Ot.prp. nr. 72 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

8 Aldersgrenser, følgjeregelen, reklameforbod mm

8.1 Bakgrunn

Bakgrunnen for drøftinga under dette punktet er framlegga frå stortingsrepresentantane May Hansen og Magnar Lund Bergo i Dok. nr. 8:31 (2002-2003):

«Stortinget ber regjeringen vurdere å endre lov om film og videogram av 15. mai 1987, slik at aldersgrensene differensieres til 5-7-10-13-15-18 år, ledsagerregelen fjernes, og at det blir lovforbud mot reklame på kino for barn frå 7 år og nedover.»

Representantane grunngir framlegget m.a. med at fleire kinofilmar «…har fått lavere aldersgrense enn det mange mener er riktig for barn.» Dei meiner òg å kunne registrere at det er meir vald i barne- og ungdomsfilmar, og nemner her som døme «Ringenes Herre – To Tårn». Når det gjeld framlegget om å oppheve følgjeregelen, viser representantane mellom anna til ei undersøking utført av Medietilsynet som syner at «…tre av fire foreldre ikke kjenner regelverket rundt aldersgrenser for kinofilmer.» Framlegget om forbod mot kinoreklame ved framsyning av «…filmer for barn frå 7 år og nedover» blir først og fremst grunngitt med at reklame kan verke skræmande og at reklamen fører til stort kjøpepress på barn og unge.

8.2 Aldersgrenser

8.2.1 Gjeldande rett

Alle filmar som vert godkjente for framsyning i næring får ei aldersgrense fastsett av Medietilsynet. Dette følgjer av § 5 første leddet i lova. Aldersgrensene er: Tillate for alle, 7, 11, 15 og 18 år.

Den såkalla følgjeregelen gir foreldra, innanfor visse grenser, rett til å overprøve dei fastsette aldersgrensene, jf § 5 andre leddet.

Medietilsynet skal i tillegg til å fastsetje aldersgrenser også gi ei tilråding om kva for aldersgrupper filmane etter innhaldet er særskilt eigna for. Dette er ei vurdering som tek eit anna utgangspunkt enn når Medietilsynet fastset aldersgrenser. Sjølv om det ikkje finst t.d. skræmande scener i ein film, er det klårt at ein film kan vere ueigna for barn, til dømes av di innhaldet samla sett høver best for vaksne. Når Medietilsynet gir råd om kva for aldersgrupper filmane høver for, nytter dei desse kategoriane: familie, barn/ungdom, ungdom, ungdom frå 13 år, ungdom/vaksne og vaksne.

8.2.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet tok departementet ikkje stilling til framlegget om å differensiere aldersgrensene ytterlegare, men la i staden fram to alternative forslag som høyringsinstansane vart bedne om å uttale seg om. Framlegg a) var å oppretthalde gjeldande rett og framlegg b) var endringsforslaget i Dok. nr. 8:31.

Departementet viste på den eine sida til at dei noverande aldersgrensene er godt innarbeidde og i hovudsak felles for dei nordiske landa. På den andre sida meinte departementet at omsynet til den overordna barne- og ungdomspolitikken kunne tale for å endre aldersgrensene.

8.2.3 Merknader i høyringsrunden

Et fleirtal av høyringsinstansane (Medietilsynet, FILM&KINO, Justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Norges Kvinne- og Familieforbund, Fagforbundet, Norsk Filmfond og eit fleirtal av kommunane) meiner dagens aldersgrenser fungerer bra og bør oppretthaldast. Justisdepartementet «har vansker med å se hvordan mer fingraderte alderstrinn skal kunne tjene det formål som forslagsstillerne ønsker å fremme – at barn i større grad blir vernet mot uønskede sex- og voldsskildringer enn i dag.»

Barneombodet, BarneVakten, Hamar kommune, Karasjok kommune, Tysvær kommune, Øvre Eiker kommune, Åseral kommune, Grong kommune og Meråker kommune er derimot positive til framlegget om auka differensiering av aldersgrensene. Barneombodet nemner særleg det store spranget mellom 11- og 15-årsgrensa og foreslår å innføre ei ny 13-årsgrense:

«I flere tilfelle der vi har vurdert 11 års grense som for lavt med hensyn til å beskytte mot skadelig påvirkning har det vært vår vurdering at en 13 års aldersgrense ville vært riktigst ut fra ungdoms rett til informasjon, som også omfatter kulturelle kilder i vid forstand.»

