7 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga
Lovregulering av reklame i skolen:
Det er rekna med at dei foreslåtte lovforslaga vil å ha små økonomiske og administrative konsekvensar.
Lovregulering av skoleeigaren sitt ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel i vidaregåande opplæring:
Fylkeskommunane er kompenserte for dei større utgiftene til læremiddel og administrasjon som følgje av ansvaret for å halde elevane i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel, jf. St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) for Kunnskapsdepartementet. Kompensasjon for administrative meirkostnader inkluderer også meirarbeid for fylkeskommunane knytt til ny stipendordning gjennom Lånekassa.
Frittståande vidaregåande skolar med parallellar i den offentlege vidaregåande skolen og med rett til statstilskot, vil få same kompensasjon per elev som fylkeskommunane, dvs. 100 prosent i gjennomsnitt. Departementet vil komme tilbake til dei meir tekniske detaljane når det gjeld fordelinga mellom dei frittståande skolane.
Elevane i vidaregåande skole får eit ikkje-behovsprøvd stipend på mellom 800 og 2 600 kroner per år, avhengig av utdanningsprogram, gjennom Statens lånekasse for utdanning. Dette stipendet skal vere med på å dekkje utgifter til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr – for eksempel idrettsutstyr, kalkulator, kladdebøker, påkledning i samband med yrkesfag o.l. Delar av stipendet kan også dekkje eigendel for berbar pc.
Gitt at det er 60 000 elevar på Vg2 skoleåret 2007–08, vil ein eigendel til berbar pc på 500 koner frå kvar utgjere 30 mill. kroner.
Innføring av føresegn i opplæringslova om godkjenning av vidaregåande skolar basert på bilaterale mellomstatlege avtalar:
Forslaget om høve til godkjenning har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar. I tilfelle det vil bli inngått bilaterale mellomstatlege avtalar om norsk tilskot til slike skolar, må økonomiske og administrative konsekvensar av avtalane vurderast. Departementet tar sikte på at elevane skal omfattast av trekk- og korreksjonsordninga for frittståande og statlege skoler i inntektssystemet.
Innføring av føresegn i opplæringslova om kollektiv ulykkesforsikring:
Åttifem prosent av kommunane og alle fylkeskommunane har allereie ulykkesforsikra elevane. Ein kjenner ikkje det eksakte talet på elevar som i dag er utan slik forsikringsdekning. Dei økonomiske konsekvensane for den einskilde skoleeigar av å innføre eit krav om ulykkesforsikring vil avhenge av kva for krav forskrifta set til dekningsnivået. Departementet føresett at eventuelle meirkostnader blir dekte av skoleeigar. Departementet tar sikte på at forskriftsarbeidet skal gjerast i samarbeid med KS.
Endringar i føresegnene i opplæringslova om fag- og yrkesopplæringa:
Forslaga går i hovudsak ut på å flytte mynde, presisere samansetnaden av yrkesopplæringsnemnder og å presisere og utdjupe eksisterande rettar og plikter. Mange av forslaga inneber tilpassing til gjeldande praksis i fylkeskommunar og lærebedrifter i dag. Departementet antek derfor at forslaga til endringar i føresegnene i opplæringslova om fag- og yrkesopplæringa ikkje medfører auka økonomiske kostnader. Det er foreslått at fylkeskommunane skal gjere endeleg vedtak i ein del saker som tidlegare låg til yrkesopplæringsnemnda.