8 Lov om interkommunale selskap – endringar i visse føresegner om økonomiforvaltning
Kommunar som er deltakarar i eit interkommunalt selskap, har uavgrensa ansvar for skyldnadene til selskapet. I gjeldande rett er det difor stort samsvar mellom avgrensingane i dei økonomiske disposisjonane eit interkommunalt selskap kan gjere (lov om interkommunale selskap), og dei avgrensingane som deltakarkommunane sjølve er underlagde (kommunelova). Etter at lov om interkommunale selskap tok til å gjelde i 2000, har kommunelova seinare blitt endra på visse punkt, mellom anna lånereglane og reglane om statleg godkjenning av låneopptak. Det er difor nødvendig å gjere nokre endringar i lov om interkommunale selskap for å sikre at det er betre samanheng mellom desse reglane og reglane i kommunelova. I tillegg føreslår departementet ein del andre justeringar i lov om interkommunale selskap.
8.1 Låneopptak, avdrag på lån og statleg lånegodkjenning
8.1.1 Gjeldande rett
I Ot.prp. nr. 53 (1997–1998) Om lov om interkommunale selskaper og lov om endringer i kommuneloven m.m. (kommunalt og fylkeskommunalt foretak) blei det lagt til grunn at låneretten for interkommunale selskap skulle svare til låneretten for kommunar og fylkeskommunar etter kommunelova § 50. Etter lov om interkommunale selskap § 22 kan interkommunale selskap berre ta opp lån til kapitalføremål og konvertering av eldre gjeld, i tillegg til likviditetslån. Dette er i samsvar med reglane om låneopptak for kommunar og fylkeskommunar slik reglane i kommunelova § 50 var tidlegare. Avgrensingane i låneretten for kommunar og fylkeskommunar blei justert ved endringar i kommunelova som tok til å gjelde 1. januar 2001. Endringane i kommunelova i 2001 var blant anna ei presisering om at låneopptak må vere til ”eige bruk” for kommunen eller fylkeskommunen, og at låneopptak må vere knytt til ei anskaffing av varig verdi. Etter dette gjev kommunelova mellom anna ikkje lenger høve til å ta opp lån til kjøp av aksjar. Dei same presiseringane er ikkje gjorde gjeldande for interkommunale selskap.
Lov om interkommunale selskap § 22 siste ledd seier at departementet kan gje forskrifter til utfylling av føresegnene i paragrafen. Forskrift 17. desember 1999 nr. 1567 om lån og lånevilkår for interkommunale selskap gjev reglar for avdragsmåte og avdragstid i interkommunale selskap. I tillegg stiller forskrifta krav om at låna må takast opp i norske kroner, med mindre departementet har gjeve dispensasjon til selskapet for å ta opp lån i annan valuta.
Lov om interkommunale selskap § 22 fjerde ledd seier at vedtak i selskapet om å ta opp lån må godkjennast av departementet.
8.1.2 Høyringsnotatet
Departementet la til grunn for framlegga i høyringsnotatet at det må vere samsvar mellom låneretten til eit interkommunalt selskap og låneretten som deltakarkommunane sjølve er underlagde, også når det gjeld reglar om avdrag og statleg lånegodkjenning.
Lån og avdrag på lån
Departementet peika på at interkommunale selskap berre bør kunne ta opp lån til kapitalføremål når det er tale om å finansiere anskaffingar av varig verdi som blir ein reell del av formuen i selskapet, på same måte som låneretten for kommunar og fylkeskommunar er avgrensa etter kommunelova § 50. Departementet føreslo i høyringsnotatet at sentrale føresegner i kommunelova blir tekne inn i lov om interkommunale selskap, til erstatning for gjeldande § 22 andre ledd første punktum. Denne presiseringa inneber at låneretten for interkommunale selskap når det gjeld kapitalføremål, berre omfattar investeringar i fysiske eigedelar av varig verdi, og at kjøp av aksjar og liknande finansielle investeringar fell utanom.
Vidare føreslo departementet ei presisering om at interkommunale selskap også kan inngå avtalar om likviditetstrekkrettar (kassakreditt), i tillegg til å ta opp likviditetslån. Det blei òg føreslått å ta inn i lov om interkommunale selskap at interkommunale selskap skal kunne ta opp lån til lånefond.
