5 Forslag om innføring av ei føresegn i opplæringslova og friskolelova om kollektiv ulykkesforsikring
5.1 Gjeldande rett
Elevar i offentleg grunnskole og vidaregåande skole er i dag obligatorisk yrkesskadedekte etter folketrygdlova § 13 – 10. Vidare er barn i skolefritidsordninga (SFO) omfatta, men ikkje barn i barnehage. Dei fleste skoleslaga er omfatta, jf. folketrygdlova § 13 – 10. Folketrygdlova set m.a. vilkår om at skaden skjer i undervisningstida og på undervisningsstaden. Dekninga gjeld også på skoleturar, ekskursjonar og på idrettsdagar i skolens regi. Ho gjeld ikkje den tida elevane ferdast til/frå skolen, bortsett frå når dei får skoleskyss i regi av skolen, f.eks. med skolebuss.
Det følgjer av folketrygdlova § 5 – 25 at dekninga er avgrensa til full utgiftsdekning, f.eks. til lege, tannlege, legemiddel, formålstenlege hjelpemiddel til å avbøte skadefølgja og heimtransport. Det blir ikkje ytt eiga yrkesskadedekning utover ordinær utgiftsdekning. Dersom det skjer ei stor ulykke, slik at eleven f.eks. får nedsett framtidig inntektsevne og blir ufør, kan uførepensjon givast etter reglane i folketrygdlova dersom eleven er over 18 år.
Elevar er ikkje omfatta av lov 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring (yrkesskadeforsikringslova). Ordninga, som er obligatorisk, gjeld personskadar påførte arbeidstakarar i teneste hos arbeidsgivarar. Elevar blir etter lova ikkje vurderte som arbeidstakarar i teneste for skolen eller skoleeigaren, heller ikkje der dei får yrkesopplæring på skolen. Elevar som er yrkesutplasserte, lærlingar og lærekandidatar er likevel rekna som å utføre arbeid for den bedrifta dei er utplasserte i. Da er elevane omfatta av arbeidstakaromgrepet i yrkesskadeforsikringslova og av reglane om yrkesskadeforsikring på lik linje med andre arbeidstakarar. Unntak kan gjelde for enkelte heilt kortvarige arbeidsforhold, f.eks. i tilknyting til Operasjon dagsverk.
Det er også etter reglane i folketrygdlova mogleg å få meinerstatning. Dette er regulert i folketrygdlova § 13 – 17 om meinerstatning ved yrkesskade. Eit vilkår er at ein blir påført varig og betydeleg skade av medisinsk art. Meinerstatninga er avgrensa til ei årleg utbetaling på 3/4 G. Men ho gjeld for livstid og kan kapitaliserast opp og utbetalast som eit eingongsbeløp.
Det er i dag ingen føresegner i opplæringslova eller friskolelova som regulerer ulykkesforsikring for skoleelevar.
5.2 Forslaget i høringsbrevet
I høringsbrevet peiker departementet på at spørsmålet om forsikringsdekning for elevar ved ulykker med jamne mellomrom er teke opp, m.a. av Stortinget, som følgje av konkrete skadetilfelle. I 1996 bad Stortinget departementet greie ut om det var mogleg å lovfeste ei lik forsikringsordning ved ulykke for alle elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Bakgrunnen for oppmodinga var mangearta. For det første vart det framheva at mange elevar ikkje var dekte av noka ulykkesforsikring. For det andre vart det påstått at erstatningsutbetalingane under dei eksisterande ordningane var låge, spesielt ved uføre. For det tredje vart det hevda at det var store forskjellar i erstatningsutbetalingane i fylkeskommunane og kommunane. Forskjellane verkar urettferdige og bryt med prinsippet om likebehandling av skoleelevane i landet. Dei bryt også med Stortinget sitt ønske om at alle elevar skal vere tilfredsstillande forsikra. Eit tilleggsomsyn for ei slik ordning kan vere å verne skolen og lærarane mot å komme i erstatningsansvar.
