2 Bakgrunnen for lovframlegget og høyringa
2.1 Bakgrunn
Bakgrunnen for lovframlegget er dels Stortingets vedtak til ny § 100 om ytringsfridom i Grunnlova og dels at Stortinget har bede departementet vurdere framlegga i Dok. nr. 8:31 (2002-2003) om aldersgrenser og reklameforbod ved framsyning av barnefilm.
Ny § 100 i Grunnlova
30. september 2004 gjorde Stortinget vedtak om ny § 100 i Grunnlova. Fjerde ledd lyder:
«Forhaandscensur og andre forebyggende Forholdsregler kunne ikke benyttes, medmindre det er nødvendigt for at beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder. Brevcensur kan ei sættes i Værk uden i Anstalter.»
Paragrafen som vart vedteken skil seg på fleire punkt frå fleirtalet sitt framlegg i Innst. S. nr. 270 (2003-2004). På grunn av at Stortinget ikkje var samla vart det likevel ikkje utarbeidd noka tilleggsinnstilling i saka. Fleirtalet si grunngiving for framlegget går difor hovudsakleg fram av saksordføraren sitt innlegg under handsaminga i Stortinget 30. september 2004.
Grunnlovsendringar trer i kraft straks, dvs. også før dei er kunngjorte, med mindre dei sjølve seier noko anna. I den grad det er motstrid mellom den grunnlovsparagrafen som vart vedteken og alminneleg lov på området vil § 100 i Grunnlova gå føre. I brev av 6. oktober 2004 instruerte departementet Statens filmtilsyn (noverande Medietilsynet) om å praktisere film- og videogramlova i tråd med den nye § 100 i Grunnlova.
Departementet viser til nærmare omtale i samband med dei enkelte framlegga til lovendringar.
Dok. nr. 8:31 (2002-2003)
I Dok. nr. 8:31 (2002-2003) la representantane May Hansen og Magnar Lund Bergo fram følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa vurdere å endre lov om film og videogram av 15. mai 1987, slik at aldersgrensene differensieres til 5-7-10-13-15-18 år, ledsagerregelen fjernes, og at det blir lovforbud mot reklame på kino for filmar for barn frå 7 år og nedover.»
Representantane grunngir framlegget m.a. med at fleire kinofilmar «...har fått lavere aldersgrense enn det mange mener er riktig for barn.» Dei meiner òg å kunne registrere at det er meir vald i barne- og ungdomsfilmar, og nemner her som døme «Ringenes Herre – To Tårn».
Når det gjeld framlegget om å oppheve følgjeregelen, viser representantane til ei undersøking som Medietilsynet har gjennomført. Denne syner m.a. at «...tre av fire foreldre ikkje kjenner regelverket rundt aldersgrenser for kinofilmar.» Det blir òg vist til at det er få foreldre som opplever å få rettleiing når dei kjøper kinobillettar og at regelen legg press på foreldra om å la barna få sjå filmar som «...alle vennene får se.»
Framlegget om forbod mot kinoreklame ved framsyning av «...filmar for barn frå 7 år og nedover» blir først og fremst grunngitt med at reklame kan verke skræmande og at reklamen fører til stort kjøpepress på barn og unge. Representantane peikar òg på at det er inkonsekvent å tillate reklame i tilknyting til barnefilmar på kino når det samstundes ikkje er tillate å vise reklame retta mot barn i fjernsyn.
Då Stortinget handsama saka 17. januar 2003 vart det vedteke å leggje Dok. nr. 8:31 (2002-2003) ved protokollen.
2.2 Høyring
Departementet presenterte framlegga til endringar i eit høyringsnotat 10. mai 2005. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar, i tillegg til at det var tilgjengeleg på departementets internettsider:
Alle kommunar
Departementa
Barneombodet
Fagforbundet
Familie & medier
Film & kino
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Høgskulen i Volda
Institusjonen Fritt Ord
Klagenemnda for film og videogram
Konkurransetilsynet
KS
Medietilsynet
Norges kvinne- og familieforbund
Norsk filmfond
Norsk filmforbund
Norsk filminstitutt
Norsk filmklubbforbund
Norsk kinoforbund
Norsk medieforskarlag
Norsk PEN (forum for ytringsfridom)
Norsk videogramforening
Norske film- og tv-produsenters forening
Norske filmbyråers forening
Norske kinosjefers forbund
Norske videohandleres forbund
Sametinget
Samisk filmforbund
Sivilombudsmannen
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø
Universitetet i Trondheim
Høyringsfristen var sett til 10. august 2005. Det kom inn 80 høyringssvar. BarneVakten, Bergen kino AS og Kino 1 uttalte seg også til framlegget. Merknader frå høyringsrunden blir behandla under drøftinga av framlegga til endringar.