I høyringsnotatet føreslo departementet endringar i kommunelova § 50 som inneber at kommunar og fylkeskommunar må trekkje frå momskompensasjon for investeringane ved låneopptak til finansiering av bygningar, anlegg og varige driftsmiddel. Med dei same grunngjevingane føreslo departementet tilsvarande avgrensingar i låneretten for interkommunale selskap.
Departementet føreslo i høyringsnotatet at forskrift 17. desember 1999 nr. 1567 om lån og lånevilkår for interkommunale selskap blir oppheva. Departementet peika på at føresegner om nedbetaling av lån i interkommunale selskap bør kome fram av lov og ikkje av forskrift, slik det er for kommunar og fylkeskommunar. Departementet føreslo at interkommunale selskap skal ha eit krav til minste avdrag på lån på same måte som kommunar og fylkeskommunar etter kommunelova § 50 nr. 7, og at dette blir teke inn i lov om interkommunale selskap. Framlegget i høyringsnotatet var også ei oppheving av regelen i forskrifta om at låneopptak i interkommunale selskap skal skje i norske kroner. Departementet viste til at det ikkje er prinsipielle grunnar til å forby valutalån på generell basis, så lenge slike lån blir tekne opp innanfor forsvarlege risikorammer og det interkommunale selskapet unngår vesentleg finansiell risiko. Departementet føreslo i staden eigne føresegner om finansiell risiko i interkommunale selskap etter mønster av kommunelova § 52 (forbodet mot å ta på seg vesentleg finansiell risiko), sjå avsnitt 9.2. Når dei sentrale omsyna med dette blei føreslått tekne inn i lova, såg departementet i høyringsnotatet ikkje behov for ein særskild heimel for departementet til å fastsetje nærare reglar om lån og lånevilkår. Departementet føreslo difor å oppheve forskriftsheimelen i lov om interkommunale selskap § 22 siste ledd.
Statleg godkjenning av lån
Departementet viste til gjeldande rett som krev at departementet (fylkesmannen) skal godkjenne alle låneopptak i interkommunale selskap, medan ordninga med statleg lånegodkjenning i kommunelova berre gjeld for dei kommunane og fylkeskommunane som oppfyller kriteria for økonomisk ubalanse i kommunelova § 60. Departementet meinte i høyringsnotatet at det ikkje er sterke grunnar til at interkommunale selskap skal vere underlagde strengare statleg kontroll enn kommunar og fylkeskommunar når det gjeld låneopptak. Departementet viste til at deltakarkommunane har uavgrensa ansvar for forpliktingane til selskapet, og at låneopptak inneber langsiktige forpliktingar som må ha dekning. Departementet meinte at det i ei viss utstrekning vil kunne vere behov for å avgrense låneopptak i eit interkommunalt selskap, for på den måten å avgrense storleiken på det økonomiske ansvaret deltakarkommunane har overfor selskapet. Departementet la til grunn at dette typisk kan vere tilfellet der ein eller fleire av deltakarkommunane sjølve har svekt økonomisk balanse, og føreslo i høyringsnotatet at godkjenningsordninga for interkommunale selskap blir gjord om frå ei generell til ei vilkårsbunden ordning. Framlegget i høyringsnotatet var at ordninga med lånegodkjenning for interkommunale selskap blir knytt til om ein eller fleire av deltakarkommunane er registrerte for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (ROBEK) etter reglane i kommunelova § 60.
8.1.3 Høyringa
Høyringsinstansane har få merknader til spørsmåla om låneopptak, avdrag på lån og statleg lånegodkjenning. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet, mellom anna KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) og Norges Kommunerevisorforbund. Norges Kommunerevisorforbund og KS Bedrift tok opp ein del spørsmål.
Norges Kommunerevisorforbund uttalar:
”Departementet foreslår å harmonisere låne- og avdragsbestemmelsene i IKS-loven med kommuneloven. NKRF ser imidlertid ingen gode grunner for at IKS skal kunne anvende lånefond, og støtter dermed ikke denne delen av forslaget.”
