4 Forslag om innføring av ei føresegn i opplæringslova om godkjenning av vidaregåande skolar basert på mellomstatlege avtalar
4.1 Gjeldande rett
Det går fram av opplæringslova § 2 – 12 at private grunnskolar må vere godkjende av departementet, og at grunnskolar som oppfyller minimumskrava i føresegna, har rett til slik godkjenning. Opplæringslova § 2 – 12 opnar for godkjenning av norske, internasjonale og utanlandske skolar, under dette ein kombinasjon av desse. På vidaregåande nivå er det fri etableringsrett. Det er likevel berre vidaregåande skolar som driv verksemda etter opplæringslova eller friskolelova, som kan setje standpunktkarakterar og utferde vitnemål for fullført og bestått vidaregåande opplæring.
I påvente av ny privatskolelov er det innført ein stans i godkjenninga av nye friskolar etter friskolelova. I friskolelova slik ho lydde før den mellombels lova tredde i kraft i juni 2006, var det heller ingen heimel for å godkjenne eit privat vidaregåande tilbod basert på eit anna lands læreplan, eller ein kombinasjon av norsk læreplan og eit anna lands læreplan. Det er såleis ikkje heimel i opplæringslova eller friskolelova for å godkjenne eit slikt tilbod. Det er ikkje foreslått at den nye privatskolelova skal opne for slik godkjenning, jf. høringsbrevet om forslag til endringar i friskolelova datert 10. oktober 2006.
Godkjenning av eit vidaregåande skoletilbod basert på eit anna lands læreplan eller ein kombinasjon av norsk læreplan og eit anna lands læreplan, slik at skolen kan utferde norsk vitnemål, kan på denne bakgrunn ikkje givast med heimel i gjeldande lovverk.
4.2 Forslaget i høringsbrevet
I høringsbrevet viste departementet til at det kan vere ønskeleg å leggje til rette for godkjenning etter opplæringslova av enkelte tverrkulturelle vidaregåande skoletilbod som er baserte på bilaterale mellomstatlege avtalar. Departementet la vekt på at eit slikt tilbod vil kunne opne for at elevane etter fullført skolegang får både norsk vitnemål og vitnemål frå vedkommande land.
Departementet uttalte i tillegg at heimelen bør avgrensast til dei tilfelle der det er inngått ein bilateral mellomstatleg avtale. Det vart peikt på at det store fleirtalet av norske barn og unge skal få si opplæring i offentlege skoler som avspeglar mangfaldet i det norske samfunnet. Departementet meinte likevel at etablering av eit avgrensa tal tverrkulturelle tilbod som står opne for både utanlandske og norske barn og unge, er viktige i høve til internasjonalt samarbeid innanfor kultur, språk, utdanning og næringsliv.
Departementet foreslo derfor i høringsbrevet at det blir etablert heimel i opplæringslova for offentleg godkjenning av tilbod på vidaregåande skolenivå, basert på bilaterale mellomstatlege avtalar, slik at skolen også kan setje standpunktkarakterar og utferde norsk vitnemål for fullført og bestått vidaregåande opplæring.
4.3 Synspunkt frå høringsinstansane
Eit klart fleirtal av dei høringsinstansane som uttaler seg, støttar forslaget. Eit klart fleirtal av fylkeskommunane støttar, eller har ingen merknader, til forslaget. Buskerud fylkeskommune uttaler:
«Fylkesutdanningssjefen støtter departementets syn i at det med bakgrunn i internasjonalt samarbeid er viktig å gi mulighet fot etablering av tverrkulturelle tilbud som er åpne for både norske og utenlandske elever, og at det samtidig gis muligheter for både norsk og utenlandsk vitnemål.
Samtidig støtter fylkesutdanningssjefen de avgrensningene som ligger i departementets vurderinger. For å avgrense den frie etableringsretten, ser vi det samtidig som nødvendig at hjemmelen begrenses til tilfeller der det er inngått en bilateral mellomstatlig avtale.»
Nord-Trøndelag fylkeskommune støttar ikkje forslaget og uttaler:
«Fylkesrådet i Nord-Trøndelag ønsker ingen utvidelse av adgangen til å godkjenne private skoler ut over de mulighetene som inngår i lovforslaget som Kunnskapsdepartementet sendte ut 10. oktober i år.»