Saka vart følgd opp i Innst. O. nr. 70 (1997–98) om opplæringslova, der KUF-komiteen bad departementet følgje opp saka og finne ei tilfredsstillande ordning. Departementet gjorde diverse undersøkingar i saka, m.a. gjennom ei spørjeskjemaundersøking i fylkeskommunar, kommunar m.m. for å klarleggje omfanget av kollektive forsikringsordningar. Kartlegginga viste m.a. at alle fylkeskommunane og ca. 85 % av kommunane hadde kollektiv ulykkesforsikring for elevar. Forsikringsordninga er kjenneteikna ved at det ved ulykke blir utbetalt ein eingongs forsikringssum ved dødsfall og uføre. Ved uføre har uføregraden betydning for storleiken på forsikringssummen. Behandlingsutgifter blir dekte innanfor fastsette beløp.
På grunnlag av det ovannemnde prøvde departementet i første omgang å få til ei frivillig ordning i staden for ei pliktig ordning gjennom lov. I nært samarbeid med KS vart det prøvd å påverke alle kommunar til å etablere ei slik forsikringsordning. I dialogen vart det framheva at ein felles framstøyt frå fleire fylkeskommunar og kommunar kunne ha ein premiedempande effekt. Vidare vart det gitt klare signal om kva nivå forsikringsbeløpa burde liggje på. Initiativet overfor kommunane gav ikkje dei ønskte resultata. Saka vart så teken opp gjennom eit privat lovforslag i Stortinget. Forslaget lydde slik: « Stortinget ber Regjeringen lovfeste en lik forsikringsordning ved ulykker for alle elever i grunn- og videregående skole utover reglene i lov om folketrygd. Forsikringen må også omfatte ulykker og skader som skjer på skoleveien.»
I den etterfølgjande stortingsdebatten om dette lovforslaget viste departementet til oppnemninga av Yrkesskadeutvalet. Departementet foreslo å sjå ei mogleg forsikringsordning i lys av dei forslaga utvalet ville komme med. Utgreiinga frå utvalet (NOU 2004:3 Arbeidsskadeforsikring) vart lagd fram for Sosialdepartementet 30. januar 2004.
I utgreiinga er det foreslått at ei ny arbeidsskadeforsikring skal erstatte dei reglane om yrkesskadedekning vi i dag har i folketrygdlova. Skoleelevar vil etter forslaget ikkje vere omfatta av dei nye reglane om arbeidsskadeforsikring. Utvalet foreslår at elevar i staden blir dekte gjennom ei lovpålagd kollektiv ulykkesforsikring.
Utgreiinga vart send på høring 25. februar 2004 og er i dag til behandling i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det er ikkje fastsett noko tidspunkt for framlegging av ein odelstingsproposisjon om forslaga frå yrkesskadeutvalet.
I høringsfråsegna frå Kunnskapsdepartementet 16. juni 2004 heiter det:
«Departementet støtter utvalgets forslag om å innføre en lovfestet plikt for kommuner, fylkeskommuner og andre (for eksempel statlige og private skoler) til å tegne kollektiv ulykkesforsikring for elevene i grunnopplæringen. Utvalget har foreslått å lovfeste denne plikten til å tegne kollektiv ulykkesforsikring for skoleelever i Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringsloven) § 13 – 3b. Dette slutter departementet seg til. []. Vi vil imidlertid presisere at det bør fastsettes like forsikringssummer for samme type skade/ulykke, uavhengig av hvor eleven bor i landet. Eksempelvis kan forsikringen kobles mot grunnbeløpet i folketrygdloven, jf. folketrygdloven § 1 – 4. Det er ønskelig med en minstestandard når det gjelder forsikringssummer, og at disse justeres i takt med folketrygdens grunnbeløp. Forsikringssummene bør imidlertid være på samme nivå med forsikringssummer for øvrig i samfunnet.»