KS Bedrift uttalar om låneopptak:
”Departementet foreslår at interkommunale selskaper ikke skal kunne ta opp lån til kjøp av aksjer. KS Bedrift forstår begrunnelsen for at departementet vurderer en slik innskrenkning, men tror en generell innskrenkning er noe streng. Vi tror at en her må skille mellom mer spekulative investeringer og investeringer som har med utvikling av selskapet og dets tjenestetilbud å gjøre. Det kan være gode grunner til at en virksomhet ønsker å kjøpe seg opp i en annen virksomhet, og at en også ønsker å bruke lån fremfor bruk av eksempelvis egenkapital til kjøpet. Vi ber derfor departementet vurdere den foreslåtte løsningen på nytt.”
KS Bedrift uttalar om statleg lånegodkjenning:
”Ser vi for oss at et IKS består av 10 kommuner med likt eierskap for hver kommune, vil det at en av kommunene kommer på Robek-listen kunne medføre at selskapet ikke får det nødvendige lånet til sin virksomhet. Som nevnt tidligere driver mange av disse selskapene en forretningsmessig virksomhet som bl.a. er i konkurranse med andre. En streng tolkning av forslaget på dette området kan således få uheldige utslag som vi ber departementet vurdere nærmere i sitt videre arbeid.”
8.1.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget.
På same måte som i høyringsnotatet er departementets vurdering at det må leggjast stor vekt på å harmonisere lov om interkommunale selskap med kommunelova. Dette må på eit generelt grunnlag innebere at eit interkommunalt selskap ikkje skal ha ein meir omfattande rett til å ta opp lån, til dømes lån til kjøp av aksjar, enn det som gjeld deltakarane sjølve. Departementet viser til at låneretten for kommunar og fylkeskommunar ikkje opnar for å ta opp lån når det er risiko for at investeringa kan gå tapt. Kommunelova skil ikkje mellom aksjar med meir eller mindre risiko. Lån til aksjar fell difor utanfor låneretten i det heile. Departementet legg stor vekt på at deltakarane i eit interkommunalt selskap har eit uavgrensa ansvar for forpliktingane til selskapet, og finn på denne bakgrunnen ikkje sterke grunnar til at interkommunale selskap skal ha ein meir omfattande rett til å ta opp lån enn det som gjeld for deltakarane sjølve.
I høyringsnotatet føreslo departementet at interkommunale selskap må trekkje frå momskompensasjon for investeringane ved låneopptak til finansiering av bygningar, anlegg og varige driftsmiddel. Departementet føreslo ei overgangsordning for interkommunale selskap som fører rekneskap etter dei kommunale rekneskapsprinsippa. Departementet har etter ei ny vurdering kome til at det ikkje er naudsynt med ei overgangsordning, men vil i staden føreslå at dette tek til å gjelde frå 2014. Det vil då vere i samsvar med den endringa i kommunelova om dette spørsmålet som departementet føreslår i denne proposisjonen, sjå kapittel 7.
I høyringsnotatet føreslo departementet ei endring i ordninga med statleg godkjenning av låneopptak i interkommunale selskap på den måten at statleg godkjenning berre skal skje dersom ein eller fleire av deltakarkommunane sjølve er underlagde statleg godkjenning etter kommunelova (ROBEK). Dette inneber som KS Bedrift uttalar, at dersom ein av kommunane er på ROBEK-lista, vil det kunne føre til at det interkommunale selskapet ikkje får ta opp lånet som planlagt. Departementet syner til at stoda er slik også etter gjeldande rett. Det er opp til godkjenningsstyresmakta å vurdere om det er forsvarleg at selskapet tek opp lån, også med bakgrunn i økonomien i den einskilde deltakarkommunen. Framlegget i høyringsnotatet om å gjere ordninga med statleg godkjenning av låneopptak i interkommunale selskap vilkårsbunden er ei lemping av godkjenningsordninga slik ho er i dag. Ordninga som departementet legg fram, inneber ikkje automatisk at eit interkommunalt selskap skal bli nekta å ta opp lån. Godkjenninga må som etter gjeldande rett byggje på ei nærare vurdering av økonomien i selskapet og deltakarkommunane. Innhaldet i godkjenningsordninga for selskapet vil elles tilsvare det som følgjer av gjeldande ordning.
På denne bakgrunnen held departementet fast på framlegget i høyringsnotatet om å harmonisere lov om interkommunale selskap med kommunelova når det gjeld låneopptak, avdrag på lån og statleg lånegodkjenning.
