Forslag til lov om endringar i opplæringslova og friskolelova
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 – 12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også §§ 2 – 2, 2 – 5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2 – 9, 2 – 10, 2 – 11, 8 – 2, 9 – 1, 9 – 2, 9 – 3, 9 – 4, 9 – 5, 9 – 6, kapittel 9a, §§ 10 – 1, 10 – 6, 10 – 9, 11 – 1, 11 – 2, 11 – 3, 11 – 4, 11 – 7, 11 – 10, 13 – 3b, 13 – 10, 14 – 1, 15 – 3 og 15 – 4.
§ 3 – 1 niande ledd skal lyde:
Opplæringa i offentleg vidaregåandeskole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen haransvaret for å halde elevane med nødvendige trykteog digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kanikkje påleggjast å dekkje nokon del av ugiftenetil dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunenkan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å haldeseg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleggjer det nødvendig å ha. Departementet kan ginærmare forskrifter.
§ 3 – 3 skal lyde:
§ 3 – 3 Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa
Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
Opplæringa i skole skal omfatte vidaregåande trinn 1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3. Kvart trinn skal normalt ha lengd som eitt skoleår.
Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år. Departementet gir forskrift i medhald av § 3 – 4 første leddet om kva for fag som skal ha læretid i bedrift, og nærmare føresegner om opplæringsordninga for dei ulike faga.
Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet godkjennelærekontrakt eller opplæringskontrakt som inneheldunntak frå den fastsette opplæringsordninga. Departementetkan gi nærmare forskrifter.
Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole.
Fylkeskommunen skal gi tilbod om opplæring som lærlingar og lærekandidatar ikkje kan få i lærebedrifta.
§ 3 – 5 skal lyde:
§ 3 – 5 Fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole
Det er mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget som er 25 prosent lengre enn den fastsette læretida. Fylkeskommunenavgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast, og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.
Ny § 3 – 11 skal lyde:
§ 3 – 11 Mellomstatlegavtale om privat vidaregåande skole
Departementet kan godkjenne ein privat vidaregåandeskole når det ligg føre ein mellomstatleg avtaleom dette. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntakfrå krava i opplæringslova og frå forskriftgitt i medhald av lova.
§ 4 – 1 overskrifta skal lyde:
§ 4 – 1 Kvensom er lærling og lærekandidat
§ 4 – 2 skal lyde:
§ 4 – 2 Særlege rettar og plikter for lærlingen og lærekandidaten
Lærlingen og lærekandidatenhar rett til opplæring i samsvar med lærekontraktenog opplæringskontrakten.
Lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plassertei, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Der lærlingar og lærekandidatarhar teikna både arbeidsavtale og lærekontrakteller opplæringskontrakt med same part, kan arbeidsavtalenlikevel ikkje hevast utan at lærekontrakten eller opplæringskontraktenkan hevast etter § 4 – 5 tredjeleddet og § 4 – 6 siste leddet.
Når læretida etter kontrakten er over, ellernår kontrakten blir heva etter § 4 – 6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.
Lærlingar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole.
Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5 – 1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5 – 3, 5 – 4, 5 – 5 og 5 – 6 tilsvarande.
§ 4 – 3 skal lyde:
§ 4 – 3 Godkjenning av lærebedrift
Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar, må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift kan godkjennast private og offentlegeverksemder og organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor eller opplæringsring). Lærebedrifta må vere faglegvurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunenkan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vektpå den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemndafør endeleg vedtak blir gjort.
For at eit opplæringskontor eller einopplæringsring skal bli godkjend, må dei enkeltebedriftene som inngår i kontoret eller ringen, vere godkjendeav fylkeskommunen. Der samansetjinga av opplæringskontoreteller opplæringsringen endrar seg, skal kontoret ellerringen melde frå til fylkeskommunen, som skal vurdere godkjenningapå ny.
Ei lærebedrift må kunne gi ei opplæring som tilfredsstiller krava i forskrifter etter § 3 – 4 om innhaldet i opplæringa. Der lærebedriftaer eit opplæringskontor eller ein opplæringsring,skal dei samarbeidande bedriftene dokumentere at dei samla tilfredsstillerkrava i forskriftene etter § 3 – 4om innhaldet i opplæringa. Opplæringskontoretmå ha føresegner som fastset tilhøvetmellom kontoret og medlemsbedriftene. Opplæringsringenmå ha føresegner som fastset tilhøvetmellom dei samarbeidande bedriftene. Føresegnene skal fastsetjekva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring, og delingaav tilskotet mellom bedriftene. Ei lærebedrift skal haein eller fleire fagleg kvalifiserte personar (fagleg leiar) som haransvaret for opplæringa, og skal sjå til at opplæringslovamed forskrifter blir oppfylt. Kvar enkelt bedrift skal ha ein ellerfleire instruktørar som står føre opplæringaav lærlingane og lærekandidatane.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om vilkår for godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning.
