3 Forslag om lovregulering av skoleeigarane sitt ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel i vidaregåande opplæring
3.1 Gjeldande rett
Hovudregelen er at vidaregåande opplæring i skole og bedrift er gratis. Dette inneber at fylkeskommunen ikkje kan krevje at elevar, lærlingar, lærekandidatar eller vaksne betaler for utgifter i samband med opplæringa. Det er likevel gjort unntak for læremiddel og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Dette er regulert i opplæringslova §§ 3–1 siste ledd og 4A–3 fjerde ledd.
Unntaksføresegnene inneber at fylkeskommunen kan påleggje eleven, lærlingen, lærekandidaten eller den vaksne å dekkje kostnadene ved for eksempel lærebøker, kladdebøker og lommekalkulatorar. Fylkeskommunen kan også ta betalt for kopiert undervisningsmateriell.
I forarbeida er det presisert at lovføresegna er meint å omfatte utstyr og materiell som ordinært må skaffast, og som det i dag er forventa at elevane sjølv held seg med. Når det gjeld berbar pc til individuelt bruk, må fylkeskommunen i det enkelte tilfellet gjere ei konkret vurdering av om slikt utstyr, som følgje av ein pedagogisk grunngitt overgang til digitale læremiddel og arbeidsformer, oppfyller kravet til nødvendig utstyr som det er forventa at eleven sjølv held seg med. Dersom fylkeskommunen kjem fram til at så er tilfelle, er departementet si tolking at det ikkje er i strid med opplæringslova å påleggje elevane å halde seg med berbar pc, føresett at elevane ikkje får større utgifter til skolemateriell og utstyr enn dei elles ville ha hatt.
Føresegnene i §§ 3–1 siste ledd og 4A–3 fjerde ledd gjeld for alle som blir tekne inn i offentleg vidaregåande opplæring, også personar som ikkje er omfatta av retten til vidaregåande opplæring etter § 3–1 eller § 4A–3, og personar som blir tekne inn ved vidaregåande skolar som er drivne av staten eller kommunar.
Frittståande vidaregåande skolar som får statstilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgiftene, kan krevje at elevane (eller dei vaksne) betaler skolepengar etter friskolelova § 6–4 tredje ledd. Dei frittståande vidaregåande skolane har ikkje høve til å krevje noko slag eigenbetaling frå elevar, foreldre eller vaksne utover det som går fram av § 6–4 tredje ledd. Dei frittståande vidaregåande skolane kan sameleis som dei offentlege vidaregåande skolane krevje at elevane (og dei vaksne) har undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Når det gjeld vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, viser departementet til friskolelova § 6A–8 tredje ledd.
3.2 Forslaget i høringsbrevet
Departementet meiner at det ansvar skoleeigarane har for læremiddel, bør forankrast gjennom lovregulering i opplæringslova og friskolelova, på lik linje med andre plikter.
I omtalen av ordninga i St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) heiter det at fylkeskommunen får ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. Dette omfattar også kopiert materiell.
I tillegg til det fylkeskommunale ansvaret får elevane eit ikkje-behovsprøvd stipend som skal medverke til å dekkje utgifter dei har til «andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr». Denne stipendordninga er nærmare omtalt i eit eige høringsbrev frå departementet av 18. oktober 2006 om forskrift om tildeling av utdanningsstøtte for skoleåret 2007/08 (dvs. støtte gjennom Lånekassa). Det ikkje-behovsprøvde stipendet skal medverke til å dekkje utgifter elevane har til «andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr». Med dette er meint for eksempel kladdebøker, lommekalkulator, påkledning i yrkesfag o.l. Stipendordninga omfattar ikkje lærlingar og lærekandidatar.
Enkelte fylkeskommunar har vedteke at elevane i vidaregåande skole må halde seg med berbar pc. I departementet si lovfortolking av ordninga slik ho er i dag, er det lagt til grunn at dette ikkje er i strid med opplæringslova så lenge dei utgiftene elevane har til læremiddel og utstyr, totalt sett ikkje stig.
