5 Rapportering i årsmeldinga om arbeidet med internkontrollen
5.1 Gjeldande rett
Årsmeldinga til kommunen er eit viktig dokument, jf. kommunelova § 48 nr. 5:
”I årsberetningen skal det gis opplysninger om forhold som er viktige for å bedømme kommunens eller fylkeskommunens økonomiske stilling og resultatet av virksomheten, som ikke fremgår av årsregnskapet, samt om andre forhold av vesentlig betydning for kommunen eller fylkeskommunen.”
Det er ikkje sett noko særskilt krav om at administrasjonssjefen skal rapportere til kommunestyret eller fylkestinget om internkontrollen, men etter ei lovendring i 2009 skal kommunane gjere greie for ”tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å sikre en høy etisk standard i virksomheten”. I forarbeida til denne lovendringa er rapporteringa om internkontrollen teken opp, jf. Ot.prp. nr. 17 (2008–2009) kapittel 12.1:
”Der hvor administrasjonssjefen for eksempel har arbeidet med å forbedre sin internkontroll eller hvor kontrollutvalget har fått gjennomført forvaltningsrevisjoner på områder av betydning for kommunens tillit og omdømme, kan dette være relevant å nevne i årsberetningen.”
5.2 Høyringsnotatet
Arbeidsgruppa meinte at ”dei folkevalde har ei sjølvsagd interesse i internkontrollen fordi internkontrollen heng saman med kvalitetsarbeidet og kvalitetsutviklinga i kommunen”. Arbeidsgruppa rådde til at administrasjonssjefen burde rapportere om arbeidet med internkontrollen overfor kommunestyret:
”Ei slik rapportering vil vere viktig ved å drive fram ei utvikling av internkontrollen i kommunane over tid. [...] Departementet bør vurdere korleis eit slikt krav om rapportering kan utformast og takast inn i kommunelova.”
Departementets vurdering i høyringsnotatet tok utgangspunkt i at det bør vere interessant for eit kommunestyre å ha kjennskap til korleis administrasjonssjefen arbeider med internkontroll. Likevel meinte departementet at det burde vere opp til kvart kommunestyre å vurdere om administrasjonssjefen skal rapportere om dette arbeidet i årsmeldinga. Departementet ville difor ikkje følgje tilrådinga frå arbeidsgruppa om å lovfeste eit krav om rapportering til kommunestyret om arbeidet med internkontrollen.
Dersom administrasjonssjefen finn fram til eigna måtar å rapportere til dei folkevalde om internkontrollen på, vil det vere tenleg om gode døme blir spreidde. Departementet peika på at rapportering om internkontroll kan sjåast som eit element i rapporteringa om etikk, jf. kommunelova § 48 nr. 5.
5.3 Høyringa
I høyringsnotatet føreslo departementet ikkje eit krav om rapportering til kommunestyret om arbeidet med internkontrollen. Av dei 25 som uttaler seg om spørsmålet, er 11 instansar samde i departementets vurdering i høyringsnotatet, medan 14 instansar vil ha eit slikt krav om rapportering. Blant dei som går inn for eit krav om rapportering om internkontrollarbeidet, er Norges Kommunerevisorforbund, Statens Helsetilsyn, Forum for Kontroll og Tilsyn og Den norske Revisorforening.
Den norske Revisorforening peikar i si fråsegn på at det ”gjøres mye bra arbeid med internkontroll, men det mangler ofte en helhetlig oppfølging”. Dei peikar vidare på at ei rapportering vil gje dei folkevalde høve til å følgje opp administrasjonssjefens arbeid. På grunnlag av at den interne kontrollen i aksje- og finanslovgjevinga (privat sektor) er blitt styrkt, er DnR ”forundret over at departementet ikke følger opp arbeidsgruppens forslag” om ei tilsvarande styrking i kommunelova.
Norges Kommunerevisorforbund meiner at kravet om årleg rapportering bør gå fram av forskrift om årsregnskap og årsberetning.
