6 Tittelen på lova
6.1 Gjeldande rett
Omgrepa frittståande skole og friskole kom inn i terminologien med friskolelova av 2003. Det følgjer av friskolelova § 1-2 andre ledd at
«Frittståande skolar er skolar som er i privat eige, og som blir godkjende etter denne lova..»
I Ot.prp. nr. 33 (2002–2003) om friskolelova heiter det:
«Omgrepet frittståande skolar er nytt i forhold til gjeldande lov og vil etter forslaget vise til skolar som er i privat eige og godkjende etter lov om frittståande skolar. Skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, skal framleis kallast private grunnskolar, mellom anna fordi desse skolane ikkje er offentleg finansierte og kan drive verksemda si på kommersielt grunnlag. Skolar som berre er godkjende for studiefinansiering, er heller ikkje omfatta av lovforslaget.»
Tidlegare lovtitlar som har vore brukte på dette området, er
Lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskolar og private skolar som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)
Lov 6. mars 1970 nr. 4 om tilskudd til private skoler (utan offisiell korttittel)
Skolar som var godkjende etter desse lovene, vart kalla private skolar.
6.2 Høringsforslaget frå departementet
I høringsbrevet foreslo departementet å endre tittelen på lova frå lov om frittståande skolar (friskolelova) til lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Departementet grunngav forslaget slik:
«Begrepet «frittstående skole» gir ikke allmennheten en umiddelbar informasjon om at disse skolene er i privat eie, noe som kan være uheldig. Etter departementets vurdering er også benevnelsen frittstående skole et verdiladet begrep, som kan gi en uheldig og utilsiktet assosiasjon om at de frittstående skolene er frie og at de offentlige skolene således er ufrie.
Gjeldende begrepsmessige skille mellom private skoler som ikke mottar lovhjemlet statstilskudd og de frittstående skolene som har mottatt slikt tilskudd, kan være en fordel i mange sammenhenger dersom det gjennomføres konsekvent. Det har vist seg at mange ikke har kjennskap til dette begrepsmessige skillet. Vi viser til at frittstående skoler i mange sammenhenger også blir kalt private skoler. Departementet foreslår derfor at en går bort fra begrepet «frittstående skoler», og at også disse skolene benevnes som private skoler. Dette innebærer at også lovens tittel må endres.
Etter departementets vurdering gir ikke den tittelen man brukte på loven første gang – lov om tilskudd til private skoler – lenger dekkende informasjon om hva loven handler om. Loven skal også etter lovendringen omhandle tilskudd og bruken av tilskuddet, men den skal også regulere forholdet mellom bl.a. skolen og elevene/foreldrene og forholdet mellom skolen og de ansatte, herunder inneholde regler om elevenes rettigheter, skolens personale, styrings- og rådsorgan, skolepenger mv. På denne bakgrunn foreslår vi at den nåværende offisielle tittelen på loven og den offisielle korttittelen – lov om frittståande skolar (friskolelova) – endres til lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Skolene vil da bli kalt private skoler. Med ordene «med rett til statstilskot» blir det tydelig at tilskuddet er statlig og at det er lovhjemlet.
Som følge av dette forslaget er det også foreslått endringer i lovens §§ 1–1, 1–2, 2–1 til 2–3, 3–1, 3–7, 3–8, 6–1 og 6–3.»
6.3 Synspunkta frå høringsinstansane
Dei høringsinstansane som uttaler seg, er delte i synet på forslaget om endring av lovtittelen, under dette nemningane på dei skolane lova omhandlar.
Av dei kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn som har uttalt seg, støttar eit fleirtal forslaget. Desse, og dei andre høringsinstansane som støttar forslaget, legg i hovudsak vekt på følgjande grunngiving:
Alt i dag blir mange frittståande skolar av allmenta omtalte som privatskolar. For å sikre samsvar med allmenn omgrepsbruk og omgrepsbruken i lova bør derfor lovtittelen endrast som foreslått.
Omgrepet frittståande skolar er eit misvisande omgrep som gir uttrykk for at skolane står fritt og er uavhengige av statleg regulering og finansiering. Omgrepet gir heller ikkje uttrykk for at skolane er i privat eige. Ved å endre lovtittelen som foreslått kjem det tydelegare fram at skolane er i privat eige, samtidig som det blir presisert at skolane er mottakarar av statstilskot og ikkje er uavhengige av statlege midlar.