8.2.4 Departementets vurdering

Regjeringa legg vekt på at barn og unge så langt det er råd skal skjermast mot visuelle uttrykk som kan skade dei. Dette er m.a. i samsvar med FNs Barnekonvensjon artikkel 17 som forpliktar partane til å oppmuntre utviklinga av eigna retningsliner for å verne barn mot informasjon og stoff som er skadeleg for deira velferd. På den andre sida er ytrings- og informasjonsfridom vektige omsyn også i høve til barn og unge, jf artikkel 13 i konvensjonen.

Departementet er einig med Justisdepartementet i at ei meir finmaska aldersgrenseinndeling i seg sjølv ikkje vil gi barn og unge betre vern mot uønska eller skadelege skildringar på kino. Uavhengig av inndeling i alderstrinn må Medietilsynet sette grensene ut frå ei vurdering av den effekten filmen kan ha på barn under ein viss alder. I dag vurderer Medietilsynet til dømes om ein film kan vere «skadeleg» for barn/unge i aldersgruppa 11 – 15. Er svaret på dette ja, har tilsynet ikkje noko anna val enn å sette 15-årsgrense. Med ei 13-årsgrense ville ein del av desse filmane truleg bli vurdert som uproblematiske for aldersgruppa 13-15 og få 13-årsgrense. Konsekvensen ville difor på den eine sida bli at færre barn/unge blir ekskludert frå framsyning av ein konkret film. På den andre sida ville det innebere at barn ned til 13 år vil kunne sjå filmar som på grunn av valds- eller sexskildringar i dag berre er tilgjengeleg for dei over 15 år.

Ei undersøking utført i 2002 av Feedback for Medietilsynet, FILM&KINO og Norske Kinosjefers Forbund viste at 71 prosent av foreldra var einige i nivået på aldersgrensene som vert sett av Medietilsynet. Ei nyare undersøking 1 frå 2004 organisert av IMK tenester ved Institutt for medier og kommunikasjon, UiO, stadfester dette inntrykket. 76 prosent av dei som svarte på denne undersøkinga meinte at aldersgrensene på kino ligg på eit riktig nivå.

Aldersgrensene er blitt endra fleire gonger dei siste åra. Departementet legg til grunn at kontinuitet her er verdefullt i seg sjølv. Det kan verke som ein del av problemet ligg i manglande kunnskap om regelverket. Å endre systemet nok ein gong vil i seg sjølv kunne medvirke til auka uvisse omkring aldersgrensereglane.

I dag er aldersgrensene godt innarbeidde. Vi viser òg til at Danmark, Finland og Sverige har dei same aldersgrensene som i Noreg, og at det i seg sjølv kan vere eit poeng å operere med dei same aldersgrensene i Norden.

Departementet legg også vekt på at eit fleirtal av høyringsinstansane meiner at dagens aldersgrenser fungerer godt og bør oppretthaldast.

Kultur- og kyrkjedepartementet går difor ikkje inn for å endre film- og videogramlova § 5 om aldersgrenser for film eller videogram som skal synast fram i næring.

8.3 Følgjeregelen

8.3.1 Gjeldande rett

Barn og unge som er inntil tre år yngre enn dei fastsette aldersgrensene, kan sjå filmar med aldersgrense på 7, 11 eller 15 år når dei er i lag med føresette eller andre i føresettes stad, jf film- og videogramlova § 5 andre leddet. Det er likevel ikkje høve til å ta med nokon som er yngre enn 18 år på filmar som har ei aldersgrense på 18 år.

8.3.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet la departementet til grunn at det er foreldra og dei føresette som har dei beste føresetnadene for å vurdere om eit barn eller ein ungdom er mogen nok til å kunne sjå filmar med ei høgare aldersgrense. Departementet tok likevel ikkje stilling til framlegget, men la også her fram to alternative framlegg som høyringsinstansane vart bedne om å uttale seg om. Framlegg a) galdt endringsforslaga frå stortingsrepresentantane, dvs. oppheving av følgjeregelen, medan framlegg b) var å oppretthalde følgjeregelen som i dag.

8.3.3 Merknader i høyringsrunden

Et fleirtal av høyringsinstansane (Medietilsynet, FILM&KINO, Justisdepartementet, Norges Kvinne- og Familieforbund og eit fleirtal av kommunane) meiner følgjeregelen bør oppretthaldast slik han er i dag. Justisdepartementet viser mellom anna til at:

«Å fjerne følgeregelen innebærer en innskrenking av foreldreansvaret. En slik innskrenking bør eventuelt kunne begrunnes i tungtveiende hensyn. Justisdepartementet ser ikke at påstanden om at foreldrene generelt er lite orienterte om reglene og at de kan bli utsatt for press fra sine barn, er grunnlag for å gjøre et så vidtgående inngrep i foreldreretten.»

