5 Skyldnaren sin rett til innsyn i registrerte opplysningar
5.1 Innleiing
I høyringsnotatet frå departementet heiter det:
«Etter edbtinglysningsforskriften § 23 har enhver rett til å få vite hvilke opplysninger som er registrert om en selv. Etter tredje ledd i denne bestemmelsen er innsynsrett i Løsøreregisteret regulert av de alminnelige regler i personregisterloven. Tilsvarende bestemmelse foreslås å gjelde for rett til innsyn i utleggstrekk og beslutning om «intet til utlegg». Bestemmelsen må videreføres i etbtinglysningsforskriften når personregisterloven oppheves.»
Tinglysingsforskrifta er endra etter at personopplysningslova trådde i kraft. Forskrifta § 23 tredje ledd fastset no at for innsynsrett i Lausøyreregisteret gjeld dei alminnelege reglane, jf. lov om behandling av personopplysninger 14. april 2000 nr. 31 med forskrifter. Personopplysningslova § 18 har nærmare reglar om innsynsretten etter lova. Mellom anna fastset § 18 andre ledd bokstav a at dersom den som ber om innsyn i personopplysningar er registrert, skal den «behandlingsansvarlige» opplyse om kva for opplysningar om den registrerte som vert handsama. Det følgjer av personopplysningslova § 24 at informasjonen kan krevjast skriftleg. Det følgjer av personopplysningslova § 17 at det ikkje kan krevjast vederlag for å gje ut informasjon etter § 18.
5.2 Høyringsfråsegnene
Datatilsynet uttaler:
«Utøvelse av innsynsrett ut over det man får gjennom tilsendte gjenparter, må slik det legges opp til i høringsnotatet punkt 4.4, være gratis for de registrerte. Kostnadsfritt innsyn er i samsvar med personopplysningsloven § 17. Det er her verdt å merke seg at Stortinget, under behandling av personopplysningsloven, fjernet forslag til forskriftshjemmel som ville gitt departementet myndighet til å gi forskrift om betaling for bruk av innsynsrett. Dette må tolkes som et tegn på at Stortinget anser muligheten til å benytte innsynsretten som helt grunnleggende i personvernsammenheng. Stortingets syn bør legges til grunn også i utarbeidelse av annet regelverk.»
Statens lånekasse for utdanning stør forslaget om at skyldnaren skal ha innsynsrett i registrerte opplysningar i Lausøyreregisteret.
Gjeldsoffer-Alliansen uttaler at dei forutset at innsynsretten skal vere vederlagsfri for skyldnaren. Praksisen hos kredittopplysningsbyråa med å krevje gebyr for dette, er etter alliansens meining lite tilfredsstillande. Gjeldsoffer-Alliansen uttaler vidare:
«Derimot støtter vi ikke forslaget om at opplysinger om prioritet bare skal gis til namsmyndighetene. Tvert imot må det inn i loven at slike opplysninger kan gis til skyldner eller deres fullmektig. Dette må være en naturlig del av skyldners innsynsrett. Både kommunale rådgivere og GOA har legitimt behov for disse opplysningene. Mange skyldnere vet ikke hva de blir trukket for.»
5.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår å vidareføre forslaget i høyringsnotatet om at skyldnaren skal ha gratis innsynsrett i Lausøyreregisteret. Retten til gratis innsyn vil følgje av tinglysingsforskrifta § 23 tredje ledd om innsynsrett i Lausøyreregisteret samanheldt med personopplysningslova §§ 17 og 18. Det er difor ikkje gjort framlegg om lovendring på dette punktet i proposisjonen her.
Eit anna spørsmål er kva for reglar som skal gjelde for skyldnarens rett til innsyn i opplysningar i det sams sakshandsamingssystemet hos Statens innkrevjingssentral. Dette systemet vil innehalde fleire opplysningar enn Lausøyreregisteret, mellom anna ulike opplysningar om inntekts- og formuestilhøve og meir detaljerte opplysningar om utleggstrekk.
Gjeldande reglar gir ikkje skyldnaren krav på innsyn i dei opplysningane Statens innkrevjingssentral har lagra om vedkommande til bruk i si eiga eller andre namsmenn si tvangsfullføring. Personopplysningslova gjeld ikkje for saker som vert handsama eller avgjort i medhald av rettspleielovene (mellom anna tvangsfullføringslova og straffeprosesslova), sjå personopplysningsforskrifta § 1-3. Reglane i tvangsfullføringslova gjev ikkje rett til innsyn i anna enn namsboka hos kvar enkelt namsmann og dokumenta knytt til kvar enkelt sak hos den einskilde namsmannen. Innsyn i eit sams sakshandsamingssystem fell utanfor denne retten. Personvernomsyn talar sterkt for at den det gjeld, må ha rett til innsyn i dei til dels omfattande opplysningane som Statens innkrevjingssentral vil ha lagra om vedkommande. Ei mogleg løysing ville vere å justere personopplysningsforskrifta slik at personopplysningslova gjaldt. Etter departementet si meining er det ei betre løysing i staden å fastsetje innsynsretten i straffeprosesslova § 456. Av di innsynsretten vil vere direkte knytt opp mot dei opplysningane som Statens innkrevjingssentral har lagra, vil retten til innsyn gjelde uavhengig av kva for ei kjelde opplysningane kjem frå i utgangspunktet.
Departementet viser til framlegget til endring av straffeprosesslova § 456 nytt sjette ledd andre punktum og merknadane til framlegget.
Når det gjeld kommunale økonomiske rådgjevarar og andre som skyldnaren har bede om hjelp, meiner departementet at det ikkje er naudsynt å fastsetje særskilde reglar om deira innsynsrett. Dei kan eventuelt innhente opplysningane etter skriftleg fullmakt frå skyldnaren. Dei økonomiske rådgjevarane kan òg innhente opplysningar i medhald av sosialtenestelova § 8-5 andre ledd. Etter denne regelen er det eit hovudprinsipp at opplysningar kan innhentast etter samtykke frå skyldnaren.