Nemninga private skolar er i større grad sjølvforklarande. Den foreslåtte endringa av lovtittelen vil i seg sjølv gi godt uttrykk for verkeområdet til lova og den reelle situasjonen for skolane, og gi god informasjon til elevane.
Av dei friskolane og friskoleorganisasjonane som har uttalt seg, er eit fleirtal usamde i forslaget. Desse, og dei andre høringsinstansane som er usamde i forslaget, legg i hovudsak vekt på følgjande:
Friskolar og friskolelova er godt innarbeidde omgrep. Det er liten grunn til å endre namnet på lova sidan det er få eller ingen tungtvegande grunnar som taler for endring.
Namnebytet vil medføre at det blir eit uklart skilje mellom private skolar godkjende etter privatskolelova, private grunnskolar godkjende etter opplæringslova § 2-12 og private vidaregåande skolar som ikkje er godkjende etter ei utdanningslov. Dette vil skape unødvendig uklarleik.
Private skolar er eit verdiladd omgrep som gir assosiasjonar til profittjagande, kommersielle skolar. Omgrepet er ikkje dekkjande for friskoleverksemda i dag, særleg med tanke på forbodet mot å ta ut utbytte og drive kommersiell verksemd.
6.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet har merkt seg at høringsinstansane er delte i synet på om tittelen på lova bør endrast. Til dei synspunkta som er komne fram i høringsrunden, har departementet følgjande kommentarar:
Lov om private skolar med rett til statstilskot gjer det, i motsetning til den noverande tittelen, tydeleg overfor elevar og foreldre at det er snakk om skolar i privat eige. Tittelen vil også belyse det faktum at dette er skolar som er godkjende etter krava i lova og får statstilskot, ikkje private skolar som opererer på kommersiell basis.
Gjeldande omgrepsbruk kan vere ein fordel med tanke på å skilje skolar i privat eige som ikkje får lovheimla statstilskot frå skolar i privat eige som får slikt tilskot. Dette vil likevel berre vere tilfelle der omgrepsbruken er konsekvent. Fleire høringsinstansar legg vekt på at mange frittståande skolar allment blir omtalte som privatskolar. Gjeldande omgrepsbruk kan i slike tilfelle verke uklar.
Departementet vil peike på at omgrepa frittståande skole og friskole kom inn i terminologien så seint som med friskolelova av 2003. Fram til dette tidspunktet vart skolane kalla private skolar. Omsynet til å halde fast ved innarbeidde omgrep vil på bakgrunn av den korte tida omgrepa har vore i bruk, ikkje vege like tungt som langvarig, veletablert omgrepsbruk.
Nemninga frittståande skole , forkorta friskole , er etter departementet si oppfatning eit verdiladd omgrep, som kan gi uheldige og utilsikta assosiasjonar i retning av at friskolane er frie – i motsetning til dei offentlege skolane som såleis er ufrie. Departementet har i denne samanheng også merkt seg at direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, har uttalt dette om spørsmålet til Avisenes Nyhetsbyrå:
«[...] Jeg har selv stusset over navnet fordi det indikerer at disse skolene er frie og uavhengige av staten. Det er de jo ikke. De er jo avhengige av støtten de får fra staten.»
Etter departementet si vurdering gir ikkje den tittelen ein brukte på lova første gong – lov om tilskot til private skolar – lenger dekkjande informasjon om kva lova handlar om. Lova skal også etter lovendringa omhandle tilskot og bruken av tilskotet, men ho skal mellom anna også regulere forholdet mellom skolen og elevane/foreldra og forholdet mellom skolen og dei tilsette, under dette innehalde reglar om rettane til elevane, personalet ved skolen, styrings- og rådsorgan, skolepengar m.m.
Departementet fremjar etter dette forslag om at tittelen på lova blir endra til lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Som følgje av dette fremjar departementet også forslag om endringar i §§ 1-1, 1-2, 2-1, 2-2, 2-3, 3-1, 3-7, 3-8, 6-1 og 6-3 i samsvar med forslaget i høringsbrevet. Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 19.