6 Endring i lov om pensjonsordning for sykepleiere
6.1 Fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i enkje- og enkjemannspensjon og barnepensjon når den avdøde medlemmen har teke ut alderspensjon eller avtalefesta pensjon og døyr før fylte 67 år
I dette kapitlet blir det foreslått ei presisering i lov om pensjonsordning for sykepleiere § 39 tredje ledd i tråd med forslaget frå departementet i kapittel 5 om endring i lov om Statens pensjonskasse § 42 tredje ledd.
Departementet foreslår at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år (65 år) for alderspensjonistar og AFP-pensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når etterlatnepensjonen skal bereknast.
Departementet viser til lovforslaget, § 39 tredje ledd.
6.2 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha skjedd ved fylte 67 år (65 år) i alderspensjonen til den avdøde. Kommunal Landspensjonskasse kan vanskeleg sjå at forslaget vil ha målbare økonomiske konsekvensar.