Å kunne bruke digitale reiskapar er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane i alle læreplanane for fag. Alle læreplanane i Kunnskapsløftet inneheld kompetansemål der elevane skal bruke digitale reiskapar, hjelpemiddel eller kjelder i læringsarbeidet. I høringsbrevet sa departementet at det er føresetnaden at skoleeigarane har plikt til å ha det digitale utstyret som er nødvendig for at elevane kan nå dei kompetansemåla i læreplanane som er knytte til digitale dugleikar. At elevane har berbare pc-ar er likevel ingen nødvendig føresetnad for å nå kompetansemåla.
Det er ikkje løyvd ekstra midlar til berbare pc-ar i samband med at skoleeigarane får ansvaret for å halde elevane i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Dersom skoleeigaren vel å organisere opplæringa på ein slik måte at elevane må ha berbar pc, føreset departementet at skoleeigaren vil ha mindre utgifter til andre læremiddel og til stasjonære pc-ar. I høringsbrevet la departementet til grunn at utgiftene til pc-ar, uavhengig av om dei er stasjonære eller berbare, heilt ut skal dekkjast av fylkeskommunen og den frittståande skolen. Departementet foreslo at det høvet skoleeigarane har hatt til å krevje at elevane held seg med berbar pc, ikkje lenger skal gjelde, og at det heller ikkje skal vere høve til å krevje delfinansiering frå elevane.
Opplæringslova § 3 – 3 opnar for at heile eller større delar av opplæringa kan skje i bedrift. Hovudmodellen for yrkesfaglege utdanningsprogram er to år i skole og to år i bedrift. Departementet la til grunn at skoleeigaren har ansvaret for tilsvarande læremiddel for dei elevane/lærlingane som har ein større del av opplæringa i bedrift enn det som følgjer av læreplanen.
I høringsbrevet foreslo departementet at opplæringslova § 3–1 siste ledd blir endra til:
Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremidlar samt digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkja nokon del av ugiftene til dette. Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
Tilsvarande foreslo departementet endringar i opplæringslova § 4A–3 og i friskolelova § 6–2.
3.3 Synspunkt frå høringsinstansane
Av dei høringsinstansane som har gitt realitetsfråsegner, støttar eit fleirtal forslaget om lovfesting av gratis læremiddel. Mange høringsinstansar peiker likevel på at dei støttar forslaget under den føresetnad at ordninga blir fullfinansiert av staten.
Svært mange høringsinstansar har uttalt seg særskilt om berbare pc-ar og fordelinga av kostnader mellom skoleeigaren og eleven. Fylkeskommunane og KS gir sterkt uttrykk for at dei ikkje deler departementet sitt syn på at berbare pc-ar ikkje er ein nødvendig føresetnad for å nå kompetansemåla. Dei går også imot forslaget om at skoleeigarane ikkje lenger skal kunne krevje at elevane sjølv held seg med berbar pc, eller at skoleeigarane skal kunne krevje delfinansiering frå elevane.
Argument for dette er at
utgifter til digitale læremiddel og pc-ar i stor grad kjem i tillegg til trykte læremiddel, og at fylkeskommunane ikkje er kompenserte for denne utgifta
berbar pc er nødvendig, alle elevar må ha eigen berbar pc
elevane bør eige og medverke til å betale for pc-en for å medverke til at dei tek meir ansvar for og betre vare på maskinen
KS seier m.a. i høringsfråsegna:
«Hovedinnvendingen er at det i utkast til endringer i opplæringsloven legges til grunn at det ikke er nødvendig at den enkelte elev har sin egen bærbare pc. Ut fra denne forutsetningen vil fylkeskommunene ikke kunne påberope seg å ha utgifter til bærbare pc-er, og det blir ikke anledning for fylkeskommunene til å pålegge elevene å anskaffe slike. I praksis vil den nye lovteksten dermed gjøre det umulig å sikre at alle elevene har sin egen bærbare pc til bruk på skolen – noe de fleste fylkeskommunene ser som helt nødvendig for å nå kompetansemålene i Kunnskapsløftet – med digital kompetanse som én av fem grunnleggende ferdigheter. Her forutsettes det at digital kompetanse skal prioriteres i alle fag og at IKT skal være en integrert del av alt skolearbeid. For å oppnå dette, må alle elever og lærlinger i videregående opplæring ha den nødvendige tilgangen til pc – noe som er en forutsetning for pedagogisk IKT-bruk. KS vil understreke enigheten om at pc for den enkelte elev er en nødvendighet.
