor mange purringar skolen må sende før det blir gjort vedtak om bortvising og om foreldra/elevane har rett til å uttale seg før bortvisingsvedtak blir gjort, er eksempel på fleire av dei spørsmåla som reiser seg til desse føresegnene. Det er også viktig å vere klar over at klageinstansen er eit forvaltningsrettsleg organ som ikkje har mynde til å behandle slike privatrettslege spørsmål som det her er snakk om.

I høringsbrevet foreslo departementet at høvet til bortvising etter friskolelova §§ 3-10 og 6A-6 berre skal vere knytt til åtferda til eleven på skolen i skoletida, og at føresegna om at manglande skolepengebetaling kan føre til bortvising, blir oppheva.

I friskolelova § 3-10 er det ikkje gitt reglar om kven som skal gjere vedtak om bortvising av elevar ved norske vidaregåande skolar i utlandet. Departementet foreslo derfor at det blir presisert i føresegna at dei norske vidaregåande skolane i utlandet sjølv skal gjere vedtak om bortvising. Departementet meiner dette vil vere ei formålstenleg ordning, fordi dei norske skolane i utlandet ikkje er knytte til nokon fylkeskommune i Noreg. Ved klage på vedtak om bortvising er departementet klageinstans, jf. § 3-10 siste ledd.

17.5.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Av dei høringsinstansane som har uttalt seg direkte til departementets forslag, er det eit stort fleirtal som sluttar seg til forslaget og departementet si grunngiving for det. Mellom dei høringsinstansane som støttar forslaget frå departementet, er Norsk Lærerakademi, Utdanningsforbundet og KS .

Somme av høringsinstansane uttrykkjer likevel at sanksjonar ved manglande betaling må regulerast i ein kontrakt mellom skolen og foreldra/eleven. Dette er mellom anna uttalt av Vestfold fylkeskommune og fleire av skolane, mellom andre Drottningborg videregående skole, Moe skole, Bjerkely skole, Ryenberget skole, Sandnes Lutherske Grunnskole, Dalane kristne skole, Skauen kristelige skole og Granly skole.

To av dei høringsinstansane som har uttalt seg til forslaget, er klart usamde med departementet. Norsk Montessoriforbund uttaler mellom anna:

«Med dagens finansieringssystem kan ikke friskolene gi et tilbud til elever der foreldrene ikke betaler skolepenger. Regelen om bortfall av skoleplass som følge av manglende betaling av skolepenger må opprettholdes.»

Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL) er usamd i forslaget så lenge departementet ikkje kjem med alternative løysingar. Forbundet uttaler mellom anna:

«Manglende egenbetaling fra en eller flere elever setter nemlig tilbudet også til de andre elevene i fare. Lovforslaget drøfter ikke hvordan denne «knuten» kan løses, og det er, etter vår mening, ingen løsning å oppheve retten til å utvise/nekte fortsatt skolegang for elever som ikke betaler sin egenandel. På denne måten vil altså «gratispassasjerer» både påføre de andre deltakerne ekstra kostnader, samtidig som bidraget til felleskostnader blir redusert.»

Forbrukarombodet har desse merknadene til forslaget frå departementet:

«Jeg mener at bortvisning kan virke like inngripende overfor elevene som en oppsigelse av avtaleforholdet. Jeg mener derfor at det må foreligge et vesentlig betalingsmislighold, før skolen eventuelt skal kunne påberope seg denne retten.

Jeg støtter derfor departementets syn på at det kan være uheldig at det bare står i friskoleloven §§ 3-10 tredje ledd og 6A-6 tredje ledd at «manglende betaling» av skolepenger kan føre til bortvisning. En slik formulering skaper uklarhet rundt hva som skal til før bortvisning på dette grunnlaget skal kunne iverksettes.

Departementet foreslår at friskoleloven §§ 3-10 tredje ledd og 6A-6 tredje ledd oppheves. Slik jeg forstår departementet, legges det dermed opptil at skolene fritt etter privatskoleloven skal kunne regulere virkningen av manglende skolepengebetaling i den privatrettslige kontrakten. Jeg mener imidlertid at det i privatskoleloven bør sette nærmere vilkår for når bortvisning på dette grunnlaget skal kunne skje.»

Forbrukarrådet uttaler mellom anna:

«I denne sammenheng vil vi framheve at det er nødvendig å klargjøre holdepunkter for hva som utgjør et vesentlig mislighold og hvilke sanksjoner dette skal utløse. Vi viser for øvrig til innledningen i brevet der vi gir vår tilslutning til Forbrukerombudets syn på at krav til innhold i kontrakter må lovfestes.»