Departementet føreslår likevel ikkje som i høyringsnotatet at interkommunale selskap skal kunne ta opp lån til lånefond. I dag er det berre eit fåtal av dei største kommunane som bruker denne ordninga. Departementet har etter ei nærare vurdering komme til at lånefondsordninga ikkje er føremålstenleg eller nødvendig for interkommunale selskap, og viser til at selskapa vil kunne ta hand om lån på ein god måte innanfor dei ordinære reglane.
8.2 Finansiell risiko
8.2.1 Gjeldande rett
Etter lov om interkommunale selskap § 22 tredje ledd har selskapet forbod mot å stille garanti eller pantsetje eigedelane sine til trygd for andre sine økonomiske skyldnader. Forskrift 17. desember 1999 nr. 1567 om lån og lånevilkår for interkommunale selskap set forbod mot at selskapet utset seg for valutarisiko ved låneopptak. Føremålet med desse føresegnene er at selskapa skal få avgrensa høve til å ta på seg skyldnader som inneber vesentleg risiko for økonomisk tap. Lov om interkommunale selskap har likevel ingen generelle føresegner som regulerer finansiell risiko i selskapet.
8.2.2 Høyringsnotatet
Departementet viste i høyringsnotatet til at interkommunalt selskap er ei selskapsform som i stor grad blir nytta til samarbeid om verksemd som har stor nytteverdi for samfunnet, og tenester som selskapet yter til deltakarkommunane eller innbyggjarane i kommunane. Interkommunale selskap vil også kunne forvalte store verdiar på vegner av deltakarkommunane og fellesskapet. Departementets vurdering var at interkommunale selskap må vere underlagde krav i lov om ei forsvarleg finansforvaltning, på same måte som kommunar og fylkeskommunar. På denne bakgrunnen, og i samband med framlegget om å oppheve gjeldande forskrift som gjev forbod mot å ta opp valutalån, føreslo departementet i høyringsnotatet å ta inn ei ny føresegn i lova som set eit generelt forbod mot at interkommunale selskap tek på seg vesentleg finansiell risiko.
8.2.3 Høyringa
Høyringsinstansane har få merknader til spørsmåla om finansiell risiko. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet.
Fylkesmannen i Vestfold uttalar:
”[…] deltakerkommunene i IKS-et har et ubegrenset ansvar for selskapets gjeld og øvrige forpliktelser. En vanskelig økonomisk situasjon i et IKS vil derfor slå direkte tilbake på eierkommunenes økonomiske situasjon, med mindre selskapskapitalen er tilstrekkelig for å dekke forpliktelsene. Det er derfor gode faglige begrunnelser for at økonomibestemmelsene for interkommunale selskaper blir harmonisert med tilsvarende regelverk for kommunene.”
8.2.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet held fast på framlegget om ei ny føresegn i lova som set eit generelt forbod mot at interkommunale selskap tek på seg vesentleg finansiell risiko, tilsvarande føresegna i kommunelova § 52.
8.3 Bruk av inntekter ved sal av fast eigedom (realiserte verdiar)
8.3.1 Gjeldande rett
Etter lov om interkommunale selskap § 21 kan interkommunale selskap ikkje bruke inntekter frå sal av fast eigedom eller andre større kapitalgjenstandar til å dekkje løpande utgifter. Departementet har heimel til i særlege tilfelle å dispensere frå dette forbodet.
8.3.2 Høyringsnotatet
Departementet viste i høyringsnotatet til at høvet til dispensasjon for interkommunale selskap har samanheng med at det tidlegare var gjeve tilsvarande dispensasjonshøve for kommunar og fylkeskommunar i kommunelova av 1992. Det var ein føresetnad at dispensasjonshøvet skulle nyttast strengt. Dette var bygd på prinsippet som er lagt til grunn for både kommunar, fylkeskommunar og interkommunale selskap, om at løpande utgifter skal dekkjast av løpande inntekter. Høvet til dispensasjon for kommunar og fylkeskommunar blei teke ut ved endringane i kommunelova som tok til å gjelde 1. januar 2001.