Skadepotensialet er stort når det gjeld talet på skadar, særleg hos dei yngre elevane, med hyppige tannskadar. Oftast fører skadane berre til krav om dekning av behandlingsutgifter. Slike utgifter blir i dag dekte av folketrygda, bortsett frå dersom ulykka skjer på skolevegen.
Utløyser ulykkene krav om utbetaling av beløp utover behandlingsutgiftene, blir slike krav ikkje dekte dersom ein skoleelev er busett i ein kommune utan forsikringsordning. At bustadkommune er avgjerande for om ein får erstatning eller ikkje, blir av mange opplevd som urettferdig.
For å innføre ei lovpålagd ordning med ulykkesforsikring for alle elevar raskast mogleg, foreslår derfor departementet at dette forslaget blir behandla uavhengig av dei andre forslaga frå utvalet, og uavhengig av kva for endringar som eventuelt seinare blir gjorde i folketrygdlova.
5.3 Synspunkt frå høringsinstansane
75 høringsinstansar har uttalt seg om forslaget. 33 av dei er positive utan å kommentere forslaget om innføring av ei føresegn om ulykkesforsikring. 26 høringsinstansar kommenterer forslaget og støttar det utan atterhald, medan 15 støttar det med atterhald eller tilleggskommentarar. Berre éin høringsinstans går imot forslaget.
Dei 26 høringsinstansane som kommenterer forslaget og støttar det utan atterhald, er Barne- og likestillingsdepartementet (BLD), fylkesmannsembeta i Østfold, Rogaland, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, fylkeskommunane Nord-Trøndelag, Hordaland, Akershus, Buskerud og Rogaland, ti kommunar, LO, YS, Barneombodet, Utdanningsforbundet, Norges skolelederforbund og Musikernes Fellesorganisasjon(MFO).
BLD viser i høringsfråsegna til at lovforslaget «vil styrke den sosiale profilen til like rettigheter/sikkerhetsnett for alle barn og unge». Andre høringsinstansar framhevar det same og peiker på betydninga av at ein gjennom forslaget prøver å oppnå likskap med same dekningsnivå for alle, at ein held oppe dagens dekningsnivå etter reglane i folketrygdlova om yrkesskadar, og at ein med forslaget unngår ulikskap og urettferd på området. Éin høringsinstans har peikt på barnekonvensjonen, som understrekar at alle barn innanfor rikets jurisdiksjon skal ha dei same rettane. Andre framhevar omsynet til tryggleik for elevane og foreldra, og at ei obligatorisk ordning vil medføre at elevar og føresette ikkje er prisgitt økonomiske og andre forhold i den enkelte kommunen. Fleire uttrykkjer seg positivt til at det blir utarbeidd utfyllande forskrifter om dekningsnivå, minstestandardar, indeksregulering og dekningsomfang, f.eks. at også ulykker som skjer på skolevegen skal vere dekte. Fleire meiner det vil vere mogleg å få reduserte forsikringspremiar, kanskje med lågare premiar enn mange kommunar har i dag, dersom fleire fylkeskommunar og kommunar samlar seg i ei og same ordning.
Dei 15 høringsinstansane som støttar forslaget med atterhald eller tilleggskommentarar, er Justis- og politidepartementet (JD), Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, to kommunar, mellom desse Oslo, KS, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), Skolenes landsforbund, Elevorganisasjonenog fire faglege råd.
Telemark fylkeskommune meiner at meirkostnader som følgje av ei slik føresegn må reknast ut før ei føresegn eventuelt blir innført. Det same uttaler KS, som i tillegg ønskjer at det i samband med forskriftsarbeidet blir etablert eit prosjekt som skal vurdere dei ulike økonomiske og administrative sidene ved ordninga, og at KS skal delta i prosjektet på vegner av kommunesektoren. Dette er støtta av KRD.
Somme instansar påpeiker at også kommunar som i dag har forsikringsordning, kan få auka kostnader, og at dette i alle fall er mogleg så lenge ein ikkje veit kva dekningsnivå forsikringane kjem til å liggje på.