17.5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til den grunngivinga for forslaget som vart gitt i høringsbrevet. Departementet vil spesielt påpeike at gjeldande føresegn om at manglande betaling kan føre til bortvising, inneber mangt som er uklart, noko også Forbrukarombodet meiner er uheldig. I tillegg vil departementet understreke at sanksjonar ved betalingsmisleghald er eit kontraktrettsleg forhold. Departementet er oppteke av at skolane skal opptre på ein ryddig måte overfor elev/foreldre. I den samanheng bør det vere sjølvsagt at alle skolar har ein kontrakt som regulerer dei meir privatrettslege forhold som ikkje er regulerte i lova. Ein slik kontrakt bør mellom anna omhandle kva for sanksjonar som kan vere aktuelle ved betalingsmisleghald frå eleven/foreldra si side. Departementet vil i denne samanheng vise til dei retningslinjene som er utarbeidde av Forbrukarombodet om kontraktvilkår for privat- og friskolar.

I kapittel 16 har departementet foreslått ei lovendring som inneber ei presisering om at departementet har høve til å vedta sanksjonar etter privatskolelova også i dei tilfella da skolen bryt andre lover og forskrifter, og der dette svekkjer departementet sin tillit til skolen. Departementet viser i denne samanheng til at dette kan vere aktuelt etter føresegnene i marknadsføringslova.

På bakgrunn av den foreslåtte endringa i sanksjonsføresegna vil ikkje departementet i denne omgang fremje forslag om å lovfeste kontraktvilkår, men behovet for dette vil bli løpande vurdert.

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i §§ 3-10 tredje ledd og 6A-6 tredje ledd i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.6 Klageinstans ved vedtak om permisjon frå pliktig grunnskoleopplæring

17.6.1 Gjeldande rett

I friskolelova § 3-13 og opplæringslova § 2-11 første ledd er det gitt tilsvarande reglar om permisjon frå pliktig grunnskoleopplæring. Departementet er klageinstans for vedtak om permisjon etter opplæringslova § 2-11, jf. § 15-2 første ledd. Det er ikkje gitt reglar om klageinstans ved vedtak om permisjon etter friskolelova § 3-13.

17.6.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget vart det foreslått at departementet også skal vere klageinstans ved vedtak om ­permisjon frå pliktig grunnskoleopplæring etter § 3-13.

17.6.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Utdanningsforbundet støttar forslaget. Departementet kan ikkje sjå at nokon av dei andre høringsinstansane har kommentert dette forslaget særskilt.

17.6.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet fremjar etter dette forslag om endringar i § 3-13 i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.7 Tilsetjing av undervisnings­personale

17.7.1 Gjeldande rett

Friskolelova §§ 4-2 og 6A-4 omhandlar kompetansekrav til undervisningspersonalet. Det er presisert i friskolelova §§ 4-2 tredje ledd siste punktum og 6A-4 tredje ledd at

«Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova §§ 13-3 og 13-4.»

Arbeidsmiljølova § 13–3 omhandlar unntak frå forbodet mot diskriminering, medan § 13–4 omhandlar innhenting av opplysningar ved tilsetjing.

Diskrimineringslova tredde i kraft 1. januar 2006. Denne lova § 4 omhandlar forbod mot diskriminering, medan § 7 omhandlar forbod mot å innhente opplysningar ved tilsetjingar. Begge føresegnene inneheld unntaksføresegner, for eksempel § 7 andre ledd første punktum, som lyder slik:

«Forbudet i første ledd gjelder ikke dersom innhenting av opplysninger om hvordan søkerne stiller seg til religiøse eller kulturelle spørsmål er begrunnet i stillingens karakter, eller det inngår i formålet for vedkommende virksomhet å fremme bestemte religiøse eller kulturelle syn og arbeidstakerens stilling vil være av betydning for gjennomføringen av formålet.»

17.7.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget foreslo departementet at det også blir presisert i lova at diskrimineringslova §§ 4 og 7 gjeld ved tilsetjing etter lova.

17.7.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Eit klart fleirtal av høringsinstansane støttar eller har ikkje merknader til høringsforslaget.

Ryenberget skole, Bjerkely skole og Moe skole er mellom dei høringsinstansane som meiner det er viktig at lovteksten ikkje svekkjer den rett dei religiøse skolane har til å spørje søkjarar om livssyn, og til å tilsetje dei skolen meiner best kan ta vare på målsetjinga for skolen.

Kristne Friskolers Forbund (KFF) uttaler mellom anna:

«Vi mener en kristen skole må ha lov til å kjenne arbeidstakers forhold til kristen tro og moral uansett. Først da kan skolen få lagt det rette grunnlag for å oppfylle sin målsetting. Så vil forskjellige skoler praktisere dette noe ulikt, men vi mener alle religiøse skoler må ha rett til å kunne definere hvilke stillinger som må til for å kunne oppnå skolens mål og departementets krav til godkjenningen av skolen som religiøs, alternativ skole.»

KFF viser vidare til diskrimineringslova § 7 andre ledd, og uttaler:

«Det er klart at for å bruke disse opplysningene må stillingen være definert slik at den har betydning for gjennomføring av formålet. Det vil være noe ulikt ved ulike skoler, men ikke å vite på forhånd om en lærer kan ta aktiv del i religiøse aktiviteter på en religiøst opprettet friskole, synes for oss umulig og inkonsekvent.»