Barneombodet, BarneVakten, Hamar kommune, Tysvær kommune, Karasjok kommune, Grong kommune og Meråker kommune er derimot positive til å oppheve følgjeregelen. Barneombodet uttaler:

«Ulike filmer med samme aldergrense og egnethetsvurdering kan være svært forskjellige når det gjelder innhold. For at foreldre skal kunne vurdere om deres barn skal kunne se en film på et informert grunnlag, bør de derfor ha sett filmen på forhånd. Dette er noe de færreste foreldre vil gjøre. I tillegg kommer at en av tre foreldre, i følge en undersøkelse utført av Medietilsynet, ikke kjenner regelverket rundt aldersgrenser. Ledsagerregelen kan også oppleves som å legge et press på foreldre til å la barn under aldersgrensen få se film, i følge undersøkelsen. For at aldersgrensesystemet reelt skal beskytte barn og ungdom mot skadelig påvirkning mener vi derfor at aldersgrensene bør være absolutte.»

8.3.4 Departementets vurdering

Framlegget om å oppheve følgjeregelen blir hovudsakeleg grunngitt med at foreldre og andre føresette manglar kunnskap om regelverket. Ei undersøking utført i 2002 av Feedback for Medietilsynet, FILM&KINO og Norske Kinosjefers Forbund stadfester at reglane er for dårleg kjent. Undersøkinga viste mellom anna at heile 75 prosent av foreldre med barn i alderen 4 til 15 år ikkje kjente til følgjeregelen. Ei lita overvekt av dei som svarte (59 prosent) stør her prinsippet med følgjeregel på kino. Dei fleste foreldra (75 prosent) seier likevel at dei ikkje har tatt med seg barn yngre enn aldersgrensa på kino.

Departementet er einig i at den dårlege kunnskapen om regelverket gir grunn til uro, men kan vanskelig sjå at det i seg sjølv skulle grunngi ei oppheving av følgjeregelen. På bakgrunn av denne undersøkinga planlegger Medietilsynet ei informasjonskampanje om følgjeregelen som i første rekke skal rette seg mot foreldre og kinopersonell.

Følgjeregelen er basert på at barn og unge utviklar seg forskjellig, og at det er foreldra som kjenner barnet best. Regelen gir difor foreldre og føresette ein rett til å overprøve tilsynet ut frå vurderingar av barnet si utvikling og evne til å forstå og takle visuelle inntrykk.

Omsynet til informasjonsfridom tilseier at eit system med sensur og aldersgrensefastsetting i utgangspunktet ikkje bør rekke vidare enn det som er naudsynt av omsyn til vern av barn og unge. Ein føremon med følgjeregelen er at han gir systemet ein fleksibilitet som mellom anna opnar for at barn og unge kan sjå filmar av pedagogisk, kulturell eller historisk art som er eigna til å gi viktige impulsar og lærdom, men som det ikkje er tilrådeleg at dei ser aleine.

Kinoen er i dag den mest gjennomkontrollerte arenaen for framsyning av levande bilete. Til samanlikning er ansvaret for kva barn og ungdom ser av levande bilete på fjernsyn og Internett i praksis overlate til foreldra. Langt på veg gjeld dette òg for video, jf likevel § 2 i film- og videogramlova som slår fast at det ikkje kan «omsetjast videogram til den som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet».

Tal frå Statistisk sentralbyrå 2 syner at barn og unge mellom 9 og 15 år i gjennomsnitt var på kino 5,2 gonger i 2004. Til samanlikning brukte denne aldersgruppa i gjennomsnitt 123 minutt på fjernsyn, 18 minutt på video og 21 minutt på Internett på ein gjennomsnittleg dag i 2004. 45 prosent av Internett-brukarane i denne aldersgruppa brukte nettet til spel eller å sjå film eller TV. Dette viser at stordelen av barn og unge sitt forbruk av levande bilete skjer utanfor kinosalen. Det kan difor synast inkonsekvent å frata foreldra retten til å overprøve aldersgrensene på det einaste området som er underlagt full statleg førehandskontroll. Etter departementets vurdering bør styresmaktene heller leggje til rette for at foreldra skal kunne utføre denne oppgåva, særleg ved å sikre klar og tilstrekkeleg informasjon om filmane.