Fleire av høringsinstansane støttar forslaget under den føresetnad at utgiftene til nyordninga blir kompenserte gjennom auka overføringar til kommunane gjennom rammetilskotet frå staten.
Somme framhevar det som positivt at ordninga vil skape orden og også i ein del tilfelle verne lærarane og skolen mot å komme i erstatningsansvar. Andre gir forslaget si prinsipielle støtte, men meiner det må greiast ytterlegare ut. Somme høringsinstansar uttaler at forsikringssummane må regulerast i takt med grunnbeløpet i folketrygda (G-regulering).
Fleire høringsinstansar har peikt på at elevane må vere forsikra ikkje berre når dei er på skolen, men også i dei periodane dei er utplasserte for kortare eller lengre periodar i arbeidslivet. Det blir vist til at dette må gjelde også i dei tilfelle der periodane er så kortvarige at eleven ikkje fell inn under den obligatoriske yrkesskadeforsikringa som arbeidsgivarar skal ha for sine tilsette, f.eks. under elevdeltaking i Operasjon dagsverk.
Éin høringsinstans har peikt på behovet for å peike ut ein upartisk kontaktperson som foreldre/elevar kan bruke når dei skal vende seg til eit forsikringsselskap i ei konkret sak. Ein annan høringsinstans har påpeikt at det bør opprettast ei sentral og frittståande oppgjerseining for alle forsikringsselskapa, for å sikre lik behandling av skadar for alle elevar, og slik at avgjerda i oppgjerseininga blir bindande for partane.
Éin høringsinstans foreslår at ei ny føresegn om ulykkesforsikring i opplæringslova seinare bør vurderast flytta til den eventuelle nye lova om arbeidsskadeforsikring, slik at alle reglar om same tema blir plasserte i same lov. Det blir uttalt at det er viktig å sjå ei ny føresegn om ulykkesforsikring i nær samanheng med føresegnene om yrkesskadeforsikring, slik at ein ikkje risikerer at somme tilfelle fell utanfor og ikkje blir dekte av nokon av føresegnene.
Når det gjeld yrkessjukdommar spesielt, uttaler JD:
«Vi er noe i tvil om argumentene om at elever sjelden kan oppleve sykdommer som en følge av skolegangen, eller at forsikringsselskapene kan bli presentert for ufunderte krav, er gode nok for å la forsikringsordningen omfatte kun skader. Det kan kanskje fremstå mindre rimelig at tap som oppstår som følge av skade skal dekkes, men ikke tap som følge av sykdom. At skadefrekvensen er lav, kan anføres som et argument for at de få uheldige bør være beskyttet av forsikring. Justisdepartementet ser argumentet om at barns allergi og luftveislidelser kan lede til krav som foranlediger kompliserte helseutredninger, jf. NOU 2004: 3 side 209. Vi er likevel i tvil om dette er grunn god nok til at de som har lidt tap ikke skal få dekket det. Det er etter vårt skjønn også grunn til å stille spørsmål ved hvorfor elevene har vern mot yrkessykdommer når de er i yrkespraksis, men ikke når de er i skolen».
Vidare heiter det frå JD:
«Justisdepartementet støtter forslaget om å særregulere spørsmålet om forsikring i opplæringsloven og friskoleloven. Fremgangsmåten er anbefalt i NOU 2004: 3 som den «mest naturlige løsning», se punkt 10.6.3 side 208. På et senere tidspunkt kan det eventuelt være grunn til å vurdere å overføre reglene om forsikring av eleven til den nye loven om arbeidsskadeforsikring når den foreligger. En fordel ved en slik løsning er at elevens forsikringsdekning reguleres samlet på ett sted slik at en unngår vanskelige grensedragninger. Uansett er det viktig å sikre at (u1ykkes)forsikring etter yrkesskadeforsikringsloven og etter de foreslåtte bestemmelsene utfyller hverandre, slik at det ikke oppstår situasjoner der ingen av ordningene dekker tilfellet. En slik situasjon vil for eksempel kunne foreligge der en ulykke inntreffer under en svært kortvarig yrkesutplassering som for eksempel «Operasjon dagsverk».»
