7 Endring i lov om pensjonsordning for statsråder
7.1 Fastsetjing av pensjonsgrunnlaget i enkje- og enkjemannspensjon og barnepensjon når den avdøde medlemmen har teke ut alderspensjon og døyr før fylte 67 år
I dette kapitlet blir det foreslått ei presisering i lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder § 3c tredje ledd, i tråd med forslaget frå departementet i kapittel 5 om endring i lov om Statens pensjonskasse § 42 tredje ledd.
Departementet foreslår at den særskilde etterreguleringa av pensjonsgrunnlaget som etter gjeldande føresegner skal gjerast ved fylte 67 år for alderspensjonistar, i staden skjer på dødsfallstidspunktet dersom pensjonisten døyr før omrekningstidspunktet, når pensjonen skal bereknast.
Departementet viser til lovforslaget, § 3c tredje ledd.
7.2 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, og Statens pensjonskasse anslår kostnadene å være heilt marginale. Den omrekninga som etter forslaget skal gjerast på tidspunktet for dødsfallet, ville elles ha blitt gjord ved fylte 67 år i alderspensjonen til den avdøde.