Kultur- og kirkedepartementet legg også vekt på at alle dei nordiske landa utanom Island praktiserar ein form for følgjeregel. Med unntak av Finland har dessutan foreldra i dei andre nordiske landa ein vidare rett til å overprøve aldersgrensene enn i Noreg.

Kultur- og kyrkjedepartementet går difor inn for å oppretthalde følgjeregelen i film- og videogramlova § 5, som inneber at barn inntil tre år under den fastsette aldersgrensa kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.

8.4 Reklameforbod på barnefram­syningar

8.4.1 Gjeldande rett

Film og videogramlova inneheld ingen særskilte reglar om reklamefilm på kino. Reklamefilm er likevel unnateke frå kravet om førehandskontroll, jf. § 4-1 i forskrift 20. desember 1999 nr. 1515 om film og videogram.

Dette inneber likevel ikkje at vi er i eit lovtomt rom. Dei generelle forboda mot pornografiske og grovt valdelege skildringar i straffelova § 204 og § 382 gjeld sjølvsagt også for reklamefilm.

Marknadsføringslova (lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med marknadsføring og avtalevilkår) gjeld all marknadsføring som er retta mot den norske marknaden. Lova gjeld reklame i alle medium, også kino. Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at marknadsføring og avtalevilkår er i samsvar med lova. Ombodet har utarbeidd retningsliner med informasjon om regelverket og om Forbrukarombodet og Marknadsrådet sin praksis 3 , mellom anna i høve til kinoreklame:

«Fjernsyn og kino anses som særlig sterke og påtrengende medier med stor påvirkningskraft og hvor det gjerne tas i bruk sterke virkemidler. FO har behandlet flere saker som gjelder reklame i tilknytning til barneforestilling på kino. Da det ikke gjelder noe totalforbud mot å rette reklame mot barn i henhold til markedsføringsloven, kan reklame i tilknytning til barneforestilling på kino heller ikke forbys på generelt grunnlag. ... Imidlertid oppstilles ifølge FOs praksis et krav om at reklameinnslag i tilknytning til barneforestilling på kino bør følge aldersgrensen på hovedfilmen, og at det vil være i strid med mfl. § 1 å sende innslag som kan virke skremmende eller være egnet til å skape angst samt eventuelt spille på vold eller sex i tilknytning til barneforestilling, jf pkt. 4.3.4 og 4.3.5 nedenfor.

...

FO har behandlet en rekke saker som gjelder innslag av vold i kino- og fjernsynsreklame. Problemstillingen blir her særlig aktuell på grunn av mediets karakter og hvor bruken av sterke virkemidler forsterker effekten. FO har inntatt det standpunkt at reklameinnslag som spiller på vold, sex eller bruk av rusmidler ikke bør vises i tilknytning til barneforestilling på kino, og heller ikke på fjernsyn på tidspunkt når en må anta at barn utgjør en vesentlig del av seergruppen. FO har derfor i flere slike saker også henvendt seg til det aktuelle kino og fjernsynsselskap som ansvarlig medvirker.»

Kringkastingslova set m.a. forbod mot å rette reklame direkte mot barn. Lova gjeld radio og fjernsyn og har ikkje verknad for andre medium.

8.4.2 Høyringsnotatet

Departementet tok ikkje stilling til framlegget om å innføre eit forbod mot å syne kinoreklame på filmar for barn frå sju år og nedover, men kom i staden med to alternative framlegg og bad høyringsinstansane uttale seg om desse. Framlegg a) var å oppretthalde gjeldande rett og framlegg b) var ei lovendring i tråd med framlegget i Dok.nr. 8:31, dvs. eit forbod mot å syne reklame i samband med filmar for barn på sju år og nedover.

Departementet viste på den eine sida til at det er eit overordna mål for regjeringa at barn og unge så langt det er råd skal skjermast mot uønskt kjøpepress, jf. m.a. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Barne- og familiedepartementet. På den andre sida viste departementet til at området allereie er regulert i marknadsføringslova, jf. kap. 2.1, og at Forbrukarombodet spelar ei aktiv rolle når det gjeld reklamefilm og barn. Departementet viste til at barnefilmane dei siste åra har utgjort om lag 10 prosent av alle filmar godkjent for framsyning på norske kinoar, og la difor til grunn at reklame i samband med framsyning av barnefilm i praksis ikkje er nokon sentral inntektskjelde for kinoane.

