2 Forslag om lovregulering av reklame i skolen
2.1 Gjeldande rett
Verken opplæringslova eller forskrifta til opplæringslova har i dag noko direkte forbod mot reklame i lærebøker eller andre læremiddel. Det er skoleeigaren sitt ansvar å vurdere kvaliteten av lærebøkene. Det ligg likevel implisitt i føresegna om rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring, jf. § 2 – 15, at det ikkje kan stillast krav om motytingar i samband med gåver til skolen. Spørsmålet om reklame i lærebøker og andre læremiddel er heller ikkje regulert i friskolelova.
2.2 Framand rett
Ingen av dei andre nordiske landa har lovregulering av reklame i skolen, men fleire har retningslinjer eller rettleiingar om marknadsføring i og sponsing av skolen. Finland og England har retningslinjer som gjeld både skolen og bedrifter som ønskjer å sponse skolar. Formålet er å oppnå ei etisk og restriktiv holdning hos sponsorane og hos skoleleiarane. Forbrukarombodet i Finland har utarbeidd retningslinjer som tek utgangspunkt i lovverket for forbrukarrettar og marknadsføring. Retningslinjene omhandlar m.a. den plikt skolen har til å informere og be om samtykke frå foreldre ved sponsing, korleis elevane skal lærast opp til å skilje mellom informasjon, reklame og underhaldning, og rettleiing om partnarskap mellom skole og næringsliv.
I Danmark har Forbrugerstyrelsen gitt ut ei rettleiing som i hovudsak vender seg til bedrifter som ønskjer å sponse skolar. Denne omtaler m.a. betydninga av at foreldre gir samtykke dersom skolen skal sponsast, omfanget av sponsornamn i undervisningsmateriell, og grenseoppgangar mellom sponsing, reklame og oppmodingar om kjøp av produkt.
I Sverige har Konsumentverket, i samarbeid med Skolverket og Svenska Kommuneförbundet, laga ei rettleiing om utarbeiding av lokale retningslinjer for sponsing i skolen. Rettleiinga skisserer kva lokale retningslinjer for skolen eller kommunen bør innehalde, kva krav desse bør stille til sponsorar, og praktiske forslag til skriftlege avtalar med næringslivet.
2.3 Forslaget i høringsbrevet
I høringa foreslo departementet ein ny § 9 – 6 Om reklame i skolen i kapittel 9 i opplæringslova. Etter føresegnene skal skolen sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar. I høringa viste departementet til at føresegnene spesielt bør regulere reklame på skolen sitt område, i lærebøker og læremiddel. Dette er heilt sentrale element i skolekvardagen for elevane.
Etter forslaget skal føresegnene i opplæringslova gjelde både den offentlege grunnskole- og vidaregåande opplæringa, og skolar som er offentleg godkjende etter opplæringslova. Av den grunn må det visast til § 9 – 6 i opplæringslova § 2 – 12 tredje ledd, som m.a. fastset kva for føresegner i lova som gjeld for private skolar godkjende etter opplæringslova. Det blir også foreslått å ha ei slik føresegn i ny § 7 – 1a i friskolelova, jf. forslag om endringar i friskolelova som vart sendt på alminneleg høring 10. oktober 2006 . Ein slik § 7 – 1a i friskolelova skal ikkje gjelde for skoler som blir drivne etter kap. 6A.
2.4 Synspunkt frå høringsinstansane
67 instansar har uttalt seg om dette forslaget. Av desse er 63 positive til at det kjem ei lovregulering av reklame i skolen.
Somme høringsinstansar støttar forslaget med enkelte særmerknader. Det gjeld KS, Fylkesmannen i Finnmark, Telemark fylkeskommune og Drammen kommune som støttar lovforslaget, men foreslår at omgrepet skole i lovforslaget blir bytt ut med skoleeigar. Dette blir gjort for å vise ansvaret for oppfølginga til skoleeigaren, som igjen må ha høve til å løyse oppgåva innanfor sitt interne delegeringssystem.
KSseier m.a.:
«Til den utsendte lovteksten vil KS ellers påpeke at departementet presiserer i merknaden til lovforslaget at det er skoleeier som har det formelle ansvaret for å vurdere hvilke reklameformer som er akseptable eller ikke. KS mener at skoleeiers ansvar må tydeliggjøres i lovteksten og foreslår prinsipielt at «Skolen» byttes ut med «Skoleeier». Dette vil også sikre bedre likebehandling i den enkelte kommune/fylkeskommune.»
