8 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
8.1 Endringar i opplæringslova
Til § 2 – 12 tredje ledd
Regelen er supplert med tilvisingar til §§ 9 – 6 og 13 – 3b for at dei nye reglane om reklame og plikta til å sørgje for ulykkesforsikring også skal gjelde for private skolar godkjende etter opplæringslova § 2 – 12.
Til § 3 – 1 niande ledd
Føresegna gjeld for alle som blir tekne inn i til offentleg vidaregåande opplæring, også personar som retten til vidaregåande opplæring etter § 3–1 eller § 4A–3 ikkje omfattar.
Når vidaregåande skolar blir drivne av staten eller av kommunar, har desse eit tilsvarande ansvar som fylkeskommunen.
Med «andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr» er meint for eksempel kladdebøker, lommekalkulator, påkledning i yrkesfag o.l.
Departementet gir forskrift om innføringstakt og om eigendel for berbare pc-ar.
Departementet viser elles til kapittel 3.4.
Til § 3 – 3
Endringane i tredje og fjerde ledd i føresegna er hovudsakleg av lovteknisk art for å forenkle lovbruken etter paragrafen.
Tredje ledd andre punktum er delvis ei vidareføring av tidlegare sjette ledd. Det er presisert at departementet kan gi forskrifter om kva for fag som skal ha læretid i bedrift, og om opplæringsordninga for dei ulike faga. Det følgjer av referansen til § 3 – 4 at forskrifter om unntak frå læreplanverket og målkrava i læreplanane må ha heimel i § 3 – 4 og ikkje lenger kan fastsettast med heimel i § 3 – 3.
I fjerde ledd er det klargjort at fylkeskommunen i det enkelte tilfellet kan godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar som fastset unntak frå den fastsette opplæringsordninga. Dette gjeld fordelinga av opplæringa mellom skole og bedrift og ei anna fordeling mellom år av måla i læreplanen. Heimelen opnar ikkje for å gjere unntak frå dei måla som er fastsette for faget i læreplanen. Slike unntak må ha heimel i § 3 – 4. Dei unntak fylkeskommunen gjer i den enkelte lærekontrakten og opplæringskontrakten, vil vere forvaltningsvedtak.
Presiseringa av heimelen for departementet til å gi nærmare forskrifter om avvik frå opplæringsordninga i fjerde ledd, omfattar både § 6 – 40 og §11 – 12 i gjeldande forskrift. Det inneber inga realitetsendring samanlikna med gjeldande rett.
Sjette ledd tilsvarer tidlegare femte ledd, men pliktsubjektet er endra frå vidaregåande skolar til fylkeskommunen. Det er fylkeskommunens ansvar å tilby vidaregåande opplæring. I tillegg er omgrepet teoriopplæring ikkje lenger i lova, sidan omgrepet ikkje lenger blir nytta. Fylkeskommunen vil ikkje med dette vere pliktig til å tilby alle moglege fag til kvar tid, men bør vere merksam på denne konkrete plikta ved godkjenning av lærekontraktar og godkjenning av opplæringskontraktar, og der lærebedrifta synleggjer at andre enn bedrifta skal stå for delar av opplæringa. I dei tilfella da fylkeskommunen godkjenner ein slik kontrakt, vil fylkeskommunen ha plikt til å tilby den opplæringa som lærebedrifta har oppgitt at andre enn lærebedrifta skal gi lærlingen eller lærekandidaten.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 3 – 5
Andre ledd inneber at ansvaret for å godkjenne praksis for praksiskandidatar etter § 3 – 5 blir flytt frå fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda til fylkeskommunen.
Til ny § 3 – 11
Første punktum gir departementet heimel for å godkjenne private vidaregåande skolar der det ligg føre ein mellomstatleg avtale mellom Noreg og ein annan stat om opprettinga av tilbodet.
Etter andre punktum har departementet høve til å gjere unntak frå opplæringslova og forskrifta til opplæringslova i samband med godkjenninga. Dette inneber at føresegnene i opplæringslova og forskrifta til opplæringslova gjeld i den utstrekning dei ikkje er eksplisitt unnatekne.