Videre vil det at elevene eier sin egen pc, bidra til en forsiktig og påpasselig bruk av utstyret og dermed en lengst mulig levetid. Hvis fylkeskommunene får et samlet ansvar for utlån og service på pc-ene, vil kostnadene knyttet til administrering også bli betydelige. Man har så langt ikke gode beregninger på hva dette vil koste.
Elevenes pc-er bør finansieres som en del av stipendordningen til gratis læremidler i Statens lånekasse for utdanning – eventuelt i form av en verdisjekk spesielt for dette formålet.»
Eksempel på høringsfråsegner frå fylkeskommunane er fråsegnene frå Nordland og Nord-Trøndelag.
Nordland fylkeskommune seier m.a.:
«Fylkesrådet i Nordland er glad for at det nå innføres ordninger med gratis læremidler til elever i videregående opplæring.
Fylkesrådet konstaterer imidlertid at mange fylkeskommuner og Kunnskapsdepartementet har ulikt syn i når det gjelder bruk av bærbar datamaskin. Problemet synes å ha oppstått som en følge av at de ambisiøse målene i Kunnskapsløftet ikke harmonerer med de formuleringene Kunnskapsdepartementet foreslår i ny opplæringslov, at de økonomiske vurderingene i liten grad samsvarer med realitetene for fylkeskommunene og at det er ulik forståelse mellom Kunnskapsdepartementet og Nordland fylkeskommune om hvilken betydning eierskap av bærbar datamaskin har for sosial utjamning og livslang læring.
Gjennom å definere datamaskin som nødvendig utstyr mener fylkesrådet at vilkårene for læring blir mer lik for elever i videregående skole. Fylkesrådet tilrår derfor at dette blir gjort mulig ved å øke stipendtildelingen til elevene i videregående opplæring i framtidige statsbudsjett.
Fylkesrådet gjør i sin uttalelse oppmerksom på at de digitale arbeidsformene påfører fylkeskommunen nye oppgaver og utgifter. Det blir derfor ikke riktig å påstå, slik det blir gjort i høringsnotatet, at fylkeskommunene sparer penger ved at elevene eier egen datamaskin.
Fylkesrådet i Nordland er svært tilfreds med at det nå innføres ordninger med gratis læremidler for elever i videregående opplæring.
Fylkesrådet i Nordland vil imidlertid på det sterkeste frarå den foreslåtte endringen av opplæringslova der fylkeskommunen pålegges å »...halde elevane med …digitalt utstyr» Fylkesrådet foreslår at datamaskin defineres inn under «…anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.»
For å oppnå likeverdige læringsforhold og sosial utjamning må alle elevene eie bærbar datamaskin. Deler av kostnadene elevene får, dekkes av stipend. Fylkesrådet ber departementet vurdere å øke stipendtildelingen til elevene i videregående opplæring i framtidige statsbudsjett.
Kunnskapsdepartementet oppfordres til å intensivere forsknings- og utviklingsarbeid i tilknytning til ordninga med gratis læremidler, slik at fylkeskommunene og staten får bygd opp ei ordning som lar seg forbedre etter hvert som en vinner erfaring.»
Nord-Trøndelag fylkeskommune seier m.a:
«Fylkesrådet i Nord-Trøndelag er sterkt uenig i at pc-er for elevene holdes utenfor statlige støtteordninger og at det ikke skal være mulig for fylkeskommunene å pålegge elevene en viss egenbetaling for pc-er. Vilkårene for en viss egenbetaling er at elevene ikke påføres utgifter ut over det de ellers ville ha til utstyr og lærebøker. Videre er fylkesrådet uenig i departementets vurderinger, når det sies at bærbare pc-er ikke er nødvendig for å realisere læreplanenes krav til digital kompetanse og digitale ferdigheter. […]»
Kristne Friskolers Forbundseier i fråsegna m.a.:
«Vi ser imidlertid store fordeler med at elevene selv eier lærebøker, eventuelt egen PC. Vårt syn er derfor at man i stedet for ensidig å finansiere læremidlene over skolenes budsjetter, bør lage ordninger der elevene mottar stipend for selv å kunne kjøpe, og dermed eie, nødvendige læremidler som lærebøker og PC.»
