2 Bakgrunnen for lovforslaget
2.1 Behovet for ny lov
Den offentlege fellesskolen har lenge vore ein grunnpilar i det norske samfunnet. Fellesskolen har det siste hundreåret utvikla seg frå 7-årig folkeskole, gjennom 9-årig grunnskole og fram til innføringa av 10-årig grunnskole med ei senka alder for skolestart frå sju til seks år frå og med hausten 1997. Den offentlege fellesskolen har historisk sett hatt avgjerande betydning for utviklinga av eit demokratisk og produktivt velferdssamfunn. Fellesskolen, med lik rett til opplæring for alle – uavhengig av sosial og økonomisk bakgrunn, evner og anlegg, religiøs eller kulturell bakgrunn og geografi – har medverka til å sikre eit felles kunnskaps-, verdi- og kulturgrunnlag i befolkninga. Satsinga på fellesskolen har vore viktig.
Fellesskoletanken har tradisjonelt vore knytt til den obligatoriske grunnskolen. Innføring av rett til tre års vidaregåande opplæring for unge har likevel i praksis samla det store fleirtalet av norske elevar i eit arbeids- og læringsfellesskap gjennom 13-årig opplæring. Lovgrunnlaget for grunnskole og vidaregåande opplæring er samla i ei felles opplæringslov. I Kunnskapsløftet er det fastsett felles læreplanar for gjennomgåande fag i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Dermed har ein dei siste tiåra sett klare spor av fellesskoletenkinga også innanfor utviklinga av den vidaregåande opplæringa.
Skolar i privat eige har, i motsetning til i mange andre land, stått for ein svært avgrensa del av det samla skoletilbodet i Noreg. For det mindretal som har ønskt at barna deira skal gå i ein annan skole, har lovgivinga lenge – og under brei politisk semje – opna for godkjenning og statstilskot til private skolar som utgjer eit religiøst/etisk eller pedagogisk alternativ til den offentlege skolen. I denne samanheng viser departementet til den tidlegare privatskolelova.
Friskolelova, som erstatta privatskolelova med verknad frå 1. oktober 2003, skilde seg frå den oppheva privatskolelova på avgjerande måtar. Ei viktig prinsipiell endring var at kravet om eit bestemt formål, for eksempel religiøst eller faglig-pedagogisk alternativ, vart fjerna. Dei skolane som tilfredsstilte minstekrava til innhald og kvalitet, fekk med friskolelova rett til offentleg godkjenning og statstilskot. Friskolelova førte til at ei rekkje private skolar, som ikkje ville ha oppfylt krava om formål i den tidlegare privatskolelova, vart godkjende. Dersom Stortinget ikkje hadde vedteke forslaget i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006), kunne ein i 2006 ha fått ein vekst på rundt 22 000 elevplassar i dei frittståande skolane, eller nesten ei dobling frå nivået i dag. Innanfor vidaregåande opplæring kunne veksten ha blitt 150 prosent.
Som varsla i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) er det i proposisjonen lagt fram forslag til lov som byggjer på hovudprinsippa i den tidlegare privatskolelova. Forslaget til ny privatskolelov representerer ei grunnleggjande kursendring i høve til friskolelova av 2003.
Siktemålet med lovforslaget er å leggje til rette for at foreldre skal ha høve til å velje private skolar for barna sine på grunnlag av sine overtydingar. I proposisjonen er det foreslått å lovfeste krav om at nye skolar skal drive verksemda på eit særskilt grunnlag. Eit av dei særskilde grunnlaga som er foreslått, er religiøst grunnlag; eit anna grunnlag er anerkjend pedagogisk retning. I tillegg opnar lovforslaget for godkjenning på visse andre særskilde grunnlag.
Den tidlegare privatskolelova opna som nemnt for godkjenning av skolar som var etablerte som eit fagleg-pedagogisk alternativ til den offentlege skolen. Montessoriskolar og steinerskolar er mellom dei skolane som er godkjende som fagleg-pedagogiske alternativ. Som følgje av Kunnskapsløftet vil offentlege grunnskolar i prinsippet kunne gi opplæring i samsvar med eksempelvis montessori-pedagogikken. På denne bakgrunn meiner departementet at det i ei ny privatskolelov vil vere unaturleg å gi desse skolane nemninga alternative skolar. I proposisjonen er det derfor foreslått at det tidlegare brukte omgrepet fagleg-pedagogisk alternativ blir erstatta med omgrepet anerkjend pedagogisk retning.
2.2 Behovet for avklaring mellom friskolelova og fagskolelova
I Innst. O. nr.1 (2004–2005) om endringar i friskolelova peikte kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen på at det kan skape uklarleik at utdanningar som etter objektive kriterium ligg på same nivå, kan bli godkjende etter to ulike lover. Mellom anna på bakgrunn av dette bad komiteen departementet leggje fram ei eiga sak om avklaring av finansieringsordninga for alle godkjende fagskolar og med avklaring av forholdet mellom vidaregåande skolar og fagskolar i samsvar med merknadene frå komiteen om desse to forholda. Komiteen bad departementet vurdere om all yrkesretta utdanning utover vidaregåande opplæring bør forankrast i fagskolelova, og uttalte at ein på den måten vil få eit ryddig og oversiktleg system for både tilbydarar og studentar.
I kapittel 9 i proposisjonen legg departementet fram forslag til opprydding i forholdet mellom friskolelova kap. 6A og lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning (fagskolelova).
2.3 Forslag til andre lovendringar
Departementet skal føre tilsyn med frittståande skolar, jf. friskolelova § 7-2. Dette myndet er delegert til fylkesmannen. Formålet med tilsynet er å kontrollere at skolen driv verksemda i samsvar med lova, forskrifter gitt med heimel i lova og føresetnadene for godkjenninga. Dette inneber mellom anna at departementet skal føre tilsyn med at inntaket av elevar har vore i samsvar med lova, at dei elevane som er tekne inn ved skolen, får eit opplæringstilbod som er i samsvar med regelverket med omsyn til både kvalitet og kvantitet, og at eventuelle skolepengar er i samsvar med regelverket. Dessutan er det eit sjølvstendig omsyn å sjå til at skolen får utbetalt statstilskot som er i samsvar med lov og forskrift, og at offentlege tilskot og skolepengar blir brukte i samsvar med lova.
I kapitla 10, 15 og 17 i proposisjonen foreslår departementet fleire lovendringar som har som formål å gjere tilsynet meir effektivt. I tillegg er det foreslått fleire presiseringar i lova som har som formål å auke det brukarvennlege. Departementet legg også fram forslag til enkelte andre lovendringar.