Til overskrifta i § 4 – 1
Overskrifta er endra slik at lærekandidat også blir nemnd, for på denne måten å synleggjere lærekandidaten i opplæringslova og for at overskrifta betre skal dekkje innhaldet i føresegna.
Til § 4 – 2
Overskrifta er endra slik at lærekandidat også blir nemnd, for på denne måten å synleggjere lærekandidaten i opplæringslova og for at overskrifta betre skal dekkje innhaldet i føresegna.
Føresegna får eit nytt første ledd som uttrykkjer den rett lærlingen og lærekandidaten har til å få opplæring i samsvar med lærekontrakten og opplæringskontrakten. Av standardkontrakten, fastsett av departementet, følgjer at bedrifta pliktar å gi den opplæring som er fastsett i læreplanen. Endringa gjer det tydeleg kva lærlingen og lærekandidaten har rett til når det gjeld opplæring i bedrift.
Andre ledd er ei vidareføring av det tidlegare første ledd, men presiserer fleire forhold som tidlegare ikkje var klart uttalte i lova. Kven som har arbeidsgivaransvaret for lærlingen og lærekandidaten blir presisert i første punktum. Omgrepet lærebedrift, som er brukt i gjeldande rett, er for upresist, sidan lærebedrifta etter opplæringslova også kan vere fleire samarbeidande bedrifter. Endringa gjer det enda tydelegare i lova at arbeidsavtalen er knytt til ein lærekontrakt eller ein opplæringskontrakt, og at der arbeidsavtalen og lærekontrakten eller opplæringskontrakten er teikna med dei same partane, kan arbeidsavtalen derfor ikkje hevast utan at lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast etter § 4 – 5 tredje ledd eller etter § 4 – 6. Der det er ulike kontraktspartar, vil lærekontrakten eller opplæringskontrakten framleis gjelde sjølv om arbeidsavtalen blir heva i medhald av arbeidsmiljølova. Dette vil særleg gjelde der lærlingen eller lærekandidaten har ein lærekontrakt eller ein opplæringskontrakt med eit opplæringskontor.
Tredje ledd er ei vidareføring og presisering av tidlegare andre ledd. Endringa gjer det klart at arbeidsavtalen også fell bort der lærekontrakten eller opplæringskontrakten blir heva etter § 4 – 6.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4 – 3
I første ledd er ansvaret flytta frå yrkesopplæringsnemnda til fylkeskommunen. Yrkesopplæringsnemnda skal likevel gi ei fagleg vurdering av bedrifta før godkjenning. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på vurderinga frå nemnda før han vurderer bedrifta mot dei andre vilkåra i føresegna. Samtidig blir definisjonen av lærebedrift forenkla for å synleggjere utviklinga i offentleg og privat sektor. Definisjonen inneber inga realitetsendring.
Andre ledd er nytt. Det blir lovfesta at kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar og lærekandidatar, treng godkjenning frå fylkeskommunen. Dette inneber at dei bedriftene som inngår i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, treng godkjenning for den delen av opplæringa som dei står føre. Det betyr vidare at der eit opplæringskontor eller ein opplæringsring tek opp ein ny medlem eller mister ein medlem, må dette meldast til fylkeskommunen, så han kan vurdere den nye samansetnaden av kontoret eller ringen mot krava til godkjenning gitt i opplæringslova med forskrifter.
Tredje ledd er ei vidareføring og presisering av det tidlegare andre ledd. Første punktum klargjer at lærebedrifta må vere ei slik verksemd og ha slikt utstyr at ho kan gi ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen. Andre punktum presiserer at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring som skal bli godkjend etter første ledd, må kunne dokumentere at medlemsbedriftene til saman vil oppfylle krava om innhald i opplæringa gitt i forskrift i medhald av § 3 – 4. Dette må lesast i samanheng med nytt andre ledd, der det er krav om at kvar enkelt bedrift skal godkjennast av fylkeskommunen. Vidare blir det presisert at opplæringskontoret og opplæringsringane må ha føresegner som regulerer forholdet mellom dei og bedriftene, kva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring, og fordelinga av tilskotet mellom dei samarbeidande bedriftene. Dette inneber ikkje noko krav om korleis fordelinga av tilskotet skal vere, berre at føresegnene skal innehalde føresegner om fordelinga. I forskrifta §§ 11 – 2 og 11 – 3 er det krav om vedtekter eller avtale mellom bedriftene, og det er ikkje meint som ei realitetsendring i forhold til dette kravet, utover innhaldskrava til føresegnene. Der opplæringskontoret er organisert som eit AS, kan dei føresegnene det er krav om etter opplæringslova, skrivast inn i dei vedtektene bedrifta skal ha etter lov om aksjeselskap av 13. juni 1997 nr. 44 §§ 2 – 1, jf. 2 – 2.