8.4.3 Merknader i høyringsrunden

Dei fleste høyringsinstansane (Norske film & TV produsenters forening og Norsk filmforbund, Norske kinosjefers forbund, Norsk filmfond, Norske Filmbyråers forening, Norsk PEN, Kino 1 Sandvika, Fauske kommune, Hamar kommune, Haugesund kommune, Kongsvinger kommune, Lillehammer kommune, Nes kommune, Nord-Odal kommune, Oslo kommune, Ullensaker kommune, Lørenskog kommune, Rana kommune, Re kommune, Sandefjord kommune, Sandnes kommune, Stavanger kommune, Stord kommune, Sunndal kommune, Trondheim kommune, Vefsn kommune, Vestvågøy kommune, Ål kommune, Åseral kommune og Molde kommune) er negative til framlegget om lovforbod mot reklame på kino for filmar for barn frå 7 år og nedover.

Særlig kommunar og kinoar peikar på at inntektene av reklame på film ikkje kan reknast ut frå tal på barnefilmar. Det viktige er kor stort besøk desse filmane har. Mellom anna opplyser FILM&KINO at «reklameinntektene for visning av film innen egnethetskategoriene barn og familie utgjør omkring 25 prosent av de totale reklameinntektene på norske kinoer». Film & kino åtvarar difor mot å vurdere eit reklameforbod på sviktande økonomisk grunnlag. Fleire instansar, mellom anna Bergen kino, er redd for å måtte «nedprioritere visningen av film som ikke gir reklameinntekter, dvs. barnefilm.» Medietilsynet stør heller ikkje framlegget av di dei økonomiske konsekvensane ikkje er tilstrekkeleg utgreidd.

Justisdepartementet reiser spørsmålet om eit totalforbod mot reklame i samband med barnefilmar går for langt i høve til Grunnlova § 100:

«Forslaget forbyr også reklame rettet mot andre enn barn. Det skisserte forbudsalternativet forbyr all reklame vist i tilknytning til filmer som er egnet for barn. Begrunnelsen for den del av forbudet som rammer reklame som ikke er rettet mot barn, synes å være svak eller fraværende. Dersom problemet som ønskes løst er reklame rettet mot barn, virker forbudet å gå lengre enn nødvendig.»

Justisdepartementet meiner difor at eit eventuelt forbod bør knytast meir direkte mot det ein ønskjer å forby, dvs. «reklame rettet mot barn eller annen skadelig reklame» etter modell frå kringkastingslova. Også Tysvær kommune meiner dei same reglene bør gjelde for kino som for kringkasting.

Fleire høyringsinstansar (Barneombodet, Forbrukerombodet, Norges Kvinne- og Familieforbund, Grong kommune, Gjøvik kommune, Karasjok kommune, Kristiansand kommune, Meråker kommune og Øvre Eiker kommune) er positive til framlegget om reklameforbod. BarneVakten meiner det «vil være et viktig tiltak for å redusere det kommersielle presset mot barn». Forbrukerombudet uttaler:

«Undersøkelser har vist at kino er et mye sterkere og mer påtrengende medium enn fjernsyn. Det er ingen tvil om at reklamefilmer, hvor annonsøren har mulighet til å bruke levende bilder og lyd har stor påvirkningskraft på barn. Selv om markedsføringsloven gir Forbrukerombudet mulighet til å vurdere innholdet i kinoreklamen, vil det etter min mening være behov for å beskytte barn mot en så sterk påvirkning av reklame. Det at barn og unge daglig utsettes for et stadig økende kommersielt press, tilsier at det bør finnes noen reklamefrie soner, i hvert fall for de minste barna.»

Norsk medieforskarlag foreslår at departementet stiller pengar til rådvelde for meir forsking på feltet barn og medium, for på den måten å kunne betre kunnskapen om korleis kinoreklamen verkar på barn.

8.4.4 Departementets vurdering

Departementet legg til grunn at eit forbod mot reklame før framsyning av barnefilm på kino kan bidra til å redusere det kommersielle presset mot barn. Kino er eit sterkt medium som kan ha stor påverknad på barn. Ifølgje ei undersøking gjennomført i 2004 4 reknar foreldra reklame på TV, kino, Internett, teikneseriar og blader som det mest problematiske når det gjeld uønska medieinnhald.