JD påpeiker også at det i dag er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring av innsette i fengsel. Ordninga med kollektiv ulykkesforsikring må også omfatte vaksne som får grunnopplæring, dvs. grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, i fengsel eller som deltakarar i anna opplæring i regi av skolen i fengsla.
Elevorganisasjonen meiner det er uheldig dersom elevar som får yrkesskadar, skal falle utanom ordninga. Organisasjonen hevdar at elevar kan utvikle rygg- og nakkeplager som følgje av ikkje- tilpassa arbeidsplass og asbest- eller astmaplager som følgje av skolebygg i for dårleg stand. Det blir sett på som uheldig om slike sjukdommar ikkje skal ha forsikringsdekning, særleg sidan dette blir hevda å vere brott på skolemiljøføresegner i opplæringslova.
Dersom forsikringsordninga blir avgrensa mot yrkesskadar slik det er foreslått i høringsbrevet, framhevar éin høringsinstans at dette i så fall må komme klart fram av kommentarane til lova.
Oslo kommune har i høringsfråsegna synspunkt på yrkesskadeforsikring for elevar som har praksis i bedrift. Det heiter her at fleire bedrifter ønskjer at skoleeigaren skal teikne eigne forsikringar for elevar når dei er utplasserte. Ønsket er grunngitt med at det trengst administrasjon til å inngå og forvalte forsikring for utplasserte elevar. Reint økonomisk kan dette løysast ved at bedriftene får refundert dei forsikringsutgiftene som kan relaterast til dei utplasserte elevane. Men ikkje alle kommunar tilbyr ei slik refusjonsordning, og ikkje alle bedrifter aksepterer dette som ei tilfredsstillande løysing.
Oslo kommune ber departementet foreslå ei lovendring slik at alle elevar er ulykkesforsikra også når dei er utplasserte i bedrift. Fleire høringsinstansar påpeiker at elevar utplasserte i bedrift må vere like godt sikra som arbeidstakarar, og at dette må vere heilt klart etter gjeldande føresegner. Eit par høringsinstansar er opptekne av at det blir gitt god informasjon dersom ordninga blir innført.
Berre éin høringsinstans, Kristne Friskolers Forbund, går imot forslaget. Forbundet meiner det bør vere ei statleg oppgåve å sørgje for slik ulykkesforsikring. Det blir uttalt at ei eventuell føresegn på området derfor bør takast inn i folketrygdlova eller anna lov der det statlege ansvaret blir understreka, ikkje i skolelovgivinga.
Høringsinstansane er bedne om å uttale seg spesielt om fylkeskommunen eller kommunen som sjølvassurandør kan vere eit tilfredsstillande alternativ til pliktig ulykkesforsikring gjennom eit forsikringsselskap.
15 høringsinstansar har uttalt seg om dette, 11 positivt med eller utan atterhald, og 4 negativt. Mange som har uttalt seg positivt, har gjort dette utan nærmare grunngiving. Frå dei som har grunngitt standpunktet sitt, blir det framheva at kommunen sjølv må få velje ei sjølvassurandørordning som ikkje gir elevane dårlegare dekning enn ei forsikringsordning, at det i så fall må vere eit regelfesta alternativ til ulykkesforsikring, og at det er problemfritt der erstatningsbeløpa er små. Sjølvassurandøren må heller ikkje kunne fråvike dei minimumskrava som blir fastsette gjennom ordninga.
Det er også påpeikt som uheldig dersom heile ordninga blir leidd over til private forsikringsselskap, og at fylkeskommunar og kommunar derfor må kunne velje den ordninga som dei finn best for eigne elevar.