Det er vidare gjort klart at lærebedrifta kan ha fleire faglege leiarar, og det blir lovfesta krav om ein eller fleire instruktør(ar). Lovkravet gjeld for kvar enkelt bedrift, også dei som er medlemmer i eit opplæringskontor eller ein opplæringsring. Fagleg leiar og instruktør ved bedrifta kan vere ein og same person.
I fjerde ledder departementet framleis gitt kompetanse til å fastsetje nærmare forskrifter om vilkår for godkjenning av lærebedrifter. Nytt er presiseringa av at kompetansen også gjeld nærmare forskrifter om tap av godkjenning. Dette inneber inga realitetsendring samanlikna med gjeldande rett.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4 – 4
Første ledd er endra slik at plikter for lærebedrifta når det gjeld opplæringa av lærlingen og lærekandidaten kjem tydelegare fram av lova. Omgrepet teoriopplæring blir teke ut av lova og erstatta med ei meir generell formulering. Plikta til å ha ein intern plan for opplæringa, som etter gjeldande rett står i forskrifta § 11 – 1, følgjer etter endringa direkte av lova. Tidlegare siste punktum i første ledd går ut av lova sidan det ikkje var i samsvar med hovudprinsippet om utbetaling av tilskot til bedriftene. Der fylkeskommunen står føre delar av opplæringa, har han høve til å halde tilbake ein forholdsmessig del av tilskotet, sjå forskrifta § 11 – 6 siste ledd.
I andre ledd er det gjort enkelte endringar i ordlyden for å gjere det ansvaret lærebedrifta har når det gjeld arbeids- og læringsmiljø, tydelegare. Omgrepet skoletid blir erstatta med opplæringstid, for å harmonisere omgrepsbruken med læreplanane.
Fjerde ledd er endra slik at melding ikkje lenger skal givast til yrkesopplæringsnemnda, men til fylkeskommunen.
Femte ledd er endra for å synleggjere formålet med tilskotsordninga for bedrifter som har lærlingar og lærekandidatar. Tilskotet skal heilt ut gå til å finansiere dei utgiftene bedriftene har med å ha lærlingar eller lærekandidatar.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4 – 5
Overskrifta er endra slik at opplæringskontrakt også blir nemnd, for å synleggjere lærekandidaten i opplæringslova og for at overskrifta betre skal dekkje innhaldet i føresegna.
Første ledd nytt tredje punktum slår fast at det skal gå fram av lærekontrakten og opplæringskontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter læreplanen for faget. I vurderinga av om ein lærekontrakt eller ein opplæringskontrakt skal godkjennast, må fylkeskommunen vurdere om dei ulike aktørane som skal samarbeide om opplæringa av lærlingen eller lærekandidaten, kan gi tilfredsstillande opplæring.
I andre ledd er ansvaret for å godkjenne kontraktar, som tidlegare låg til yrkesopplæringsnemnda, lagt til fylkeskommunen. Vidare er det presisert at lærekontrakten eller opplæringskontrakten skal vise til arbeidsavtalen(ane).
Tidlegare særføresegn i tredje ledd om når lærekontrakt skal teiknast for lærlingar som har fylt 21 år med full opplæring i bedrift, er teke ut av lova. Etter dette vil hovudregelen etter første ledd i føresegna gjelde også for desse lærlingane. Tredje ledd andre punktum er endra for å gjere tydeleg føresegna sitt forhold til hovudregelen om heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt i § 4 – 6.