Desse uttaler vidare at
«Å eie sin egen PC og sine egne lærebøker gir en god, pedagogisk gevinst. Elevene lærer seg å forvalte penger og opptre på en økonomisk fornuftig måte. Det å eie selv stimulerer eleven til å ta bedre vare på lærebøkene. Noen vil kanskje selge dem brukt, mens andre elever vil ta vare på lærebøkene for å ha noe å slå opp i når man senere i livet søker informasjon. Skal man selge og har behandlet tingene bra lærer man at man får mer igjen for dem.»
Andre høringsinstansar nyanserer synet på om berbare pc-ar er ein føresetnad for å nå kompetansemåla, m.a. Utdanningsforbundet, fylkesmannen i Østfold og elevombodet i Nord-Trøndelag.
Utdanningsforbundetseier i fråsegna m.a. at
«Utdanningsforbundet støtter også merknaden om fylkeskommunen og friskolen også har ansvaret for pc-er som er nødvendige for opplæringa. […] Vi er enige med departementet i at bærbare pc-er ikke er en nødvendig forutsetning for å nå kompetansemålene knyttet til digitale ferdigheter.»
Fylkesmannen i Østfold uttaler m.a. at
«Departementet forutsetter at et krav fra skoleeier overfor den enkelte elev om å holde seg med bærbar PC, må resultere i reduserte utgifter til andre læremidler og utstyr. Fylkesmannen støtter opp om departementets vurderinger, men ser at dette ikke er en NÅ-situasjon. Vi tror det vil ta tid før skolene har tilegnet seg en ny pedagogisk tilnærming og en mer helhetlig bruk av digitale læremidler. De fleste opplever at digitalt utstyr og digitale læremidler kommer i tillegg til behovet for trykte læremidler.»
Elevombodet i Nord-Trøndelag seier m.a.:
«[…]Slik jeg ser denne saken så har NT-fylke i sin iver etter å være et foregangsfylke, tatt en del snarveier som de nå må ta konsekvensene av. Elevene i fylket er svært misfornøyde med ordingen. Dette går ikke på at man må stille med pc, men på bruken av denne. Når det stilles krav om å ha pc må det også finnes gode pedagogiske argumenter om å opprettholde denne ordningen. De sier ikke at man ikke skal satse på digitale læremidler, tvert imot så mener de at den ikke utnyttes godt nok. Problemet er at det er de som får regningen med satsingen.
[…] pc ikke blir brukt på den måten som var planlagt, mest på grunn av at lærerne ikke har gode nok kunnskaper til å gjennomføre de reformene som er tenkt. Dette viser klart at man ikke har behandlet denne saken godt nok i Fylket. Det vil si at man har gått litt for fort frem.»
Elevorganisasjonen seier i høringsfråsegna m.a.:
«Fylkeskommunene oppgir grunnferdigheten som omhandler digital kompetanse som grunn for å innføre kravet om obligatoriske bærbare pcer. Elevorganisasjonen mener at digital kompetanse er en svært viktig del av dagens videregående opplæring. For at elevene skal være best mulig rustet til livet etter videregående må de få godt innføring i bruken av digitale verktøy. Likevel mener Elevorganisasjonen at det er uakseptabelt at elevene blir sittende igjen med regningen for en reform som skal styrke deres egen utdanning. Skolen reproduserer i dag sosiale ulikheter. Å legge inn utgifter på flere tusen kroner bidrar ikke til å snu denne trenden. Innføring av obligatoriske pc-er på elevenes regning i noen fylker vil øke forskjellene fylkene imellom.»
3.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet foreslår at det blir lovfesta i opplæringslova §§ 3–1 og 4A–3 og i friskolelova § 6 – 2 at skoleeigarane har ansvaret for å halde elevane i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel og nødvendig digitalt utstyr. Føresegna i opplæringslova fører vidare prinsippet om at offentleg vidaregåande opplæring er gratis, dvs. at skoleeigarane ikkje kan krevje skolepengar.
Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane, lærekandidatane og dei vaksne å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Elevane får eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassa, som skal medverke til å dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Stipendordninga omfattar ikkje lærlingar og lærekandidatar, jf. forskrifta om tildeling av utdanningsstøtte for undervisningsåret 2007/08.
