2 Pensjonsreforma – oversikt over endringane i folketrygda og offentlege tenestepensjonar
Nye reglar for alderspensjon frå folketrygda blei vedtekne ved lov 5. juni 2009 nr. 32 om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon). Det blei mellom anna innført nye oppteningsreglar, levealdersjustering og fleksibelt uttak frå 62 år i alderspensjonen frå folketrygda for personar som tek ut alderspensjon etter 2010. Det blei også innført nye reglar for regulering av alderspensjon under utbetaling. Reglane for offentleg tenestepensjon og AFP i offentleg sektor blei ved lovene 25. juni 2010 nr. 28 og 29 og 17. desember 2010 nr. 78 førte vidare, men med nødvendige tilpassingar til innføringa av fleksibelt uttak, levealdersjustering og nye prinsipp for regulering av alderspensjon i folketrygda.
Fleksibelt uttak og ny regulering av alderspensjonen i folketrygda
Dei nye reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering verkar frå 1. januar 2011 og gjeld pensjon utrekna etter både gamle og nye oppteningsreglar. Ein person kan ta ut heil eller delvis alderspensjon frå 62 år dersom den årlege pensjonen frå 67 år minst svarer til minstepensjonen. Pensjonen kan graderast i 20, 40, 50, 60, 80 og 100 prosent. I tillegg kan ein arbeide så mykje ein vil, utan at pensjonen blir redusert.
Levealdersjustering og fleksibelt uttak av alderspensjon som er opptent etter dagens reglar, skjer ved at ein dividerer opptente rettar i form av grunnpensjon og tilleggspensjon (basispensjon) med eit forholdstal. Den årlege pensjonen blir dermed justert for uttakstidspunkt og for endringar i levealder.
Frå 2011 er det innført nye reguleringsreglar for alle alderspensjonistar i folketrygda. Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med lønnsveksten, deretter skal det trekkjast frå 0,75 prosent. Reguleringa skjer med verknad frå 1. mai kvart år. Pensjon under opptening skal framleis regulerast med lønnsveksten. Satsar for minste pensjonsnivå blir regulerte med lønnsveksten og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa. Dei første åra etter 2011 vil effekten svare til eit frådrag på 0,50 prosent på grunn av ei gradvis innfasing av levealdersjusteringa.
Minste pensjonsnivå (tidlegare minstepensjon)
Pensjonssystemet i folketrygda (alderspensjon, uførepensjon og pensjon til attlevande ektefelle) yter både ei grunnsikring og ei standardsikring. Tilleggspensjonen er ei standardsikring som står i eit visst forhold til tidlegare inntekt som yrkesaktiv, og blir utmålt uavhengig av sivilstand. Grunnpensjonen er ei grunnsikring som blir utbetalt til alle pensjonistar, uavhengig av tidlegare inntekt. Pensjonistar som ikkje har rett til tilleggspensjon, eller som har ein tilleggspensjon som er mindre enn satsen på særtillegget, får eit særtillegg. Summen av grunnpensjonen og særtillegget svarer til minstepensjonen i folketrygda.
Grunnpensjon og særtillegg er fastsette som delar av grunnbeløpet, sjå folketrygdlova §§ 3-2 og 3-3. For gifte og sambuarar svarer full grunnpensjon til 85 prosent av grunnbeløpet, medan han for einslege svarer til 100 prosent av grunnbeløpet. Særtillegget blir i utgangspunktet gjeve etter minstesatsen (74 prosent av grunnbeløpet) dersom ektefellen har tilleggspensjon, medan det elles svarer til 100 prosent av grunnbeløpet (ordinær sats). Ektefellane er likevel sikra at særtillegget og tilleggspensjonen samla utgjer minst to gonger særtillegget etter ordinær sats, jf. folketrygdlova § 3-3 femte ledd andre punktum. Dersom tilleggspensjonen til ektefellen eksempelvis svarer til 110 prosent av grunnbeløpet, vil pensjonisten få eit særtillegg som svarer til 90 prosent av grunnbeløpet, slik at summen av tilleggspensjonen og særtillegget er det same som to gonger ordinær sats (”glidande særtillegg”).