Fjerde ledd er endra slik at det berre står kontrakt, ikkje lærekontrakt. Med denne endringa vil den same regelen gjelde for teikning av opplæringskontraktar som ved teikning av lærekontraktar. Departementet viser i denne samanheng til verjemålslova §§ 32 og 34 om handleevna til den mindreårige og den umyndiggjorde når det gjeld teikning av arbeidsavtalar.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4 – 6
Overskrifta er endra slik at opplæringskontrakt også er nemnd, for å synleggjere lærekandidaten i opplæringslova, og for at overskrifta betre skal dekkje innhaldet i føresegna.
Første ledd har fått eit nytt andre punktum som opnar for at ein lærekontrakt kan endrast til ein opplæringskontrakt. Vilkåra er dei same som etter første punktum, som opnar for at ein opplæringskontrakt under visse vilkår kan endrast til lærekontrakt.
Alle oppgåvene etter denne paragrafen, som har lege til yrkesopplæringsnemnda i tilknyting til endring av opplæringskontraktar eller heving av lærekontraktar, er flytta til fylkeskommunen. Der fylkeskommunen ikkje klarer å skaffe ein lærling ny læreplass, sjå åttande ledd i føresegna, vil fylkeskommunen ha ansvar etter lova § 3 – 3 femte ledd.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4 – 7
Det er fleire grunnar til at føresegna er kommen inn i lova. Bruken av tilsynsomgrepet i opplæringslova skal reserverast for statens tilsyn med at lov og forskrifter blir etterlevde. Omgrepet kvalitetssikring er betre å bruke om det arbeidet lærebedriftene skal gjere for å sikre at dei oppfyller lov og forskrifter. Vidare er det viktig at opplæringslova presiserer at det er lærebedrifta som har det overordna ansvaret for at bedrifta oppfyller krava i lova. Samtidig vil det vere praktisk at ein fagleg leiar har ansvaret for ein del av dei praktiske oppgåvene knytte til kvalitetssikringa, og at den faglege leiaren er ein person som fylkeskommunen, lærlingane og lærekandidatane kan halde seg til.
Første ledd slår fast at den enkelte lærebedrifta skal arbeide med kvalitetssikring, og at ho har ansvaret for å ha internkontroll for å sikre at lærlingen og lærekandidaten får opplæring i samsvar med opplæringslova og forskrifter gitt i medhald av lova. Den eller dei faglege leiarane i bedrifta skal samen med representant(ar) for arbeidstakarane jamleg sjå til at lærebedrifta følgjer dei pliktene som følgjer av lova og aktuelle forskrifter.
Andre ledd første punktum pålegg lærebedrifta å gi ein årleg rapport til fylkeskommunen om opplæringsverksemda. Dette vil danne grunnlag for det vidare arbeidet i fylkeskommunen med å utvikle fag- og yrkesopplæringa i fylket. Fylkeskommunen kan leggje rapportane fram for yrkesopplæringsnemndene til diskusjon. Etter andre punktum har departementet heimel for å gi forskrifter om rapporteringsplikta for lærebedriftene.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4 – 8
Det følgjer av føresegna at dei praktiske oppgåvene knytte til fag- og yrkesopplæringa, som lova tidlegare la til yrkesopplæringsnemnda, etter endringa er lagde til fylkeskommunen. Yrkesopplæringsnemnda hadde tidlegare oppgåver knytte til formidling. Både denne regelen og heimelen for at departementet kan gi nærmare forskrifter om formidling, er fjerna. Bakgrunnen er at desse var vanskelege å gjennomføre, og at det er ei betre ordning at fylkeskommunen finn ein måte å gjere dette på der det kan takast omsyn til dei lokale utfordringane. Formidling av lærlingar og lærekandidatar er ikkje eigna for sentralt fastsette reglar.
