9 Økonomiske og administrative konsekvensar
I denne proposisjonen blir det føreslått lovregulering av interkommunalt samarbeid i form av ein vertskommune. Denne modellen representerer eit tilbod som kommunar og fylkeskommunar kan nytte dersom dei finn det tenleg. Framlegget inneber ingen pålegg om å endre organisasjonsmodell for eksisterande samarbeidsordningar. Framlegget har såleis ikkje i seg sjølv nokre økonomiske og administrative konsekvensar. Dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei kommunane og fylkeskommunane som vel å bruke den nye organisasjonsmodellen, er det vanskeleg å rekne ut. Det knyter seg visse transaksjonskostnader til å endre organisasjonsform. Dei administrative konsekvensane vil vere avhengig av kor omfattande samarbeidsordningar som blir etablerte.
For staten inneber framlegget ingen direkte økonomiske eller administrative konsekvensar. Det blir ikkje lagt opp til endringar i systemet for statlege overføringar til kommunesektoren, heller ikkje auka overføringar. Interkommunalt samarbeid skal framleis finansierast gjennom kommunane, ikkje frå staten direkte.
Det blir ikkje føreslått lovendringar som grip direkte inn i ansvarsområde til andre departement. Når det gjeld forholdet mellom kommunelova og spesiallovgivinga med omsyn til kommunale oppgåver og høvet til å delegere til interkommunale einingar, kan det dersom det er ønskeleg å spesialregulere interkommunalt samarbeid i kvar enkelt særlov, innebere behov for administrative ressursar i den grad det er nødvendig å endre spesiallovene.