5 Endring i lov om Statens pensjonskasse
5.1 Fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i enkje- og enkjemannspensjon og barnepensjon når den avdøde medlemmen har teke ut alderspensjon eller avtalefesta pensjon (AFP) og døyr før fylte 67 år
Når ein medlem av Statens pensjonskasse døyr, har den attlevande ektefellen ein avleidd rett til enkje- eller enkjemannspensjon og attlevande barn rett til barnepensjon, jf. føresegnene i lov om Statens pensjonskasse kapittel 7. Ved full opptening utgjer enkje- eller enkjemannspensjonen 9 prosent eller 39,6 prosent av pensjonsgrunnlaget til den avdøde. Barnepensjonen utgjer 15 prosent av pensjonsgrunnlaget.
Berekningsgrunnlaget for desse avleidde pensjonane er pensjonsgrunnlaget til den avdøde. Dersom den avdøde var pensjonist, har pensjonsgrunnlaget vore regulert éin eller fleire gonger per 1. mai kvart år, i samsvar med føresegnene om regulering av pensjon under utbetaling. I desse tilfella er det såleis pensjonsgrunnlaget til den avdøde på dødstidspunktet som utgjer berekningsgrunnlaget for enkje- og enkjemannspensjon og barnepensjon.
Frå 1. januar 2011 er det innført nye reguleringsføresegner for offentleg tenestepensjon. Uførepensjon blir regulert med lønnsveksten før fylte 67 år, medan alderspensjon og AFP blir regulerte med lønnsveksten, men med eit frådrag på 0,75 prosent. Ved berekning av pensjonar til den attlevande vil pensjonsgrunnlaget derfor kunne vere ulikt, avhengig av om den avdøde hadde uførepensjon eller alderspensjon/AFP.
Vidare er det frå 2011 bestemt at pensjonsgrunnlaget for dei som får alderspensjon etter særaldersgrense eller AFP, blir rekna om ved fylte 67 år ved at grunnlaget blir etterregulert med lønnsveksten frå tidspunktet dei fråtredde, og fram til omrekningstidspunktet. Det same gjeld ved 65 år for personar som går over frå folketrygdberekna AFP til tenestepensjonsberekna AFP, jf. lov om Statens pensjonskasse § 42 tredje ledd. Bakgrunnen for regelen går fram av Prop. 107 L (2009–2010), der departementet viste til at når pensjonar under utbetaling frå 2011 skal regulerast noko svakare enn lønnsveksten, vil dei som blir pensjonistar tidleg fordi dei har særaldersgrense eller har teke ut AFP, få pensjonsgrunnlaget sitt regulert på denne måten i fleire år enn andre.
Ved berekning av enkje-, enkjemanns- eller barnepensjon der den avdøde var alderspensjonist eller AFP-pensjonist og døydde før omrekningstidspunktet ved 67 (65) år, meiner departementet at dei etterlatne skal få lagt til grunn same omrekningsprinsipp ved fastsetjinga av pensjonsgrunnlaget. Slik departementet ser det, er forslaget ei naturleg følgje av føresegna i lov om Statens pensjonskasse § 42 tredje ledd. Med ein slik regel unngår ein også den meir tilfeldige forskjellen som elles ville oppstå avhengig av om den avdøde var uførepensjonist, alderspensjonist eller AFP-pensjonist. Vidare unngår ein at det oppstår store terskeleffektar avhengig av om pensjonsgrunnlaget til den avdøde hadde blitt omrekna ved 67 (65) år, eller om dødsfallet skjer like før omrekningstidspunktet.
Departementet foreslår at den etterreguleringa som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år (65 år) for alderspensjonistar og AFP-pensjonistar, også blir lagd til grunn ved berekning av dei avleidde pensjonane i dei tilfella pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet.
Departementet viser til lovforslaget, § 42 tredje ledd.
5.2 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på dødsfallstidspunktet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 (65) år i alderspensjonen til den avdøde. Statens pensjonskasse har berekna kostnadene av forslaget til å kunne utgjere opp mot 5 millionar kroner i året.