Andre ledd gjer tydeleg fylkeskommunens plikt til å leggje enkelte saker fram for yrkesopplæringsnemnda før dei blir avgjorde i fylkeskommunen. Det er forventa at fylkeskommunen skal leggje fram fleire saker for nemnda enn det er plikt til, da det er fleire saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa. Fylkeskommunen får vidare plikt til å leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga yrkesopplæringsnemnda gir av ei bedrift, i saker om godkjenning av lærebedrift og tap av godkjenning. Fylkeskommunen må leggje saka fram for yrkesopplæringsnemnda før han eventuelt vurderer bedrifta mot dei ytterlegare vilkåra i lova.
I femte ledd er oppgåva med å nemne opp prøvenemnder lagd til fylkeskommunen. Det følgjer av føresegna at oppnemninga skal gjerast etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 4A–3 fjerde ledd
Departementet viser til merknader til § 3–1 niande ledd.
Til ny § 9–6
Føresegna pålegg skoleeigaren plikt til å sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar. I ordlyden blir det spesielt peikt på skolen sitt område, lærebøker og læremiddel. Bakgrunnen er at dette er sentrale delar av skolekvardagen for elevane. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande opplisting.
Føresegna vil i praksis bety at det ikkje vil vere tillate med noka form for reklame som skolen meiner vil kunne ha uheldig påverknad på elevane, samtidig som ho opnar for at reklame m.m. som ikkje er skadeleg, framleis kan nyttast. Føresegna er fleksibel ved at vurderinga av kva som er uønskt eller uheldig påverknad, vil variere, avhengig av alder og modnad hos elevane.
Føresegna er ikkje meint å ramme bruk av Internett, TV, aviser, blad m.m. som ledd i undervisninga. Bedriftsbesøk og partnarskap mellom skole og lokalt arbeids- og næringsliv vil også falle utanom føresegna.
Med «skolens område» er meint bygningsmassen innvendig og utvendig, skolegarden og eventuelt anna uteareal. Somme skolar bruker eksterne bygningar til undervisningslokale og symjeundervisning, eller eksterne trenings- og sportshallar som gymsal. Eventuell reklame i desse bygningane vil ikkje vere ramma av lovføresegna.
Føresegna gjeld for alle skolar som driv verksemda etter opplæringslova, både grunnskolar og vidaregåande skolar. Det er skoleeigaren som har det formelle ansvaret for å vurdere kva for reklameformer som er akseptable eller ikkje. Når det gjeld skolar som blir drivne etter friskolelova, er det tilsvarande ansvaret lagt til styret. Kommunar, fylkeskommunar og styra bør sjølv kunne avgjere kven som skal ha mynde til å gjere slike vurderingar.
Til § 12 – 3
Tilvisingane i første ledd er endra sidan alle oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda no med eitt unntak er samla i opplæringslova § 12 – 4. Nemnda har også ei oppgåve etter § 12 – 3 siste ledd.
I andre ledd er det overlate til fylkeskommunen å avgjere kor mange medlemmer det skal vere i yrkesopplæringsnemnda. Det gjeld likevel nokre avgrensingar her, da representantane frå arbeidslivet skal vere i fleirtal, og nemnda minst skal ha éin elev-, lærling- eller lærekandidatrepresentant. At det er opna for at det kan sitje ein elevrepresentant i nemnda, er nytt. Fylkeskommunen skal sørgje for at representantane til saman har breiast mogleg innsikt i fag- og yrkesopplæringa i skole og bedrift, og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det er føresett at fylkeskommunen vel medlemmer til nemnda som kan medverke til god fag- og yrkesopplæring i fylket, og som kan sjå heilskapen i det fireårige opplæringsløpet. Betydninga av at fylkeskommunen vurderer å ha medlemmer i nemnda frå det pedagogiske personalet, følgjer av femte punktum, som presiserer at fylkeskommunen har høve til å be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer.
Tredje ledd fører vidare delar av tidlegare andre ledd. Dette er gjort for å lette lovbruken. Yrkesopplæringsnemnda skal konstituere seg sjølv, og fylkeskommunen skal derfor ikkje peike ut leiar og nestleiar for nemnda.
Fylkeskommunen nemner opp nemnda og vil ofte sjølv vere representert i nemnda, og det står nemnda fritt å kalle inn dei ho meiner bør delta på møta.