Eit generelt forbod mot å syne reklame i samband med barneframsyningar på kino vil vere ei innskrenking av ytringsfridomen som er verna av § 100 i Grunnlova. Departementet har merka seg at Justisdepartementet stiller spørsmål om lovframlegget går for langt i høve til § 100 i Grunnlova av di det også vil ramme all reklame og ikkje berre den som er retta mot barn.

Høyringa gir også grunn til å anta at dei økonomiske konsekvensane av eit forbod vil bli større enn departementet la til grunn i høyringsnotatet. Eit eventuelt forbod vil særskilt ramme dei små lokale kinoane som i stor grad baserer seg på barne- og familiefilmar. I dag finst det om lag 240 kinoar i Noreg. I følgje ei undersøking utført av Film&Kino synar om lag 135 av desse reklame før framsyningar. Av desse opplyser 12 kinoar at dei ikkje syner reklame før barneframsyningar. Undersøkinga syner vidare at reklameinntektene samla sett utgjer om lag 10 prosent av inntektene til kinoane, medan billettinntektene utgjer om lag 80 prosent. Det finst ikkje eksakte tall på kor stor del av reklameinntektene som kjem frå framsyning av barnefilm, men FILM&KINO legg til grunn at så mykje som 25 prosent av reklameinntektene på kino kan kome frå framsyningar av barnefilm.

I den grad eit forbod får merkbare økonomiske konsekvensar for kinoane er det ein fare for at kinoane vil velje bort filmar som ikkje gir reklameinntekter. I så fall vil eit forbod kunne få negative konsekvensar for kinotilbodet for barn og unge.

Departementet legg også vekt på at det alt finst regulering på området, jf at det etter Forbrukarombodet sin praksis vil vere i strid med marknadsføringslova «å sende innslag som kan virke skremmende eller være egnet til å skape angst samt eventuelt spille på vold eller sex i tilknytning til barneforestilling», jf avsnitt 8.4.1. over.

Departementet legg i tillegg vekt på at fleirtalet av høyringsinstansane ikkje stør framlegget om å innføre eit reklameforbod.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor ikkje gå inn for å innføre eit «lovforbud mot reklame på kino for filmar for barn frå 7 år og nedover», jf Dok. nr. 8:31 (2002-2003).

8.5 Babykino

Fleire av høyringsinstansane (Fagforbundet, Kristiansand kommune, Stavanger kommune og Oslo kommune) omtaler fenomenet «babykino» i sine høyringssvar og ber departementet opne for dette i film- og videogramlova. FILM&KINO peikar på at babykino er eit populært tilbod og ber departementet sørgje for at aktiviteten framleis blir mogleg. Medietilsynet foreslår at departementet utgreiar fenomenet babykino nærmare i samråd med Medietilsynet.

Departementet ser på fenomenet «babykino» som eit godt sosialt tiltak der foreldre saman med små barn får høve til å sjå filmar under tilhøve som er særskilt tilrettelagde m.a. med lys i salen, dempa lyd og høve til bleieskift. Formelt opnar film- og videogramlova i dag ikkje for at barn under fire år kan gå på kino, korkje åleine eller saman med foreldre eller føresette, med mindre filmen har fått aldersgrensa «tillaten for alle».

Departementet meiner at lova bør opna for slike ordningar, og gjer difor framlegg om å gje departementet heimel til å gje reglar om «babykino» i forskrift. Det må vere ein føresetnad at ordninga blir avgrensa slik at barna ikkje blir utsette for syns- og lydinntrykk som kan vere skadelege eller skræmande. Difor bør framsyningane berre vere opne for barn som er så små at dei berre i liten grad registrerer kva som skjer på lerretet. Departementet vil utrede desse spørsmåla nærmare i samråd med psykologisk fagkompetanse på området.

Departementet gjer difor framlegg om å ta inn ein forskriftsheimel i § 5 i lova som gir høve til å gjere unntak frå reglane om aldersgrenser, til dømes for å opne for ordningar med «babykino».

Fotnotar

1.

«Medieregulering og foreldre», Faltin Karlsen og Trine Syvertsen (Statens filmtilsyns rapport 1/2004)

2.

Norsk mediebarometer 2004

3.

«Forbrukerombudets retningslinjer Markedsføring og avtalevilkår – Barn og Unge» (1999, revidert i 2002)

4.

«Medieregulering og foreldre», Faltin Karlsen og Trine Syvertsen (Statens filmtilsyns rapport 1/2004)

Til forsida