11 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget
11.1 Merknader til endringa i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
Til § 42 tredje ledd
Føresegna har reglar om omrekning av pensjonsgrunnlaget ved 67 år for medlemmer som har fråtredd stillinga si med alderspensjon eller avtalefesta pensjon før 67 år. Tilsvarande gjeld ved 65 år for medlemmer med avtalefesta pensjon som frå 65 år får pensjonen berekna som alderspensjon frå Statens pensjonskasse. I nytt fjerde punktum blir det presisert at tilsvarande skal gjelde for fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i ein etterlatnepensjon dersom medlemmen døyr før pensjonsgrunnlaget er omrekna som nemnt.
11.2 Merknader til endringa i midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner
Til del III nr. 4
Føresegna har reglar om regulering av krigspensjon. I nytt tredje punktum blir det presisert at lov om Statens pensjonskasse § 42 første ledd tredje punktum skal gjelde tilsvarande for første regulering av krigspensjonar etter fylte 67 år. Frådraget på 0,75 prosent skal setjast ned forholdsmessig ved første gongs regulering etter fylte 67 år når overgangen (som får verknad frå og med månaden etter fylte 67 år) skjer i månadene juni til april.
11.3 Merknader til endringa i lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder
Til § 3c tredje ledd
Nytt tredje punktum svarer til nytt fjerde punktum i § 42 tredje ledd i lov om Statens pensjonskasse. Departementet viser til merknadene til den føresegna.
11.4 Merknader til endringane i lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser
Til § 23 nr. 1 andre ledd
Føresegna har reglar om at reglane i første ledd i paragrafen om samordning av tenestepensjon med tilleggspensjonen frå folketrygda skal gjelde tilsvarande for mellom anna særtillegg. I andre ledd første punktum blir det presisert at føresegna i første ledd skal gjelde tilsvarande for tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd og tillegg fastsette etter forskrift til folketrygdlova § 19-8 niande ledd.
Til § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b
Føresegna omhandlar unntak frå samordning for den delen av tilleggspensjonen i folketrygda som er tent opp etter uttak av heil tenestepensjon (auka opptening). I bokstav b blir det presisert at unntaket berre gjeld for auka opptening etter uttak av heil tenestepensjon. Endringa i bokstav b elles inneber at auka opptening av tilleggpensjon til og med det 75. året skal haldast utanom samordning.
Til § 24 nr. 1 første ledd
Føresegna omhandlar samordning av alderspensjon frå tenestepensjonsordninga med alderspensjon frå folketrygda, under dette samordning med tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd. I tredje punktum blir det presisert at også tillegg etter forskrift til folketrygdloven § 19-8 skal samordnast som særtillegg. I fjerde punktum blir det presisert at tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd og tillegg som er fastsette etter forskrift til folketrygdlova § 19-8 niande ledd, ikkje skal dividerast med det aktuelle forholdstalet.
11.5 Merknader til endringa i lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd
Til § 57 nr. 1
Føresegna har reglar om regulering av yrkesskadetrygd. I andre ledd nytt andre punktum blir det presisert at lov om Statens pensjonskasse § 42 første ledd tredje punktum skal gjelde tilsvarande for første regulering av yrkesskadetrygd etter fylte 67 år. Frådraget på 0,75 prosent skal setjast ned forholdsmessig ved første gongs regulering etter fylte 67 år når overgangen (som får verknad frå og med månaden etter fylte 67 år) skjer i månadene juni til april.
11.6 Merknader til endringa i lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere
Til § 39 tredje ledd
Nytt fjerde punktum svarer til nytt tredje punktum i § 42 tredje ledd i lov om Statens pensjonskasse. Departementet viser til merknadene til den føresegna.
11.7 Merknader til endringa i lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter
Til § 4c tredje ledd
Nytt tredje punktum svarer til nytt fjerde punktum i § 42 tredje ledd i lov om Statens pensjonskasse. Departementet viser til merknadene til den føresegna.
11.8 Merknader til endringane i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
Til § 2-9
Paragrafen har føresegner om trygdedekning ved frivillig medlemskap utanfor Noreg, under dette alderspensjon etter kapittel 19. Endringa i første ledd bokstav b sikrar at det blir gjeve trygdedekning til alderspensjon etter kapittel 20 på same måte som til alderspensjon etter kapittel 19.
Til § 2-13
Paragrafen gjer unntak frå medlemskapsreglane for personar som får ei utanlandsk pensjonsyting av ein viss storleik. Første ledd blir endra slik at alderspensjon etter kapittel 20 blir likestilt med alderspensjon etter kapittel 19.
Til § 3-1
Paragrafen har ei oversikt over komponentane i pensjonane frå folketrygda, under dette grunnpensjon, tilleggspensjon og særtillegg. I andre ledd nytt andre punktum blir det presisert at det i staden for særtillegg blir gjeve pensjonstillegg til alderspensjon.
Til § 3-4
Paragrafen har føresegner om ei minste pensjonsyting frå folketrygda. Departementet presiserer ved endringa i første ledd og ved nytt fjerde ledd at reglar for ei minste pensjonsyting for alderspensjonistar i staden går fram av eigne føresegner i kapitla 19 og 20.
Til § 3-25
Paragrafen har føresegner om rett til barnetillegg. Ordlyden i første ledd første punktum blir retta opp som følgje av at ordninga med tidsavgrensa uførestønad er oppheva og erstatta av arbeidsavklaringspengar.