Dei som har uttalt seg negativt om sjølvassurandøralternativet, har påpeikt faren for at det kan vere uføreseieleg, faren for ulikskap som følgje av variable forsikringsutbetalingar frå år til år, at somme elevar vil kunne få problem med å få same dekning som gjennom ei forsikringsordning, mogleg forskjell i tilbodet kommunane imellom, store økonomiske konsekvensar for ein liten kommune dersom det skjer ei stor ulykke, og auka søksmålsrisiko ved store erstatningsbeløp.
Høringsinstansane vart også bedne om synspunkt på om det bør innførast ei tilsvarande ordning med ulykkesforsikring for friskolane. 18 høringsinstansar har uttalt seg om dette, alle positivt. Éin høringsinstans, Kristne Friskolers Forbund, har likevel gitt si støtte med dei føresetnadene at ei slik ordning blir innført også for offentlege skolar, og at kostnadene ved å innføre ei slik ordning for friskolane blir dekte 100 % av statstilskot. Fråsegnene er generelt lite grunngitt. Det blir hevda at alle elevar i grunnopplæringa, uavhengig av skoletilhør, bør sikrast lik behandling, og det blir vist til at noko anna vil gi ei ugrunna forskjellsbehandling. Det blir vidare hevda at nettopp private skolar bør ha ei forsikringsordning, sidan desse er meir sårbare økonomisk enn offentlege skolar. Det blir også framheva at elevar i private skolar bør ha det same vern som elevar i offentlege skolar.
5.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Når det gjeld innføring av ei ordning med ulykkesforsikring som omfattar alle, har Stortinget ved fleire høve påpeikt det urettferdige ved ordninga slik ho er i dag. Obligatorisk ulykkesforsikring kan kjennast tryggare og meir føreseieleg for elevar og foreldre, og samtidig hindre at dei er prisgitt økonomiske og andre tilhøve i den enkelte kommunen og fylkeskommunen. Dersom det blir innført obligatorisk ulykkesforsikring for alle elevar, må det vere tilnærma same dekningsnivå for alle for å oppnå rettferd. Dekningsnivået kan vere på same nivå som i dag etter reglane om yrkesskadar i folketrygdlova, f.eks. til dekning av behandlingsutgifter og meinerstatning. Føresegner om dekningsnivået bør givast i forskrifter saman med m.a. føresegner om minimumsbeløp og mekanismar for regulering av forsikringssummane. Det same gjeld dekningsomfanget. Ei lovpålagd ulykkesforsikring bør f.eks. også gjelde skadar som skjer på skolevegen. Dette vil innebere ei utviding i høve til føresegnene om yrkesskadar i folketrygdlova § 13 – 10.
Departementet reknar med at forsikringspremiane kan bli reduserte dersom mange eller alle kommunar samlar seg i ei og same forsikringsordning.
Departementet ser det som svært viktig å få ei ordning med ulykkesforsikring som tilfredsstiller føresegnene i barnekonvensjonen, som slår fast at alle barn innanfor rikets jurisdiksjon skal ha same rettar. I tillegg vil departementet gjennom denne ordninga slutte seg til det private lovforslaget som er omtalt framanfor.
Departementet har ikkje innvendingar mot seinare å vurdere om ei ny føresegn i opplæringslova mest formålstenleg bør flyttast til ei eventuell ny lov om arbeidsskadeforsikring.
Ei ordning med ulykkesforsikring kan på eit seinare tidspunkt også tenkjast innført for vaksne som får grunnopplæring, barn i SFO, barn i barnehage, vaksne som får grunnopplæring i fengsel og eventuelt elevar i andre skoleslag. Forslag om dette har ikkje vore emne for høring. Ordninga blir ikkje foreslått innført for desse gruppene i denne omgang.