§ 4 – 4 skal lyde:
§ 4 – 4 Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.
Lærebedrifta pliktar å leggjetil rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingenog lærekandidaten kan nå måla i den fastsettelæreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5 – 5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikleein intern plan for opplæringa, for å sikre atlærlingen eller lærekandidaten får eiopplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen,eventuelt den individuelle opplæringsplanen. Ifall delarav opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skallærebedrifta leggje til rette for dette.
Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen og lærekandidaten skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.
Lærebedrifta melder lærlingen til den fagprøva eller sveineprøva som blir halden nærmast den tida da læretida er ute. Lærekandidaten skal ved slutten av kontrakttida få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivået opplæringa har ført fram til. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.
Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen.
Lærebedrifter får tilskot tilopplæringafrå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.
§ 4 – 5 skal lyde:
§ 4 – 5 Lærekontrakt ogopplæringskontrakt
Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og lærekandidaten når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven somhar ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter denfastsette læreplanen.
For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen, og han får da verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Kontraktenskal vise til den eller dei arbeidsavtalane som lærlingeneller lærekandidaten har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten.
Lærlingar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3 – 3 sjette leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader. I prøvetida kan både lærebedrifta og lærlingen seie opp læreforholdet utanomsyn til § 4 – 6. Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15 – 3 og 15 – 6 gjeld også når lærlingen ikkje er skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid.
Det er ikkje nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive kontrakt.
§ 4 – 6 skal lyde:
§ 4 – 6 Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt
Etter samtykke frå fylkeskommunenkan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål.Etter samtykke frå fylkeskommunenkan lærekontrakten mellom lærlingen og lærebedriftai løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontraktmed kompetanseprøve som mål.
Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunenskriftleg om det.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen eller lærekandidaten dersom
a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet,
b) lærlingen, lærekandidaten eller lærebedrifta viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller
c) lærlingen eller lærekandidaten skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida.
Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.
Når lærlingen eller lærekandidaten frivillig hevar kontrakten, fell retten til vidaregåande opplæring etter § 3 – 1 bort dersom fylkeskommunen ikkje vedtek noko anna. Når det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt etter krav frå lærebedrifta, beheld lærlingen eller lærekandidaten retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket fastset at retten fell bort.
Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta eller før det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen eller lærekandidaten kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.
Etter samtykke frå fylkeskommunenkan læretida avbrytast i samband med permisjon.
Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter § 4 – 3, eller dersom fylkeskommunen finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søkje å skaffe lærlingane eller lærekandidatane ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta gjerest inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vore mangelfull.
Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen. Unntak gjeld for lærlingar som har prøvetid etter § 4 – 5 tredje leddet.
§ 4 – 7 skal lyde:
§ 4 – 7 Internkontrolli den enkelte lærebedrifta
Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring,slik at lærlingen eller lærekandidaten fåropplæring i samsvar med lova her og forskrifta til denne.Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman medden eller dei faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedriftafølgjer pliktene etter opplæringslova med forskrift.
Lærebedrifta skal årleg rapporteretil fylkeskommunen om opplæringa av lærlingarog lærekandidatar. Departementet kan gi nærmareforskrifter om rapporteringsplikta til lærebedrifta.
§ 4 – 8 skal lyde:
§ 4 – 8 Oppgåvenetil fylkeskommunen knytte til fag- og yrkesopplæringa
Fylkeskommunen har også oppgåveretter §§ 4 – 3, 4 – 5og 4 – 6, knytte til fag- og yrkesopplæringa.I samband med godkjenning av lærebedrifter skal fylkeskommunenrettleie og følgje opp bedriftene, i tillegg til å kontrollereat den enkelte bedrifta fyller krava for å få godkjenning.
Fylkeskommunen skal leggje fram for yrkesopplæringsnemndasaker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, førfylkeskommunen gjer vedtak i saka. Saker om godkjenning av lærebedrifter,tap av godkjenningar og kvalitetssystemet for fag- og yrkesopplæringaskal alltid leggjast fram for nemnda. Fylkeskommunen skal leggjevekt på det yrkesopplæringsnemnda har vedtekeeller uttalt når han avgjer saker som gjeld fag- og yrkesopplæringa.I samband med godkjenning av lærebedrift eller vedtak omtap av godkjenning skal fylkeskommunen leggje avgjerande vekt på denfaglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda,jf. § 4 – 3.
Fylkeskommunen skriv ut fagbrev og sveinebrev på grunnlagav greidd prøve, og kompetansebevis for opplæringsom er gjennomført.
Fylkeskommunen godkjenner praksis for kandidatarsom melder seg til fagprøve eller sveineprøve utanlæretid, jf. § 3 – 5.
Etter forslag frå yrkesopplæringsnemndanemner fylkeskommunen opp ei, eller om nødvendig fleire prøvenemnderfor dei faga det er prøvekandidatar i. Fylkeskommunen kaneventuelt nemne opp prøvenemnder i samarbeid med andrefylkeskommunar.
