Tilråing
Kultur- og kyrkjedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram i samsvar med eit vedlagt forslag.