10 Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet meiner at framlegga i proposisjonen ikkje får administrative eller økonomiske konsekvensar av noko særleg omfang.
Framlegget til endring i kommunelova § 17 inneheld ikkje nye plikter for kommunane og fylkeskommunane. Det er berre tidspunktet for val av kontrollutval, og når kontrollutvalet skal tre i funksjon, som blir føreslått endra. Dette vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Framlegget til endring av § 77 nr. 2 inneber heller ikkje slike konsekvensar, sidan det berre er ei presisering av gjeldande rett.
Framlegga om at det som hovudregel skal vere opne møte i kontrollutvala og i styret i kommunale føretak, vil kunne innebere noko behov for opplæring i regelverket av dei som sit i utvala og styra. Departementet meiner likevel at det ikkje over tid vil få administrative eller økonomiske konsekvensar av noko særleg omfang, fordi regelverket om møteoffentlegheit er kjent i store delar av kommunane.
Framlegget om at den som er ansvarleg for revisjon av rekneskapen for kommune eller fylkeskommune skal ha plikt til å rapportere etter kvitvaskingslova, vil krevje noko meirarbeid i rekneskapsrevisjonen, men neppe i stort omfang. Departementet legg til grunn at rapportering svært sjeldan vil vere aktuelt, men at det samla sett er samfunnsmessig lønsamt og fornuftig at rekneskapsrevisor i kommunane og fylkeskommunane får plikt til å undersøkje og eventuelt rapportere dersom dei har mistanke om at ein transaksjon er knytt til kvitvasking eller terrorfinansiering.
Framlegget til endring i kommunelova § 80 første ledd inneber at kontrollutval og revisor får rett til å krevje opplysningar frå eller gjere undersøkingar i interkommunale samanslutningar etter § 27 i kommunelova. Dette er nye rettar for desse organa som kan medføre at dei får noko meir arbeid, og det vil bli auka kostnader dersom dei brukar desse rettane. Departementet legg likevel til grunn at konsekvensane av endringa vil bli små.
Framlegget om å krevje rapportering i årsmeldinga om internkontroll vil krevje noko meirarbeid med årsmeldinga til kommunane og fylkeskommunane. Kravet er meint som eit verkemiddel til å setje arbeidet med internkontroll på dagsordenen lokalt.
Framlegget til endring i kommunelova § 50 inneber at investeringar som etter lova ikkje kan finansierast med lån, heller ikkje kan bli finansierte gjennom meirverdiavgiftskompensasjon frå dei lånefinansierte investeringane. Departementet legg til grunn at dette er normal praksis i dei aller fleste kommunane og fylkeskommunane, og at konsekvensane av endringa vil vere små. Også når det gjeld framlegget om å oppheve avdragsføresegna for likviditetslån og trekkrettar, vil konsekvensane vere små, men endringa vil fjerne ei mogleg avgrensing og medverke til at kommunane og fylkeskommunane vil ha naudsynt likviditet.
Departementet gjer framlegg om at overskrifta i § 80 blir endra. Dette er berre ei justering for at overskrifta skal vere i samsvar med innhaldet i paragrafen, og inneber ikkje noka endring i realiteten.
Framlegget om endringar i lov om interkommunale selskap inneber ei harmonisering med økonomireglane i kommunelova og visse justeringar. Departementet meiner at dei økonomiske og administrative konsekvensane er av lite omfang.
Endringa i inndelingslova vil gje kommunane og fylkeskommunane større fridom og forenkle arbeidet i departementet med resolusjonane i samanslåingssaker.
Departementet meiner samla sett at framlegga ikkje fører til behov for auka overføringar til kommunane.