§ 4A–3 fjerde ledd skal lyde:
Opplæringa i offentleg vidaregåandeskole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen haransvaret for å halde vaksne som får vidaregåandeopplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddelog digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåandeopplæring, kan ikkje påleggjast å dekkjenokon del av ugiftene til dette utover det som følgjerav forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som fårvidaregåande opplæring, å halde seg medanna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjerdet nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmareforskrifter.
Ny § 9 – 6 skal lyde:
§ 9 – 6 Omreklame i skolen
Skoleeigaren skal sørgje for at elevaneikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skapekommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferdog verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøkerog andre læremiddel som blir nytta i opplæringa.Departementet kan gi nærmare forskrifter.
§ 12 – 3 skal lyde:
§ 12 – 3 Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval
Fylkeskommunen nemner opp yrkesopplæringsnemnd med oppgåver etter §§ 4 – 3,12 – 3 og 12 – 4.
Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmersom til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringaog i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partanei arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonaneog etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partanei arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast oppminst éin representant for elevar, lærlingar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonareller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonaneom forslag til medlemmer i nemnda.
Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane og lærekandidatane blir oppnemnde for to år om gongen.
Fylkeskommunen skal førebu dei sakenenemnda skal behandle.
Departementet kan gi nærmare forskrifterom arbeidet i nemnda.
Nemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller nytte prøvenemnda som yrkesutval. Departementet kan gi forskrifter om samansetjinga av og verksemda til yrkesutvala.
Kommunelova § 14 nr. 1 bokstav a gjeldikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.
§ 12 – 4 skal lyde:
§ 12 – 4 Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Nemnda skal fremje behov hos og synspunkt frå arbeidslivetoverfor fylkeskommunane.
Yrkesopplæringsnemnda skal i form avvedtak uttale seg i saker som fylkeskommunen etter § 4 – 8er pliktig til å leggje fram for nemnda. Dette gjeld mellomanna saker om godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning,og om fylkeskommunens kvalitetssystem for fag- og yrkesopplæringa.
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for å heve kvalitetenav heile fag- og yrkesopplæringa. Yrkesopplæringsnemndaskal særleg
– fremje forslag til organisering, arbeidsmåtarog strategiar for å utvikle kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
– vurdere og uttale seg om rutinane ifylkeskommunen for å sikre kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
– vurdere korleis partane i arbeidslivetskal bidra til kvalitetsutvikling og -sikring i fag- og yrkesopplæringa
– vurdere korleis samhandlinga mellomskolar og lærebedrifter kan betrast
– vurdere korleis kompetanseutviklingkan sikrast
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide forbest mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa,og gi fylkeskommunen råd om tiltak i samband med den årlegefastsetjinga av tilbod.
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide forat rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir bestmogleg, og foreslå tiltak der ho finn det nødvendig.
Yrkesopplæringsnemnda skal gi rådom korleis utvikling av fag- og yrkesopplæringa og samhandling mellomskolar og bedrifter kan medverke til regional utvikling, mellomanna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar.
Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakttil å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å utføreandre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde tilyrkesopplæringsnemnda.
Ny § 13 – 3b skal lyde:
§ 13 – 3bPlikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgjefor ulykkesforsikring
Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje forulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmareforskrift om ulykkesforsikring.
§ 15 – 2 noverande fjerde ledd blir oppheva.
II
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) blir det gjort følgjande endringar:
§ 6 – 2 tredje ledd skal lyde:
Vidaregåande skolar kan ikkje krevjenoka form for betaling for opplæringa frå elevareller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.Skolen har ansvaret for å halde elevane med nødvendigetrykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevanekan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av ugiftenetil dette utover det som følgjer av forskrift. Skolen kanpåleggje elevane å halde seg med anna individuelt utstyrsom opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.Departementet kan gi nærmare forskrifter.
§ 6A – 8 fjerde ledd skal lyde:
Skolane kan påleggje elevane å haldeseg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringatil vanleg gjer det nødvendig å ha, og dei kan krevjebetaling frå elevane for utgifter til å kopiere sliktmateriell. Skolane kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringafrå elevar eller foreldre utover det som følgjerav denne føresegna.
Ny § 7 – 1a skal lyde:
§ 7 – 1a omreklame i skolen
Skolen skal sørgje for at elevane ikkjeblir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press,eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferdog verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøkereller andre læremiddel som blir nytta i opplæringa.Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Ny § 7 – 1b skal lyde:
§ 7 – 1b Pliktfor skolen til å sørgje for ulykkesforsikring
Skolen pliktar å sørgje forulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmareforskrift om ulykkesforsikring.
III
Lova gjeld frå det tidspunkt Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene i lova kan setjast i verk til ulik tid.
IV
Departementet kan i forskrift fastsetje overgangsreglar.