1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen legg Arbeidsdepartementet fram forslag til endringar i:
lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner
lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder
lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser
lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd
lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere
lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
Etter at ny fleksibel alderspensjon i folketrygda blei innført frå 1. januar 2011 med dei tilhøyrande tilpassingane av tenestepensjon og AFP i offentleg sektor, har det vist seg nødvendig å klargjere enkelte føresegner i dei nemnde lovene. Nokre av forslaga er reint språklege opprettingar av gjeldande lovføresegner. Departementet gjer greie for bakgrunnen for lovforslaga i kapittel 2.
Kapittel 3 omhandlar forslag til endringar i folketrygdlova. For å ha rett til alderspensjon må ein ha minst tre års trygdetid. Personar som har rett til uførepensjon på grunn av ein yrkesskade, men som ikkje har minst tre års trygdetid, får i dag uførepensjon livet ut. Departementet foreslår å endre desse reglane, slik at også denne gruppa går over på alderspensjon når dei har fylt 67 år. Departementet foreslår vidare å presisere at kravet om tre års trygdetid for å få rett til alderspensjon heller ikkje gjeld for personar som har rett til pensjon til attlevande ektefelle.
For rett til garantipensjon må ein anten vere medlem i folketrygda eller ha minst 20 års trygdetid i Noreg. For å ha rett til garantipensjon etter særlege regler for flyktningar, må ein også vere medlem av trygda. Ved endringar i medlemskapen må garantipensjonen derfor bli rekna om. Departementet foreslår ein forskriftsheimel for å kunne gje nærmare reglar om omrekninga. Departementet foreslår elles nokre språklege opprettingar i folketrygdlova. Det gjeld tilvisingar til ny alderspensjon (nytt kapittel 20), oppheving av reglar om feilutbetaling av alderspensjon på grunn av for høg inntekt og presiseringar i kapittel 3 som følgje av at minstepensjon og særtillegg for alderspensjonistar er erstatta av minste pensjonsnivå og pensjonstillegg. Frå 2011 skal grunnbeløpet fastsetjast av Kongen og ikkje vedtakast av Stortinget som før. I tråd med denne endringa foreslår departementet ei oppretting i reglane for minstekrav til inntekt for å ha rett til dagpengar. Vidare foreslår departementet ei oppretting i reglane for barnetillegg etter §§ 3-25 og 3-26 som følgje av at ordninga med tidsavgrensa uførestønad blei oppheva og arbeidsavklaringspengar innførte frå 1. mars 2010. Det er gjeve eigne føresegner om barnetillegg til arbeidsavklaringspengar i folketrygdlova kapittel 11. Departementet foreslår også ein språkleg oppretting i reglane for opptening av inntektspensjon for uførepensjonistar.
I kapittel 4 foreslår departementet enkelte endringar i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser i samband med at det frå 1. januar 2011 er innført enkelte nye tillegg (minstenivåtillegg) til alderspensjonen og uførepensjonen i folketrygda. Tillegga skal sikre at pensjonen til kvar tid er på det nivået som i folketrygdlova § 19-8 er definert som minste pensjonsnivå, alt etter sivilstand og inntekta og pensjonen til ein eventuell ektefelle. Som dei andre komponentane i pensjonane frå folketrygda skal desse tillegga vere samordningspliktige. Det følgjer av bruttosystemet i offentleg sektor som er ført vidare frå 2011. Departementet foreslår likevel at tillegga blir nemnde eksplisitt i samordningslova. Tillegga til alderspensjonen i folketrygda blir gjevne som eit kronetillegg til pensjonen og blir ikkje levealdersjusterte. Departementet foreslår derfor at heller ikkje samordningsfrådraga for desse tillegga blir levealdersjusterte.
Opptening av tilleggspensjon i folketrygda for åra ein person fyller 67, 68 eller 69 år, etter uttak av heil tenestepensjon, skal etter gjeldande reglar haldast utanfor samordning. Fordi ein frå 1. januar 2010 kan tene opp tilleggspensjon til og med det året ein fyller 75 år, foreslår departementet å endre føresegna om samordningsfritak i samsvar med endringa i folketrygda.
I kapittel 5 foreslår departementet ei presisering når det gjeld fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i etterlatnepensjonen i Statens pensjonskasse når den avdøde medlemmen har teke ut alderspensjon eller avtalefesta pensjon og døyr før fylte 67 år.
I kapittel 6 foreslår departementet ei tilsvarande presisering i lov om pensjonsordning for sykepleiere.
I kapitla 7 og 8 foreslår departementet tilsvarande presiseringar i pensjonsordningane for høvesvis statsrådar og stortingsrepresentantar.
I kapittel 9 foreslår departementet ei mindre endring i personskadetrygdene, det vil seie i lovene om krigspensjonering og lov om yrkesskadetrygd. I samsvar med dei nye reguleringsprinsippa i folketrygda og for offentleg tenestepensjon foreslår departementet at den særskilde føresegna om første gongs regulering av uføre- og etterlatnepensjon etter fylte 67 år også skal gjelde for personskadetrygd.
I kapittel 10 gjer departementet nærmare greie for ikraftsetjinga av dei enkelte forslaga.
Endringane som er foreslått, er dels klargjering av gjeldande rett og dels rein oppfølging av det endra regelverket i folketrygda og dei offentlege tenestepensjonsordningane frå 2011. Vidare er det foreslått ei rekkje språklege og lovtekniske opprettingar. Departementet ser det derfor slik at det ikkje har vore nødvendig å sende forslaga på alminneleg høyring.