Norsk Lærerakademi

«[...] støtter at henvisninger til de paragrafer som hjemler kristne institusjoners rett til å tilsette personale som kan realisere skolens formål blir tatt inn i loven.»

På den andre sida forventar Utdanningsforbundet

«[...] at arbeidsmiljølova §§ 13–3 pkt. 3 og 13–4 pkt. 2 ikkje gjeld tilsetjing av undervisningspersonale ved private skular etablert på religiøst grunnlag. Vi viser mellom anna til at høyringsdokumentet legg vekt på at formålet med dei private skulane etter lova er å drive skule, og ikkje primært å gi opplæring til ei bestemt tru eller gi kunnskap om ein bestemt undervisningsfilosofi.»

17.7.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Sidan det allereie finst ei tilvising til arbeidsmiljølova §§ 13–3 og 13–4 i lova, meiner departementet at det av omsyn til heilskapen også bør takast inn ei tilvising til diskrimineringslova §§ 4 og 7. Forslaget inneber ingen endringar i gjeldande rett. Dette inneber mellom anna at det er arbeidsmiljølova og diskrimineringslova som regulerer tilsetjinga av undervisningspersonale og anna personale også ved skolar som driv verksemda etter friskolelova (foreslått endra til privatskolelova). Når det gjeld fråsegna frå Utdanningsforbundet, viser departementet til kapittel 8.2.2.3.

Departementet fremjar etter dette forslag til endringar i §§ 4-2 tredje ledd siste punktum og 6A-4 tredje ledd i samsvar med høringsforslaget. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

17.8 Oppgåvene for styret

17.8.1 Gjeldande rett

Friskolelova § 5-1 første ledd første og andre punktum omhandlar krav til styret og samansetninga av det, medan tredje punktum omhandlar kven som har møte- og uttalerett m.m. på styremøta. § 5-2 omhandlar oppgåvene for styret.

17.8.2 Høringsforslaget frå departementet

For å tydeleggjere skiljet mellom på den eine sida krava til og samansetninga av styret, og på den andre sida kven som berre har møte- og uttalerett, foreslo departementet i høringsbrevet at § 5-1 første ledd tredje punktum blir nytt andre ledd, og at gjeldande andre og tredje ledd blir nytt tredje og fjerde ledd. Departementet foreslo vidare endringar i ordlyden i § 5-2 andre ledd bokstav c og bokstav f, og ny bokstav j om at styret skal tilsetje dagleg leiar.

17.8.3 Synspunkta frå høringsinstansane

Få høringsinstansar har komme med fråsegner på dette punktet. Alle fråsegnene bortsett frå éi er positive. Menigheten Samfundet skriv mellom anna:

«Det er naturlig at skolens eier uttaler seg om tilsetting av daglig leder, og at det ikke bare er en styreoppgave.»

17.8.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Styret er etter § 5-1 det øvste ansvarlege organet ved skolen. Det daglege ansvaret vil likevel liggje til den daglege leiaren. Forutan elevane, foreldra og dei tilsette ved skolen, vil tilskotsforvaltaren, tilsynsmyndigheita og andre offentlege myndigheiter i stor grad vende seg til den daglege leiaren som representant for skolen. Den daglege leiaren vil i mange samanhengar representere skolen og ta avgjerder etter fullmakt frå styret. Tilsetjing av dagleg leiar er eit viktig vedtak ved ein skole. Det er viktig for oppfølginga av skolane at det ligg føre ei klar ansvarslinje mellom styret og den daglege leiaren, også for at styret sjølv skal kunne ta hand om det ansvaret det har etter lova. Myndet til å tilsetje daglig leiar bør derfor liggje til styret sjølv, utan høve til delegering.

Når det gjeld høringsfråsegna om eigaren si rolle i tilsetjingssaker, viser departementet til at svært mange av dei skolane som er godkjende etter friskolelova, er organiserte anten som aksjeselskap eller stiftelsar. Skolar organiserte som stiftelsar har ingen eigar, og stiftelseslova fastset som utgangspunkt at det er styret som tilset ein eventuell dagleg leiar. Også aksjelova § 6-2 andre ledd har som hovudregel at det er styret sjølv som tilset dagleg leiar. Når skolen er organisert som aksjeselskap, legg departementet likevel til grunn at eigaren kan ta vare på sine eigne interesser i tilsetjingsspørsmål gjennom valet av styremedlemmer.

I samsvar med høringsforslaget fremjar departementet etter dette forslag om at § 5-1 første ledd tredje punktum blir nytt andre ledd, og at gjeldande andre og tredje ledd blir nytt tredje og fjerde ledd. I samsvar med høringsutkastet fremjar departementet også forslag om ny § 5-2 andre ledd bokstav j, som fastset at styret skal tilsetje dagleg leiar. Sameleis blir det fremja forslag om endringar i ordlyden i § 5-2 andre ledd bokstav c og bokstav f. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.

Til forsida