1 Hovudinnhald i proposisjonen
Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endringar i lov av 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).
Framlegget skal mellom anna leggje til rette for ei gjennomføring av Europaparlaments- og rådsforordningane (EF) nr. 1071/2009 om innføring av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve yrket som transportør på vei og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF, 1072/2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg og 1073/2009 om felles regler for adgang til det internasjonale markedet for transport med turvogn og buss og om endring av forordning (EF) nr. 561/2006 av 15. mars 2006. Samla vert forordningane omtala som vegpakken.
For å leggje til rette for gjennomføring av forordningane i norsk rett må det takast inn heimel for tre nye krav i yrkestransportlova. For det første må yrkestransportlova gje heimel for å krevje at transportørar som søkjer løyve for person- og godstransport på veg etter §§ 4 og 5 i yrkestransportlova skal vere etablerte i Noreg. For det andre må yrkestransportlova gje heimel for å opprette og drifte eit elektronisk register over transportørar på veg. For det tredje må yrkestransportlova gje heimel for løyvestyresmaktene til å erklære personar som har gjort alvorlege brot på regelverket uskikka til å leie transportverksemd i alle EØS-land. Det vert og gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet får heimel til å gje nærare reglar i forskrift om det elektroniske registeret og om erklæringa om at transportleiarar er uskikka til å leie transportverksemd.
I tillegg til framlegga om lovendringar som skal leggje til rette for gjennomføring av vegpakken i norsk rett, vert det gjort framlegg til lovendringar om å overføre ansvaret for å utferde løyve for nasjonal vegtransport som ikkje er behovsprøvd frå fylkeskommunane til Statens vegvesen (SVV), og ansvaret for å utferde løyve for internasjonal transport frå Samferdselsdepartementet til SVV.
Det vert og gjort framlegg om å leggje til rette for at fellesskapsløyve1 og skal gjelde som løyve for nasjonal transport som ikkje er behovsprøvd. Som følgje av framlegget om samanslåing av løyvetypane vert det og gjort framlegg om å avgrense tida eit ikkje-behovsprøvd løyve skal vere gyldig, til 10 år. I tillegg vert det gjort framlegg om heimel til å fastsetje i forskrift ei avgrensing i tid for dei løyva som er gjevne før denne lova tek til å gjelde.
I proposisjonen er det teke inn retting av ei upresis formulering i yrkestransportlova § 9 (1) og av ein inkurie i yrkestransportlova § 10 (1). Rettingane er utan materiell verknad og har ikkje samanheng med dei andre framlegga i proposisjonen.