Til § 3-26
Paragrafen har føresegner om reduksjon av barnetillegg på grunn av inntekt. Ordlyden i femte ledd første punktum blir retta opp som følgje av at ordninga med tidsavgrensa uførestønad er oppheva og erstatta av arbeidsavklaringspengar.
Til § 3-30
Paragrafen har føresegner om berekning av pensjonane frå folketrygda ved yrkesskade. I tredje ledd nytt andre punktum blir det presisert at berre ein så stor del av alderspensjonen som svarer til graden av uførleik på grunn av yrkesskade, skal bereknast etter særføresegnene om yrkesskade.
Til § 4-4
Paragrafen gjeld krav til minsteinntekt for rett til dagpengar. Femte ledd blir tilpassa som følgje av at det gjennom pensjonsreforma er innført nye reglar for regulering av pensjonar, under dette at det nye grunnbeløpet årleg skal fastsetjast av Kongen.
Til § 11-4
Paragrafen har føresegner om krav til alder for rett til ytingar etter kapittel 11, under dette særskilde krav for ein medlem som har fylt 62 år. Det blir gjort ein reint språkleg korreksjon av ordlyden i fjerde ledd bokstav a, da den formelle nemninga på den minste pensjonsytinga for alderspensjon etter kapittel 19 er ”minste pensjonsnivå”.
Til § 12-4
Paragrafen har føresegner om krav til alder for rett til ytingar etter kapittel 12, under dette særskilde krav for ein medlem som har fylt 62 år. Det blir gjort ein reint språkleg korreksjon av ordlyden i tredje ledd bokstav a, da den formelle nemninga på den minste pensjonsytinga for alderspensjon etter kapittel 19 er ”minste pensjonsnivå”.
Til § 12-12
Paragrafen har føresegner om revurdering av uføregraden. I samband med ei tidlegare lovendring blei andre ledd tredje punktum oppheva utan at gjeldande andre ledd fjerde punktum blei nytt tredje punktum. Dette blir no retta opp.
Til § 12-18
Paragrafen har føresegner om uførepensjon ved yrkesskade. Fjerde ledd har reglar om livsvarig uførepensjon for den som ikkje har rett til alderspensjon. Fjerde ledd blir oppheva, og det blir i staden gjeve eigne reglar om rett til alderspensjon for personar som er innvilga uførepensjon etter yrkesskade, sjå nærmare § 19-2 nytt tredje ledd og merknadene til føresegna.
Til § 13-2
Paragrafen har ei oversikt over dei ulike ytingane frå folketrygda som blir gjevne etter særskilde føresegner for den som blir ramma av ein yrkesskade eller ein likestilt yrkessjukdom. Føresegnene for rett til alderspensjon ved yrkesskade blei frå 1. januar 2011 flytta frå § 19-11 til nye § 19-20. Tilvisinga i andre ledd siste strekpunkt blir endra i tråd med dette.
Til § 19-2
Paragrafen stiller opp krav om minste trygdetid for rett til alderspensjon. Personar som i dag ikkje har rett til alderspensjon fordi dei har mindre enn tre års trygdetid, men som ved 67 år hadde rett til uførepensjon etter yrkesskade, beheld uførepensjonen livet ut. I andre ledd ny bokstav a blir det gjort unntak frå kravet om tre års trygdetid for denne gruppa, slik at dei frå 67 år får alderspensjon i staden for uførepensjon. Ein attlevande ektefelle som ikkje sjølv har tre års trygdetid, får i dag alderspensjon etter føresegnene i § 19-16 og § 19-20 andre ledd dersom den avdøde hadde minst tre års trygdetid. For denne gruppa vil unntaket gå fram av andre ledd ny bokstav b. Unntak for flyktningar blir førte vidare i andre ledd ny bokstav c.
Til § 20-7 a
Paragrafen har føresegner om opptening av alderspensjon etter kapittel 20 for uførepensjonistar. Ved utforminga av reglane for opptening av ny alderspensjon for uførepensjonistar på grunnlag av framtidige pensjonspoeng blei omgrepet ”medlem” nytta i staden for ”den som mottek uførepensjon” utan at endringa var tilsikta. Endringa av første ledd inneber at dette blir retta opp.
Til § 20-10
Paragrafen har føresegner om garantipensjon og trygdetid. I nytt sjette ledd får departementet heimel til å fastsetje nærmare reglar omrekning av pensjonen når det skjer endringar i medlemskapen som påverkar pensjonen.
Til § 21-6
Paragrafen har føresegner om når det skal fattast nye vedtak ved endra forhold, under dette særlege reglar for ytingar som blir graderte etter inntekt. Første ledd andre punktum blir endra som følgje av at alderspensjonen ikkje lenger blir avkorta eller gradert dersom pensjonisten har inntekt ved sida av pensjonen.
Til § 22-10
Paragrafen har føresegner om utbetalingsterminar av ytingane frå folketrygda. Tredje ledd bokstav i blir endra slik at alderspensjon etter kapittel 20 blir likestilt med alderspensjon etter kapittel 19.
Til § 22-16
Paragrafen har føresegner om avrekning av feilutbetalingar på grunn av for høg inntekt. Andre ledd bokstav b blir oppheva som følgje av at alderspensjonen ikkje lenger blir avkorta eller gradert dersom pensjonisten har inntekt ved sida av pensjonen. Tredje ledd andre punktum blir endra for å føre vidare gjeldande føresegner om at feilutbetaling av ytingar som nemnt i andre ledd skal kunne trekkjast i alderspensjonen.