Forsikringsordningar mot ulykker dekkjer normalt ikkje yrkessjukdommar. Det er mogleg å utvide ordninga til også å dekkje slike. Til dette vil departementet seie at det i dag er sjeldan at det hos elevar oppstår sjukdom som kan relaterast til skadeleg eksponering på skolen. Elevar kjem sjeldan eller aldri i kontakt med stoff eller prosessar som er eigna til å framkalle slike sjukdommar. Når skoleelevar blir plaga av luftvegsinfeksjonar og allergiar, kjem det sjeldan av skolesituasjonen. Dessutan går elevane berre eit avgrensa tal år på den aktuelle skolen, noko som kan gjere det vanskeleg å avklare årsakssamanhengar. Dersom yrkessjukdommar skulle inkluderast i ordninga med ulykkesforsikring, vil det vere fare for at uforholdsmessig mange skadar, karakteriserte som yrkessjukdommar, ville bli melde til forsikringsselskapa og krevje kompliserte utgreiingar om helse- og årsakstilhøve. Det er mogleg det vil vere eit fåtal slike tilfelle, noko som kan vere eit argument for å ta dei med. Det kan også hevdast at det er urimeleg at tap som følgje av ulykker skal dekkjast, men ikkje tap som følgje av sjukdom. Enda om det kan verke urimeleg at elevane har vern mot yrkessjukdommar når dei er i yrkespraksis, men ikkje når dei er på skolen, kan departementet ikkje sjå desse omsyna som avgjerande. Departementet held fast ved at berre få sjukdomstilfelle vil relatere seg til ein skolesituasjon. Vidare ser departementet det som nyttig i første omgang å hauste røynsler med korleis ei ordning med forsikring ved ulykker vil verke. På denne bakgrunn blir ordninga ikkje foreslått innført for yrkessjukdommar.
Elevar som er yrkesutplasserte, lærlingar og lærekandidatar vil ha dekning for yrkessjukdommar gjennom yrkesskadeforsikringslova. Departementet reknar med at enkelte svært kortvarige arbeidsforhold vil falle utanfor denne yrkesskadeforsikringa, f.eks. der ein skoleelev er med i Operasjon dagsverk. Det er derfor viktig at ei ny ordning med ulykkesforsikring også dekkjer slike unntaksvise tilfelle, for å unngå at elevar fell utanfor to ordningar utan dekning etter nokon av dei. I desse tilfella må ein sjå eleven som verande på skolen, ikkje som utplassert i yrkeslivet. Denne presiseringa må det takast tilbørleg omsyn til i forskriftsarbeidet når det skal fastsetjast nærmare føresegner om dekningsomfanget. Elles synest det klart at elevar utplasserte i bedrifter er dekte av den obligatoriske yrkesskadeforsikringa som arbeidsgivarar teiknar for dei tilsette. At bedrifter av eige tiltak nektar utplasserte elevar å vere ein del av ei slik ordning, kan ikkje aksepterast. Slike elevar skal vere like godt sikra som arbeidstakarar, og lova om yrkesskadeforsikring er obligatorisk for arbeidsgivarar med arbeidstakarar i teneste.
Det finst i dag mange kollektive forsikringsordningar for fylkeskommunar og kommunar. Ei ordning som vil omfatte alle desse, bør derfor ikkje innebere noka arbeidskrevjande eller kostbar nyordning for forsikringsbransjen. Bransjen har allereie etablert system for behandling av slike saker.
På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor, vil departementet foreslå innført ei ordning med ulykkesforsikring som omfattar alle elevar. Så lenge det ikkje finst noka eiga lov om arbeidsskadeforsikring, bør føresegna takast inn i opplæringslova.