Dei kommunane som har gitt realitetsfråsegn til forslaget, gir det full støtte. Av dei fylkesmannsembeta som har gitt høringsfråsegn, støttar eit klart fleirtal forslaget.
Sametinget støttar ikkje avgrensinga i forslaget og meiner at den nye føresegna i opplæringslova § 3 – 11 i tillegg må omfatte etablering av offentlege, fellesnordiske vidaregåande tilbod for samar.
Landsorganisasjonen (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) støttar forslaget. NHO uttaler m.a.:
«NHO slutter seg til departementets forslag om å innføre en bestemmelse i opplæringsloven om godkjenning av videregående skoler basert på bilaterale mellomstatlige avtaler. Vi har registrert at ønsket om å legge til rette for godkjenning av enkelte tverrkulturelle videregående tilbud som er basert på bilaterale mellomstatlige avtaler, er begrunnet i at det vil kunne åpne for at elevene etter fullført skolegang får både norsk vitemål og vitnemål fra vedkommende land. Vi har også registrert at i både Sverige og Finland er det etablert en slik ordning i samarbeid med den tyske stat. Den stadig økende globaliseringen gjør det ønskelig å åpne for samme muligheter i Norge.»
Elevorganisasjonen støttar forslaget. Det same gjer Utdanningsforbundet, som uttaler:
«Vi viser til vår høringsuttalelse om forslag til endringer i friskolelova. Utdanningsforbundet har i denne høringa gitt støtte til at privatskolelova kan åpne for internasjonale grunn- og videregående skoler i Norge. Med en slik åpning i privatskolelova, kan det stilles spørsmål ved behovet for en hjemmel i opplæringslova for å godkjenne et begrenset antall videregående skoler med internasjonalt grunnlag etter opplæringslova. På den annen side er tverrkulturelle tilbud basert på bilaterale avtaler noe annet enn skoler som skal drive etter internasjonale læreplaner der undervisningsspråket ikke er norsk eller samisk. Utdanningsforbundet vil derfor støtte at det åpnes for et begrenset antall tverrkulturelle tilbud som er åpne for både utenlandsk og norsk ungdom. Det må være en klar forutsetning for slik godkjenning at det er inngått en bilateral mellomstatlig avtale om skoleopprettelsen og skoledriften.»
4.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet merkjer seg at eit klart fleirtal av dei instansane som uttaler seg, støttar forslaget. Departementet finn likevel grunn til å kommentere nokre fråsegner særskilt.
Til innvendinga frå Nord-Trøndelag fylkeskommune vil departementet uttale at lovendringsforslaget er avgrensa til å omfatte private vidaregåande skolar som er baserte på mellomstatlege avtalar. Forslaget vil berre opne for eit avgrensa tal tverrkulturelle tilbod som vil medverke til internasjonalt samarbeid innanfor kultur, språk, utdanning og næringsliv. Forslaget er såleis i samsvar med den klare hovudregelen om at det store fleirtalet skal få si opplæring i offentlege skolar.
Til fråsegna frå Sametinget vil departementet vise til arbeidet med å utarbeide ein nordisk samekonvensjon og tilføye at konvensjonen ikkje er sluttført.
Departementet meiner sameleis som fleirtalet av høringsinstansane at det er ønskeleg å leggje til rette for godkjenning av enkelte tverrkulturelle vidaregåande tilbod som er baserte på mellomstatlege avtalar etter opplæringslova. Med eit tverrkulturelt vidaregåande tilbod er meint skolar som tilbyr opplæring etter ein læreplan som er basert på ein kombinasjon av to nasjonale læreplanar. Eit slikt tilbod vil kunne opne for at elevane etter fullført skolegang får både norsk vitnemål og vitnemål frå vedkommande land. Elevar i slike tilbod nyttar retten sin til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3 – 1.
Departementet viser elles til vurderingane i høringsbrevet og foreslår at det blir innført ei føresegn i opplæringslova som opnar for at departementet kan godkjenne private vidaregåande skolar der det ligg føre ein mellomstatleg avtale om å opprette eit slikt tilbod. Forslaget er foreslått teke inn i opplæringslova kapittel 3, som ny § 3 – 11.