Departementet viste i høyringsnotatet til at det er eit viktig prinsipp at verdiar i form av faste eigedommar eller andre større kapitalgjenstandar, verdiar som gjerne er bygde opp over lang tid, ikkje kan nyttast til å dekkje selskapets løpande driftsutgifter. Departementet føreslo på denne bakgrunn å oppheve høvet til dispensasjon.
8.3.3 Høyringa
Høyringsinstansane har få merknader til spørsmålet om bruk av inntekter ved sal av fast eigedom. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet.
8.3.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet held fast ved framlegget om å fjerne høvet for departementet til dispensere frå forbodet mot å bruke inntekter frå sal av fast eigedom eller andre større kapitalgjenstandar til å dekkje løpande utgifter.
8.4 Einskilde endringar i reglane om årsbudsjett og økonomiplan
8.4.1 Gjeldande rett
Lov om interkommunale selskap § 18 tredje ledd fastset at dersom budsjettet til selskapet føreset tilskot frå deltakarane, er budsjettet ikkje endeleg før budsjetta til dei kommunale eller fylkeskommunale deltakarane, med dette tilskotet, er handsama etter kommunelova § 45 nr. 4. Føresegna i § 18 tredje ledd viser til kommunelova § 45 nr. 4 slik ordlyden var tidlegare, som innebar at departementet i alle tilfelle skulle føre lovlegkontroll med budsjettvedtaka til kommunestyret. Denne føresegna i kommunelova om automatisk budsjettkontroll blei oppheva i 2001.
Lov om interkommunale selskap § 20 gjev reglar om økonomiplanen til selskapet, under dette krav om at det i økonomiplanen skal vere med ei oversikt over selskapets garantiansvar (første ledd). Føresegna (siste ledd) gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift med nærare reglar om innhaldet i økonomiplanen.
8.4.2 Høyringsnotatet
Departementets vurdering i høyringsnotatet var at gjeldande § 18 tredje ledd er ei overflødig føresegn, og departementet føreslo å oppheve den. Framlegget i høyringsnotat inneber at selskapets budsjett vil vere å rekne som endeleg når det er vedteke av representantskapet, men at budsjettet må reviderast dersom det oppstår vesentlege endringar i inntekter og utgifter i forhold til det som er budsjettert.
Departementet viste i høyringsnotatet til at gjeldande reglar krev at det i økonomiplanen skal vere med ei oversikt over selskapets garantiansvar. Men gjeldande lov om interkommunale selskap § 22 set forbod mot at selskapet stiller garanti for andre sine økonomiske forpliktingar. Departementet føreslo i høyringsnotatet å bringe kravet til innhaldet i økonomiplanen i samsvar med garantiforbodet.
Departementet såg i høyringsnotatet ikkje at det ligg føre nokon sterk trong for forskrifter om innhaldet i økonomiplan i tillegg til reglane i lov om interkommunale selskap. Departementet føreslo å oppheve forskriftsheimelen i lov om interkommunale selskap § 20 siste ledd. Departementet peika på at det vil vere opp til selskapa sjølve, innanfor krava i § 20, å utforme gode økonomiplanar som er til nytte for selskapet sjølv ved styringa og kontrollen av verksemda, og som gjev allmenta innsyn i selskapets planar for verksemda.
8.4.3 Høyringa
Høyringsinstansane har få merknader til spørsmåla om innhaldet i økonomiplanen til interkommunale selskap. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet.
8.4.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet viser til at ordninga med automatisk lovlegkontroll med kommunale budsjettvedtak er oppheva. Føresegna i lov om interkommunale selskap § 18 tredje ledd som viser til regelen i tidlegare kommunelov § 45 nr. 4 er dermed utdatert. Departementet held fast på framlegget om endringar i reglane om budsjett og økonomiplan.
8.5 Bokføring
8.5.1 Gjeldande rett
Departementet la til grunn i høyringsnotatet at interkommunale selskap som følgjer rekneskapslova, skal rette seg etter reglane i bokføringslova med tilhøyrande forskrift. Når det gjeld interkommunale selskap som fører rekneskap etter kommunale prinsipp, jf. lov om interkommunale selskap § 27 første ledd andre punktum, er det ikkje fastsett kva for bokføringsreglar som gjeld.