Ordninga skal gjelde for Vg2 frå hausten 2007, Vg3 frå hausten 2008 og Vg1 frå hausten 2009.
Særleg om berbare pc-ar
I dei nye læreplanane etter Kunnskapsløftet, som tredde i kraft hausten 2006, er grunnleggjande dugleikar i bruk av digitale reiskapar integrerte – på lik linje med andre grunnleggjande dugleikar – i kompetansemåla for alle fag. Departementet held fast ved standpunktet om at ein personleg eigd pc ikkje er ein føresetnad for at elevane skal nå kompetansemåla i læreplanane. Pc-dekninga i vidaregåande skole er i dag relativt god. Ei spørjeundersøking i vidaregåande skolar, attgitt i Utdanningsspeilet 2006, viser eit gjennomsnitt på 2,5 elevar per pc med Internett-tilkopling. For enkeltskolar varierer maskinkapasiteten mellom 0,74 og 8,4 elevar per pc. Når det gjeld elevar per nett-tilkopla pc, varierer det mellom 0,79 og 8,8 elevar.
Når ordninga med gratis læremiddel i vidaregåande opplæring blir innført f.o.m. hausten 2007, meiner departementet at dersom skoleeigaren vel å organisere opplæringa på ein slik måte at kvar elev må ha berbar pc, må det samtidig kunne føresetjast at pc-en blir brukt slik at han delvis erstattar tradisjonelle trykte læremiddel og behovet for stasjonære pc-ar. Dette vil kunne gi skoleeigaren ei innsparing som må inngå i finansieringa av berbare pc-ar. Fleire av høringsinstansane, m.a. nokre fylkeskommunar, peiker på at dette vil vere mogleg på sikt, men at det ikkje er realistisk at ei slik innsparing er mogleg allereie no. Departementet meiner at den foreslåtte lovendringa, som avgrensar at skoleeigaren kan krevje at eleven dekkjer kostnader til berbar pc, ikkje inneber noka endring av dagens vilkår om høvet til å velje løysingar som føreset at alle elevar har berbar pc. I departementet si lovfortolking av ordninga i dag er det lagt til grunn at pålegg om berbar pc ikkje er i strid med opplæringslova, så lenge dei utgiftene elevane har til læremiddel, totalt sett ikkje blir større. Dette inneber at skoleeigarane heller ikkje i dag står fritt til å påleggje elevane å skaffe berbar pc.
Departementet føreset at skoleeigarar som vel å organisere opplæringa på ein slik måte at alle elevane må ha berbar pc, kan ha ei innsparing knytt til m.a. trykte læremiddel og stasjonære pc-ar. Men departementet ser også at elevar som har berbar pc, kan ha lågare utgifter til anna individuelt utstyr. Departementet foreslår derfor å opne for at fylkeskommunen kan krevje eigendel frå eleven for å dekkje delar av kostnaden for berbar pc. Høvet til å krevje ein slik eigendel føreset at elevane vil få ei innsparing knytt til utgifter til for eksempel kalkulator, kladdebøker o.l. Det er også føresett at eleven får behalde pc-en etter vidaregåande skole. Elevane får eit årleg ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassa, som skal medverke til å dekkje utgifter dei har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Departementet meiner at det er rimeleg at den øvre grensa for eigendelen ligg under den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde læremiddelstipendet. Departementet vil fastsetje maksimalt nivå på eigendelen i forskrift.
Departementet meiner at ei ordning der eleven dekkjer delar av kostnaden ved berbar pc og får behalde pc-en etter vidaregåande skole, også kan medverke til at elevane tek meir ansvar for og betre vare på maskinen.
Forslaget er ikkje til hinder for at skoleeigarane kan opprette eller føre vidare andre kjøps-/leasingordningar for berbare pc-ar. Men skoleeigarane kan ikkje krevje at elevane deltek i ordningar som føreset eigenbetalingar utover det som er fastsett i forskrift. Skoleeigarane må derfor sørgje for utlån av berbare pc-ar til elevar som av ulike grunnar ikkje ønskjer å vere med på slike ordningar. Departementet understrekar at lån av pc da må vere eit reelt alternativ, og at elevane må få informasjon om dette høvet til val. Lovforslaget er heller ikkje til hinder for at elevar som allereie har eigen berbar pc, kan bruke denne.