11 Økonomiske og administrative konsekvensar
11.1 Innleiing
Lovforslaget inneheld fleire ulike element. Eit sams trekk ved forslaga er at dei legger til rette for effektiv bruk i forskjellige samanhengar av opplysningar som allereie finst.
Praktisk sett bygger forslaga på det sams sakshandsamingssystemet som Statens innkrevjingssentral utviklar for seg og dei alminnelege namsmennene. Dette systemet skal avløyse det gamle systemet NAMSAK som dei alminnelege namsmennene bruker i dag. NAMSAK er forelda og det er eit stort behov for avløysing. Det nye systemet skal dessutan understøtte alle dei oppgåvene innanfor den sivile rettspleia på grunnplanet som frå 1. januar 2006 skal ivaretakast av politi- og lensmannen i heile landet, jf. lov 25. juni 2004 nr. 53 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (organiseringen av den sivile rettspleie på grunnplanet).
Meirkostnadene forbundne med utvikling av dei tilleggssystema som forslaga i proposisjonen her krevjar, er av moderat storleik samanlikna med dei utviklingskostnadene som er knytt til det sams sakshandsamingssystemet.
11.2 Konsekvensar for dei private
Sett frå fordringshavarsida vil den utvida registreringa av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret innebere fordelar på to måtar. For det første vil den gje fordringshavarsida eit betre grunnlag for å avgjere kor store ressursar ein bør leggje i innkrevjinga av uteståande krav. For det andre vil den gje fordringshavarsida eit betre grunnlag for kredittvurdering. Det er ikkje mogleg å berekne kor store tap fordringshavarsida vil unngå ved at ein i større utstrekning unngår å gje kreditt til folk som ikkje kan gjere opp for seg, og unngår å leggje ned for store ressursar i innkrevjinga av uteståande krav. Det kan likevel ikkje vere tvilsamt at tapsreduksjonen vil vere så stor at den utvida registreringa samfunnsøkonomisk er ei lønnsam ordning.
Skyldnarane er som hovudregel ansvarlege for dei kostnadene ein kreditor har ved å drive inn kravet. Også for skyldnarane er det difor ein stor fordel at fordringshavarsida får eit betre grunnlag for å avgjere kva for skritt ein skal ta for å drive inn eit mislegheldt krav. Skyldnarar som ikkje har formuesgode som det kan bli tatt utlegg i, vil ofte sleppe belastninga med ei utleggsforretning.
Den betre tilgangen til opplysningar om inntekts- og formuestilhøva til saksøkte som namsmennene vil få under gjennomføringa av utleggsforretningar, vil auke sjansen for at namsmannen finn tenelege utleggsobjekt. Det er ein fordel for fordringshavarane.
Den betre informasjonstilgangen vil også gje namsmennene kjennskap til lønnstrekk som allereie er nedlagte hos skyldnaren. Ein vil då unngå at det vert lagt ned fleire trekk hos same skyldnar slik at han ikkje har att det han treng til underhald av seg og sin husstand. For skyldnarane er det ein stor fordel. Også for skyldnarens arbeidsgjevar, som skal gjennomføre trekket i lønnen, er dette ein monaleg fordel. Dersom det vert trekt for mykje, vil arbeidsgjevaren i praksis verte trekt inn i skyldnaren sine økonomiske problem.
11.3 Konsekvensar for det offentlege
For namsmaktene vil den betre tilgangen til informasjon føre til ei meir effektiv gjennomføring av utleggsforretningar. For dei særnamsmaktene som representerer det offentlege si kreditorinteresse, vil den betre informasjonstilgangen også gje eit betre grunnlag for å vurdere korleis kravet bør innkrevjast. Offentlege organ som låner ut pengar eller driv inn krav utan å ha namskompetanse, vil ha dei same fordelane av forslaga i proposisjonen her som private fordringshavarar, sjå punkt 11.2 ovanfor.
For Statens innkrevjingssentral og dei alminnelege namsmennene vil kostnadar knytt til utvikling og drift som følgje av forslaga i proposisjonen her verte finansiert under det sams sakshandsamingssystemet, jf. punkt 11.1 ovanfor. Det er for augeblikket noko uklårt i kva mon forslaga i proposisjonen her vil føre med seg tilleggskostnader med tanke på Statens innkrevjingssentral og dei alminnelege namsmennene isolert sett.
Tilknytinga av dei andre namsmaktene til systemet og den utvida registreringa av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret vil føre med seg eigne kostnader. Det dreier seg om systemutviklingskostnader og kostnader til drift, inkludert kostnader ved Statens innkrevjingssentral på grunn av økt volum av informasjonsmengda i systemet.
For Brønnøysundregistra, som Lausøyreregisteret høyrer under, vil systemutviklingskostnaden truleg verte på mellom 1,5 og 2 mill kroner. Denne kostnaden vil dels verte finansiert under finansieringa av det sams sakshandsamingssystemet og dels ved innsparingane den første tida ved at Lausøyreregisteret no også vil få overført elektronisk dei nødvendige opplysningane om dei utleggsforretningane hos dei alminnelege namsmennene som allereie i dag skal registrerast. Driftskostnadene ved Lausøyreregisteret vil verte dekt ved betaling frå brukarane. Sett frå staten si side kan utviklingskostnaden over noe tid verte inntent gjennom prisinga av informasjonen.
For skattefutane, dei kommunale skatteoppkrevjarane og Trygdeetatens innkrevjingssentral vil utviklingskostnadene ved å knyte seg til systemet truleg verte omkring henhaldsvis 1 mill kroner, 2 mill kroner og 1,5 mill kroner. I tillegg kjem eventuelle kostnader knytt til behovet for utvida kapasitet hos Statens innkrevjingssentral. Desse er anslått til 450 000 i etableringskostnadar og 500 000 i årlege driftskostnadar. Det vil òg vere driftskostnadar for skatteoppkrevjarane. Driftskostnadane for skatteoppkrevjarane kan først reknast ut nøyaktig når det nye skatterekneskapssystemet ligg føre. Det ligg føre eit anslag på 1,5 mill. i årlege driftskostander, men det er altså knytta stor usikkerhet til talet.
Etter opplegget i proposisjonen her kan skattefutane, dei kommunale skatteoppkrevjarane og Trygdeetatens innkrevjingssentral fasast inn i systemet etter kvart. I den utstrekning kostnadene ikkje kan dekkast innanfor gjeldande rammer, vil spørsmålet verte tatt opp med Stortinget i samband med budsjettet.