6 Registrering og kontroll av videogram som skal omsetjast i næring
6.1 Gjeldande rett
Etter film- og videogramlova § 7 må videogram som skal omsetjast i næring på førehand vere registrert i Medietilsynet sitt videogramregister. Tilsynet kan vurdere videogrammet før det blir registrert og skal nekte registrering av videogram som tilsynet meiner er i strid med straffelova § 204 (pornografi) eller § 382 (grove valdsskildringar). Denne «stikkprøvekontrollen» inneber ei form for førehandssensur.
Det er straffbart å omsetje videogram som ikkje er registrerte, jf lova § 13. I tillegg slår § 14 i lova fast at videogramdistributørar har eit «redaktøransvar» for innhaldet i videogram som dei distribuerer. Dette inneber at ansvarleg leiar for distributørfirma er straffansvarleg sjølv om skyldkrava etter straffelova § 204 eller § 382 ikkje er oppfylte.
Medietilsynet krev inn eit gebyr for registrering og merking av videogram som skal omsetjast i næring.
6.2 Høyringsnotatet
I høyringsnotatet la departementet til grunn at den nye § 100 i Grunnlova ikkje er til hinder for å vidareføre ordninga med registrering, merking og stikkprøvekontroll av videogram som i dag, jf § 7 andre ledd i lova. Departementet gjorde difor ikkje framlegg om endringar i kontrollordninga for videogram.
6.3 Merknader i høyringsrunden
Barne- og familiedepartementet og Barneombodet er positive til framlegget om å oppretthalde reglane om registrering av videogram for omsetning i næring. Barneombodet viser til at det «er en stor og viktig utfordring å få en regulering av dette markedet som kan sikre barn og ungdom den beskyttelsen mot skadelig påvirkning, slik som de har krav på etter Barnekonvensjonens 17».
Barne- og familiedepartementet meiner i tillegg at «det må kunne stilles krav gjennom film og videogramloven eller i forskrift til loven om at det i forbindelse med salg, utleie og utlån av film og videogram kan dokumenteres systemer og tiltak som sikrer at produktene ikke vises, leies ut, lånes ut eller selges til personer som ikke har nådd den fastsatte aldersgrensen for produktet.»
6.4 Departementets vurdering
Kultur- og kyrkjedepartementet legg til grunn at unntaket for førehandskontroll som er naudsynt for å «beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder», jf Grl. § 100 fjerde ledd, gjer det mogleg å oppretthalde ordninga med registrering, merking og stikkprøvekontroll av videogram som skal omsetjast i næring, jf St.forh. (2003-2004) s. 3585-3586. Saksordføraren uttalte her følgjande på vegner av komitéfleirtalet:
«Videre legger flertallet til grunn at man ut fra dette unntaket kan videreføre dagens ordning med stikkprøvekontroll før registrering av videogrammer som skal omsettes i næring. Flertallet registrerer at kommisjonen har vurdert dette annerledes, men vil vise til at den reelle kontrollen med alderen på dem som ser videogrammer som leies ut, er dårligere enn for kinofilm, slik at hensynet til barn og unge tilsier at man ut fra grunnlovsbestemmelsen kan ha en strengere linje for all video som skal leies ut, enn for voksenfilm på kino.»
Departementet meiner vidare at det er naudsynt å oppretthalde kontrollordninga og sluttar seg til merknadane om dette frå Barne- og familiedepartementet, Barneombodet og frå Stortingsfleirtalet under handsaminga av framlegget til ny § 100 i Grunnlova, jf over.
Kultur- og kyrkjedepartementet gjer difor ikkje framlegg om endringar i reglane om registrering og kontroll av videogram for omsetning i næring.