Når det gjeld spørsmålet om fylkeskommunar og kommunar kan velje å stå som sjølvassurandør, viser departementet til grunngivinga i høringsbrevet for ønsket om å innføre ei ulykkesforsikringsordning for skoleelevar, tidlegare også uttalt av Stortinget: For det første vart det framheva at mange elevar ikkje var dekte av noka ulykkesforsikring. For det andre vart det påstått at erstatningsutbetalingane under dei eksisterande ordningane var låge, særlig ved uføre. For det tredje vart det hevda at det var store forskjellar i erstatningsutbetalingane i fylkeskommunane og kommunane. Forskjellane står som urettferdige og bryt med prinsippet om likebehandling. Dei bryt også med Stortinget sitt uttrykte ønske om at alle elevar skal være tilfredsstillande forsikra. Omtalen i høringsbrevet viser at poenget med ei nyordning først og fremst må vere at alle, uavhengig av bustad, skal vere forsikra. Vidare skal alle vere sikra visse minimumsbeløp, og forskjellane i forsikringsutbetalingane skal vere minst mogleg.
I forslaget i høringsbrevet er det vidare lagt opp til at ei lovføresegn må utfyllast av forskrifter på området. Desse skal ta sikte på å sikre dei andre omsyna som er nemnde ovanfor, nemleg at det blir nokolunde same nivå på forsikringsutbetalingane i ulike fylkeskommunar og kommunar, og at det blir sikra visse minstestandardar for erstatningsutbetalingane.
Eit forsikringsselskap vil neppe behandle eit krav frå ein skoleelev annleis enn ein fylkeskommune eller kommune som får eit krav retta mot seg som sjølvassurandør. Det er hevda at søksmålsrisikoen vil vere større dersom eit krav blir retta mot ein fylkeskommune eller kommune, i alle fall dersom kravet er betydeleg. Og det er grunn til å tru at krav, særleg dersom dei utgjer betydelege beløp, vil føre til forhandlingar mellom den skadelidne og motparten, uansett om motparten er ein fylkeskommune, ein kommune eller eit forsikringsselskap.
Dersom det blir innført ei ordning der alle må teikne forsikring, får forsikringsbransjen eit lovsikra monopol. Dette kan medføre høge forsikringspremiar. På den andre sida kan mange fylkeskommunar og kommunar i ei og same ordning ha ein premiedempande effekt.
Dersom alle eller svært mange er tilslutta same forsikringsordninga, kan det tenkjast at situasjonen vil vere noko meir føreseieleg for elevane enn for elevar som er omfatta av andre forsikringsordningar eller er viste til ein fylkeskommune/kommune som er sjølvassurandør. Men denne faren for det uføreseielege kan reduserast gjennom forskrifter som fastset dekningsnivå, minimumsutbetalingar, regulering i samsvar med G-beløpet i folketrygda, dekningsomfang osv. I tillegg vil det at fylkeskommunar og kommunar har høve til å velje ei sjølvassuranseordning, opne for kommunal handlefridom til å velje den ordninga som er gunstigast for eigne elevar og mest økonomisk for den enkelte skoleeigaren.
Departementet går på denne bakgrunn inn for at det blir opna for valfridom for den enkelte fylkeskommune og kommune, dvs. at det kan veljast ei sjølvassurandørordning som ikkje fråvik dei minimumsvilkåra som blir fastsette i forskrifts form.
Dersom formålet er at alle skoleelevar skal stillast likt, uavhengig av skoletilknyting, bør den same plikta også påleggjast friskolar og private grunnskolar godkjend etter opplæringslova § 2–12. Det vil sikre at alle elevar i grunnopplæringa blir behandla likt, uavhengig av skoletilhør. Friskolar og private grunnskolar godkjend etter opplæringslova § 2–12 har stort behov for vern mot erstatningsansvar som kan følgje av å vere uforsikra. Den økonomiske situasjonen for slike skolar er meir sårbar enn for skoler åtte av fylkeskommunar og kommunar. Elevar i friskolar og private grunnskolar godkjend etter opplæringslova § 2–12 har det same behovet for vern som elevar i offentlege skolar. Noko anna ville innebere ei ugrunna forskjellsbehandling.
Departementet foreslår ei tilsvarande forsikringsordning innført for friskolane og private grunnskolar godkjend etter opplæringslova § 2–12.