Når det gjeld utarbeiding av ei rettleiing, hevdar fleire av høringsinstansane at dette ikkje er tilstrekkeleg. Dei meiner at retningslinjer som skal regulere handhevinga av reklameforbodet, bør fastsetjast i forskrift. Dette gjeld m.a. Utdanningsforbundet, LO, Fremtiden i våre hender,Forbrukerombudet, Forbrukerrådet og Barneombudet.
Barneombudet seier m.a.:
«For det første vil skoleledelsen stå overfor enkelte utfordringer når de etter skjønn skal vurdere hva som er skadelig, eventuelt ikke skadelig reklame. Barneombudet setter spørsmålstegn ved hvordan departementet har tenkt å sette standarden for hva som er kommersielt press, når departementet skriver «i stor grad kun påverke haldningar, åtferd og verdiar.» Å gjenkjenne hva som er reklame er relativt lett, men å ha en felles forståelse for hva som er skadelig/ikke skadelig reklame er en større utfordring. Dette er i utgangspunktet problemstillinger som det hersker uenighet om, selv innenfor faglige kretser. Barneombudet synes på nåværende tidspunkt at dette er uklart og kan slik det nå fremstår ikke finne noen gode nok grunner til at skolens ledelse skal ha kompetanse til å vurdere den eventuelle skadeligheten på de enkelte markedsføringstiltakene på en god nok måte.»
Somme av høringsinstansane, m.a. Fylkesmannen i Akershus, meiner lovforslaget er for vagt og kan by på problem for gjennomføringa av oppgåva.
Fylkesmannen i Rogaland og Forbrukarombodet ønskjer ikkje ein skjønnsbasert lovtekst.
Fire høringsinstansar går imot forslaget: Fylkesmannen i Rogaland, Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Annonsørforeningen.Annonsørforeningen og Hordaland og Rogaland fylkeskommunar viser til at det vil vere tilstrekkeleg å utarbeide ei rettleiing.
2.5 Vurderingar og forslag frå departementet
Barn og unge blir i dag eksponerte for kommersielt press på ulike måtar og er i aukande grad gjenstand for merksemd frå kommersielle aktørar. Reklame i skolen har ved fleire høve vore oppe til debatt, i den samanheng også behovet for lovregulering. Skolen er kanskje i dag den einaste arena i livet til barn og unge der det offentlege framleis har eit monaleg handlingsrom for å leggje premissar for oppvekstmiljøet, og reelt er skolen ein arena mindre prega av kommersialisering enn mange andre arenaer for barn og unge. Kunnskapsdepartementet er oppteke av at det skal vere slik i framtida også, og meiner at lovregulering av reklame i skolen vil vere eit eigna verkemiddel for dette.
I høringsnotat 10. juli d.å. foreslo Barne- og likestillingsdepartementet eit nytt kapittel i marknadsføringslova om marknadsføring retta mot barn. Forslaget vil likevel ikkje vere eit tilstrekkeleg verkemiddel med sikte på å demme opp for kommersielt press i skolen. Marknadsføringslova er ei generell lov, og ho seier ikkje noko om kvar eller på kva for arenaer reklame er tillate. Lovregulering av reklame i skolen hører derfor heime i opplæringslova og friskolelova.
Departementet meiner likevel det er viktig å være realistisk i dette spørsmålet: heller ikkje skolen kan bli fullstendig fri for kommersiell påverknad. Ei variert og aktuell opplæring krev i dag hjelpemiddel som aviser, magasin, tidsskrifter og Internett, der det vil vere reklame. Eit for kategorisk og altomfattande forbod mot reklame i skolen er derfor uaktuelt. Det vil by på problem å avgrense ei slik føresegn, og det kan også leggje uønskte avgrensingar på samarbeidsrelasjonane mellom skole og lokalt arbeids- og næringsliv.