8.5.2 Høyringsnotatet
Departementet føreslo i høyringsnotatet å ta inn ei ny føresegn i lov om interkommunale selskap som fastset at interkommunale selskap skal vere bokføringspliktige etter bokføringslova. Føresegna vil gjelde uavhengig av om selskapet følgjer rekneskapslova eller fører rekneskap etter kommunale prinsipp, og det blir dermed klårt at alle interkommunale selskap skal følgje bokføringsreglane som gjeld for kommunar og fylkeskommunar og i privat sektor.
8.5.3 Høyringa
Høyringsinstansane har få merknader til spørsmålet om bokføring. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet.
8.5.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet held fast på framlegga i høyringsnotatet om at interkommunale selskap skal vere bokføringspliktige etter bokføringslova.
8.6 Styrets ansvar for rekneskapen
8.6.1 Gjeldande rett
Lov om interkommunale selskap § 27 andre ledd seier at rekneskapen skal fastsetjast av representantskapet. Det er ikkje gjeve nærare reglar i lova for styrets ansvar i samband med avlegginga av rekneskap for selskapet.
8.6.2 Høyringsnotatet
Departementet viste i høyringsnotatet til at det er reist spørsmål om kva ansvar styret har i samband med avlegginga av rekneskapen for det interkommunale selskapet, før rekneskapen blir fastsett av representantskapet. Departementets vurdering i høyringsnotatet var at styret har ansvar for å gjere framlegg om årsrekneskap (og årsmelding) til representantskapet, tilsvarande det ansvaret som styret i eit aksjeselskap har. Departementet føreslo at dette blir presisert i lova.
8.6.3 Høyringa
Høyringsinstansane sett under eitt har få merknader til spørsmålet om styrets ansvar for rekneskapen og årsmeldinga. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet.
8.6.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet held fast på framlegget om at styret i interkommunale selskap har ansvar for å gjere framlegg om årsrekneskap og årsmelding til representantskapet.
8.7 Opplysningar om godtgjering – forskriftsheimel
8.7.1 Gjeldande rett
Interkommunale selskap som fører rekneskap etter rekneskapslova, skal i samsvar med rekneskapslova opplyse om ytingar og lån til dei einskilde leiande tilsette og medlemmer av styret. Tilsvarande opplysningskrav er ikkje gjevne for interkommunale selskap som fører rekneskap etter reglane i kommunelova.
8.7.2 Høyringsnotatet
Departementet føreslo i høyringsnotatet å utvide heimelen i lov om interkommunale selskap § 27 tredje ledd til også å gjelde interkommunale selskap som fører rekneskap etter kommunale rekneskapsprinsipp. Dette gjev departementet grunnlag for å fastsetje reglar om at slike selskap i rekneskapen må opplyse om ytingar og lån til leiande tilsette og medlemmer av styret.
8.7.3 Høyringa
Høyringsinstansane sett under eitt har få merknader til spørsmålet om forskriftsheimel og opplysningar om ytingar og lån til dei einskilde leiande tilsette og medlemmer av styret. Av dei som uttalar seg, er eit klårt fleirtal for endringane i høyringsnotatet.
8.7.4 Framlegget frå departementet
Departementet viser til det som er uttala i høyringsnotatet, og at fleirtalet av høyringsinstansane som uttalar seg, sluttar seg til framlegget. Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet om å utvide heimelen til å fastsetje krav i forskrift til årsrekneskapen.
Den gjeldande heimelen i § 27 tredje ledd inneber at for selskap som fører rekneskap etter rekneskapslova, kan departementet gje føresegner som er naudsynte for å tilpasse denne rekneskapen til reglane om selskapets økonomiforvaltning i lova. Det er samstundes naudsynt at departementet i forskrift kan gje reglar om rekneskapen til alle interkommunale selskap og ikkje berre dei som føre rekneskap etter rekneskapslova. Departementet viser til at det i forskrift 17.12.1999 nr 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper mellom anna også er gjeve tidsfristar for avslutning av rekneskapen, og visse særreglar for selskap som fører rekneskap etter prinsippa i kommunelova. Departementets framlegg inneber difor at forskriftsheimelen i lova blir utforma meir generelt, slik at heimelen er meir dekkjande enn det som kjem fram av ordlyden i gjeldande § 27 tredje ledd.