10 Ikraftsetjing
Departementet foreslår at endringane i lov om Statens pensjonskasse, tilleggslov om krigspensjonering, lov om pensjonsordning for statsråder, lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser, lov om yrkesskadetrygd, lov om pensjonsordning for sykepleiere og lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter trer i kraft straks og får verknad frå 1. januar 2011.
Endringa i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b har likevel verknad frå 1. januar 2010, som er verknadstidspunktet for nye oppteningsreglar i folketrygda.
Departementet foreslår at endringane i folketrygdlova trer i kraft straks. Reglane for inntektsprøving av alderspensjon blei oppheva 1. januar 2010, og endringane i folketrygdlova §§ 21-6 og 22-16 har derfor verknad frå 1. januar 2010. Dei nye reglane for opptening av inntektspensjon etter § 20-7 a hadde verknad frå 1. januar 2010. Endringa i § 20-7 a har derfor verknad frå 1. januar 2010. Endringane i folketrygdlova §§ 3-1, 3-4, 3-30, 4-4 og 20-10 har verknad frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdlova §§ 12-18 og 19-2 har verknad frå 1. januar 2012. Uførepensjon til personar over 67 år blir rekna om til alderspensjon med verknad frå 1. januar 2012. Ved denne omrekninga skal forholdstalet 1,005 nyttast for personar fødde i 1944 og forholdstalet 1,000 for personar fødde i 1943. Er uførepensjonisten fødd i 1942 eller tidlegare, skal det ikkje nyttast forholdstal.