Departementet har vurdert om det bør vere eit direkte reklameforbod avgrensa til lærebøker, men meiner at dette vil vere ei lite formålstenleg lovregulering. Omgrepet læremiddel er delvis i ferd med å erstatte omgrepet lærebøker. Utviklinga på området har ført til at det tilrettelagde fagstoffet no anten blir publisert i eit anna medium enn læreboka, eller ofte er ein «pakke» som kan innehalde både lærebok, arbeidsbok, lærarrettleiing og nettbaserte ressursar. For dei store fellesfaga i både grunnskole og vidaregåande opplæring er det siste vanleg. Eit avgrensa lovforbod mot reklame i lærebøker vil derfor – ut frå dagens røyndom – ramme berre ein liten del av dei totale læremidla. Dessutan er det konstatert at det i dag reelt sett er svært lite reklame i lærebøker.
Departementet er oppteke av å få ei lovregulering som i størst mogleg grad skjermar elevane mot uønskt reklame og uønskt påverknad, og som samtidig gir skolen høve til å bruke ulike læremiddel og læringsarenaer og å samarbeide med ulike partar i nærmiljøet. Ei formålstenleg lovregulering vil derfor vere ei føresegn som pålegg skolen plikt til å sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, m.a. på skolens område, i lærebøker og læremiddel elles. Skoleleiarar og lærarar er dei nærmaste til å gjere vurderingar av kva som er uønskt og skadeleg påverknad på elevane. Slike vurderingar kan vere ulike, avhengig av alderen til elevane. Samtidig er dette eit tema som bør drøftast med elevane, i rådsorgana til skolane og i samarbeid med foreldra.
Med reklame meiner departementet kommersielle ytringer. Departementet vil presisere at føresegna i praksis betyr at det ikkje vil vere tillate med noka form for reklame som skolen meiner vil ha uheldig påverknad på elevane, samtidig som det framleis vil vere mogleg med reklameplakatar frå lokalt kulturliv om konsertar, utstillingar eller andre kulturelle opplevingar.
På dette området vil det likevel kunne oppstå spørsmål om kva som er akseptabelt eller ikkje. Det blir foreslått ei lovføresegn der skolen må utøve skjønn i det konkrete tilfellet. For å medverke til at skjønnet ikkje skal bli vilkårleg, er det formålstenleg at lovføresegna blir supplert med ei rettleiing om reklame, sponsing og andre salsfremjande tiltak i skolen. Rettleiinga vil kunne gi sentrale retningslinjer og få ein viktig funksjon ved praktiseringa av føresegna. For at rettleiinga skal bli utforma på ein god måte og fungere etter formålet, vil representantar for brukarane, interesseorganisasjonar og næringslivet bli inviterte til å delta i arbeidet med å lage ho.
På bakgrunn av det ovannemnde meiner departementet at ei skjønnsmessig lovføresegn kombinert med ei rettleiing vil vere mest formålstenleg for å motverke kommersielt press i skolen.
Til merknadene frå enkelte høringsinstansar om at det i lovteksten bør heite skoleeigar i staden for skole, vurderer departementet det slik at det er meir formålstenleg å bruke skoleeigar enn skole i lovteksten i opplæringslova. Departementet foreslår derfor at denne lovteksten blir endra i samsvar med dette.
Departementet står fast på den foreslåtte lovteksten med den endringa som er nemnd ovanfor. Arbeidet med å utarbeide ei rettleiing vil skje i samarbeid med skoleeigarar, arbeidstakarorganisasjonar og andre aktuelle samarbeidspartar. Dersom det viser seg at forbodet vanskeleg lèt seg handheve med støtte i ei rettleiing, vil departementet vurdere å utarbeide ei forskrift. Lovteksten gir heimel for dette.
Eit anna verkemiddel er bevisstgjering av elevane. Gjennom opplæringa skal skolen hjelpe elevane til medvit om og kritisk evne i høve til reklame og marknadsføring. Skolen har her ei viktig oppgåve i å formidle kunnskap og bevisste holdningar til forbruk, kommersialisering og kjøpepress allereie frå skolestart.
Departementet har også vurdert om lovforslaget reiser spørsmål under Grunnloven § 100 eller etter menneskerettsloven § 2. Departementet finner det klart at lovforslaget ikke kommer i konflikt med verken Grunnloven eller menneskerettsloven. Kommersielle ytringer nyter generelt et svakere vern enn andre ytringer, og i dette tilfellet rekker ikke lovforslaget lenger enn hva som er nødvendig for formålet.