9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget om å avgrense høvet til å stille innhaldskrav ved tildeling av konsesjonar for framsyning eller omsetning av film og videogram i næring vil innebere ei administrativ forenkling for kommunane. Forslaga har truleg ingen vesentlege økonomiske konsekvensar.
Framlegget om oppheving av vaksensensuren vil innebere at nokre filmar ikkje vil bli førehandskontrollerte av Medietilsynet. Dette vil innebere ei administrativ forenkling både for Medietilsynet og for distributørane. Distributørane vil heller ikkje måtte betale gebyr til Medietilsynet for desse filmane. Dei nærmare konsekvensane av framlegget vil avhenge av kor mange distributørar som vel å ikkje sende filmar inn til førehandskontroll i Medietilsynet.
Dei andre framlegga vil ikkje få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.