Frå 2011 får ikkje lenger nye alderspensjonistar særtillegg, men eit pensjonstillegg. Pensjonstillegget er lik differansen mellom det minste pensjonsnivået og grunn- og tilleggspensjonen. Det er fastsett ulike satsar for minste pensjonsnivå som svarer til dei ulike satsane for grunnpensjon og særtillegg, jf. folketrygdlova § 19-8. Låg sats svarer til summen av grunnpensjon med 85 prosent og særtillegg med 74 prosent av grunnbeløpet. Ordinær sats svarer til summen av grunnpensjon med 85 prosent og særtillegg med 100 prosent av grunnbeløpet. Høg sats svarer til grunnpensjon og særtillegg med 100 prosent av grunnbeløpet. Føresegna om at ektepar er sikra eit samla minstenivå, er ført vidare i ei eiga forskrift, jf. folketrygdlova § 19-8 niande ledd.
Dei nærmare reglane for eit minste pensjonsnivå for ektepar går fram av kapittel 5 i forskrift 22. desember 2009 nr. 1810 om alderspensjon i folketrygden. Føresegnene gjeld også for uførepensjonistar som er gifte med alderspensjonistar. Ektefellane er sikra at den samla pensjonen minst er lik to gonger minste pensjonsnivå ordinær sats. Dersom den samla pensjonen er lågare, blir eventuelt differansen utbetalt som eit tillegg til den av ektefellane som har lågare pensjon enn minste pensjonsnivå ordinær sats. Denne differansen blir av administrative årsaker utbetalt som eit eige tillegg til pensjonen med heimel i forskrifta, framfor som eit pensjonstillegg etter folketrygdlova § 19-9.
Alderspensjon under utbetaling skal som nemnt regulerast med lønnsveksten med eit frådrag på 0,75 prosent, medan satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte noko gunstigare. Personar som i utgangspunktet får pensjon over minstenivået, vil dermed kunne falle under dette nivået over tid. Dersom pensjonen etter reguleringa blir lågare enn den satsen for minste pensjonsnivå som vedkommande har rett til, blir differansen utbetalt som eit tillegg til pensjonen etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd.
Tilpassing av offentleg tenestepensjon til pensjonsreforma
Andre delar av pensjonssystemet er eller blir tilpassa endringane i alderspensjonen frå folketrygda. Tariffpartane avtalte våren 2009 at dagens reglar for offentleg tenestepensjon (bruttoordninga) og AFP i offentleg sektor skal førast vidare, men med nødvendige tilpassingar til dei vedtekne endringane i folketrygda. For medlemmer av Statens pensjonskasse er gjeldande reglar for AFP i statleg sektor førte vidare ved lov 25. juni 2010 nr. 28. AFP-ordninga i statleg sektor er også regulert i hovudtariffavtalen i statleg sektor. For Statens pensjonskasse og andre lovfesta offentlege tenestepensjonsordningar er nødvendige tilpassingar til endringane i folketrygda gjevne ved lov 25. juni 2010 nr. 29, som også omfattar nødvendige tilpassingar i samordningslova.
Endringane tredde i kraft 1. januar 2011 og har verknad for årskull til og med 1953-årskullet, det vil seie dei årskulla som får heile alderspensjonen frå folketrygda rekna ut etter folketrygdlova kapittel 19. Endringane inneber at både alderspensjonen frå offentlege tenestepensjonsordningar (bruttopensjonen) og samordningsfrådraget for alderspensjon frå folketrygda skal levealdersjusterast ved bruk av forholdstala i folketrygda. Levealdersjustering og samordning skal skje tidlegast frå 67 år. Dermed vil personar som kan ta ut tenestepensjon før 67 år fordi stillinga har særaldersgrense, få berekna pensjonen utan levealdersjustering og samordning fram til dei fyller 67 år. I tilfelle der det er teke ut alderspensjon frå folketrygda før 67 år, skal samordninga skje som om folketrygda var teken ut ved 67 år. Ein individuell garanti for årskulla til og med 1958-kullet sikrar mellom anna at personar med full opptening (normalt 30 år) får ein samla pensjon frå folketrygda og tenestepensjonsordninga etter levealdersjustering på minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ved 67 år.
Dei vedtekne lovendringane inneber vidare at reguleringa av offentlege tenestepensjonar og AFP blir endra frå 2011. Alderspensjon og AFP under utbetaling skal regulerast med lønnsveksten, og det skal deretter trekkjast frå 0,75 prosent, på same måte som med alderspensjonen i folketrygda. Oppsette rettar, det vil seie rettar for personar som fråtrer stillinga si utan rett til å få pensjon straks, skal regulerast med lønnsveksten fram til uttakstidspunktet.