I forslaget til ny § 4 – 8 skal yrkesopplæringsnemnda gi vedtak og fråsegner til fylkeskommunen, som skal ta med vedtaka og fråsegnene i vurderingsgrunnlaget før det blir gjort vedtak i sakene. Av den grunn er tidlegare regel om fylkeskommunens instruksjonskompetanse fjerna.
Fjerde ledd lovfestar fylkeskommunen sitt ansvar for å førebu sakene til yrkesopplæringsnemnda. Å førebu saker som skal behandlast i yrkesopplæringsnemnda vil m.a. innebere å utføre dei praktiske oppgåvene i samanheng med arbeidet i yrkesopplæringsnemnda og å innhente den informasjon nemnda ber om.
Femte ledd tilsvarer tidlegare sjette ledd, men med den endring at departementet ikkje kan bestemme kva for oppgåver nemnda kan delegere til fylkeskommunen som saksførebuar. Yrkesopplæringsnemnda bestemmer sjølv arbeidsdelinga for dei oppgåvene nemnda er blitt gitt i lov og forskrift.
Sjette ledd fører vidare tidlegare sjuande ledd om yrkesutval.
Sjuande ledd er nytt og slår fast at kommunelova § 14 nr. 1a ikkje skal gjelde for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda. Dette inneber at nemndsmedlemmene kan bu i eit anna fylke enn dei er oppnemnde i, og at to fylke kan ha felles yrkesopplæringsnemnd ved å nemne opp dei same medlemmene i begge fylka.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til § 12 – 4
Dei praktiske oppgåvene yrkesopplæringsnemnda tidlegare har hatt, er lagde til fylkeskommunen. Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda vil etter føresegna vere knytte til dei områda det er viktig at nemnda får auka innverknad på. Dette gjeld kvalitet, dimensjonering, rådgiving og regionalt utviklingsarbeid.
Etter første ledd skal saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, bli lagde fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen gjer vedtak. Nemnda skal i form av vedtak gi fråsegner til fylkeskommunen. Som det følgjer av forslaget til ny § 4 – 8, har fylkeskommunen plikt til å leggje frem enkelte saker for nemnda, og han skal ta med vedtak og fråsegner frå yrkesopplæringsnemnda i vurderingsgrunnlaget før vedtak blir gjorde. Endringa styrkjer innverknaden frå yrkesopplæringsnemnda på arbeidet med fag- og yrkesopplæring i fylkeskommunen.
Sjuande ledd lovfestar at yrkesopplæringsnemnda kan delegere oppgåver ho er blitt tillagd i lov og forskrift. Dette omfattar også den faglege vurderinga av bedrifter før fylkeskommunen gjer godkjenningsvedtak.
Departementet viser til sine vurderingar og forslag i kapittel 6.
Til ny § 13 – 3b
Første punktum lovfestar den plikt kommunen og fylkeskommunen har til å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Ordlyden «sørgje for ulykkesforsikring for elevane,» inneber ein reell valfridom mellom anten å oppfylle plikta gjennom privat forsikring eller gjennom sjølvassurandørordning.
Andre punktum lovfestar heimel for departementet til å gi nærmare forskrifter om ulike sider av forsikringsordninga. Heimelen gir også høve til nærmare regulering av sjølvassuranse, under dette om det skal vere opning for eit slikt alternativ eller ikkje.
8.2 Endringar i friskolelova
Til § 6 – 2 tredje ledd
Føresegna omfattar ikkje elevar i skolar godkjende etter kapittel 6A.
Departementet viser elles til kapittel 3.4.
Til § 6A-8 fjerde ledd
Føresegna presiserer gjeldande rett.
Til ny § 7 – 1a
Føresegna er ny og inneber lovregulering av reklame i friskolelova. Det er styret som har det formelle ansvaret for å vurdere kva for reklameformer som er akseptable. Elles tilsvarer føresegna ny § 9 – 6 i opplæringslova, og departementet viser til omtalen av denne føresegna framanfor.
Til ny § 7 – 1b
Første punktum lovfestar plikt for friskolen til å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Elles tilsvarer føresegna ny § 13 – 3b i opplæringslova, og departementet viser til omtalen av denne føresegna framanfor