Asker kommune viser til at eit slikt krav om rapportering om internkontrollarbeidet er innarbeidd i kommunen som ledd i ISO-sertifiseringa av kommunen. Asker kommune meiner at eit krav om å rapportere om internkontrollarbeidet kan ”medvirke til at det legges grunnlag for en bredere sammenligning mellom kommunene om målbarhet av internkontroll”, og at ein såleis kan ”få innsikt i andre kommuners arbeid med tiltak som virker positivt på utvikling av rutiner som resulterer i god internkontroll”.
Riksrevisjonen tek i si høyringsfråsegn ikkje stilling til departementets vurdering i høyringsnotatet. Riksrevisjonen skriv:
”Riksrevisjonen har gjennom flere revisjoner funnet svakheter i kommunenes internkontroll og gjennomfører nå en forvaltningsrevisjon som blant annet belyser kommunenes internkontroll. Kommuneloven stiller i liten grad krav til internkontroll i kommunene utover at den skal være tilstede. I flere særlover er det gjennom forskrift stilt detaljerte krav til innholdet i internkontrollen. Få krav til internkontroll i kommuneloven kan gjøre det vanskelig for revisjonen å vurdere internkontrollen.”
5.4 Framlegget frå departementet
Departementet har vurdert spørsmålet på nytt etter høyringa. Den prinsipielle grunngjevinga for ikkje å innføre eit krav om rapportering som departementet gav i høyringsnotatet, er framleis relevant. Vidare er det på det reine at kommunelova § 48 nr. 5 allereie omfattar ei lang rekkje perspektiv som årsmeldinga skal seie noko om, mellom anna likestilling mellom kjønna, universell utforming, etikk og diskriminering.
Departementet har merka seg at eit krav om rapportering om internkontrollarbeidet har fått støtte i høyringa. Av dei som uttala seg om spørsmålet, gjekk eit lite fleirtal inn for å innføre eit krav om rapportering. Grunngjevinga i desse høyringsfråsegnene viser at eit krav om rapportering kan få positive verknader i kommunane.
Departementet viser til at kravet om forsvarleg (”betryggende”) kontroll i kommunelova § 23 nr. 2 gjeld heile verksemda. Arbeidet med internkontrollen vil vere vesentleg for kommunane og fylkeskommunane. Etter departementets vurdering verkar arbeidet med å etablere og halde forsvarleg kontroll som eit meir sentralt tema å omtale i årsmeldinga enn fleire av dei spesifikke faktorane som det i dag skal rapporterast om. Etter departementets vurdering kan eit krav om rapportering vere med på å støtte opp under og synleggjere det arbeidet som kommunane og fylkeskommunane gjer med å utvikle internkontrollen.
NKRF støtta kravet om rapportering, men ville heller at det skulle heimlast i forskrift om årsregnskap og årsberetning. Departementet viser til rekkja med krav i kommunelova § 48 nr. 5 til rapportering i årsmeldinga , og meiner at også eit krav om rapportering om internkontrollarbeidet bør stå her. Rapporteringa om arbeidet med internkontrollen vil ikkje vere omfatta av dei opplysningane som revisor har plikt til å kontrollere, jf. kapittel 2 i forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar mv.
Riksrevisjonen viser i si fråsegn til at revisor kan ha vanskeleg for å vurdere internkontrollen dersom det blir stilt få eksplisitte krav. Departementet vil streke under at føremålet med betre styring og kontroll i kommunane er betre tenester og korrekte avgjerder.
Eit krav om rapportering om arbeidet med internkontrollen i årsmeldinga til kommunen er meint som eit verkemiddel til å setje arbeidet med internkontroll på dagsordenen lokalt. Gjennom rapporteringa vil kommunestyret få informasjon og med det òg høve til å drøfte internkontrollarbeidet i kommunen. Ein må kunne vente at kontrollutvalet vil vere oppteke av denne rapporteringa, men rapporteringa vil også gje administrasjonssjefen høve til å trekkje med seg heile organisasjonen og leiarane sine i arbeidet med å presentere internkontrollarbeidet og planar for framtida.
Departementet vil difor no føreslå å innføre eit krav om rapportering om internkontrollen i årsmeldinga til kommunen ved å føye til ”betryggende kontroll” i § 48 nr. 5 andre setning.